Format: Web | XHTML | Text | PDF | EPUB
Versions:


Njaala, elder Soga um Njaal Torgeirson og sønerne hans

1896 oversettelse til norsk av Olav Aasmundstad fra islandske 'Brennu-Njáls saga'.

Kapittel 1

Det var ein mann heitte Mord, som hadde tilnamnet Gigja. Han var son hans Sighvat hin raude og budde paa Voll paa Rangaa-vollom. Han var ein megtug hovding og ein stor maalfylgjemann, og so kunnug i loven, at ingen dom tyktest vera lovleg dømd, naar han ikkje hadde vore med. Han hadde ei dotter heitte Unn. Ho var ei ven kvinna, velvori og fin i alt sit lag; ho var haldi for aa vera beste giftet paa Rangaavollom.

No vik soga aat Breifjords-dalarne. Ein mann er nemnd Hoskuld; han var son hans Dala-Koll. Mor hans heitte Torgjerd; ho var dotter aat Torstein hin raude, som var son aat Olav hin kvite og sonarson aat Ingjald Helgeson. Mor hans Ingjald var Tora, dotter hans Sigurd orm i auga, son av Ragnar Lodbrok. Mor hans Torstein hin raude var Unn den grunnrike; ho var dotter aat Kjetil Flatnev, son hans Bjørn Buna, son hans Grim Herse fraa Sogn. Hoskuld budde paa Hoskuldstad i Laksaadalen. Bror hans heitte Rut. Han budde paa Rutstad. Han var sam-mødra med Hoskuld, men far hans var Herjolv. Rut var ein ven mann, stor og sterk, vaapndjerv, men godtolug av seg, og vitug og klok som faa, hag-raadug ved venerne sine og godgjegna og vel sætande i store maalemne.

Det var ein gong at Hoskuld gjorde lag for venerne sine. Rut, bror hans, var der, og han sat næst honom. Hoskuld hadde ei dotter heitte Hallgjerd. Ho leikte seg paa golvet med nokre andre smaagjentor. Ho var ven av aasyn og stor paa vokster. Haaret var fagert som silke og rakk til beltes. Hoskuld tala aat henne: »Kom hit aat meg,« sa han. Ho gjekk aat honom straks. Han tok henne under hoka og kysste henne. So gjekk ho att. Daa sa Hoskuld til Rut: »Kva synest du um denna møyi? er ho ikkje fager, tykkjer du?« Rut tagde. Hoskuld tok det upp att ein gong til. Rut svara daa: »Ho er vissa ven nok, og det kjem mange frami for di. Men det veit eg ikkje, kvar tjuv-augo er komne fraa inn i ætti vaar? Daa vart Hoskuld harm, og det var graatt millom brørne ei rid.

Brørne hennar Hallgjerd var Torleik, far til Bolle, og Olav, far til Kjartan og Baard.

Kapittel 2

Det var ein gong at Hoskuld og Rut reid til Alltings. Der var det mykje folk. Daa sa Hoskuld til Rut: »Det skulde eg ynskt, bror, at du hadde vilja teke den gode raadi og funne deg ei kona.« Rut svara: »Eg hev lenge havt det i tankarne, men det hev tykst meg vera tvent um med det. Men no vil eg gjera etter dit tykkje. Kvar skal me lya aat?« Hoskuld svara: »Det er mange hovdingar her paa tinget og nok aa velja imillom, men det er likevel ein staden eg hev tenkt skulde vera lugumt for deg. Gjenta heiter Unn og er dotter til den vise mannen Mord Gigja. Han er her paa tinget, og ho er med, so du kan faa sjaa henne, um du vil.« Og dagen etter, daa folk gjekk til logretten, fekk dei sjaa nokre staseleg klædde kvinnor ved Rangæinga-buderne. Daa sa Hoskuld: »Der er Unn, som eg gat um aat deg; kva tykkjest du um henne?» »Vel,« seier Rut, »men ikkje veit eg, um me kan hava lukka saman.« So gjekk dei til logretten. Mård Gigja forde saker, som han var van, og sidan gjekk han heim til budi si. Hoskuld stod upp, og han og Rut gjekk aat budi hans Mord og inn. Mord sat inst inni budi. Dei helsa paa honom. Han gjekk imot dei og tok Hoskuld i handi og sette honom jamsides seg, men Rut sat næst honom att. Dei tala mangt, men so kom Hoskuld paa tal um erendi: »Eg vil maalbera eit kjøp med deg; Rut vil verta maagen din og kjøpa dotter di, og eg skal ikkje spara paa noko.« Mord svarar:

Eg veit, at du er ein stor hovding, men bror din kjenner eg ikkje til.« -- »Meire til mann er han en eg,« seier Hoskuld. Mord mælte: »Du kjem til aa gjeva mykje med honom; for Unn erver alt ettermeg.« -- »Eg kan segja det med detsama,« seier Hoskuld. »Han skal eiga Kambanes og Rutstad og upp til Trondargil. Og so hev han kjøp-skip i sigling.« Rut sa daa til Mord: »Hugs paa det og, bonde, at alt dette gjer bror min, for di han unner meg vel. Men vilde du tenkja paa det, so ser eg helst, at du set fyre vilkaari.« Mord svara: »Eg hev tenkt yver dei. Ho skal hava seksti hundrad, og det skal aukast med ein tridjung i di jord; men fær de ervingar, daa skal de hava helvti kvar dykk.«

Rut mælte: «Dessa kaari tek eg ved; lat os no taka vitne paa det.« Sidan stod dei upp og handtokst, og soleis feste Mord si dotter Unn aat Rut. Gjestebodet skulde vera hjaa Mord ein halv maanad etter midsumar.

Baade dei og Mord reid heim fraa tinget. Brørne reid vestetter um Hallbjarnarvardarne. Daa kom Tjostolv, son hans Bjørn Gullbere, ridande imot dei, og fortalde at det var kome inn eit skip i Kvitaa-osen. Øssur, farbror hans Rut, var med, og vilde at han skulde koma aat honom fyrste han kunde. Men daa Rut høyrde det, bad han Hoskuld gjera fylgje ned aat skipet. Og so reid dei dit baae. Daa dei kom aat skipet, fagna Rut Øssur, frenden sin, vel og venleg. Øssur bad dei inn i budi aa drikka. Hestarne deira vart sala av, og mennerne gjekk inn og drakk. Rut mælte til Øssur: »No skal du, frende, rida med meg vestetter og vera hjaa meg i vinter.« -- »Det læt seg ikkje gjera,« seier Øssur; »eg hev aa segja deg daudar-ordi hans Eyvind, bror din; han leidde deg til arvs etter seg paa Gulating, men uvenerne tek arven, um du ikkje held deg fram.« -- »Kva er no likast, bror?« seier Rut; »eg tykkjer detta vert vanskelegt, no eg hev dagfest brud-laupet.« Hoskuld mælte: »Du skal rida sudetter aat Mord og beda honom, at de gjer um avtala, slik at Unn, dotter hans, er fest i tri aar. Men eg skal flytja varorne dine til skips.« Rut mælte: »No vil eg, at du tek mjøl og timber og anna, slikt som du tykkjer, av varorne. Han let henta hestarne sine, og so reid han sudetter, men Hoskuld reid heim. Rut kom aust-paa aat Rangaavollom til Mord og vart vel mot-teken. Rut fortalde som det var til, og bad Mord legja raadet sit ved. Mord spurde, kor mykje gods det var. Rut sa, at det var 2oo merker, um han fekk det alt. Mord mælte: »Mykje er det imot arven min, og du skal visst fara, um du vil.« Sidan gjorde dei um avtala, slik at Unn skulde sitja tri aar i festet. No rid Rut aat skipet, og er der til des det er siglferdugt. Hoskuld førde til skips alt godset som Rut aatte. Alle rekneskaperne Rut hadde der vest, gav han Hoskuld til varveitsla, medan

han var ute. Hoskuld reid heim. Lite seinare fekk Rut og dei bør, og dei siglde i hav. Dei var ute i tri vikor og kom aat ved Hernar paa Hordaland, og siglde fraa der aust til Viki.

Kapittel 3

Harald Graafeld raadde for Norig. Han var son hans Eirik Blodøks, son hans Harald Haarfager. Gunnhild heitte mor hans. Ho var dotter hans Øssur Tote. Dei budde aust i Kongehelle. No spurdest det, at eit skip var kome inn i Viki. Straks Gunnhild høyrde det, spurde ho etter, kva det var for islendingar som var paa skipet. Det vart sagt henne, at styresmannen heitte Rut, og var brorson hans Øssur. Gunnhild mælte: »Eg veit vel erendi hans; han vil henta arven sin, men den hev ein som heiter Sote under hender.« Sidan kalla ho aat seg skosveinen sin -- han heitte Øgmund --: »Eg vil senda deg nord i Viki aa finna Øssur og Rut. Seg, at eg bed dei aat meg baae i vinter, og at eg vil vera ven deira. Og fer Rut etter mit raad, so skal eg sjaa til med arvesaki hans og anna som han tek seg fyre med. Eg skal og hjelpa honom fram hjaa kongen.« Øgmund fór og fann dei. Men straks dei fekk høyra, at han var sveinen hennar Gunnhild, tok dei imot honom paa det likaste. Han bar fram erendi si i still. Sidan la dei yver sins-imillom, Øssur og Rut, og Øssur sa til Rut: »So synest det meg, frende, at her er det berre eitt aa gjera; for eg kjenner huglyndet hennar Gunnhild. Fer me ikkje til henne, so er ho god-til aa reka os ut or landet og taka godset vaart med ran; men fer me, so gjer ho all den æra av os som ho hev lova.« Øgmund for heim, og daa han fann Gunnhild, fortalde han henne, korleis ferdi gjekk, og at dei vilde koma. Gunnhild mælte: «Det vontest eg; for Rut er ein klok mann og velvoren; men hav no augo med, naar dei kjem til gards, og seg meg det.« Rut og dei fór aust til Kongehelle. Men daa dei kom der, gjekk frendar og vener imot dei og fagna dei vel. Dei spurde, um kongen var der i byen. Det vart sagt dei, at han var der. Sidan møtte dei Øgmund. Han bar helsing fraa Gunnhild, og det med, at for ordet si skuld vilde ho ikkje beda dei aat seg, fyrr dei hadde vore hjaa kongen; -- »det vart sjaa-ande ut, som eg tykte slik mud i dei -- men eg skal endaa gjera dei beinkorne eg tykkjer og Rut skal vera djervmælt ved kongen og beda um rom i hirdi hans. -- Og her er klædi som Gunnhild sender deg; i desse skal du ganga fram for kongen.« Sidan for Øgmund attende. Dagen etter mælte Rut til Øssur: »Lat os no ganga fram for kongen.» -- «Gjerne det,« sa Øssur. Dei var tolv i fylgje, og det var venerne og frendarne deira. Dei kom inn i hallen, der som kongen sat ved drykken. Gjekk so Rut fyrst fram og helsa kongen. Kongen ansa vel paa denne stas-klædde mannen og spurde um namnet. Han nemnde seg. »Er du islending?» seier kongen. Han sa, at so var det. »Kva gjorde deg huga hit aat os?« -- »Aa faa sjaa dykkar stordom, herre, og so det, at eg hev ei stor arvesak her i landet, og eg treng hjelpi dykkar, skal eg faa retten min.« Kongen mælte: «Kvar ein mann hev eg lova rett etter loven her i landet. Kva andre erender er det som førde deg hit?« -- »Herre,« seier Rut, »eg vil beda um rom i hirdi og verta din mann.«« Kongen tagde. Gunnhild mælte: »Det tykkjest meg, som denne mannen byd deg den største æra; var det mange slike i hirdi, so var den velsett. « -- »Er han ein vitsam mann?« sa kongen. »Han er baade vitsam og framsøkjen,« seier ho. »Eg ser von til, at mor mi vil du skal faa det romet du bed um. Men heidren vaar og landsskikken krev, at du kjem att um ein halv maanad -- daa skal du verta min hirdmann -- mor mi fær halda deg i kost so lenge, men kom so sidan aat meg.« Gunnhild mælte ved Øgmund: »Fylg dei aat husom mine og gjer dei god veitsla der.« Øgmund gjekk ut, og dei med honom. Han fylgde dei inn i ein stein-hall. Der var det tjelda med dei fagraste utsauma tjeld-dukar. Der var og hogsætet hennar Gunnhild. Daa sa Øgmund til Rut:

»No mun det sannast, som eg sa dykk um Gunnhild. Dette er hogsætet hennar, og her skal du setja deg, og du kjem til aa halda dette romet, um ho so sjølv kjem.» Sidan stelte han vel med dei. Dei hadde ikkje lenge sete, fyrr Gunnhild kom. Rut vilde spretta upp og fagna henne. «Sit du,« seier ho, »du skal hava dette romet, so lenge du er hjaa meg.« Sidan sette ho seg hjaa Rut, og dei drakk. Og um kvelden sa ho:

»Du skal liggja i loftet hjaa meg i natt; me tvo saman« »De skal raa,« sa han. Sidan gjekk dei til sengs saman, og ho læste att innantil straks, og dei sov der um natti. Um morgoen etter tok dei til aa drikka att. Og all den halve maanaden laag dei i loftet tvo-eine. Daa mælte Gunnhild ved dei menner som der var: »De skal faa bota med ikkje mindre en livet, um de gjet um dette med os.« Rut gav henne hundrad alner vadmaal og tolv varefeldar. Gunnhild takka honom for gaavorne. Rut gjekk, men fyrst kysste han henne og takka henne. Ho bad honom vel fara. Dagen etter gjekk Rut fram for kongen med tretti menner og helsa paa honom. Kongen mælte: »No vil du vel, Rut, at eg gjer som eg lova.« Og so gjorde han Rut til hirdmannen sin. Rut mælte daa: «Kvar viser du meg til sætes?« -- «Mor mi skal raa for det,« seier kongen. Sidan fekk ho honom eit med dei gjævaste sæti. Han vart hjaa kongen og var vel vyrd.

Kapittel 4

Um vaaren fekk han spurt, at Sote var faren sud til Danmark med arven. Daa gjekk Rut til Gunnhild og fortalde henne det. Gunnhild mælte: »Eg skal gjeva deg tvo skip med mannskap, og med det den raustaste mann, Ulv Utvegjen -- gjestehovdingen vaar; men gakk likevel til kongen, fyrr du fer nokon staden.« Rut gjorde so, og som han kjem for kongen, so fortel han um ferdi aat Sote, og det med, at han etla seg etter. Kongen mælte: »Kor stor styrke hev mor mi hjelpt deg med?« Rut svarar: »Tvo langskip, og Ulv Utvegjen til hovding for mannskapets -- »Det er det gagn i,« seier kongen, »men no vil eg gjeva deg tvo langskip til, og du kjem til aa trenga all den hjelpi.« Sidan fylgde han Rut til skips og mælte: »Farast deg no vel.« Rut siglde sudetter med fylgjet sit.

Kapittel 5

Det var ein mann heitte Atle. Han var son hans Arnvid i øystre Gautland. Han var ein stor hermann og laag ute aust i Logen med aatte skip. Far hans hadde halde att skatten for Haakon Adalsteinsfostre, og so flydde far og son til Gautland fraa Jamteland. Atle var faren med fylgjet sit ut or Logen og ut gjenom Stokksund sud til Danmark, og laag nede i Øyrasund. Han var utlæg baade hjaa Dana-kongen og Svia-kongen for mann-draap og ran, som han hadde gjort i baae riki. Rut heldt sudetter aat Øyrasund. Som han kjem sør i sundet, ser han mange skip der. Daa mælte Ulv: »Kva raad skal me no taka, islending?« -- »Halda fram ferdi«, seier Rut, «for det duger ikkje ufreista. Skipet mit og hans Øssur skal leggja fram fyrst, men du skal leggja fram som du tykkjer.« -- «Sjeldan hev eg havt andre til skjold fyre meg,« seier Ulv, og han la skipet sit jamsides hans Rut, og dei heldt fram i sundet.

No ser dei som er i sundet, at det kjem skip imot dei, og dei seier Atle det. Han svarar: «Daa vert det vel til gods aa vinna. Lat tjeldi kasta av og alle mann bu seg oet snøggaste dei kan. Mit skip skal vera i midtens Paa skipom hans Rut rodde dei fram, og so snart som maal høyrdest imillom, stod Atle upp og mælte: »De fer uvarleg; ser de ikkje det er herskip i sundet? Elder kva heiter hovdingen dykkar?« -- »Rut heiter eg,« seier han. «Kven tener du?« spør Atle. «Eg er hirdmannen hans Harald Graafeld,« seier Rut. Atle mælte: »Lenge er det me frendar Hev vore mindre umtykte av Norigs-kongarne dykkar.« -- «Dykkar ulukka er det,» seier Rut. «Det hev borest so til, møtet vaart,« seier Atle, «at ikkje skal du bera tidend fraa di,« og fata eit spjot og skaut innpaa skipet aat Rut, og den fekk bane som fyre vart. Striden tok til, men det gjekk seint aa søkja skipet hans Rut. Ulv gjekk vel fram, anten so han skaut elder stakk, etter som det høvde til. Aasolv heitte stamnbuen hans Atle. Han sprang uppaa skipet hans Rut og drap fire mann, fyrr Rut vart var di. Snur han seg daa imot honom. Men daa dei møtest, køyrer Aasolv spjotet i skjoldet hans Rut, men Rut hogg til Aasolv, og det vart banehogg. Detta saag Ulv og mælte: «Du høgg stort no, Rut, men du hev og mykje aa løna Gunnhild fors -- «Det sviv meg,« seier Rut, »at du mæler med feig munns No ser Atle ein berr hogg-stad paa Ulv og kastar eit spjot igjenom honom. No vart det eit hardt tak. Atle spring uppaa skipet hans Rut og gjer rydigt ikring seg. Øssur snur seg imot honom og legg til honom, men fell att aa bak sjølv; for det var ein som la til honom. Rut snur seg daa mot Atle. Atle hogg med ein gong i skjoldet hans Rut og kløyvde heile skjoldet. Daa fekk han eit steinkast yver handi, so han slepte ned sverdet. Rut tok sverdet og hogg unda Atle foten. Sidan gav han honom banehogg. Der fekk dei mykje god. Dei tvo beste skipi tok dei med seg og vart verande der ei litor rid.

Sote og fylgjet hans var siglde attende til Norig. Han gjekk i land ved Limgardssida, og der møtte han Øgmund, sveinen hennar Gunnhild. Øgmund kjenner honom straks og spør: »Kor lenge etlar du deg til aa vera her?« -- »Tri næter,« seier Sote. »Kvart etlar du deg av daa?« sa Øgmund. «Vester til England,« seier Sote, »og daa kjem eg aldri til Norig att, med ho Gunnhild råar. Øgmund fer aat Gunnhild; for ho og Gudrød, son hennar, var i veitsla nære ved. Øgmund fortalde, kva Sote etla seg til; men ho bad straks Gudrød fara med sama og taka livet hans. Gudrød fór straks, kom uventa paa Sote, let honom leia paa land og hengde honom, og tok godset og gav mor si det. Gunnhild fekk menner til aa ferda det i land og aust til Kongehelle, og sjølv for ho dit.

Rut for attende den hausten og hadde fenge mykje gods. Han for straks til kongen og vart vel imot-teken. Han baud dei av godset, slikt dei tykte, og kongen tok ein tridjung. Gunnhild fortel Rut, at ho hev teke arven og late drepa Sote. Han takka henne og gav henne det halve med seg.

Kapittel 6

Rut var hjaa kongen um vintren og var høgt heidra. Men daa det tok til aa vaarast, vart han sturen og still av seg. Gunnhild saag det, og ein gong dei var tvo-eine, sa ho: «Er du hugsjuk, Rut?« -- »Det er mælt,« seier Rut, »at det er illt for dei som i utlandet er alne«. -- »Vil du aat Island ?« seier ho. «Det vil eg,« sa han. «Eig du noko kvende der ute?« seier ho. »Det er ikkje so,« seier han. »Det hev daa vore sagt meg for sant,« seier ho. Dei sa ikkje meir. Rut gjekk for kongen og helsa honom. Kongen mælte: »Kva vil du no, Rut?« -- «Eg vil beda deg, herre, at du gjev meg orlov til Islands -- »Er heidren din større der en her?» seier kongen. «Det er ikkje det,« seier Rut, »men det er so, at kvar fær gjera som det er fyrelaga.« Gunnhild mælte: «Det er reip med den rame aa draga; men gjev honom orlov, so han fær fara som han helst vils Det var laak aaring i landet, men kongen gav honom mjøl, so mykje han vilde hava. No laga han seg paa Islands-ferdi, og Øssur med honom. Daa dei var ferduge, gjekk Rut aa finna kongen og Gunnhild. Gunnhild leidde honom til eintal og sa: «Her er ein gullring eg vil gjeva deg,« og ho spende ringen paa handi hans. «Mange gode gaavor hev eg teke imot av deg,« seier Rut. Ho tok kring halsen hans, kysste honom og sa: »Um eg eig so mykje vald yver deg som eg meiner, so legg eg deg det paa, at du aldri skal magta aa faa viljen din med den kvinna paa Island som du etlar deg til aa eiga. Men du skal magta aa fremja viljen din med andre kvinnor. Og no hev korkje eg elder du det godt; for du vilde ikkje tru deg aat meg til aa segja alt. Rut log og gjekk burt. Sidan gjekk han til kongen og takka honom for di han hadde teke so hovdingslegt imot honom i alle maatar. Kongen bad honom vel fara, og sa at Rut var ein dugande mann og kunnug til aa skikka seg vel millom hovdingar. Rut gjekk til skips og siglde i hav. Dei fekk god bør og kom inn i Borgarfjorden. Men straks skipet var landfast, reid Rut vestetter og heim, men Øssur var att og let rydja av skipet. Rut reid til Hoskuldstad. Bror hans tok vel imot honom, og Rut fortalde alt um ferderne sine. Rut sende ein mann aat Rangaavollom til Mord Gigja, og bad honom gjera ferdugt til gjestebods. Sidan reid brørne ned aat skipet, og Hoskuld fortalde honom um godset hans, og det hadde auka seg mykje, medan Rut var burte. Rut mælte: «Mindre vert løni, bror, en ho skulde vera, men eg vil gjeva deg det mjølet du treng til huset i vinter.» Sidan sette dei skipet paa lunnar og stelte um det, men all vara førde dei vest aat dalom. Rut var heime paa Rutstad til seks vikor fyre vinternæterne. Daa gjorde dei seg ferduge, brørne og Øssur, til aa fara aat gjestebodet hans Rut. Dei var seksti mann i fylgje. Dei reid til des dei kom aat Rangaavollom. Der var det alt kome ei mengd med gjestebodsfolk. Mennerne vart skipa til sætes paa langbenken; kvinnorne paa tverrpallen. Bruri var noko stur. Dei drakk gjestebodet, og laget gjekk godt. Mord greidde ut heimanfylgja aat dotter si, og Unn reid vestetter med Rut. Dei reid til des dei kom heim. Rut gav henne aa raa alt innan-hyses, og det likte alle. Men samlivet med Rut og henne var styrve, og soleis gjekk det framyver til vaars. Daa det vaarast, hadde Rut ei reisa aa gjera i vest-fjordarne til aa henta inn for varorne sine. Men fyrr han for heimanfraa, tala Unn ved honom: «Etlar du deg til aa koma att fyrr folk rid til tings? « -- »Kva daa?« seier Rut. »Eg vil rida til tings,» seier ho, »og finna far min.« -- »Gjer det,« seier han; »eg skal vera med deg.« -- »Det er og vel,« seier ho. Sidan får Rut heimanfraa og vest i fjordarne, og sette godset sit ut paa renta, og kom so heim. Han gjorde seg; ferdug til tings og let alle grannarne rida med seg. Hoskuld og reid til tings. Rut mælte til kona si: »Hev du slik hug til aa vera med no, som du let um fyrr, so gjer deg ferdug og ver med meg.« Ho gjorde seg fort ferdug, og so reid dei til des dei kom aat tinget. Unn gjekk til budi aat far sin, og han tok vel imot henne. Ho var hugtung, og daa han skyna det, mælte han til henne: »Eg hev set deg med betre brage; kva er det som ligg paa deg?« Ho tok paa graata, og svara ikkje noko. Daa sa han ved henne: »Kva reid du til tings etter, nåar du korkje vil svara meg elder tru deg aat meg? Tykkjer du ikkje det er godt der vest?« Ho svara: »Eg skulde gjeve alle mine eigor til, at eg aldri var komi der.« Mord mælte: »Detta skal eg snart faa greia paa.« Han sende ein mann etter Hoskuld og Rut, og dei gjekk straks. Daa dei kom til Mord, stod han upp, gjekk imot dei, fagna dei vel, og bad dei sitja. Dei sat lenge og godrødde. Daa mælte Mord til Rut: »Kofor tykkjer dotter mi det er so illt der vest?« Rut mælte: »Lat henne segja det, um ho hev noko til maalemne imot meg.« Men det vart ikkje noko bore upp imot Rut. Daa let Rut spyrja etter hjaa grannom sine og heimamennom, korleis han var imot henne. Dei gav honom eit godt lov, og sa at ho raadde i alle maatar som ho sjølv vilde. Mord mælte: »Heim skal du fara og vera nøgd som du hev det; for alle vitne gjeng meir med honom en med deg.« Sidan reid Rut fraa tinget, og kona hans med honom;

og det var vel med dei um sumaren. Men daa det vintrast, vart det vandskar med samlivet deira, og det vart verre, di lenger det leid frametter. Daa det vart vaaren, skulde Rut gjera ei reisa att for rekneskeperne sine, og lyste upp, at han ikkje vilde rida til Alltings det aaret. Unn sa ikkje stort um det. Rut for, daa han var ferdug til det.

Kapittel 7

No lid det frametter til tings. Unn tala ved Sigmund Øssurson, og spurde um han vilde rida med henne til tings. Han sa, han vide ikkje, um Rut, frenden hans, mislikte det. »Det er difor eg vender meg aat deg,« seier ho, »at du er den eg helst vil bjoda til det.« Han svara: »Eg skal setja det vilkaaret, at du rid med meg vestetter att, og ikkje fer med noko fundr mot Rut elder meg.« Ho lova det. Sidan rid dei til tings. Mord, far hennar, var paa tinget. Han tok imot henne overlag vel, og bad henne vera i budi hans, medan tinget varde. Ho gjorde det. Mord mælte: »Kva seier du meg um Rut, mannen din?« Ho kvad ei visa:

Visst seier eg godt um gjæve
geirkvessande hovding,
der han med sanno syner
sjolvraaden hug aa eiga.
Men herferdsmannen er vorten
vildra av vonde magter;
di man eg um skjemde somdi
segja mangt eld-aug tegja.

Mord vart still ved det og mælte: »Det er noko du ber paa no, dotter mi, som du vil ingen annan skal vita en eg, og du trur visst meg best til aa gjeva raad i maalemnet dit.« Dei gjekk til samtals, der ingen kunde høyra kva dei talast ved. Daa mælte Mord til dotter si: »Seg meg no alt som imillom dykk er, og lat ikkje noko tykkjast deg for vondt aa segja.« -- »So maa det vel verta,« seier ho, og kvad tvo visor til, som paa ein duld maate bar fram, kva som var i vegen. »Seg det greiare,« seier Mord. (Unn fortel no med beine ord, at Rut er so laga, at dei ikkje kan eigast ved, endaa dei baae elles er som andre folk i all sin skapnad; han er forgjord). »Vel gjorde du,« seier Mord, »at du sa meg det. No skal eg gjeva deg eit raad som skal duga, um du kan føra det fram og ikkje venda paa det i nokon maate: No skal du fyrst rida heim fraa tinget; mannen din er alt heim komen og tek vel imot deg. Du skal vera blid imot honom og tala honom til lags, og daa tykkjer han det er kome paa god veg. Du skal ikkje syna nokon graae. Men nåar det vaarast, skal du gjera deg sjuk og verta sengjeliggjande. Rut tek ingen grun paa sjukdomen din. Helder bed han alle dei andre aa fara vel med deg. Sidan fer han og Sigmund vest i fjordarne og krev inn alt godset sit, og han vert burte verande lenge um sumaren. Men nåar folk rid til tings, og dei er ridne alle som vil fara, daa skal du staa upp og segja folk til aa fylgja deg. Og nåar du er fullt ferdug, skal du ganga burtaat sengi di med dei mennerne som er fylgjet dit. Du skal nemna vitne ved sengjestokken aat mannen din og segja deg skild ved honom med lovleg skilnad, soleis som du magtar aa fremja det etter Alltings rett og aalmenn lov. Det sama skal du taka vitne paa framanfor manna-døri. Sidan rid du burt. So rid du Laksaadals-heii og aat Holtavarde-heii -- for dei leiter etter deg i Rutafjorden -- og so rid du til des du kjem aat meg. Daa skal eg sjaa til med saki, og du skal aldri meir koma honom i henderne.«

No rid ho heim fraa tinget. Rut var heim komen og tok vel imot henne. Ho tok det vel og var blid og etterlaatug. Samlivet deira var godt det halve aaret. Men daa det vaarast, vart ho sjuk og heldt sengi. Rut fór aat fjordom, og bad dei stella vel med henne. Som det lid innaat tinget, gjer ho seg ferdug til aa fara burt, og gjorde i alle maatar so som det var fyresagt henne, og rid til tings sidan. Heradsmennerne leita etter henne, men fann henne ikkje. Mord tok vel imot henne, og spurde um ho hadde fare fram etter hans raad. »Eg hev ikkje vikt fraa i noko,« seier ho. Han gjekk aat lovberget og kunngjorde lovlegt skilsmaal med Unn og Rut. Detta var ei ny tidend for folk. Unn fór heim med far sin, og kom aldri der vest meir.

Kapittel 8

Rut kom heim, og han rukka brunerne, daa kona hans var burte; men han styrde seg vel, og han var heime det halv-aaret og raadførde seg ikkje med nokon um sit maal. Men sumaren etter rid han og Hoskuld aat Alltinget med eit stort fylgje. Daa han kom paa tinget, spurde han, um Mord Gigja var der. Det vart sagt honom, at han var der. Alle tenkte, at dei kom til aa tala um maalemnet sit, men det vart ikkje.

Ein dag, som folk gjekk aat lovberget, nemnde Mord seg vitne og lyste eigedoms-sak paa Rut for dotter si, og rekna det ut til aa vera nie hundrad i pengar. Han lyste det til utloga og utreidsla under tri marks bot. Han lyste i den fjorungsrett som saki skulde koma fram i etter loven; han lyste lovleg lysing i høyrande logn paa lovberget. Men daa han hadde tala, svara Rut:

»Denne saki aat dotter di søkjer du meir med penge-gridd og hug til krangl en med godvilje og gjævskap. Men no skal eg koma med noko imot; for du hev ikkje det godset i hendom enno som eg fer med. Mæler eg difor, so alle dei er høyrande vitne som her paa lovberget er, at eg stemner deg paa holm. Skal daa heile heimanfylgja staa, men eg set anna gods, jam-mykje, imot. Og den eig alt godset som vinn yver den andre. Men vil du ikkje slaast med meg, so hev du ikkje meir aa krevja.« Daa tagna Mord og la raad med venom sine um holmgangen. Daa svara Jørund Gode: «Ikkje treng du taka os paa raad i dette maalet; for du veit, at um du slæst med Rut, so læt du baade livet og godset. For honom stend det ikkje paa; han er ein stor og før kar, djerv og heilhuga framfor andre menners Daa gav Mord upp, at han ikkje vilde strida med Rut. Daa vart det rop og ulæte paa lovberget, og Mord fekk stor svivyrding av denne saki. Folk rid heim fraa tinget. Hoskuld og Rut rid til Røykjardal og fer innum paa Lunde. Der budde Tjostolv, son hans Bjørn Gullbere. Det hadde regnt mykje um dagen, so mennerne var vortne vaate, og det var gjort upp lang-eld. Tjostolv bonde sat imillom Hoskuld og Rut. Det var tvo gutar som fór leikte seg paa golvet -- dei var der til uppfostrings -- og det var ei vetl-gjenta med dei og leikte seg. Gutarne var maaluge og munnkaate; for dei var uvituge. Den eine sa: »No skal eg vera Mord og stemna fraa deg kona di, og skulda paa at du ikkje hev magta aa gjera henne til viljes.« Den andre svara: «Eg skal vera Rut og kjenna fraa deg alt krav paa godset, um du ikkje torer slaast med meg.« Detta tok dei upp att nokre gonger. Daa vart det stor laatt paa heimamennom. Hoskuld harmast, og slo til den guten som kalla seg Mord, med ein stav. Men staven raakte guten i andlitet, so det gjekk hol paa. Hoskuld sa: «Laup ut, og spott ikkje med os.« Rut mælte: «Kom hit aat meg, du.« Guten gjorde so. Rut drog ein gull-finger-ring av handi si og gav honom og sa: «Gaa no, men egl deg ikkje innpaa nokon meir.« Guten gjekk, men sa det: «At du var so godærug, skal eg minnast støtt sidan. « Av dette fekk Rut eit godt ord. Sidan for dei vestetter og heim. Og med di er ho slut trætta med Mord og dei.

Kapittel 9

No er det um det aa fortelja, at Hallgjerd voks upp -- dotter hans Hoskuld. Ho er den venaste kvinna av aasyn, stor paa vokster, og difor var ho kalla langbr6k. Ho var fagerhaara, og so stort var haaret, at ho kunde hylja seg med det. Ho var stortøk, men hardstælt. Tjostolv heitte fosterfar hennar. Han var ætta fraa Sudr-øyom. Det var ein sterk og vaapnferdug mann, som hadde drepe mange, men ikkje bøtt med gods for nokon. Det var mælt, at han ikkje gjorde lyndet hennar Hallgjerd betre.

Det var ein mann heitte Torvald. Han var son hans Usviv og budde utpaa Medalfells-strand under fjellet. Han var i godt stand med gods og aatte dei øyarne som heiter Bjarnar-øyarne; dei ligg ute i Breifjorden. Der-ifraa hadde han skrei og mjøl. Torvald var ein sterk mann og velseda, men noko braa i skaplyndet. Det var ein gong far og son rødde seg imillom, kvar Torvald skulde finna seg gifte. Men det var aa skyna paa honom, at det ikkje mange stader var godt nok. Daa mælte Usviv: «Vil du fri aat Hallgjerd langbrok, dotter hans Hoskuld?« -- «Henne vil eg fri aat,« seier han. «Det er ikkje mykje samhovelegt,« sa Usviv; «ho er storfellt, og du er hardlynd og sjølvstiv.« -- »Der vil eg likevel høyra aat,« seier han, »og det nyttar ikkje aa vilja faa meg fraa dis -- »Du hev og mest aa vaaga,« seier Usviv. Sidan fdr dei friarferd og kom aat Hoskuldstad og vart vel fagna. Dei tala um erendi si straks og bar fram friarmaalet. Hoskuld svarar: »Eg kjenner dykk og dykkar stand. Men eg vil ikkje dylja for dykk, at dotter mi er hard til sinns; men kor ho ser ut, og korleis ho skikkar seg, kan de sjølve sjåas --»Set du kaari,« seier Torvald, «ikkje skal skaplyndet hennar staa i vegen for kjøpets Sidan tala dei av um kjøpet, utan at Hoskuld spurde dotter si um det -- for han hadde hug til aa gifta henne -- og dei sameintest i alle maatar. So rette Hoskuld handi fram, og Torvald tok henne og feste seg Hallgjerd, og reid heim, daa det var gjort.

Kapittel 10

Hoskuld fortalde Hallgjerd kjøpet. Ho mælte: »No hev eg fenge vissa for det, som eg lenge hev ottast, at du ikkje hev halde so av meg som du jamnan sa, nåar det ikkje tyktest deg vera so mykje verdt som aa tala ved meg um dette maalet. Og ikkje tykkjer eg denna avtala gjev so gjævt eit gifte som det de hev lova meg.« Og det var aa merka paa alt, at ho tyktest vera van-gjevi. Hoskuld mælte: «Ikkje mæter eg storlætet dit so mykje, at det skal staa i vegen for mine avtalor, og eg skal raa, ikkje du, um noko skil os.« -- »Storlaatne er de frendar, og det er ikkje undarlegt, at eg hev noko av det,« sa ho og gjekk. Ho gjekk aat Tjostolv og seier honom, kva som til-etla var, og var hugtung. Tjostolv mælte: »Gjer deg glad att; du kjem til verta gift ein gong til, og daa vert du spurd; for eg skal alle stader gjera etter dit tykkje, so nær som der far din elder Rut er med.« Dei tala ikkje meir um det. Hoskuld laga ferdugt til gjestebods og reid for aa bjoda gjester. Han kom til Rutstad og kalla Rut til samtals med seg. Han gjekk ut, og dei talast ved. Hoskuld fortalde honom alt um kjøpet og bad honom til gjestebods, »og eg hadde ikkje vilja du skulde taka det ille, at eg ikkje tala aat deg, fyrr eg gjorde kjøpmaalet av. »Det tykkjest meg best, ikkje aa hava noko med det,« seier Rut; »for dette vert ingen til heppa, korkje honom elder henne. Men eg skal koma aat gjestebodet, tykkjer du det er nokon heidr i det.« -- »Det tykkjer eg visst,« seier Hoskuld og reid so heim. Usviv og Torvald og bad i hop folk, og det vart ikkje bedt færre en hundrad. Ein mann er nemnd Svan. Han budde i Bjarnarfjorden paa ein gard som heiter Svanshol. Svan var overlag mangkunnug. Han var morbror hennar Hallgjerd. Han var ein rangvis mann og ill eiga ubytt med. Honom bad Hallgjerd til gjestebods og sende Tjostolv etter honom. Han reiste, og det vart venskap med dei straks. No kjem folk til gjestebods. Hallgjerd sat paa pallen og var overlag gladværug. Tjostolv gjekk og tala ved henne alt som tiast, og stundom ved Svan, so folk la merke til so mykje dei hadde aa tala. Veitsla gjekk godt. Hoskuld løyste ut alt godset hennar Hallgjerd med den beste greiskap. Sidan mælte han til Rut: »Skal eg leggja fram nokre gaavor?« Rut svara: »Du fær tid nok til aa øyda godset dit for Hallgjerd; lat det vera med det som er.«

Kapittel 11

Torvald reid heim fraa gjestebodet, og kona hans med honom, og han Tjostolv. Han fylgde hesten hennar, og dei tala støtt. Usviv veik burtaat sonen sin og mælte: «Likar du vel giftet? hell korleis gjekk samrøa med dykk?« -- «Vel,« seier han, «ho kunde ikkje blidare vera imot meg. Og det kan du sjaa merke paa; ho lær for kvart ords -- «Eg tenkjer laatten hennar ikkje er so god som du meiner,« seier Usviv; «men det kjem sidan til aa røynasts Dei reid til des dei kom heim. Um kvelden sat ho hjaa mannen sin, men gav Tjostolv sæte næst seg innanfor. Det var styrve med Tjostolv og Torvald; det var ikkje vidare dei talast ved, og soleis gjekk vintren framyver. Hallgjerd var fengsam og stortøk. Ho fekk i hop fraa nærast ikring, det andre aatte des meir, og glata burt alt. Men daa det vaarast, vart det bu-skort; det vanta baade mjøl og skrei. Hallgjerd tala aat Torvald og sa: «Ikkje treng du sitja fyre no; det vantar baade mjøl og skrei i husets Torvald mælte: «Ikkje raadde eg mindre til husan no en me er vane med, og det plar rekka langt framyver sumaren.« Hallgjerd mælte: «Ikkje sæter eg det, um de hev svelt dykk rike, du og far din.« Daa vart Torvald vond og la til henne i andlitet, so ho blødde, gjekk fraa henne og fekk hus-kararne med seg, og dei drog fram ei skuta, som dei gjekk uti aatte mann, og rodde utetter aat Bjarnar-øyom. Der tok han skrei og mjøl.

No er det aa segja um Hallgjerd, at ho sat ute og var uvel. Tjostolv gjekk burtaat henne, og saag at ho var saara i andlitet, og mælte: «Korleis er du vorti so ille avreidd?« -- «Torvald, mannen min, valda det,« seier ho. «Du var for langt av, um du bryr deg noko um meg.« -- »Eg visste det ikkje,« seier han, «men dette skal eg hemna.« Sidan gjekk han ned i fjøra og skauv ut ein seks-røings baat. I handom hadde han en stor oks med jarnreiva skaft, som han aatte. Han stig uti baaten og ror utigjenom aat Bjarnar-øyom. Og som han kom der, var dei rodde fraa der att, so nær som Torvald og kararne hans. Han heldt paa lesste skuta, og mennerne hans bar utpaa. Tjostolv kom med det sama, og sprang uppi skuta og tok i med honom, og mælte: «Du er laak til dessa; veik og uhendug.« Torvald mælte: «Meiner du aa gjera det betre?» -- «Det er ikkje den ting som ikkje eg gjer betre en du,« seier Tjostolv, «og den kvinna er ille gift som du eig, og stutt skal samlivet dykkar vera.« Torvald fata eit hand-saks som var der, og legg til Tjostolv. Tjostolv hadde teke øksi si paa oksli, og hogg imot, og raakte handi hans Torvald, so armen brotna, og sakset datt ned. Tjostolv hadde upp att øksi andre gongen og hogg Torvald i hovudet, so han døydde straks.

Kapittel 12

Daa kom dei ovantil med byrdom, mennerne hans Torvald. Men Tjostolv var snar-raadig. Han hogg tvi-hendes til aat eit bord i baaten, so det rivna gjenom tvau rom, og flaug so i baaten sin. Men paa skuta stod kolblaae sjøen inn, og ho sokk med heile ladningi. Der sokk det og, liket hans Torvald, og fylgjet hans kunde ikkje sjaa, kva det var gjort ved honom, men det visste dei, at han var daud. Tjostolv rodde inn yver fjorden, men dei ynskte honom alt som ilit var. Han svara ikkje, men rodde til des han kom heim -- drog inn baaten og gjekk inn paa tunet og heldt upp øksi, og den var overlag blodut. Hallgjerd var ute og mælte: «Blodut er øksi di; kva vinna hev du no vore paa?« -- «No hev eg gjort aat,« seier han, «so du skal verta gift ein gong til.« -- «Daud seier du meg Torvald daa,« seier ho. »So er det,« seier han, »og sjaa no du ut ei raad for meg.« -- «Det skal eg gjera,« seier ho; «eg vil senda deg nord i Bjarnarfjorden aat Svanshol, og Svan tek imot deg med baae handom. Og han er so mykje til mann for seg, at der tek ingen deg.« Han sala ein hest han aatte, steig upp og reid nord i Bjarnarfjorden aat Svanshol. Svan tok imot honom med baae handom og spurde tidend. Tjostolv sa honom draapet paa Torvald, og korleis det var til-gjenge. Svan mælte: «Slikt kallar eg menner, som ikkje kvier seg for det som er vaagsamt. Og det skal eg lova deg, at um nokon søkjer deg her, so skal dei faa den største skam av det.«

No er det aa fortelja fraa der Hallgjerd er, at ho byd Ljot hin svarte, frenden sin, sala hestarne og fylgja, seg, »eg vil heim aat far min,« seier ho. Han lagar seg til ferdi. Hallgjerd gjekk aat kistorne sine, læste upp, og kalla aat seg alle i huset og gav dei nokre gaavor alle saman. Og dei tykte det var stuslegt etter henne alle. Ho reid til des ho kom aat Hoskuldstad. Far hennar tok vel imot henne; for han hadde ingen tidend spurt. Han sa: «Vofor var ikkje Torvald med deg?« Ho svara: »Han er daud.« Hoskuld mælte: Tjostolv hev vel valda det?« Ho sa, at so var det. Hoskuld mælte: »Det ber nok til aa ganga som Rut sa, at det dreg store uheppor etter seg, dette kjøpet; men det batar ingen ank for vondt som er vorte.«

No er aa segja um fylgjet hans Torvald, at dei bidde til des det kom eit skip ut paa øyi. Dei fortalde um draapet paa Torvald og bad um baat til lands. Det fekk dei straks, og rodde i land paa Røykjarnes, fann so Usviv, og sa honom um det som hendt var. «Vonde raad dreg vondt etter,« seier han. »Og eg ser, korleis alt er til-gjenge: Hallgjerd hev sendt Tjostolv til Bjarnarfjorden, og sjølv er ho ridi heim til far sin. Me skal sanka folk og setja etter honom dit.« Dei so gjorde, sende etter folk -- det var godt etter di -- og rid so til Steingrimsfjorden og til Ljotaadalen og Selaadalen, derfraa til Bassastad, og so yver halsen til Bjarnarfjorden.

No tok Svan til ords og geispa svært: »No søkjer dei aat, fylgjorne hans Usviv.« Daa spratt Tjostolv upp og greip øksi si. Svan mælte: »Ver med meg ut; det skal ikkje so stort til.« Dei gjekk ut baae. Svan tok eit geiteskinn, sveivde det yver hovudet paa seg og mælte: »Skodd og skræmor og store vidunder aat alle dei som etter deg søkjer!«

No rid dei yver halsen, Usviv og fylgjet hans. Daa kom tjukke skodda paa dei. Usviv mælte: »Dette valdar Svan, og det vøre vel, um det ikkje fylgjer meir i Ut.« Lite etter vart det Kasta slikt eit myrker fyre augo paa dei, at dei saag ikkje. Dei datt av og tapte burt hestarne sine, og fór ned i myrarne, og sume kom burti skogen, so dei heldt paa fanga skade, og vaapni sine tapte dei av seg. Daa mælte Usviv: »Kunde eg finna att hestarne og vaapni mine, so vilde eg venda att.« Og ikkje fyrr var det sagt, so vart det so dei saag noko, og fann att hestarne sine og vaapni. Daa var det mange som eggja til aa freista att, og det vart gjort; men so var det straks det same underet upp att. Og soleis gjekk det tri gonger. Daa mælte Usviv: »Um ferdi ikkje er god, so skal me no venda att. No skal me freista noko anna. Eg hev helst hug paa aa fara til Hoskuld, far hennar Hallgjerd, og beda honom um sonar-bot; der sømd er inne, er det sømd aa ventas Sidan reid dei til Breifjordsdalen, og det er ikkje noko um ferdi deira aa segja, fyrr dei kom til Hoskuldstad. Hoskuld var heime, og Rut, bror hans, var der. Usviv bad dei ut. Dei gjekk ut baae og helsa Usviv, og sidan tala dei saman. Hoskuld spurde Usviv, kvar han kom fraa. Han hadde leita etter Tjostolv, seier han, men ikkje funne honom. Hoskuld sa, at han var fulla komen til Svanshol,«og det er ikkje for alle aa søkja honom der.« -- «For di er eg her komen,« seier Usviv, »at eg vilde beda deg um sonar-bot.« Hoskuld svara: «Ikkje drap eg son din, og ikkje valda eg honom bane; men eg undrast ikkje paa, at du gjerne vil hava noko.« Rut mælte: «Nær er nosi augo, bror; og det er naudsynlegt aa gjera ende paa eit illt ord og gjeva honom bot for son hans og retta paa saki aat dotter di. Det er det einaste som er aa gjera, so dette snakket kan verta burte att. For det er betre, di mindre det talast um dette.« Hoskuld mælte: »Vil du mekla i maalet?« -- «Det vil eg,« seier Rut, «og eg skal ikkje halda deg unda i av-gjerdi; for um sant skal segjast, so hev dotter di valda honom bane.« Daa sette Hoskuld seg ned bloande raud og tagde ei rid. Men so reiste han seg og mælte til Usviv: »Vil du handsala meg, at saki fell ned?« Usviv stod upp og mælte: «Ikkje er det jamnt bytt, at bror din meklar. Men du hev synt deg so manndomsam i denne saki, Rut, at eg trur deg til det.« So tok han Hoskuld i handi, og dei vart soleis samde, at Rut skulde gjera det av, og segja fram avgjerdi si, fyrr Usviv fór heim. Rut gjorde det og sa: »For draapet paa Torvald set eg tvo hundrad i sylv;« -- det tyktest vera god manne-bot den tidi -- «og det skal du gjera ut straks, bror, og greia det vel av handom.« Hoskuld gjorde so. Daa mælte Rut til Usviv: »Eg vil gjeva deg ei god kappa, som eg hadde med hit ut.« Han takka for gaava, og var glad for at det gjekk so, og fór heim. Lite seinare kom dei dit, Hoskuld og Rut, og skifte det godset som der stod saman etter Torvald og Hallgjerd. -- Dei og Usviv vart vel sameinte um det --- og brørne fór heim med godset. Usviv er no ute or soga. Hallgjerd bad Hoskuld, at Tjostolv skulde faa fara heim. Hoskuld gav henne javyrde paa det -- og det var lenge det gjekk eit ymist ord um draapet paa Torvald. Godset hennar auka seg og vart mykje.

Kapittel 13

Tri brørar er nemnde i soga. Ein heitte Torarin,. den andre Rage, og den tridje Glum. Dei var sønerne hans Oleiv Halte. Dei var i stor vyrnad og rike. Torarin hadde kjenningsnamnet Rage-bror. Han hadde lovsegjingi etter Ravn Høingson og var ein overlag veltenkt og vitug mann. Han budde paa Varmaløk, og dei brukte i hop, han og Glum. Glum hadde vore lenge i kjøpmanns-ferder. Han var stor paa vokster, sterk og fridleitt. Rage, bror deira, var ein stor draapsmann. Desse brørne aatte Engøy og Laugarnes sudpaa. Ein gong Glum og Torarin talast ved, spurde Torarin, um han etla seg paa utferd no, som han var van. Han svara: »Eg hev etla meg til aa slutta med kjøpferdom.« »Kva hev du daa i hugen? « seier Torarin; »vil du taka deg ei kona?«--»Det vilde eg, « sa Glum, »um eg fekk det vel laga.« Daa rekna Torarin upp dei ugifte kvinnorne som var i Borgarfjord, og spurde um han vilde hava nokor av dei, »so skal eg vera med deg,« seier han. Han svara: »Det er ingor av desse eg vil hava.« »Seg meg daa, kven det er du vil hava,« seier Torarin. Glum svara: »Um du vil vita det, so heiter ho Hallgjerd og er dotter hans Hoskuld vest i Dalom.« -- »Daa er det ikkje no som mælt er,« seier Toranin: Ein vitrast av annan mans skade. Ho vart gift med ein, og honom raadde ho bane.« Glum sa: «Det er ikkje rimelegt, at det gjeng slik uheppa yver henne ein gong til. Og det veit eg visst, at ho raader ikkje meg bane. Og um du vil unna meg ei æra, so rid med meg til aa beda um henne. Torarin mælte: «Det er ikkje noko aa gjera ved det; det maa fram ganga som til-etla er.« -- Det var ofte at Glum kom inn paa dette ved Torarin. Men han heldt seg lenge unda. Men endeleg vart det so, at dei samla seg menner og reid vest i dalarne og kom aat Hoskuldstad, tjuge i fylgje. Hoskuld tok vel mot dei, og dei vart der um natti. Men tidleg um morgoen sende Hoskuld bod etter Rut, og han kom straks. Hoskuld var ute, daa Rut reid til gards. Hoskuld seier Rut, kva for menner som var komne. »Kva kan dei vilja?« sa Rut. »Dei hev ikkje bore upp noko erend aat meg enno,« so Hoskuld. «Det er likevel deg dei hev erend aat,« seier Rut; «dei vil beda um Hallgjerd. Men kva vil du svara?« -- «Kva tykkjer du er raadlegast?« sa Hoskuld. «Vel skal du svara, men segja um baade dygdi og udygdi hennar,« seier Rut. Medan brørne stod og tala, kom gjesterne ut. Hoskuld og Rut gjekk imot dei. Rut fagna vel Torarin og bror hans. Sidan gjekk dei til samtals alle saman. Torarin mælte: «Eg er komen hit med bror min, Hoskuld, i det erend aa beda um Hallgjerd, dotter di, for honom. Og det skal du vita, at han er ein gjæv mann.« -- »Eg veit det, at de brørne er gjæve menner og høgt i vyrnad,« seier Hoskuld; «men eg vil segja dykk, at eg stod fyre giftet hennar ein gong fyrr, og daa vart det til stor ugjæva for os.« Torarin svarar: «Ikkje vil me lata det staa i veg for kjøpet; for det gjeng ikkje eitt yver alle. Dette kan verta vel, um det fyrre gjekk ille. Og so var det fulla Tjostolv som var mest valdand i det.« Daa mælte Rut: «Eit raad vil eg gjeva dykk -- so framt de ikkje vil lata staa i vegen for giftet det som fyrr hev vore med Hallgjerd -- og det er, at Tjostolv ikkje vert med henne sudpaa, um dette vert noko av, og aldri er der meir en tri næter, med mindre Glum vil det, og han kan drepa honom ubøtt, um han er lenger. Glum eig rett til aa lova honom aa vera lenger, men ikkje er det mit raad. Og so skal det ikkje farast aat no som sist, at det ikkje vert sagt henne. Ho skal vita alt dette kjøpmaalet, sjaa Glum og raa sjølv, um ho vil hava honom elder ikkje -- daa hev ho ikkje andre aa skulda, um det ikkje vert vel. Alt skal sviklaust vera.« Torarin mælte: «Det er no som det jamleg plar vera, dine raad gagnar best.« Det vart sendt bod etter Hallgjerd, og ho kom. Det var og tvo kvinnor med henne. Ho hadde blaa kaapa yver seg og raud skariats-kjole under og sylvbelte um seg. Haaret laag nedyver paa baae sidor aat bringa, og ho hadde slege det under beltet paa seg. Ho sette seg millom Rut og far sin. Ho helsa alle med gode ord, tala greitt og godt for seg, og spurde um tidend. Sidan var ho tagalt. Glum mælte: »Me hev tala ved far din um eit kjøp, eg og Torarin, bror min, at eg kunde faa deg, Hallgjerd, um det er din vilje som deira. Og som ei gjæv og gild kvinna maa du no segja fraa, um det er etter din hug; men hev du ingen hug paa dette kjøpet, so vil me ikkje tala meir paa det.« Hallgjerd mælte: »Eg veit, at de brørar er gjæve menner, og at eg kjem til aa verta mykje betre gift no en fyrr. Men vita vil eg, kva de hev tala av, og kor langt de er komne i maalet. Men eg tykkjest nok sjaa det paa deg, at eg kunde koma til aa halda av deg, um elles huglyndet vaart høver i hop.« Glum sa henne alt som avtala var, og veik ikkje fraa i noko, og spurde so Hoskuld og Rut, um han tok rett uppatt. Hoskuld sa, at so var det. Hallgjerd mælte daa: »So vel hev de stelt det for meg i denne saki, du far og du Rut, at eg vil gjera etter dykkar raad og lata avtala standa, soleis som de hev gjort henne.« Daa mælte Rut: «Daa tykkjer eg det er best, at me, Hoskuld, nemner vitne, og at Hallgjerd fester seg sjølv, um lov-mannen finn det rett.« -- «Rett er det,« seier Torarin. Sidan vart det sett takst paa godset hennar Hallgjerd; Glum skulde setja jamnt imot, og dei skulde eiga helvti kvar. Glum feste seg daa Hallgjerd, og brørne reid sudetter og heim. Men Hoskuld skulde gjera gjestebodet. No er det stilt, til des folk rid til gjestebods.

Kapittel 14

Brørne fekk seg stort fylgje til veitsla og hadde utvalde folk. Dei reid vest aat dalom og kom til Hoskulstad, og der var det mykje folk kome fyre. Hoskuld og Rut skipa folket til sætes paa eine benken, brudgomen paa den andre. Hallgjerd sat paa pallen og skikka seg vel. Tjostolv gjekk ylmdest og bar oksi høgt, men det var ingen som lest sjaa det. Men daa gjestebodet var slut, fór Hallgjerd med sudetter. Daa dei kom sud til Varmaløk, spurde Torarin, um ho vilde taka ved hushaldet. »Eg vil ikkje det,« sa ho. Hallgjerd agta seg vel den vintren, og dei likte henne ikkje ille. Men um vaaren tala brørne um eigedomarne sine, og daa mælte Torarin: »Eg vil de skal setja bu i Varmaløk; for det ligg laglegast for hand aat dykk. Men eg vil fara sud til Laugarnes og bu der. Engøyi vil me eiga i hop.« Glum tykte det sama. Torarin fór sud i bygderne, og dei var att. Hallgjerd feste seg folk. Ho var storgjæv og fengsam. Um sumaren fekk ho eit gjentebarn. Glum spurde henne, kva gjenta skulde heita. «Ho skal heita Torgjerd etter farmor mi; for ho var ætta fraa Sigurd Fåvnesbane paa fars-sida.« Gjentebarnet vart aust med vatn og fekk det namnet. Ho voks upp der og vart lik mor si. Dei levde godt i hop, Glum og Hallgjerd, og soleis gjekk det frametter ei rid. Den tidendi spurdest nordantil fraa Bjarnarfjorden, at Svan var rodd ut paa fiske um vaaren; men det kom slikt eit austan-ver paa dei, at dei dreiv inn paa Veidelausa og sette til der. Men dei fiskarane som var i Kaldbak, tykte at han gjekk inn i Kaldbaks-horn og vart vel imot-teken der. Men sume sa imot di, og sa det var ikkje so. Men det visste alle, at han fanst ikkje korkje levande elder daud. Daa Hallgjerd spurde det, tykte ho det var stor skade etter morbror sin. Glum bad Torarin skifta gardarne; men Torarin sa han vilde ikkje det; »men seg henne Hallgjerd, at um eg lever lenger en du, so etlar eg meg til aa hava Varmaløk.« Glum sa Hallgjerd det. Ho svara: »Det er ikkje meir en rimelegt av os mot honom.«

Kapittel 15

Tjostolv hadde slege hus-karen hans Hoskuld, og so jaga Hoskuld honom fraa seg. Han tok hesten sin og vaapni sine og mælte tit Hoskuld: »No reiser eg av og kjem aldri att.« -- »Det er god logn etter deg,« seier Hoskuld. Tjostolv reid til des han kom aat Varmaløk. Han vart vel imot-teken av Hallgjerd og ikkje ille av Glum. Han sa Hallgjerd, at far hennar hadde jaga honom, og bad henne sjaa til med seg. Ho sa ho kunde ikkje lova honom noko verande der, fyrr ho hadde tala med Glum. «Gjeng det vel med dykk?« sa han. »Me held mykje av einannan,« seier ho. Sidan gjekk ho til tals med Glum, la armen kring halsen hans og mælte: »Vil du gjera etter bøni eg vil beda deg?« -- «Eg skal gjeva deg det, er det deg sømd i det,« seier han; «kva er det du vil beda um?« Ho mælte: «Tjostolv er jaga av der vest, og eg skulde ynskja, at du vilde lova honom aa vera her; men eg vil ikkje taka det tvert, er du lite um dets Glum mælte: »Daa du er so snill, so skal eg gjera etter deg i dette. Men seg honom det, at han skal fara sin veg, tek han seg noko illt tils Ho gjeng aat Tjostolv og seier honom det. Han svarar: »Du er snill, som eg venta meg dets So vart han der, og han heldt seg i skinnet ei stund. Men som det leid paa, so var det som han skjepla alt. Det var ingen som gjekk fri honom, so nær som Hallgjerd. Men ho tok aldri under med honom, nåar han tokst med andre. Torarin tala aat Glum, bror sin, for di at han let Tjostolv vera der, og sa det kom til aa henda gale, som det fyrr hadde gjort, um han vart verande der. Glum svara vel paa det, men gjorde etter sit eige tykkje.

Kapittel 16

Det var ein haust at det var vondt for folk aa faa att sauerne sine. Glum vanta det mange gjeldverar. Daa mælte Glum til Tjostolv: «Gakk til fjels med hus-karom mine og sjaa aat, um de finn nokon av sauoms »Det høver meg so lite aa gaa paa saue-leiting,« sa Tjostolv. »Det er nok berre det, at eg vil ikkje gaa i faret aat trælom dine. Men gakk med sjølv, so skal eg vera med degs Dette kom dei til aa ordrekast hardt um. Hallgjerd sat ute; det var godt ver. Glum gjekk burtaat henne og mælte: »Det hev vore stridt med meg og Tjostolv, og det vert ei stutt stund me tvo vert buande saman;« og han sa henne, korleis ordi hadde falle. Hallgjerd heldt med Tjostolv, og det vart skift mange stride ord med dei. Glum slo til henne og mælte: »Eg vil ikkje tennast med deg lenger,« og gjekk so burt. Ho elska honom mykje, og ho kunde ikkje stagga seg, men storgret. Tjostolv gjekk aat henne og sa: «Såart er du medfari, og slikt skulde ikkje vera oftare.» -- «Ikkje skal du hemna dette,« seier ho, «elder leggja deg noko frami, korleis det so gjeng med os.« Han gjekk fraa henne og kald-flein.

Kapittel 17

Glum sette mennerne sine til aa vera med seg paa ferdi. Tjostolv og gjorde seg ferdug og gav seg med. Dei fór upp søre Røykjardalen, og upp ved Baugagilet og upp aat Tverrfell. Der skilde flokken seg -- sume fór i Skorardals-leitet, men sume sende Glum sudetter aat Sulnefjellom, og alle fann dei mykje sau. Det raakte so til, at dei vart tvo-eine, Glum og Tjostolv. Dei gjekk sudetter fraa Tverrfell og fann nokre skjerre sauer der, som dei jaga nordetter mot fjellet. Men sauerne sette upp paa fjellet for dei. Dei skjente kvar paa annan, og Tjostolv sa ved Glum, at det var ikkje anna han dugde til en aa liggja og velta seg med henne Hallgjerd. Glum mælte: «Vondt fylgje er ein kvitt, hev ein det ikkje heimantil. Skal eg taka skarv-ord av deg, rekande træl som du er!« Tjostolv mælte: »Det skal du verta var, at eg er ingen træl; eg vik ikkje for deg i noko.» Daa vart Glum sint og hogg til Tjostolv med saks-sverdet, men han kasta øksi imot, so hogget kom i feten og beit inni tvo finger langt. Tjostolv hogg imot med oksi, og ho kom i oksli og kløyvde sund aksle-beinet og krage-beinet, so han blødde inn. Glum greip Tjostolv med andre handi so hardt, at han reis overende. Men Glum kunde ikkje halda taket, for dauden sette paa honom. Tjostolv gøymde liket med stein, og tok av honom ein gullring. Han gjekk til des han kom aat Varmaløk. Hallgjerd var ute, og saag at øksi hans var blodut. Han kasta burtaat henne gullringen. Ho mælte: «Kva tidend ber du? Hell kofor er øksi di blodut?« Han svara: «Ikkje veit eg, kva du no tykkjer; eg ber deg daudar-ordet hans Glum.« -- »Du valda fulla det?« seier ho. »So er det,« seier han. «Ikkje er du burte i Ieiken,« sa ho med ein laatt. Han mælte: »Kva raad ser du for meg no?« -- «Far aat Rut farbror,« seier ho, «so finn han ut eitkort aat deg.« -- »Ikkje veit eg,« seier Tjostolv, «um det er gagnraad, men eg skal fara etter dine ord i dette med.« Tok han so hesten sin og reid, og stadna ikkje fyrr han kom aat Rutstad um natti. Han bind hesten sin bak husi -- gjeng so framaat døri, slær eit tungt slag paa den, og gjeng so nord-um husi. Rut hadde vore vaken; han kipte paa føterne eit par høge sko, hadde paa seg trøya og tok eit sverd i handi. Han reiva ei kappa kring vinstre handi og uppyver armen paa seg. Mennerne vakna ved det at han gjekk ut. Han gjekk nordum veggen og saag ein stor mann stod der, og kjende honom, at det var Tjostolv. Rut spurde, kva som var paa ferde. «Eg seier deg draapet paa Glum,« seier Tjostolv. «Kven valda det?« -- «Eg drap honom,« seier Tjostolv. «Kofor reid du hit?« seier Rut. «Hallgjerd sende meg aat deg,« seier Tjostolv. «Ikkje er det ho som valda dette daa,« seier Rut, og drog sverdet. Detta saag Tjostolv og vilde ikkje vera seinast, men hogg til Rut straks. Rut kasta seg unda hogget og slo til flatsida paa øksi med vinstre handi, so tverrbraatt, at øksi dreiv ut or handom paa Tjostolv. Rut hogg med høgre handi til foten paa Tjostolv ovan kneet, og flaug til og støytte honom overende med det sama. Tjostolv fall att aa bak; foten hekk berre so vidt i hop. Daa hogg Rut honom i hovudet, og det vart bane-hogg. Daa kom dei ut, kararne hans Rut, og saag kor det var gjenge. Rut let dei føra Tjostolv burt og gøyma liket hans. Sidan fór Rut aat Hoskuld og sa honom draapet paa Glum og paa Tjostolv. Han tykte det var stor skade etter Glum, men han takka Rut for draapet paa Tjostolv. -- No er det aa fortelja, at Torarin Rage-bror spør enden aat Glum, bror sin. Rid han so sjølv tolvte vester aat Dalom og kom aat Hoskuldstad. Hoskuld tok imot honom med baae handom, og han vart der um natti. Hoskuld sende bod etter Rut med sama, at han skulde koma dit, og han kom straks. Dagen etter tala dei mangt um draapet paa Glum. Torarin mælte: »Vil du bøta meg noko for bror min; for eg hev mist mykje.« Hoskuld svara: »Ikkje drap eg bror din, og ikkje raadde dotter mi honom bane; « og straks Rut fekk det aa vita, so drap han Tjostolv.« Daa tagna Torarin, og tykte maalemnet vart vandslegt. Rut mælte: «Lat os gjera ferdi hans god -- han hev vissseleg mykje mist -- so vil folk segja det var vel gjort. Me gjev honom gaavor, og han er vaar ven alle dagars Og so vart gjort; dei gav honom gaavor. Og han reid sudetter att. Han og Hallgjerd skifte bustad um vaaren -- ho fór sud til Laugarnes, men han fór aat Varmaløk. Og Torarin er ute or soga.

Kapittel 18

No er det um det aa fortelja, at Mord Gigja vart sjuk og døydde, og det tyktest vera stor skade. Unn, dotter hans, tok all arven etter honon. Ho var daa ugift att andre gongen. Ho var svært romhendt og lite umsynleg med buet sit. Lausøyra hennar vart ende, so ho aatte kje att anna en jord og kretur.

Kapittel 19

Det var ein mann heitte Gunnar. Han var frenden hennar Unn. Rannveig heitte mor hans. Ho var dotter aat Sigfus, son hans Sighvat hin raude, som vart drepen ved Sandhélferja. Far hans Gunnar heitte Haamund, og han var son hans Gunnar Baugsson. Gunnarshoit er uppkalla etter honom. Mor hans Haamund heitte Ravnhild; ho var dotter hans Storolv Høingson. Storolv var bror hans Ravn lovsogumann. Son hans Storolv var Orm hin sterke. Gunnar budde paa Lidarende i Fljotslid. Han var stor paa vokster og sterk og vaapnfør framfor nokon mann. Han hogg og skaut med ymse hender, um han vilde; han svinga sverdet so kvasst, at det var som tri i lufti aa sjaa. Han skaut best av alle med bogen og høvde alt han skaut etter. Han kunde springa høgre en si eigi høgd i full herbunad, og likso langt attetter som frametter. Han var symd som ein sel. Og ikkje var det den leiken der det var bjoande til aa kappast med honom. So hev vore sagt, at ingen hev vore jamningen hans. Han var fager aa sjaa til og ljosleitt -- rak nasa og framkeik, blaa-øygd og snar-øygd og raud i kinnom. Haaret var stort og gult og fall vent. Han var framifraa velseda og manntyd, uvægjen i alt, raadholl og godbeinken, mild og stillfærleg, ven-fast og ven-vand. Han var rik paa gods. Bror hans heitte Kolskjegg. Han var stor og sterk, mann-domsam og sætande i alt. Den andre broren hans heitte Hjort. Han var i barnealderen endaa. Orm Skogarnev var ein løyndgjeten bror til Gunnar; han kjem ikkje denne soga ved. Arngunn heitte syster hans Gunnar. Henne hadde Roar Tungegode, son hans Une hin uborne, son hans Gardar, som fann Island. Son hennar Arngunn var Haamund Halte, som budde paa Haamundstad,

Kapittel 20

Det var ein mann heitte Njaal. Han var son hans Torgeir Gollner Ufeigson. Mor hans Njaal heitte Aas-gjerd; ho var dotter hans Aaskjell Herse hin faamælte. Ho hadde kome aat Island og hadde teke land austanfor Markarfljot, millom Oldustein og Seljalandsmulen. Halte-Tore og var son hennar; han var far hans Torleiv Kraak, som Skogværingarne er ætta fraa, og hans Torgrim hin mikle og hans Torgeir Skorargeir. Njaal budde paa Bergstors-kvaal i Landøyom. Ein annan gard aatte han i Torolvsfell. Njaal var rik paa gods og ein venvaksen mann; men han hadde det ved seg, at det voks ikkje skjegg paa honom. Lovmann var han so stor, at ingen var jamningen hans. Han var vis og framsynt, god-raadug og godgjegna -- alt slo inn etter dei raad han hadde gjeve folk; -- fredsæl og rettvis var han, langsynt og langminnug. Han løyste vandskarne for alle som aat honom kom. Kona.hans heitte Bergtora; ho var dotter hans Skarphedin. Det var ei framifraa dugande og manndomsam kona, godærug, men noko hardlynd. Njaal og ho hadde seks born; tri søner og tri døtrar. Alle dei fær med denne soga aa gjera.

Kapittel 21

No er aa segja fraa det, at Unn hadde øydt upp all lausøyra si. Ho fór heimanfraa og kom aat Lidarende. Gunnar tok vel imot henne, og ho vart der um natti. Dagen etter, daa dei sat ute og talast ved, tala ho frampaa um, kor smaatt det var for henne. »Ilte er det,« sa han. »Kva raad hev du aa gjeva meg?« sa ho.

»Tak so mykje du treng av det eg hev standande ute,« sa han. »Ikkje vil eg det,« seier ho, «og øyda upp for deg.« -- «Kva vil du daa?« seier han. «Eg vil faa deg til aa krevja att det eg eig i buet hans Rut, « seier ho. «Ikkje tykkjest det vera stor von i det for meg,« seier han, «nåar far din ikkje fekk det, han som var ein stor lovmann, og eg er lite kunnug i loven.« -- «Det var meir med hardo en med lov at Rut vann i den trætta; men far min var gamal, og folk tykte det var beste raadet ikkje aa stridast meir um det. Og det er ingen av folket mit som kan føra den saki, um ikkje du trur deg til det.« -- »Eg skal nok vaaga aa setja fram kravet,« seier han, «men eg veit ikkje, korleis ein skal taka maalemnet upp.« Ho svara: «Far aat Njaal paa Bergtorskvaal; han hev nok ei raad som duger; og han er din gode ven.« -- «Eg hev nok den voni, at han eig eit godt raad aat meg som aat alle andre,« seier han. Enden vart, at han tok saki paa seg,. og gav Unn det ho trengde til huset. Ho fór daa heim.

Gunnar reid aat Njaal. Han vart vel fagna, og dei gjekk til samtals straks. Gunnar mælte: «Eg er komen for aa søkja gagnraad hjaa deg.« Njaal svara: «Mange av venom mine er vel verd eit godt raad av meg; men likevel er det so, at eg helst legg meg um det, nåar det gjeld deg.« Gunnar mælte: »Eg hev teke paa meg aa krevja Rut etter bu-luten hennar Unn.« -- »Det er eit stort vandemaal,« seier Njaal, «og eit stort vaagan, korleis det gjeng; men likevel skal eg gjeva det raad som eg tykkjer det er best von i. Og det skal ganga, um du fylgjer det ubrigdeleg; men det gjeld livet dit, um du ikkje det gjer.» -- «Eg skal ikkje vika fraa i noko,« seier Gunnar. Daa tagde Njaal nokor stundi, so sa han: »No hev eg tenkt yver maalemnet, og dette skal duga.«

Kapittel 22

»No skal du rida heimanfraa sjølv tridje. Du skal hava ei regnkufta ytst, og under henne ein brun kvar-dagskjole; men under den skal du hava dei gode klædi dine og ei litor øks i handi. De skal hava tvo hestar kvarf ein feit og ein mager. Du skal fara med smid. De skal rida i morgon tidleg, og naår de kjem yver Kvit-aai, skal du slaa ned hatten din. Daa vert det spurt etter, kven det er, denne store mannen. Fylgjet dit skal segja, at det er Kræmar-Hedin hin mikle fraa Øyfjord, som fer med smid. Det er ein illvis og skravlut mann, som tykkjer han veit alt aaleine. Han slær ofte upp att sali og flyg paa folk, nåar det ikkje vert som han vil. Du skal rida vest til Borgarfjord og halda falt smidet, men slaa upp att jamt og samt. Daa kjem det ordet ut, at det ingi lygn er, nåar det er sagt, at Kræmar-Hedin er den vrangaste ein kan hava med aa gjera. Du skal rida« til Nordaadalen, so til Rutafjord og aat Laksaadal, og til des du kjem aat Hoskuldstad. Der skal du vera um natti og sitja ytst og sluta med hovudet. Hoskuld seier ved folket, at dei ikkje skal fåast ved Kræmar-Hedin, »han er ein kranglegast,« seier han. Um morgoen skal du taka inn paa grannegarden aat Rutstad. Du skal bjoda fram smidet dit, taka fram det som laakast er, slikt som det er brester i. Bonden ser vel etter og (inn bresteme. Daa skal du nykkja det fraa honom og bruka deg paa honom. Daa seier han, at det er ikkje venta du gjev honom godt, nåar du gjev vondt alle andre. Daa skal du fljuga paa honom -- so lite det elles er din vis -- men hegda styrken din, so ikkje folk tek grup og kjenner deg. Daa vert det sendt ein mann aat Rutstad, for aa segja til Rut, at det vøre best faa dykk skilde. Han sender bod etter deg, og du skal fara dit straks. Du fær rom paa andre benken midt imot høgsætet hans Rut. Du skal helsa honom; det tek han venleg, og spør deg, um du er fraa nordlandet. «Fraa Øyfjord,« skal du segja. So spør han, um det er mange namngjetne menner der. »Det er nøgdi av skrap,« skal du segja. «Er du kjend i Røykjardal?« seier han. »Eg er kjend paa heile Island,« skal du segja. «Er det gilde kjempor i Røykjardal?« spør han. «Tjuvar og illmenne er der,« skal du segja. Daa lær Rut og hev gaman av det. So kjem de til aa tala um mennerne i Austfirdinga-fjorungen, og du skal hava noko aa segja paa alle. So kjem talen aat Rangaavollom. Du skal segja, at der er det aller laakaste mannvalet, sidaq Mord Gigja døydde. Du skal kveda ei visa ein gong imillom -- for eg veit du er skald --- og Rut tykkjer det er gaman. Han spør, kofor du meiner, at det ikkje kan koma mann i staden hans. Paa det skal du svara, at han var so klok og lovkunnug, og so god til aa føra ei sak, at aldri var det noko i vegen med hans førarskap. Daa spør han: «Kjenner du til, korleis det gjekk med meg og honom?« -- «Eg veit,» skal du segja, «at han tok fraa deg att kona di, og du fekk ingenting.« Daa vil Rut svara: «Men tykkjer du ikkje han kom i beit, daa han ikkje fekk bu-luten hennar Unn, endaa han saksøkte meg?« -- «Det er lett svara paa det,« skal du segja; «du baud honom til holmgang, men han var ein gamal mann, og venerne hans raadde honom fraa aa strida med deg, og dermed vart saki nedkvævd.« -- «Det gjorde eg, ja, og faavise folk trudde det var lov; men han kunde teke upp att saki paa eit anna ting, um han hadde havt tiltak til det.« -- «Eg veit det,« skal du segja. Daa spør han deg: «Er du noko kunnug i loven?« -- «Dei heldt for det der nord,« skal du segja; »men du fær likevel segja meg, korleis det maalemnet skulde takast upp att?« Rut vil daa mæla: »Kva for eit maalemne meiner du?« -- «Dette,« skal du segja, «som ikkje kjem meg ved, korleis det vert teké upp -- dette um kravet hennar Unn.« «Saki lyt stemnast so eg høyrer paa, elder i min lovlege heim,« seier Rut. «Stemn du no daa,« skal du segja, »so skal eg gjera det sidan.« Rut gjer det, og daa skal du ansa vel etter kvart ordet. Daa seier Rut, at no skal du stemna. Det skal du gjera, men so rangt, at berre annakvart ord er rett. Daa lær han aat deg og tek ingen mistanke, men han seier, at det var lite som var rett i det. Daa skal du skulda fylgjet dit og segja, at dei skjepla deg. So bed du Rut segja fyre deg, so du fær segja etter. Han lovar deg det, og stemner saki sjølv. Du skal stemna etter straks, og gjera det rett, og so skal du spyrja Rut, um det var rett stemnt. Og han seier, at no stod det ikkje til aa gjera det um inkje. Daa skal du segja høgt, so fylgjet dit høyrer: «Stemner eg i den meg hand-gjevne saki hennar Unn Mordsdotter.« Men so snart folk er sovna, skal de staa upp, fara stilt, bera salarne burt i hestehagen, sala dei holdige hestarne, men lata dei magre vera att. De skal rida upp um hamnerne og vera uppi høgfjellet tri næter. So lenge paa lag leitar dei etter dykk. Og so skal de rida sudetter att -- rida um næterne, men halda dykk rolege um dagarne. Sidan skal me rida med til tings og stydja uppunder saki.« Gunnar takka honom og reid heim-um fyrst.

Kapittel 23

Gunnar reid heimanfraa tvo næter etter med tvo mann i fylgje. Dei reid til des dei kom aat Blaaskogs-heii; der møtte dei nokre ridande menner, som spør, kven det er, den store mannen, som fer so duld. Fylgjet hans sa, at det var Hedin kræmar hin mikle. Dei svara: »Daa kjem det ikkje nokon verre etter, nåar ein slik hev fare fyre.« Hedin let som han var ferdug aa fljuga paa dei straks; men det vart so dei fór kvar si lei. Gunnar gjorde i alle maatar som det var honom fyre-sagt: var paa Hoskuldstad um natti, og fór fraa der nedigjenom dalen, og tok inn paa grannegarden til Rutstad. Der heldt han falt smidet og selde tri smid-stykke; men bonden fann veilorne, og sa det var fjusk. Hedin flaug paa honom med det sama. Det vart sagt Rut, og han sende bod etter Hedin. Han fór aat Rut straks og vart vel imot-teken. Rut gav honom sæte midt imot seg, og røa gjekk som Njaal hadde gote paa. Men daa talen kom paa Rangaavoilarne, og Rut spurde etter mennom der, kvad Hedin denne visa:

Menner det sist er i sanning som er
sætand paa Rangaavollom;
ofte eg høyrde ordet
oma imillom menner.
Frett hev eg Gigja-Mord gjorde
gjævaste verk og mange;
ingen hev seinare sote der
slik i visdom og velde.

Rut mælte daa: »Du er skald, Hedin. Men hev du høyrt, korleis det gjekk med meg og Mord?« Hedin kvad ei visa til:

Hoyrde eg at unge vivet
ill-treivst i dinom garden;
med sløg-lagde raader rænte
rikingen kona fraa deg.
Velmeint vene-raad bægde
fraa vaadeverk den gamle,
som fordom med sjugtande sverdhogg
skjoldarne farga raude.

Daa sa Rut honom, korleis saki kunde takast upp att, og stemnde fyre, men Hedin sa det etter og gjorde det gale. Daa stor-log Rut og tok ingen grun. Hedin sa,, at Rut skulde stemna ein gong til. Rut so gjorde. Hedin stemnde daa andre gongen; daa gjorde han det rett, og tok fylgjet sit til vitne, at han stemnde i saki hennar Unn Mordsdotter. Han gjekk til sengs um kvelden, som dei andre; men daa Rut var sovna, tok dei tilfanget sit og bar dit hestarne var, og reid yver aai og fór paa Hjardarholtsida uppetter, til dalen vart ende, og til des dei kom inn i fjelli gjenom Haukadals-skaret og fann eit stelle der det var uraad aa finna dei, reid ein ikkje beint paa dei. Salarne og vaapni deira hadde vore inni smidja havde, so dei kunde taka dei att sjølve, og soleis hadde ingen vorte var burtferdi deira.

Sama natti, ei stund etter dei hadde lagt seg, vakna Hoskuld paa Hoskuldstad og vekte alle kararne sine. »Eg vil segja dykk draumen min. Eg tyktest sjaa ein stor bjønn gjekk utor husom, og eg visste det fanst ikkje maken aat detta dyret. Det fylgde det tvo hundar, og dei vilde dyret vel. Det tok vegen aat Rutstad og gjekk inn i husi der. So vakna eg. No vil eg spyrja dykk: Var det ikkje noko ved denne store mannen som de undrast paa?« Det var ein som svara honom og sa: »Eg saag det stakk fram gull-lad og raudt klæde unda ermi hans, og paa høgre handi hadde han ein gullring.« Hoskuld mælte: «Dette hev ikkje anna vore en vardøglet hans Gunnar paa Lidarende. No tykkjest meg eg ser alt. Me skal rida aat Rutstad.» Dei gjekk ut alle; får aat Rutstad og banka paa døri. Det kom ein ut og let upp, og dei gjekk radt inn. Rut ligg i lok-sengi, og spør kven som er komen. Hoskuld nemner seg, og spør kven som var der til gjest. Han svara: «Kræmar-Hedin er her.« -- «Breiare yver ryggen,« seier Hoskuld; »eg gjet paa, at han hev vore her Gunnar paa Lidarende.«-- »Daa hev han vore sløgare en eg,« seier

Rut. »Kva er det som er hendt ?« seier Hoskuld. »Eg sa honom, korleis ho skulde takast upp att, saki um godset hennar Unn. Eg stemnde meg sjølv, og han stemnde etter, og no er saki reist paa lovleg maate.« »Det var sløgt gjort,» seier Hoskuld, »og Gunnar hev nok ikkje vore aaleine um dette. Njaal hev nok funne detta paa; ingen er hans make i klokskap.« Dei leita etter Hedin, men han var alt burte. Dei samla folk og leita tri dagar og tri næter, men fann dei ikkje. Gunnar reid aat Haukadalen fraa fjellom austanfor skaret, og so tii Holtavards-heierne, og stadna ikkje fyrr han kom heim. Han fann Njaal, og sa honom korleis ferdi gjekk.

Kapittel 24

Gunnar reid til Alltings. Rut og Hoskuld og reid til tings og gjorde seg mannsterke. Gunnar søkte saki paa tinget og skaut til vitnes. Rut og bror hans hadde etla seg til aa gaa paa honom, men dei trudde seg ikkje. Sidan gjekk Gunnar til Breifjordings-retten og baud Rut aa høyra paa eiden sin, og at han bar upp maalemnet og sette fram sak-gagnet. Etter det gjorde han eid og sa fram saki. So let han bera stemnarvitne -- so saktakar-vitne. Njaal var ikkje ved retten. Gunnar førde saki, til des ho kom dit at han baud modparten til vern. Rut nemnde seg vitne og sa, at maalemnet var um inkje, for di han ikkje hadde dei tri vitnemaali som skulde til: det eine det som er nemnt framanfyre sengjestokken, det andre framanfyre mannadøri, det tridje paa lovberget. Daa var Njaal komen til retten og baud seg til aa berga saki, um dei vilde gjera henne av med rettargang. »Eg vil ikkje det,« sa Gunnar; »eg vil gjera ved Rut som han gjorde ved Mord, frenden min. Er de brørar so nær ved, at de kan høyra kva eg seier?« »Høyra deg kan me,« seier Rut; »kvavildu?« Gunnar mælte: »Dei er høyrande vitne som her er, at eg byd deg Rut til holmgang. Og skal du slaast med meg i dag paa denne holmen som er her i Øksar-aai. Men vil du ikkje det, so grei ut alt godset i denne dags Og dermed gjekk Gunnar fraa retten, og heile fylgjet hans. Hoskuld og Rut og gjekk heim. Og maalemnet vart korkje søkt elder verna sidan. Rut mælte, daa han kom inn i budi: »Det hev aldri hendt meg, at nokon hev bode meg ein-vig, og at eg hev gjenge undas »Du etlar deg nok til aa strida,« seier Hoskuld, »men det skal ikkje verta, um eg maa raa; for du held ikkje meir maal med Gunnar en Mord med deg -- me skal helder greia ut godset baae tilsaman.« Sidan spurde dei bønderne som var i fylgje med dei, kva dei vilde leggja til. Alle svara, at dei vilde legja til so mykje som Rut vilde hava. »Lat os daas seier Hoskuld, »gaa aat budi hans Gunnar og faa det greitt av handom.« Dei gjekk aat budi hans og kalla honom ut. Han gjekk ut i budadøri, og mennerne med honom. Hoskuld mælte: »No er det aa taka imot godsets Gunnar mælte: «Grei det ut du. Eg er buen til aa taka imots Dei greidde vel fraa seg alt saman. Daa mælte Hoskuld: »Njot som du hev avla tils -- »Laak vert løni du fær,« seier Rut. »Fær gaa med det som det kan,« seier Gunnar. Hoskuld og fylgjet hans gjekk heim att aat budi hans. Han var tung i hugen, og han sa til Rut: «Maa tru han ikkje fær svia for denne misgjerdi si, han Gunnar?« »Ver viss paa det,« seier Rut; »det hemner seg nok; men det vert korkje til hemn elder hevjing for os. Men det kan gjerne vera, at han kjem til snu seg aat ætti vaar etter vener.« Dei sa ikkje meir. Gunnar synte

Njaal pengarne. »Det gjekk vel,« sa Njaal. »0g det er det deg aa takka for, «sa Gunnar. Folk rid heim fraa tinget, og Gunnar hev den største æra av saki. Han gav Unn alt godset; sjølv vilde han ikkje hava noka av det, men han sa han tyktest hava meir aa venta av henne og folket hennar en av nokon annan. Ho sa, at det var so.

Kapittel 25

Det var ein mann heitte Valgard. Han budde paa Hov ved Rangaai. Han var son hans Jørund Gode og var ætta fraa Harald Hildetonn. Bror hans var Ulv Ørgode, som Sturlungarne og Oddværingarne er komne fraa. Ulv Ørgode og Valgard hin graa for friarferd aat Unn, og ho gifte seg med Valgard utan aa raadspyrja frendarne sine. Gunnar tykte ille um det, og Njaal og mange andre, for han var løynsk i sinn og u-vensæl. Dei fekk ein son, som vart heitande Mord, og han vert mykje med i denne soga. Daa han vart full-vaksen, fekk han vondt aat frendarne sine, og aller verst aat Gunnar. Han var sløgtenkt og ful og illvis i raad.

No skal nemnast sønerne hans Njaal. Skarphedin heitte den eldste. Han var stor paa vokster, sterk og vaapnferdug, symd som ein sel, og var meire fotug en nokon mann. Han var noko framfus, men uforfærd og sætande, snartenkt og ordkvass og ein god skald, men likevel for det meste still av seg. Han hadde brunt haar og sveip i haaret, vakre augo, bleik hamlet og skarpe andlitsdrag. Paa nasa var ein krok; tanngarden laag høgt, so munnen hadde noko ljott ved seg, men han var ein overlag røskleg hermann. Grim heitte andre sonen hans Njaal. Han var svart i haaret, men meir fridleitt en Skarphedin; han var baade stor og sterk. Helge heitte tridje sonen hans Njaal. Han var baade andlitsfager og haarfager, sterk og vaapnferdug, vitug og stillfærleg. Alle sønerne hans Njaal var ugifte ved denne tid. Hoskuld heitte fjorde sonen hans; han var løyndgjeten. Mor hans heitte Rodny. Ho var dotter aat ein heitte Hoskuld, og syster hans Ingjald fraa Kjeldum. Njaal spurde Skarphedin, um han vilde gifta seg. Han bad far sin raa. Njaal bad um Torhild aat honom, dotter hans Ravn paa Torolvsfell. Skarphedin fekk Torhild. Soleis vart han eigande den garden; men han heldt til hjaa far sin. Aat Grim bad Njaal um Astrid fraa Djupaabakke. Ho var enkja og overlag rik. Grim fekk henne; men han var hjaa far sin

Kapittel 26

Det var ein mann heitte Aasgrim Ellidagrimsson. Mor hans heitte Jorunn; ho var av folket hans Bjørn Buna paa farssida og av folket hans Vikinge-Kaare paa morssida. Bror hans Aasgrim heitte Sigfus; han var oldefar hans Sæmund hin frode. Gauk Trondilson var fostbror hans Aasgrim; det var ein fagnamann so gjæv som nokon veit av aa segja. Men det gjekk ille med dei; Aasgrim vart banemannen hans Gauk. Aasgrim hadde tvo søner som heitte Torhall. Det var emnelege karar. Ein son var det som heitte Grim, og ei dotter hadde han som heitte Torhalla. Ho var framifraa fager og førde seg fint og vel i alle maatar. Njaal gav seg i tale med Helge, son sin, og sa: »Eg hev tenkt paa gifte aat deg, frende, um du vil gjera etter mit raad.« -- «Det vil eg visst,« seier han; »foregveit, at du baade vil det beste og veit det. Kvar hev du tenkt paa?« Njaal svara: »Me vil beda um dotter hans Aasgrim Ellidagrimsson; for det er det beste valet.«

Kapittel 27

Lite seinare fór dei for aa beda um henne. Dei reid vest yver Tors-aai og fór til des dei kom aat Tunga. Aasgrim var heime; han tok vel imot dei, og dei vart der um natti. Men dagen etter gjekk dei til samtals. Njaal bar fram maalemnet og bad um Torhalla aat Helge, son sin. Aasgrim svara vel paa det, og sa det var ingen han helder vilde gjera eit slikt kjøp med en med dei. Sidan tala dei um maalet, og det vart so, at Aasgrim feste honom Helge dotter si, og det vart avtala, nåar gjestebodet skulde vera. Gunnar var i denne veitsla, og mange andre av dei beste mennom. Men etter gjestebodet baud Njaal Torhall Aasgrimson med seg til fostrings, og han vart med og var hjaa honom lenge sidan. Han heldt meir av Njaal en av far sin. Njaal lærde honom loven so til gagns, at han vart største lovmannen paa Island.

Kapittel 28

Det kom eit skip inn i Arnabølsosen. Styresmannen var Hallvard hin kvite fraa Viki. Han leigde seg kost paa Lidarende og var hjaa Gunnar um vintren, og det var ofte han bad honom fara austpaa. Gunnar svara ikkje stort paa det, men han slo det ikkje av. Og um vaaren fór han aat Bergtorskvaal og spurde Njaal, um han vilde raa honom til aa fara austpaa. »Eg vil raa deg til aa gjera den ferdi,« seier Njaal; »du kjem til aa koma deg godt til, kvar du er.« -- »Men vil so du sjaa etter noko med buet mit, medan eg er burte ?« seier Gunnar; »for eg vil, at Kolskjegg, bror min, skal vera med meg, og daa vilde eg gjerne faa deg til aa sjaa til med mor mi etter gardsstellets -- «For di kan du nok fara,« seier Njaal, »eg skal hjelpa til med alt du vils -- »Du er god aa finna,« seier Gunnar bg reid heim. Austmannen gat paa austferdi att ved Gunnar. Gunnar spør, um han hadde siglt noko i andre land. Han sa, at han hadde siglt i alle land millom Norig og Gardarike, »og so hev eg vore i Bjarmeland,« sa han. »Vil du vera med i austerveg?« seier Gunnar. »Det vil eg visst,« seier han. Gunnar gjorde seg buen til aa fara med honom. Njaal tok tilsynet med buet hans.

Kapittel 29

Gunnar for ut, og Kolskjegg, bror hans, var med. Dei siglde til Tunsberg og var der um vintren. Daa hadde det vore hovdingskifte i Norig. Dei var daude baade Harald Graafeld og Gunnhild. Haakon Jarl raadde riket; far hans var Sigurd Jarl, son hans Haakon Grjot-gardson. Mor hans ^heitte Bergljot. Ho var dotter hans Tore jarl Tegjande. Mor hennar heitte Aalov Aarbot, og ho var dotter hans Harald Haarfager.

Hallvard spurde Gunnar, um han vilde fara aat Haakon Jarl. »Eg vil ikkje det,« seier Gunnar; »men eig du noko langskip?« seier han. »Eg eig tvo,« seier Hallvard. »Daa vil eg, at me skal raa os til folk og fara i viking,« seier Gunnar. »Det vil eg og,« seier Hallvard. Dei for til Viki, tok dei tvo skipi og budde seg til ferdi. Dei hadde lett for aa faa folk, for det var gjenge stort aagjæte fyre Gunnar. »Kvart vil du no halda av?« seier Gunnar. »Fyrst sud i Hising og finna Ølve, frenden min,« seier Hallvard. »Kva vil du honom?« seier Gunnar. »Han er ein god mann aa finna,« seier Hallvard, »og han gjev os nok noko styrk paa ferdi.« -- »Lat os fara dit daa,« seier Gunnar. So snart dei vart fullbudde, fór dei aat Hising, og der vart dei vel fagna. Det var ikkje lenge Gunnar hadde vore der, fyrr Ølve tykte overlag vei um honom. Ølve spurde um ferdi hans. Hallvard sa, at Gunnar vilde fara i herferd og vinna seg gods. »Det er ikkje tenkjande paa utan herfolk,« seier Ølve. »Du gjer nok so vel og legg noko til,« seier Hallvard. »Eg tenkjer det er mun i aa styrkja Gunnar noko,« seier Ølve, »og um du eig skyldskap aa rekna, so set eg likevel honom høgre.« -- »Kor mykje vil du leggja til?« seier Hallvard. »Tvo langskip, eit paa tjuge sessar og eit paa tretti,« seier Ølve. «Kven skal vera paa dei?« seier Hallvard. »Eg skal manna eitt med hus-karom mine og eitt med bønder. Men eg hev spurt, at det er ufred sør i elvi, so eg veit ikkje, korleis de kan koma ut.« -- »Kven er det som er der komne?« seier Hallvard. »Tvo brørar,« seier Ølve; »ein heiter Vandil og ein Karl -- dei er sønerne hans Snæulv hin gamle fraa Gautland.« Hallvard fortel Gunnar, at Ølve hadde skipi utreidde, og det var Gunnar glad for. Dei laga seg daa til aa fara fraa der. Daa dei var ferduge, gjekk dei aat Ølve og takka honom. Han bad dei vel fara og agta seg for brørom.

Kapittel 30

Gunnar heldt ut igjenom elvi -- han og Kolskjegg var paa sama skipet baae, men Hallvard styrde eit anna. Dei fekk sjaa skip framanfor seg. »Lat os vera budde,« seier Gunnar, »paa voni um dei vil gaa paa os; men me ansar dei ikkje minders.« Dei gjorde so. Dessa hine skilde skipi sine og gjorde eit lé aat dei. Gunnar fór fram millom skipom. Vandil fata ein stamn-ljaa og kasta burti skipet hans Gunnar og drog det aat seg straks. Ølve hadde gjeve Gunnar eit godt sverd. Han drog det, og fyrr han hadde sett hjelmen paa seg, sprang han upp i saks-romet paa skipet hans Vandil og hogg ein mann bane med det sama. Karl la aat paa andre sida aat skipet hans Gunnar og skaut eit spjot tvert yver skipet; det stemnde midt paa honom, men Gunnar ser det og snur seg so kvast, at ingen vann festa augo paa honom, tok spjotet med vinstre handi og skaut det attende aat skipet hans Karl, og den fekk bane som fyre vart. Kolskjegg treiv eit anker og kasta i skipet hans Karl, so hakarne stod tvert igjenom bordet og kol-blaae sjøen fossa inn, og alle mennerne ljop upp paa andre skip. No sprang Gunnar attende paa sit eige skip. Daa kom og Hallvard aat, og no vart striden som hardast. Dei saag, at fyremannen var aa lita paa, og alle gjorde det dei kunde. Gunnar gjorde kvart um anna, takom hogg og takom skaut, og mange fekk bane for honom. Kolskjegg fylgde honom vel. Karl ljop upp paa skipet hans Vandil, og so slost dei fraa der baae um dagen. Kolskjegg kvilde paa ein gong. Daa kvad Gunnar eit vers um det, at Kolskjegg hadde unnt korpen betre en seg sjølv. Kolskjegg tok ei kanna full- med mjød, drakk, og slost att. Baae brørne gjekk daa upp paa skipet hans Vandil og gjekk langs med kvar sit bord. Vandil gjekk til møtes med Gunnar og hogg til honom straks, og sverdet kom i skjoldet. Med det sama snara Gunnar so hardt skjoldet, at sverdet brotna tett uppunder hjaltet. Gunnar hogg imot; det var som tri sverd i lufti aa sjaa; Vandil saag ikkje kvar helst han skulde liva seg, og Gunnar hogg unda honom baae føterne. Kolskjegg stakk spjotet igjenom Karl. Der vann dei mykje herfang.

Fraa der fór dei sudetter til Danmark, og fraa der til Smaaland, slost jamnan og hadde siger stendig. Dei siglde ikkje heimatt um hausten. Sumaren etter heldt dei aust til Reval; der raakte dei i hop med vikingar, slost og vann siger. Sidan fór det aat Øysysl og vart liggjande ei tid ved eit nes der. Dei saag ein mann som kom gangande nedetter aat neset. Gunnar gjekk upp paa land til møtes med honom, og dei talast ved. Gunnar spurde, kva han heitte, og han nemnde seg Tove. Gunnar spurde kva han vilde. »Eg vilde finna deg,« seier han; »det ligg herskip paa andre sida aat neset, og eg skal segja deg, kven som raar for dei. Det er tvo brørar; den eine heiter Hallgrim, den andre Kolskjegg. Det er dei sværaste stridsmenner eg veit, og hev so gode vaapn, at det ikkje finst maken. Hallgrim hev ein atgeir, som han hev fenge seida til, so ikkje noko anna vaapn en den kan verta honom til bane. Det fylgjer og med den atgeiren, at han varslar um nokon skal verta drepen med honom; for daa syng det i honom fyreaat, so ein høyrer det langan lei. Slik sterk givnad hev han ved seg.« -- Gunnar kvad ei visa, og spaadde det skulde ikkje drygjast lenge, fyrr vaapnet skulde vera i hans hender, og daa skulde ikkje seidmannen hava lenge ulevt. -- »Kolskjegg hev eit saks; det og er eit ovgodt vaapn. Dei hev tri gonger so mykje folk som de. Herfang hev dei nok av, og det hev dei gøymt innpaa landet, og eg veit vel, kvar det er. Dei hev havt njosnar-skip framum neset og veit vel um dykk. Dei held paa og bur seg paa det hardaste, og etlar seg til aa leggja aat, det fyrste dei er reide. Det er eitt av tvo for dykk aa gjera; anten aa sigla fraa straks, eldaug aa bu seg snøggast de kan. Men gjeng det so, at de vinn, so skal eg syna dykk, kvar alt herfanget er.« Gunnar gav honom ein gull-fingerring og gjekk aat mennerne sine og sa dei, at det laag herskip paa andre sida aat neset. »Dei veit alt um os,« sa han. »Lat os no taka vaapni vaare og bu os baade fort og vel; for no er det herfang aa vinna.« Dei bur seg til, og daa dei det hadde gjort, ser dei, at skipi kjem farande imot dei. Striden tek til; dei slæst lenge, og mange fell. Gunnar fellde mange. Hallgrim og dei ljop upp paa skipet hans. Gunnar vende seg imot Hallgrim. Hallgrim støytte til aat honom med atgeiren. Det var ei slaa tvert yver skipet. Gunnar hoppa att aa bak yver den; skjoldet heldt han framanfor slaai, og Hallgrim støytte igjenom det og inn i slaai. Gunnar hogg til Hallgrim yver handaleggen, so handi dovna burt. Sverdet beit ikkje, men atgeiren datt ned. Gunnar treiv atgeiren og støytte igjenom Hallgrim, og kvad so ei visa, at no var det ute med seidmannen, og det namnspurde vaapnet hans skulde han sjølv bera til sin døyande-dag. Og det heldt Gunnar; han hadde atgeiren medan han levde. Namnarne slost, og med dei stod det som likt. Daa kom Gunnar og hogg Kolskjegg banehogg. Etter det bad vikingarne um grid. Gunnar lova dei det. Han let mennerne ransaka valen og tok det herfanget som dei daude hadde aatt. Men dei som hadde fenge grid, gav han vaapni og klædi og bad dei fara aat fosterjordi si. Dei reiste, og Gunnar tok alt det godset som var. Tove kom til Gunnar etter bardagen og baud seg til aa finna det som vikingarne hadde gøymt av, og sa, at det var baade meire og betre en det dei hadde fenge fyrr. Gunnar sa han vilde det. Han gjekk daa i land med Tove. Tove gjekk fyre til skogs, og Gunnar etter. Dei kom ein stad det var bore i hop ,ein stor timber-lunne. Tove sa, at der var godset under. Dei rudde fraa timbret, og der under fann dei baade gull og sylv, klæde og gode vaapn. Dei ber alt detta nedaat skipet. Gunnar spurde Tove, korleis han vilde han skulde løna honom. Tove sa: »Eg er ein dansk mann av ætt -- og eg bed deg aa flytja meg aat frendarne mine.« Gunnar spurde, kofor han var i austerveg. »Eg var teken av vikingar,« seier Tove, og dei sette meg i land her paa Øysysl, og so hev eg vore her sidan.«

Kapittel 31

Gunnar tok honom med og mælte til Kolskjegg og Hallvard: »Lat os no stemna aat nord-landom.« Dei let vel um det og bad honom raa.

Gunnar sigler fraa austerveg med mykje gods. Han hadde tie skip, og med dei heldt han aat Heidabø i Danmark. Harald Gormsson, kongen, var der. Det var kongen sagt um Gunnar, at ingen paa Island var maken hans. Kongen sender menner til honom til aa beda honom aat seg. Gunnar fór aat kongen straks. Kongen tok vel imot honom og sette honom næst seg. Der var Gunnar ein halv maanad. Kongen hadde gaman av aa lata Gunnar kappast i ymse itrottar med mennom sine; men det fanst ingen itrott der dei kunde jemna seg med honom. Kongen mælte ved honom: »Det tykkjest meg som det lyt leitast etter din jamnings Han baud Gunnar gifte og stor magt, um han vilde slaa seg til der. Gunnar takka kongen for tilbodet, men sa: »Fyrst vil eg fara til Island og finna vener og frendar.« -- »Daa kjem du aldri aat os meir,« seier kongen. «Lagnaden maa raa for det, herre,« seier Gunnar. Han gav kongen eit godt langskip og mange andre dyre eigne-muner som han hadde fenge paa herferdi. Kongen gav honom stasklædi sine, eit par gull-sauma hanskar, eit panne-band med ein gull-knut paa, og ein gerdsk hatt.

Gunnar fór nordetter til Hising. Ølve tok imot honom med baae handom. Han gav Ølve alle skipi sine, og seier at det skal vera lut-skiftet hans. Ølve tok imot gaava og gav honom det lovet, at han var ein raust mann, og bad honom vera der eit bil. Hallvard spør, um han vil fara til Haakon Jarl. Gunnar sa, at han hadde hug til det; »for eg hev freista eit og anna no, sidan sist du gat paa det.« Sidan gjorde dei seg ferd uge og fór nord i Trøndelagen til Haakon Jarl. Han tok vel imot Gunnar og bad honom vera der um vintren. Han vart der, og var vel likt av alle og høgt heidra. I joli gav jarlen honom ein gullring. Gunnar la hug aat Bergljot, frenka til jarlen. Og det var aa skyna paa jarlen ofte, at Gunnar gjerne hadde fenge henne, um han hadde gjort noko for det.

Kapittel 32

Um vaaren spurde jarlen Gunnar, kva han daa hadde tenkt seg til. Han svara, at han vilde til Island. Jarlen sa, at det var laakt med aaringen og litor utsigling, »men likevel skal du faa mjøl og timber, slikt som du vil.« Gunnar takka, og reidde til skipet so fort han vanst. Hallvard og Kolskjegg fylgde honom. Dei kom ut tidleg paa sumaren og tok inn i Arnabølsosen; dette var fyre Alltinget. Gunnar reid heim fraa skipet straks, men fekk folk til aa rydja av skipet. Kolskjegg fylgde Gunnar. Daa dei kom heim, vart folk fegne. Dei var godslege og blide mot heimemennom sine, og hadde ikkje vorte storfellte. Gunnar spurde, um Njaal var heime, og det vart sagt honom, at han var det. Han let dei henta hestarne, og han og Kolskjegg reid til Bergtorskvaal. Njaal vart fegen, daa dei kom, og bad dei vera der um natti. Dei gjorde so, og Gunnar fortalde um ferderne sine. Njaal sa, at no var han meir til mann en alle dei andre. »Du hev set og freista mangt no, men det stend meir att til sidan; for det vert mange til aa ovunda deg.« -- »Eg vil gjerne hava venskap med alle,« seier Gunnar. »Det hender so mangt,« seier Njaal, »og du kjem ofte til aa vera nøydd til aa verja deg.« -- »Daa er det um aa gjera, at eg hev gode maalemne,« seier Gunnar. »So vert det nok og,« seier Njaal, »berre du ikkje kjem frami for andre.«

Njaal spurde Gunnar, um han vilde rida til tings. Gunnar seier, at han vilde det, og spør um Njaal vilde det. Men han sa, at han vilde ikkje det, »og soleis hadde eg vilja du skulde gjort det og.« Gunnar gav Njaal gode gaavor og takka honom for at han hadde teke vare paa buet hans, og reid heim. Kolskjegg talde honom til aa rida til tings: »Du veks baade i heidr og æra av det; for det er mange som vil slaa seg til deg.« -- »Lite hev eg havt det med aa brauta,« seier Gunnar, men eg tykkjest godt um aa vera saman med gode menner.« Hallvard og var komen og baud seg til aa fylgja dei.

Kapittel 33

Gunnar og alle dei andre reid til tings. Men daa dei kom paa tinget, var dei so stasleg klædde og vel væpna, at det var ikkje nokon slik der, og folk fraa kvar ei bud fór ut og undra seg. Gunnar reid aat Rangæinga-budi og var der hjaa frendarne sine. Det var mange som vilde finna Gunnar og spyrja um tidender. Han var lettværug og venleg mot alle, og fortalde aat kvar det dei helst vilde vita.

Det var ein dag Gunnar gjekk fraa lovberget. Han gjekk nedanfor Mosfellinga-budi. Daa saag han nokre gildt klædde kvinnor koma gangande imot honom. I brodden gjekk ho som var staslegast klædd, og daa dei møttest, helsa ho paa honom. Gunnar tok vel helsingi hennar, og spurde kven ho var. Ho heitte Hallgjerd, sa ho, og var dotter hans Hoskuld Dalakollsson. Ho tala djervt til honom og bad honom fortelja seg um ferdi si. Han sa han vilde ikkje negta henne det; og dei sette seg ned og talast ved. Ho var soleis klædd, at ho hadde raud kjole -- den var overlag stikka og utsauma. Yver seg hadde ho ei skarlakens kaapa, og den var kanta med gullband fraa øvst til nedst. Haaret laag nedetter bringa paa henne, og var baade stort og fagert. Gunnar var i dei stasklædi som kong Harald Gormsson gav honom. Paa armen hadde han ringen han fekk av Haakon Jarl. -- Dei tala lenge høgt. Det kom til det, at han spurde, um ho var ugift. Ho sa, at det var ho. »Og det er ikkje mange som vaagar seg der,« seier ho. «Tykkjer du ingen er god nok aat deg?« seier han. «Ikkje nettupp det,« seier ho, «men mann-vand mun eg vera.« -- «Kva vil du svara, um eg baud meg tilP« seier Gunnar. «Det er ikkje i hugen din,« seier ho. «Det er ikkje fritt for det,« seier Gunnar. «Um du hev nokon hug paa det,« seier ho, «so fær du finna far min.« Med dette skildest dei; men Gunnar gjekk aat Dalamanna-budi straks, og spurde nokre menner, som stod utanfor budi, um Hoskuld var heime. Dei sa, at det var han visst. Gunnar gjekk inn. Hoskuld og Rut tok vel imot honom. Gunnar sette seg imillom dei, og det var ikkje aa merka paa røa deira, at det hadde vore noko mistykkje dei imillom, og det bar so til, at Gunnar spurde, korleis dei vilde svara, um han bad um henne Hallgjerd. »Vel,« seier Hoskuld, »um det er fullt aalvor.« Gunnar sa, at det var aalvor; »men soleis skildest me sist, at mange maatte tykkja det var lite likt til aa verta noko samband med os.« -- »Kva tykkjer du, Rut frende?« seier Hoskuld. Rut svara: »Inkje tykkjer eg dette er hjonslegt.« -- «Kofor det?« seier Gunnar. Rut mælte: »Eg vil svara deg paa dette, som sant er. Du er ein staut og veltenkt mann, men ho er ikkje all der ho er sedd. Eg vil ikkje svika deg i noko.« »Dette er vel av deg,« seier Gunnar, »men likevel lyt eg taka det i den lei, at det er gamal fiendskap som ligg under, um de slær det av.« -- »Det er langt fraa,« seier Rut; »det er meir det, at eg ser du er ikkje deg sjølv raadug. Men um me ikkje gjeng med paa giftet, so vil me endaa vera venerne dine.« Gunnar mælte: »Eg hev tala ved henne, og det er ikkje henne imot.« Rut mælte: »Eg skynar nok, at de baae hev huglagt dette, og de hev og mest aa vaaga, kor det so gjeng. Rut sa Gunnar uspurt alt um huglyndet hennar Hallgjerd. Gunnar tykte det fyrst, at det var vel mykje av det som aafaatt var. Men enden vart, at dei kjøpslo. Dei sende bod etter Hallgjerd, og det vart avgjort, medan ho var til stadar. Dei gjorde det no som fyrre gongen, so ho feste seg sjølv. Brudlaupet skulde vera paa Lidarende. Dei var samde um aa halda det dult for det fyrste; men det vart no snart til det, at alle visste det. Gunnar reid heim fraa tinget, og fór aat Njaal straks og sa honom det. Han vart ikkje vel ved. Gunnar spurde, kofor han tykte det var so uraadelegt. Njaal svara: »Det kjem til aa staa alt som illt er fraa henne, kjem ho hit aust.« -- «Aldri skal ho spilla venskapen vaar,« seier Gunnar. »Det vert no so nær som det kan, likevel,« seier Njaal; »men du kjem no jamnan til aa bøta det ho gjer ille.« Gunnar bad Njaal til gjestebods, og alle som han vilde skulde vera med fraa der. Njaal lova aa koma. Gunnar lor heim. Sidan reid han ikring i heradet og bad folk aat laget.

Kapittel 34

Ein mann heitte Traain. Han var son aat Sigfus, son hans Sighvat hin raude. Han budde paa Grjotaa i Fljotslidi. Han var nærskyld Gunnar, og ein overlag velvyrd mann. Han hadde Torhild Skaldekona. Ho var lei til aa fara med fantord og slengjestev. Traain heldt ikkje mykje av henne. Han og kona hans var bedde til Lidarende, og ho og Bergtora Skarphedinsdotter, kona hans Njaal, skulde vera framburds-konor i laget.

Andre sonen hans Sigfus heitte Kjetil; han budde paa Mork austanfor Markarfljot. Han var mannen hennar Torgjerd Njaalsdotter.

Torkjell heitte tridje sonen; den fjorde Mord, den femte Lambe, den sette Sigmund, den sjuande Sigurd. Alle var dei store kjempekarar. Dei hadde Gunnar bedt til gjestebods. alle saman. Valgard hin graa og Ulv Ørgode var bedde, og sønerne deira, Mord og Runolv. Hoskuld og Rut kom med stort fylgje. Sønerne hans Hoskuld, Olav og Torleik, var med. Bruri og var med i den ferdi, og Torgjerd, dotter hennar. Ho var daa fjortan vintrar gamal og framifraa fager. Mange andre kvinnor var det og med henne. Der var og Torhalla, dotter hans Aasgrim Ellidagrimsson, og baae døtrarne hans Njaal, Torgjerd og Helga.

Gunnar hadde alt fenge mykje gjestebodsfolk, og han skipa dei soleis til sætes: Han sjølv sat midt paa benken, men innetter fraa honom sat Traain Sigfusson, so Ulv Ørgode, so Valgard hin graa, so Mord og Runolv, so Sigfussønerne. Lambe sat innst. Næst Gunnar utetter sat Njaal, so Skarphedin, so Helge, so Grim, so Hoskuld, so Havr hin spake, so Ingjald fraa Kjeldum, so sønerne hans Torer austanfraa Holt. Torer vilde sitja ytst av heidrsmennom; for daa vilde kvar finna sit rom godt. Hoskuld sat midt paa andre benken, og sønerne hans innetter fraa honom. Rut sat næst honom utetter; men det er ikkje noko sagt um korleis dei andre sat. Bruri sat midt paa pallen, men paa eine handi aat henne Torgjerd, dotter hennar. Paa andre handi sat Torhalla, dotter hans Aasgrim Ellidagrimsson. Torhild gjekk og beinka til, og ho og Bergtora bar maten paa bordet. Traain sat og ni-stirde paa Torgjerd Giums-dotter. Dette ser Torhild, kona hans; ho vart vond og kvad eit vers til honom:

Ei er gapferder gode -- geigr er deg i augom.

Han steig fram yver bordet straks, nemnde seg vitne og sa seg skild fraa Torhild; »eg vil ikkje hava fantordi og slengjestevi hennar etter meg.« Og so tvert og stridt tok han det, at han vilde ikkje vera i laget, med mindre ho vart jaga burt. Og det vart so ho strauk. Og no sat dei kvar i sine rom og drakk og var gladværuge. Daa tok Traain til ords: «Eg vil ikkje det skal verta mytemæle av det eg hev i hugen. Det vil eg spyrja deg um, Hoskuld Dalakollsson -- vil du gifta meg Torgjerd, frenka di?« -- »Eg veit ikkje um det,« sa Hoskuld, »eg tykkjer du hev skilt deg ille ved den du hadde fyrr; elder kva er han til mann, Gunnar?« Han svarar: «Ikkje vil eg segja noko um det; for han er skyld meg -- men seg du, Njaal. Det du seier vil alle tru.« Njaal mælte: «Det er aa segja um mannen, at han er i godt stand, og ein fulldugande og gjæv mann, so for di kan de nok lata honom faa viljen sin.« Daa mælte Hoskuld: «Kva synest du er raadlegt, Rut frende?« Rut svara: «For den ting maa du vel gjera det, at han er jamgod hennes Dei tala daa um vilkaari og vart samde um alt. Gunnar reiser seg fraa benken, og han og Traain gjeng burt aat pallen. Gunnar spør mor og dotter, um dei vilde taka ved denne raadgjerdi. Dei seier, at dei vil ikkje setja seg imot. Og Hallgjerd fester Traain Torgjerd, dotter si. Daa vart kvinnorne skipa til sætes andre gongen. Torhalla sat daa imillom brurerne. Laget gjekk godt, og daa det var slut, reid Hoskuld vest att og Rangæingarne kvar aat seg. Gunnar gav mange av dei gode gaavor, og det vart vel fagna.

Hallgjerd tok ved husstellet; ho var fengsam og drivande, men skipasam -- skulde hava eit ord med i alt. Torgjerd tok husstyret paa Grjotaa og var ei god hus-frøya.

Kapittel 35

Det var sedvanen hans Gunnar og hans Njaal, at dei gjorde lag-for einannan kvar sin vinterfor venskaps skuld. Denne gongen var det Gunnar som skulde vera i lag hjaa Njaal, og Gunnar og Hallgjerd fór aat Berg-torskvaal. Helge og kona hans var ikkje heime, daa dei kom. Njaal tok vel imot dei. Daa dei hadde vore der eit bil, -kom Helge heim, og Torhalla, kona hans. Bergtora gjekk aat pallen, og Torhalla med henne, og Bergtora mælte til Hallgjerd: «Du fær tokka paa deg for denne kona.« Ho svara: «Ingen stad vil eg tokka meg; for eg vil ikkje vera nokor kraakjerings -- «Her skal eg raa,« sa Bergtora. Og Torhalla serte seg. ? Bergtora gjekk aat bordet med handlaug. Hallgjerd tok handi hennar og mælte: »De er ikkje ufallige i hop, du og Njaal; du hev kartnagl paa kvar ein finger, og han er skjegglauss -- «Sant er det,« sa Bergtora, »men ingen av os sneier den andre for det. Han var ikkje skjegglaus Torvald, bonden din, men lell so raadde du honom bane. « -- «Det er lite ved aa eiga sprækaste mannen paa Island,« seier Hallgjerd, »um du ikkje hemner dette, Gunnars Han spratt upp og steig yver bordet og mælte: »Heim vil eg fara -- det er betre du tennest ved heimemennerne dine og ikkje i annan manns hus. Eg hev mang ei sømd aa løna Njaal. Og ikkje vil eg vera skaketeinen dins Og dei gjekk. «Minnast det, Bergtora,« sa Hallgjerd, «me skal ikkje vera skilde med detta.« Bergtora svara, at det skulde ikkje verta ho som stod seg paa dets Gunnar la seg ikkje frami det. Han fór heim aat Lidarende, og var heime all den vintren. Og det lid framyver sumaren til tingtidi.

Kapittel 36

Gunnar rid til tings. Men fyrr han reid heiman, mælte han til Hallgjerd: »Ver no godkynd og snill, medan eg er burte, og syn ikkje rangsida fram, der det er venerne mine det kjem ved.«--«Troll have venerne dine!« seier ho. Gunnar reid til tings; han saag det gagna ikkje tala aat henne. Nja«l reid til tings, og alle sønerne hans.

No er det aa fortelja um, kva som hende heime. Dei aatte skog i hop i Raudskridom, Gunnar og Njaal. Dei hadde ikkje skift skogen; kvar var van ved aa hogga det han trong, og den eine tala ikkje den andre til for det. Husbondskaren hennar Hallgjerd heitte Kol. Han hadde vore hjaa henne lenge, og var det verste illmenne.

Ein mann heitte Svart. Han var hus-kar hjaa Njaal og Bergtora, og dei likte honom vel. Bergtora sa til honom, at han skulde burti Raudskridorne og hogga ved; «eg skal faa kararne til aa draga veden heim.« Han sa han skulde gjera som ho baud, og fór upp i Raudskridorne og tok til aa hogga. Han skulde vera der ei vika. Der kom nokre fatigmenner til Lidarende austan fraa Markarfljot. Dei fortalde, at Svart var i Raudskridom paa hogging og hadde aaverka svært i skogen. «Bergtora etlar seg nok til aa ræna fraa meg mykje,« seier Hallgjerd; «men eg skal raa for, at han høgg ikkje oftare.« Rannveig høyrde det -- mor hans Gunnar -- og sa: «Dei hev tykst vore gode husfrøyor her aust, um dei ikkje hev stade menner etter livet.« Natti leid, men um morgoen tala Hallgjerd til Kol: «Eg hev tenkt ut arbeid aat deg,« og gav honom ei øks. «Far aat Raudskridom; der finn du Svart.« -- «Kva skal eg honom?« seier han. «Spør du etter det,« seier ho, «du som er slikt eit illmenne? Drepa honom skal du.« -- «Eg kan nok gjera det,« seier han, «men det er all von til det kjem til aa kosta livet mit.« --«Øgjest du for det?« seier ho; «daa løner du ille, so trutt som eg hev stade paa di sida i alle ting. Eg skal [faa ein annan mann til det, um du ikkje vaagar.« Han fatar øksi i fullt sinne, og tek ein hest som Gunnar aatte og rid til des han kjem aust til Markarfljot. Der steig han av og bidde i skogen, til des dei hadde bore veden ned, og Svart var att aaleine. Daa spring Kol framaat honom og mælte: «Det er fleire som kan hogga stort en du aaleine,« og sette øksi i hovudet paa honom og gav honom banehogg; rid han so heim og seier Hallgjerd draapet.« -- «Til lukka med verket,« seier ho, »og eg skal taka vare paa deg, so ikkje du fer ille.« -- «Kan vera det,« seier han, «men anna drøymde eg fyrr for draapet var gjort.« Kararne kom upp i skogen og fann Svart drepen; dei førde honom heim.

Hallgjerd sende ein mann til tings til aa segja Gunnar draapet. Gunnar tala ikkje hardt um Hallgjerd ved sendemannen -- og folk visste ikkje, um han likte det vel elder ille. Men lite etter stod han upp og bad mennerne sine ganga med seg, og dei gjekk til budi hans Njaal. Gunnar sende ein inn etter Njaal og bad honom koma ut. Njaal gjekk ut straks, og han og Gunnar gjekk til samtals. Gunnar mælte: »Det er eit draap eg hev aa segja deg. Hallgjerd, kona mi, hev valda det; Kol, gardsstyraren min, gjorde det; men det er Svart, tenestkaren din, som hev vorte fyre. « Njaal tagde, medan Gunnar fortalde. Daa sa Njaal: »Det trengst du held atti, so ho ikkje slepp fram med alt.« Gunnar mælte: «Sjølv skal du døma.« Njaal mælte: »Det vert leitande paa aa bøta alle jslysnorne hennar, Hallgjerd, og det vert nok ein større slode aa draga andre stader en her, som me hev det os imiliom. Men her og vantar det mykje paa at det er [vel, og me treng aa minnast gamal venskap. Eg vonast du maa koma vel ifraa det; men du kjem til aa verta hardt røynd.« Njaal tok sjølvdom av Gunnar og mælte: «Eg vil ikkje ganga hardt paa i denne saki; du skal leggja tolv aurar sylv. Men det vil eg tinga paa, at du ikkje set boti høgre, um noko kjem paa fraa vaar gard og du dømer.« Gunnar sa, at det var som det skulde. Gunnar la ut boti og reid heim. Njaal kom fraa tinget, og sønerne hans. Bergtora saag pengarne og mælte: «Detta er vel avmaata; men det skal verta det sama for Kol, nåar ei tid er lidi.« Gunnar kom heim fraa tinget og tala Hallgjerd til for det. Ho sa, at betre menner laag ubøtte mange stader. Gunnar svara, at ho fekk raa for tiltaki sine; «men eg skal raa for, korleis maali endar.« Hallgjerd gilda seg støtt av draapet paa Svart, men Bergtora harma seg.

Njaal og sønerne hans fór til Torolvsfell for aa stella til med garden der. Men sama dagen bar det so til, ein gong Bergtora er ute, at ho fær sjaa ein mann kjem ridande til gards paa ein svart hest. Ho gav seg til aa bia, og gjekk ikkje inn. Ho kjende ikkje mannen. Han hadde spjot i handi og sakssverd i beltet. Ho spurde, kva han heitte. «Atle heiter eg,« sa han. Ho spurde, kvar han var fraa. »Eg er fraa aust-fjordom,« seier han. «Kvart skal du av?« seier ho. »Eg er ein heimlaus mann,« seier han, «men eg hadde etla meg til aa finna Njaal og Skarphedin, og spyrja um dei vilde taka imot meg.« -- «Kvaer det du er hendtast til aagjera?« seier ho. «Eg er aakrebrjotar, og elles er eg hendt til noko av kvart,« seier han; «men eg skal ikkje dylja, at eg er hardlynd, og det hev hendt ofte, der eg vanka, at det hev vorte såar aa binda.« -- «Ikkje skal eg lasta deg for det,« seier ho, «at du ikkje er skvetten.« Atle mælte: «Er det so du råar noko her?« -- «Eg er kona hans Njaal,« seier ho, «og eg teiger folk likso vel som han.« -- «Vil du leiga meg?« seier han. «Eg skal gjera det, um du gjeng inn paa aa gjera alt eg legg fyre deg, um eg so vil gjera deg i vegen til aa taka liv.« -- »Du hev so nøgdi av menner til slikt,« seier han, «du treng ikkje meg til det a -- «Det gjer eg av, som eg vil,« seier ho. »Me fær semjast um det daa,« seier han. So feste ho honom. Njaal kom heim, og sønerne hans. Njaal spurde, kven den mannen var. «Han er tenestkaren din,« seier ho, «eg leigde honom; for han let som han ikkje er lat.« «Storverk kjem han visst til aa gjera,« seier Njaal; «men eg veit ikkje, um det vert godverk.« Skarphedin tykte godt um Atle.

Njaal rid til tings, og sønerne hans. Gunnar var paa tinget. Njaal fann fram pengepungen, fyrr han reid heiman. Skarphedin spør, |kva det er for pengar. «Det er dei pengarne,« seier Njaal, »som Gunnar gav for karen vaar fyrre sumaren.« -- «Dei kan verta gode aa taka til,« sa Skarphedin og kaldflein.

Kapittel 37

No er det aa fortelja fraa heime, at Atle spurde Bergtora, kva han skulde gjera um dagen. »Eg hev tenkt ut arbeid aat deg,« seier ho. «Du skal fara i vegen og leita etter Kol, til des du finn honom; for du skal drepa honom no i dag, um du vil gjera meg til viljes.« -- «Det kan høva i hop,« seier Atle; »me er illmenne baae. Men eg skal vel faa det til det med os, at ein av os skal døy.« -- «Det gjer du rett i,« seier ho, »og du skal ikkje hava gjort det for inkje.« I Han gjekk og tok vaapni sine og hest, og reid burt. Han reid upp i Fljotslidi, og møtte der nokre menner som kom fraa Lidarende. Dei aatte heime aust i Mork. Dei spurde Atle, kvart han etla seg av. Han sa, at han leita etter ein øyk. Dei sa det var lite erend aat ein slik yrkesmann; «men daa er det best aa spyrja seg fyre med dei som hev vore uppe heile natti.« -- «Kven er det?« seier han. «Viga-Koi, husfaren hennar Hallgjerd,« sa dei; «han fór fraa selet nett no, og hev vore uppe heile natti.« -- «Ikkje veit eg um eg torer spyrja honom, « seier Atle; »han er vondlynd, og det er vel best aa varast av annan manns skade.« -- «Du er slik under brunom aa sjaa, som du ikkje skulde vera rædd,« sa dei, og sette honom paa vegen til Kol.

Han jagar paa hesten og rid fort. Og daa han møter Kol, mæler Atle til honom: »Sit det godt, aabendet?« »Det skil ikkje deg, mannfyla,« seier Kol, »elder nokon fraa dykk.« Atle mælte: «Det tyngste hev du endaa att, og det er aa døy.« Og so støytte han til honom med spjotet og sette det midt igjenom honom. Kol sveivde til honom med øksi, men hogg i. mist. Han stupte av hesten og var daud straks. Atle reid, til han raakte arbeidskararne hennar Hallgjerd, og mælte: «Far upp og sjaa til hesten hans Kol; Kol er dotten av og er daud.« -- «Hev du drepe honom?« sa dei. Han svarar: «Hallgjerd kjem vel til aa finna, at han ikkje er sjølvdaaen.« Sidan reid Atle heim og seier Bergtora draapet. Ho takkar honom for verket og for ordi han hadde sagt. «Ikkje veit eg,« seier Atle, «kva Njaal vil tykkja.« -- «Han seier ikkje noko um det,« seier ho, «og eg skal segja deg mark paa det: Han tok med seg paa tinget den trælaboti som me tok imot fyrre sumaren, og den vert no lagd ut for Kol. Men um det og kjem til semja, so skal du vera var um deg; for Hallgjerd held ikkje nokor semja.« -- »Vil du senda noko bod,a seier Atle, «og segja honom draapet?« -- «Ikkje vil eg det,« seier ho; »eg tykkjer det var rettast, at Kol var ubøtt.« Dei sa ikkje meir. Draapet vart sagt Hallgjerd, og ordi hans Atle. Ho sa, at det skulde verta lønt honom. Ho sende ein mann til tings til aa segja Gunnar draapet. Han svara ikkje stort paa det, og sende ein mann til aa segja Njaal det. Han svara ingen ting. Skarphedin mælte: «Det er svært til framferd det hev vorte i trælarne no imot fyrr; daa flaug dei paa einannan -- og det tykte ingen aat -- men no .vil dei gjera manndraap,« sa han og kaldfleir». Njaal tok ned pungen, som hekk i budi, og gjekk ut. Sønerne hans gjekk med honom. Dei gjekk aat budi

hans Gunnar. Skarphedin sa til ein mann som stod i budardøri: «Seg til Gunnar, at far min vil tala ved honom.« Han so gjorde. Gunnar gjekk ut straks og fagna vel Njaal og sønerne hans. Sidan talast dei ved. »Det er vondt vorte no,« seier Njaal, »at husfrøya mi skal hava brote freden og fenge drepe hus-karen din.« -- «Ikkje skal ho hava aamæle for det,« seier Gunnar. Døm no du i maalet,« seier Njaal. «Det skal eg gjera,« seier Gunnar, «og læt eg daa mennerne vera jamndyre, Svart og Kol; du skal leggja tolv aurar sylv.« Njaal tok pungen og flidde Gunnar, og han kjende pengarne, at det var dei same som han hadde lagt ut aat Njaal. Njaal fór aat budi si, og venskapen var den same som fyrr millom dei. Daa han kom heim, tala han Bergtora til for det; men ho sa, at ho aldri skulde vægja for Hallgjerd. Hallgjerd lasta hardt paa Gunnar for det han hadde gjort semja. Men Gunnar sa, at han aldri vilde snu seg fraa Njaal og sønerne hans. Ho hekste og frøste. Gunnar gav ikkje gaum aat di. -- Dei gjætte vel etter, so ikkje det vart noko aat, det aaret.

Kapittel 38

Um vaaren tala Njaal til Atle: «Eg hadde vilja du skulde fara aust i fjordarne, so ikkje Hallgjerd vart raadande for aldren din.« -- «Ikkje ræddest eg for det,« seier Atle; «eg vil vera her, um eg fær vera.« -- «Det er likevel uraadelegt,« seier Njaal. «Betre tykkjest det meg aa missa livet i huset dit,« seier Atle, «en aa skifta husbondsfolk. Men det vil eg beda deg um: Vert eg drepen, so lat det ikkje verta trælabot for meg.« -- »Daa skal det verta bøtt for deg som for ein fri mann,« seier Njaal; »men Bergtora lovar nok det, som ho evler aa halda, at du vert hemnd.« Atle vart daa verande i tenesti.

No er det aa segja fraa Hallgjerd, at ho let senda ein mann vest i Bjarnarfjorden etter Brynjolv Rosta, frenden sin. Han var son hans Svan, løyndgjeten. Han var det verste illmenne. Gunnar visste ikkje um det. Hallgjerd sa han var høveleg til arbeidsstyrar. Brynjolv kom, og Gunnar spurde, kva han skulde. Han svara, at han skulde vera der. «Ikkje kjem du til aa gjera det betre i huset,« seier Gunnar, «etter det eg hev høyrt um deg; men ikkje vil eg visa burt frendarne hennar Hallgjerd, som ho vil hava hjaa seg.« Gunnar gav seg lite av med honom, men synte honom ikkje uvilje helder. Lid det so fram til tings. Gunnar rid dit, og Kolskjegg med honom. Og daa dei kom aat tinget, raakast Gunnar og Njaal og sønerne hans. Dei var mykje saman, og alt var vel. Bergtora mælte til Atle: »Du fær fara upp i Torolvsfell og arbeida der ei vika.« Han fór uppi, og var der og brende kol i skogen. Hallgjerd sa til Brynjolv: «Det er meg sagt, at Atle er ikkje heime; han er nok paa Torolvsfell og arbeider.« -- «Kva trur du helst han driv paa?« seier han. «Eitkvart i skogen,« seier ho. «Kva skal eg honom?« sa han. «Drepa honom skal du,« seier ho. Han tykte ikkje um det. «Tjostolv hadde nok ikkje kvidt seg mykje for det aa drepa Atle, um han hadde vore i live,« seier ho. «Ikkje skal du hava lenge bo aa eggja no helder,« seier han. Han tok vaapni sine og hest, og reid til Torolvsfell. Han saag stinn kol-røyk austanfor garden. Han rid dit; stig av og bind hesten, og gjeng der som røyken ligg tjukkast. Ser han daa, kvar kolmila er, og at det er ein mann der. Han saag, at han hadde eit spjot i vollen frammed seg. Brynjolv gjeng etter røyken kav burtaat honom.

Men mannen stod so i med arbeidet, at han ikkje saag Brynjolv. Brynjolv hogg øksi i hovudet paa honom, men Atle spratt i so kvast, at han sleppte øksi. Daa fata Atle spjotet og skaut etter honom. Brynjolv kasta seg aat marki, og spjotet flaug yver honom. «Det var godt for deg, at ikkje eg var fyrebudd,« seier Atle. Detta tykkjer Hallgjerd vel um; for du hev dauden min aa fortelja um. Men det gled meg. at det vert stutt stund, fyrr du fer sama vegen. Men tak no att øksi di, som er her.« Brynjolv svara ikkje, og tok ikkje øksi att, fyrr Atle var daud. Reid han so aat Torolvsfell og sa fraa um draapet. Sidan reid han til Lidarende og sa Hallgjerd det. Ho sende ein til Berg-torskvaal og let segja Bergtora, at no var det lønt draapet paa Kol. Sidan sende ho ein mann til tings til aa segja Gunnar draapet paa Atle. Gunnar stod upp og Kolskjegg med. Kolskjegg mælte: «Dei vert til ugagn for deg, frendarne hennar Hallgjerd.« Dei gjekk for aa finna Njaal. Gunnar mælte: «Draap paa Atle hev eg aa segja deg.« Og han fortel honom, kven som gjorde det, «og eg vil bjoda deg bot; og eg vil, at du seier fraa.« Njaal mælte: «Det hev me etla os til, ikkje aa brjota venskapen; men eg kan likevel ikkje setja Atle likt med ein træl.« Gunnar sa, han tykte det var rimelegt, og rette fram handi. Njaal nemnde seg vitne, og dei sameintest. Skarphedin mælte: «Hallgjerd læt ikkje kararne vaare døy av alderdom.« Gunnar mælte: «Men mor di steller det so, at hoggi fell i ymse gardar.« -- «Det er vissa nok av det,« seier-Njaal. Sidan sette Njaal boti til eit hundrad i sylv, og Gunnar la ut alt straks. Mange som stod der sa, at det var høgt sett. Gunnar vart harm og sa, at mang ein var bøtt med full bot som ikkje var sprækare mann en Atle. Etter dette reid folk heim fraa tinget. Bergtora tala ved Njaal, daa ho saag sylvet: «No tykkjest du, at du hev halde din lovnad, men min stend att.« «-- «Det trengst ikkje du held den,« seier Njaal. «Du hev gote paa anna,« seier ho, «og so skal det vera.« -- Men Hallgjerd sa til Gunnar: «Hev du lagt ut hundrad i sylv for Atle, og gjort honom til fri mann?« -- «Fri var han fyrr,« seier Gunnar, «og eg skal ikkje gjera til ubots-menner tenestkararne hans Njaal.« -- «De er jamgode, du og Njaal; blautingar baae tvo,« sa ho. «Det fær røynast,« seier han. Daa var Gunnar kort mot henne lenge, til des ho mjukna og tydde seg aat honom att. No er det stilt det aaret. Um vaaren leigde ikkje Njaal att nokon tenestkar. No rid folk til tings um sumaren.

Kapittel 39

Ein mann heitte Tord; dei kalla honom Lausingeson. Far hans heitte Sigtrygg; han var lausingen hennar Aasgjerd og bleiv i Markarfljot. Og for di var Tord hjaa Njaal sidan. Han var ein stor og sterk mann. Han hadde fostra alle sønerne hans Njaal. Tord hadde lagt hug aat frenka hans Njaal; ho heitte Gudfinna Torolvsdotter. Ho var raadsgjenta der heime, og var med barn denne gongen. Bergtora gav seg i tale med Tord og sa: «Du skal fara i vegen,« seier ho, «og drepa Brynjolv Rosta, frenden hennar Hallgjerd.« -- «Ikkje er eg nokon draapsmann,« seier han, «men eg skal vaaga paa det, um du vil.« -- «Det vil eg,« seier ho. Sidan tok han ein hest, reid upp til Lidarende, let kalla Hallgjerd ut, og spurde kvar Brynjolv var. «Kva vil du honom?« seier ho. Han mælte: «Eg vil han skal segja meg, kvar han hev gøymt liket hans Atle; det er sagt meg, at han hev stel det ille. « Ho synte honom det og sa, at han var nede paa aakretunga. «Sjaa til,« seier Tord, »at det ikkje gjeng honom som Atle.« -- «Ikkje er du nokon mannadrepar,« seier hot. »og lite hev det paa seg, kvar de møtest« -- »Aldri hev eg set mannablod, og ikkje veit eg, korleis haatta eg kan verta ved det,« seier Tord, og rende ut or tunet og nedetter aat aakretunga. Rannveig, mor hans Gunnar, hadde høyrt dei talast ved, og mælte: «Du var strid til aa neisa honom for blautskap, men eg tenkjer han er ein mann som er sætande, og det kan frenden din faa sanna.« Dei møttest paa bygdavegen, Brynjolv og Tord. Tord mælte: «Vér deg, Brynjolv; for eg vil ikkje snikja meg innpaa deg.« Brynjolv reid fram og hogg til Tord, men han hogg imot med øksi, og hogg sund spjotskaftet framanfor henderne hans Brynjolv, og gjorde so eit hogg til straks, og det kom i bringa framantil og gjekk inn i livet paa honom. Brynjolv stupte av hesten og var daud straks. Tord fann sau-gjætaren hennar Hallgjerd; han lyste draapet paa si hand, sa honom kvar Brynjolv laag, og bad honom segja Hallgjerd draapet. Sidan reid han til Bergtorskvaal og fortalde Bergtora og andre um draapet. »Lukka med verket,« seier ho. Saumannen sa Hallgjerd draapet. Ho vart beisk ved, og sa at det skulde draga mykje illt etter seg, um ho fekk raa.

Kapittel 40

No kjem tidendi til tings, og Njaal let dei segja seg det tri gonger, og daa sa han: «Fleire vert draaps-menner no en eg hev tenkt.« Daa mælte Skarphedin: «Den mannen maa ha vore braafeig, som hev late livet for fosterfar vaar, han som aldri hev mannablod: set.« Njaal mælte: »Dei som kjenner skaplyndet aat kvar dykk, hadde visst tenkt seg, at de skulde vorte hans fyremenner til slikt. Helder ikkje er vel dykkar tid langt unda, og sume vil daa segja, at for dykk var det ikkje anna aa gjera.« Dei gjekk til møtes med Gunnar og sa honom draapet. Gunnar sa, at det var liten mannskade, »men han var likevel ein fri mann.« Njaal baud honom straks semja. Gunnar tok ved det, og skulde døma sjølv. Han gjorde det straks, og gjorde det upp til eit hundrad i sylv. Njaal la det ut straks, og soleis var dei forlikte.

Kapittel 41

Ein mann heitte Sigmund. Han var son aat Lambe, son hans Sighvat hin raude. Han var stor farmann, ein ven og høvisk mann, stor og sterk. Han var mykje etter mætnad og æra, ein god skald og vel upplagd til dei fleste itrottar, men stor paa det, spottsam og lei vera i lag med. Han kom i land aust i Hornafjorden. Skjold heitte felagen hans. Det var ein svensk mann og ill aa eigast med. Dei fekk seg hestar og reid vestetter fraa Hornafjorden, og stadna ikkje fyrr dei kom i Fljotslidi til Lidarende. Gunnar tok vel imot dei. Det var no og mykje skyldskap millom honom og Sigmund. Gunnar bad Sigmund vera der um vintren. Sigmund sa, at han vilde taka imot det, dersom Skjold, felagen hans, fekk vera der. »So er sagt meg um honom,« seier Gunnar, »-at han ikkje bøter paa huglaget dit; men det er det du best treng. Det er ikkje beint aa bu her helder; det vil eg no raada frendarne mine, at dei ikkje løyp i vegen, straks Hallgjerd eggjar til det; for ho tek seg mangt til som ikkje er etter mit sinn.« -- »Den valdar ikkje vondt som varar seg,« seier Sigmund. »Daa gjeld det aa agta vel paa raadet,« seier Gunnar. «Du kjem til aa verta hardt freista; men hald deg attaat meg og lyd mine raad.« Sidan var dei i fylgje med Gunnar. Hallgjerd gjorde mykje av Sigmund, og det kom til slik fysna med det, at ho stakk gaavor til honom, og gjorde ikkje mindre for honom en for mannen sin, so det tok til aa gaa ord um dette millom folk, og mange undrast paa, kva som kunde liggja under. Hallgjerd mælte til Gunnar: »Eg hev ikkje godt for aa finna hugnad i dette hundradet du tok for Brynjolv, frenden min; so sant eg kan, so skal eg faa hemnt honom like godt for det,« seier ho. Gunnar sa, at han vilde ikkje skifta ord med henne, og gjekk fraa henne. Han fann Kolskjegg og sa til honom: »Far aat Njaal og seg, at Tord skal vera var um seg, alt det er gjort forlik; for eg trur ikkje det er aa lita paa.« Han reid i vegen og sa det til Njaal, og Njaal sa det til Tord. Njaal takka dei for truskapen deira, og Kolskjegg reid heim.

Det var ein gong dei sat ute, Njaal og Tord. Det var ein bukk som var van ved aa ganga i garden, og det skulde ingen jaga honom burt. Tord mælte: »Un-dårleg berst det meg fyre no!« -- »Kva ser du, som tykkjest deg so undarlegt?« seier Njaal. »Eg tykkjer eg ser bukken liggja i dældi her, som han skulde fljota i blod.« --«Njaal sa, at det var korkje bukk elder noko anna der. «Kva er det daa?« seier Tord. «Du maa vera feig,« seier Njaal; »det er fylgja di du hev set; ver no var um deg.« -- »Ikkje hjelper det meg,« seier Tord, «nåar eg er lagje til det«

Hallgjerd kom til tals med Traain Sigfusson og mælte: »Daa skulde eg tykkja du var maag, um du drap Tord Lausingeson.« -- «Ikkje vil eg det gjera,« seier han, «for di at daa fekk eg vreiden hans Gunnar, frenden min. Og det hadde mykje med seg; for det draapet vilde braatt verta hemnt.« -- «Kven vilde hemna?« seier ho. «Dénna skjegglause kallen kanskje?« -- »Ikkje det,« seier han, »men sønerne hans vil hemna det?« Sidan talast dei ved lenge i still, og ingen visste, kva dei hadde i raadgjerdom. Det var ein dag at Gunnar var burte, men Sigmund og Skjold var heime. Traain fraa Grjotaa var komen der. Daa sat dei og Hallgjerd ute og tala. Daa mælte Hallgjerd: «Det hev de lova meg, Sigmund og Skjold, frendar, at de vil drepa Tord Lausingeson, fosterfar aat Njaalssønerne; men du Traain hev lova meg.aa vera med.« Dei stod ved det alle, at det hadde dei lova henne. «No vil eg gjeva mit raad,« sa ho. i De tvo skal rida aust i Hornafjord etter godset dykkar, og koma heim etter at tinget er sett. Er de heime, so vil Gunnar at de skal rida med honom til tings. Njaal og sønerne hans fer til tings, og Gunnar, og daa skal de drepa Tord.« Dei sa dei vilde fylgja dette raadet. Sidan gjorde dei seg reiseferduge aust aat fjordom. Gunnar tok ingen grun paa det og reid til tings. Njaal sende Tord Lausingeson aust under Øyafjell, og bad honom vera burte ei natt. Han fór austetter, men kunde ikkje koma attende; aai hadde floge upp, so det var ei lang lei det ikkje var komande yver. Njaal bidde paa honom ei natt; for han hadde etla seg til, at Tord skulde rida med til tings. Njaal sa til Bergtora, at ho skulde senda Tord etter dit, straks han kom heim. Tvo næter etter kom Tord att austantil. Bergtora sa, at han skulde rida til tings; «men no skal du fyrst fara upp til Torolvsfell og sjaa til med buet der, men ikkje vera burte meir en ei natt elder tvo.«

Kapittel 42

Sigmund og Skjold kom att austantil. Hallgjerd sa dei, at Tord var heime, men at han skulde rida til tings, nåar det leid um eit par dagar. «No kan de koma yver honom, men glett det no, so nåar de honom aldri.« Det kom nokre menner til Lidarende fraa Torolvsfell og sa Hallgjerd at Tord var der. Hallgjerd gjekk aat Traain og Sigmund og mælte: «No er Tord i Torolvsfell, so no hev de raad med aa drepa honom, nåar han fer heim.« -- »Det skal me no gjera,« seier Sigmund. Gjekk dei so ut, tok vaapni sine og hestarne og reid til vegs for honom. Sigmund mælte til Traain: «No skal ikkje du gjera noko; det trengst ikkje vera alle.« -- «So skal eg gjera,« seier han. Litt etter kjem Tord ridande. Sigmund mælte til honom: «Gjev upp vaapni dine, for no skal du døy.« -- »Det er ikkje visst,« seier Tord; gakk til einvig med meg.« -- «Det vert ikkje noko av,« seier Sigmund; »me skal gjera os gagn av det, at me er fleire. Men det er ikkje undarlegt, um Skarphedin er mykje til kar; for det er sagt, at fjorde luten sveiper paa fosterfaren.« -- «Det vert de var,« seier Tord; «for Skarphedin hemner meg nok.« Sidan gjekk dei paa honom, men han braut av spjotskafti for baae tvo; so vel varde han seg. Daa hogg Skjold av honom eine handi, men han varde seg ei stund med den andre, til Sigmund stakk igjenom honom. Daa fell han daud aat jordi. Dei la honom ned med torv og stein. Traain mælte: «Det er eit vondt verk me no hev fullført, og Njaalssønerne skal ikkje una vel, nåar dei spør draapet.« Dei rid daa heim og fortel Hallgjerd det. Ho let vel for draapet. Rannveig mælte, mor hans Gunnar: «Det er sagt, Sigmund, at stutt stund fegnast hand av hogg; og so vert det gangande her med, endaa um Gunnar løyser deg ut or dette maalet. Men læt du Hallgjerd gjera deg til fluge-gap ein gong til, so vert det banen din.« Hallgjerd sende ein mann til Bergtorskvaal til aa segja fraa um draapet. Ein annan sende ho til tings til aa segja Gunnar det. Bergtora sa, at ho vilde ikkje taka paa Hallgjerd med vondord for slikt -- det var ingen hemn i so stort eit maalemne.

Kapittel 43

Men daa sendemannen kom til tings og sa Gunnar draapet, mælte Gunnar: «Detta er ille vorte, og aldri kom det meg tidend for øyro som tyktest meg verre. Men kor som er vil me skunda os aa finna Njaal; eg ventar, at han enno er god aa koma til rettes med, um det so leitar hardt paa honom.« Dei gjekk for aa finna Njaal, og fekk bedt honom til samtals med seg. Han kom straks. Dei talast ved -- fyrst var ingen annan til stadar en Kolskjegg. «Det er ei hard tidend eg hev aa segja deg,« seier Gunnar, «Tord Lausingeson er drepen. Eg vil bjoda deg sjølvdom for draapet. Njaal tagde ei rid, og mælte daa: «Vel er det bode,« seier han, »og eg tek imot det; men det er nok von eg fær aamæle for det av kona mi og sønom mine; for dei kjem til aa mislika det mykje. Men likevel vil eg vaaga paa det; for eg veit, at eg hev med ein grei mann aa gjera, og ikkje vil eg, at venskapen vaar skal skiplast fraa mi sida.« -- «Vil du lata sønerne dine vera med?« seier Gunnar. «Ikkje,« seier Njaal; «for dei bryt ikkje den semja som eg gjer; men er dei til stadar, so tel dei ikkje til.« -- «Kan vel vera det,« seier Gunnar; «gjer det av aaleine.« Dei tok einannan i henderne og samdest fort og vel. Daa mælte Njaal: «Tvo hundrad i sylv set eg det til -- du tykkjest vel det er mykje?« «Ikkje tykkjer eg det er for mykje,« seier Gunnar, og gjekk heim aat budi si. Sønerne hans Njaal kom heim aat budi, og Skarphedin spør, kvar alt det gode sylvet var kome fraa, som far hans hadde i handom. Njaal mælte: «Eg seier dykk draapet paa Tord Lausingeson, fosterfar dykkar; me er samde i saki, eg og Gunnar; han bøtte med tvigild mannabot.« -- «Kven hev drepe honom?« seier Skarphedin. «Sigmund og Skjold; men Traain var og nære stadd,« seier Njaal. «Dei tyktest trenga til aa vera mannsterke daa,« seier Skarphedin; -men kor lenge skal det gaa, fyrr me skal lyfta henderne?« «Det vert ikkje lenge,« seier Njaal, »og daa skal de ikkje verta hefte -- men det er meg mykje um aa gjera, at de ikkje bryt denne semja.« -- «Daa skal me halda den,« seier Skarphedin; «men kjem det noko meirattaat, so skal me minnast den gamle fiendskapen.« -- «Daa skal eg ikkje bægja fraa,« sa Njaal.

Kapittel 44

Folk rid heim fraa tinget. Og daa Gunnar kom heim, mælte han til Sigmund: «Du er eit større vaae-menne en eg tenkte, og til vondt brukar du manndomen din. Denne gongen hev eg gjort semja for deg med Njaal og sønom hans; men no skal du ikkje vera gap ein gong til. Du er av eit anna huglag en eg; du fer med spott og haan, og det er ikkje mit lag. Difor er du so til lags aat Hallgjerd, for di de er meir samlynde. « Gunnar hadde honom for seg ei lang rid. Sigmund tok det vel upp, og sa han vilde retta seg meir etter hans raad heretter en han til den tid hadde gjort. Gunnar sa, at det stod han seg paa. Soleis gjekk det ei tid. Dei var støtt godlynde med einannan, Gunnar og Njaal og sønerne hans, endaa det var faatt millom dei andre av folket.

Det bar so til, at det kom nokre lauparkjeringar til Lidarende fraa Bergtorskvaal. Dei var maaluge og leie til aa fara med fantord. Hallgjerd sat i kvendebudi, som ho jamleg gjorde. Torgjerd, dotter hennar, var der, og Traain og Sigmund og mange kvinnor. Korkje Gunnar elder Kolskjegg var der. Desse lauparkjeringarne gjekk inn i budi. Hallgjerd helsa paa dei og let gjeva dei rom. Ho spurde etter nytt. Men dei. sa dei visste ikkje noko. Hallgjerd spurde, kvar dei hadde vore um natti. Dei sa dei hadde vore paa Bergtorskvaal. «Kva hadde Njaal fyre seg?« seier Hallgjerd. »Han strita med aa sitja,« sa dei. «Kva gjorde sønerne hans Njaal?« sa Hallgjerd; «dei tykkjest no vera mykje til karar.« -- «Dei er ruvne paa res,« sa dei; «men dei hev so lite freista. Skarphedin kvatte øksi, Grim skjefte eit spjot, Helge klinka hjalt paa eit sverd. Hoskuld feste handfanget paa eit skjold. -- «Til eitkvart stor-raad etla dei seg daa,« seier Hallgjerd. «Ikkje veit me noko um det,« seier dei. «Kva gjorde tenestkararne hans Njaal?« seier Hallgjerd. Dei svara: «Me veit ikkje, kva sume gjorde; men ein køyrde møk upp paa haugarne?« -- »Kva skulde det vera godt for?« seier Hallgjerd. «Han sa det skulde verta meire paa der en andre stader,« svara dei. «Det var ikkje vitugt av Njaal,« seier Hallgjerd, «han som veit so raad for alt.«-- «Kvi daa?« seier dei. «Jau det meiner eg rett,« seier Hallgjerd, «nåar han ikkje helder køyrer møk i skjegget sit, so han fær skjegg, han som andre menner -- lat os kalla honom den skjegg-lause kallen, og sønerne hans tadskjeggingarne, og gjer ei visa um det, du Sigmund, so me kan faa njota noko godt av at du er skald.« -- «Det skal eg ikkje vera lenge um,« seier han, og so kvad han ei visa paa tri vers um Njaal og sønerne hans, med «tadskjeggingar« og andre slengjeord i kvart vers. «Du er ein gull-gut, er du,« sa Hallgjerd, «so hæv du er til aa gjera meg til lags.« Gunnar kom med det sama. Han hadde stade utfor budi og hoyrt paa heile røa. Det gav eit sett i dei, daa dei saag han kom inn, og dei tagna alle; fyrr hadde der vore iaatt og høgmæle. Gunnar var stygt vond og sa til Sigmund: »Du er ein faame og ein uraads-mann. Du neiser Njaalssønerne, og Njaal sjølv, som er den ein sist skulde gjera slikt med. Etter det som du hev gjort mot dei fyrr, so kan du no venta banen din av dette. Men um nokon hermer desse ordi, daa skal han her ifraa, og dertil hava min vreide. Og slik ein otte hadde dei av honom, at ingen torde hava uppatt , desse ordi. Sidan gjekk han ut att. Rekarkjeringarne tala paa seg imillom, at dei visst fekk løn av Bergtora, nåar dei fortalde henne det. Dei tok daa vegen dit ned og fortalde Bergtora det i løynd, uspurt. Bergtora mælte, daa folk sat til bords: »Det er gjeve dykk gaavor, baade faren og sønerne, og laake karar er de, gjev de ikkje noko att.« -- «Kva gaavor er det?« seier Skarphedin. »De, sønerne mine, hev fenge ei gaava i hop alle saman -- de er kalla tadskjeggingar, og mannen min er kalla den skjegglause kallen.« -- »Ikkje hev me kvende-haatt,« seier Skarphedin, »so me vert sinna« for allting.« -- «Gunnar vart daa sinna for dykkar skuld,« seier ho, »endaa han er kjend for aa vera eit godmenne; og tek de dykk ikkje til rettes for dette, so hemner de aldri nokor skam.« -- »Kjeringi, mor vaar, tykkjer det er gaman aa erta os,« seier Skarphedin og kaldflein. Men sveitten spratt i skallen paa honom, og det kom raude flekkjer i kinnerne hans, noko som ikkje var titt aa sjaa. Grim tagde, men beit seg i lippa. Helge synte det ikkje paa. Hoskuld gjekk burtaat døri med Bergtora, men ho kom setjande attende og var kokande harm. Njaal mælte: «Den kjem og fram som fer i mak, husfrøya. Og det er gjerne so, at um noko gjeng ein imot, og ein hemner det, so hev folk ymist aa segja um det og.«

Men um kvelden, daa Njaal var gjengen til sengs, høyrde han det kom ei øks innaat bordveggen, og det song høgt i henne. Det var ei onnor lok-seng der inne, der dei vanleg hadde skjoldarne hangande; men no ser han at dei er burte. Han mælte: «Kven hev teke ned skjoldarne vaare?« -- «Sønerne dine gjekk ut med dei,« seier Bergtora. Njaal kipte skoerne paa seg og gjekk ut og paa andre sida aat huset, og ser dei stemner upp paa helen. Han mælte: «Kvart skal de av?« Skarphedin svara: «Ut aa leita etter sauerne dine?« -- «De brukar ikkje kvast paa dei,« seier Njaal; «det er anna som er erendi.« -- «Laks skal me veida, finn me ikkje sauerne,« seier Skarphedin. «Vel vøre det daa, um veidni ikkje slapp unda,« seier Njaal. Dei fór sin veg; Njaal gjekk inn att og ia seg. Han mælte til Bergtora: «Dei var ute med vaapn alle sønerne dine; du hev nok no eggja dei til noko.« -- «Innarleg skal eg takka dei, ber dei heim daudar-ordi hans Sigmund,« sa Bergtora.

Kapittel 45

No er det aa segja um Njaalssønerne, at dei fór upp i Fljotslidi og var der i lidi um natti, og fer tett framum Lidarende i dagrenningi. Sama morgoen var Sigmund og Skjold tidleg uppe og etla seg til aa sjaa aat stohesten. Dei hadde beisl med seg, og tok kvar sin hest paa tunet og reid burt. Dei leita etter hesten i lidi, og fann honom millom tvo løkjer, og leidde øykjerne ned aat geilarne. Skarphedin saag Sigmund; for han hadde leta-klæde. Han sa: «Ser de raud-alven, karar ?« Dei saag etter, og sa dei saag honom. Daa sa Skarphedin: «Du skal ikkje vera med i dette, Hoskuld; for du er ofte send i erend einsleg og uvarleg. Men eg etlar meg Sigmund; det tykkjer eg er meste karsstykket.

Og de, Grim og Helge, skal gaa paa Skjold. Hoskuld sette seg, men dei andre gjekk til des dei kom nær dei. Skarphedin mælte til Sigmund: «Tak vaapni dineogvér deg; du hev betre bo det no en aa kveda nidvisor um os brørne.« Sigmund tok vaapni sine, men Skarphedin bidde medan. Skjold snudde seg mot Grim og Helge, og dei slost paa hardo. Sigmund hadde hjelm paa hovudet og skjold ved sida, var gyrd med sverd og hadde spjot i handi. Han snur seg mot Skarphedin og støyter til honom med spjotet straks, og det kjem i skjoldet. Skarphedin slo sund spjotskaftet og fører øksi upp andre gongen og høgg til Sigmund. Hogget kom i skjoldet og kløyvde det fraa kanten til nedmed handtaket. Sigmund dreg sverdet med høgre handi og høgg til Skarphedin; det gjekk inn i skjoldet og beit seg fast. Skarphedin snara skjoldet so hardt, at Sigmund slepte sverdet. Skarphedin hogg til Sigmund paa nytt lag med øksi Rimmugygi. Sigmund var i panserklædning. Øksi kom i oksli og kløyvde aksle-bladet. Han nykkjer aat seg øksi, og Sigmund stupte paa baae sine kne, men han spratt upp att straks. »No gjekk du i kne for meg,« seier Skarphedin, «men flat skal du,liggja paa jordi, fyrr me skilst.« -- »Det er ille daa,« seier Sigmund. Skarphedin slo honom yver hjelmen og gav honom banehogget. Grim hogg Skjold i foten, so den gjekk av i rist-leden, men Helge sette sverdet igjenom honom, og han hadde daa bane. Skarphedin saag saugjætaren hennar Hallgjerd. Hadde han daa nettupp hogge hovudet av Sigmund. Han gav gjætaren det i henderne, og sa han skulde føra henne Hallgjerd det, og beda henne sjaa etter, um det var dette hovudet som hadde kvede nidvisor um Njaal og sønerne hans. Saugjætaren kasta hovudet, so snart dei skildest; for han torde ikkje, med dei var der. Brørne gjekk til

des dei raakte folk ved Markarfljot, og sa dei tidend. Skarphedin lyste draapet paa Sigmund paa si hand; Grim og Helge lyste hans Skjold paa seg. Dei fór daa heim og fortalde Njaal tidendi. Njaal mælte: «Lukka med gjort gjerning. Her skal det ikkje verta sjølvdom, slikt som det no stend.«

No er det aa nemna, at sauemannen kjem heim til Lidarende. Han seier Hallgjerd det som hendt var. «Skarphedin la i henderne mine hovudet av Sigmund og baud meg aa gjeva deg det, men eg torde ikkje gjera det,« seier han; «for eg visste ikkje, korleis du kunde lika det.« -- «Det var ille du ikkje gjorde det,« seier ho; «eg skulde gjeve Gunnar det, so hadde han anten lote hemna frenden sin, eldaug havt kvar manns aamæle.« Ho gjekk aat Gunnar og sa: «Eg seier deg, at Sigmund, frenden din, er drepen. Skarphedin hev drepe honom, og han hadde vilja senda meg hovudet.« «Slikt hadde han aa venta,« seier Gunnar; «vonde raad hev vondt fylgje, og du og Skarphedin er like gode til aa eggja kvarandre.« Dermed gjekk Gunnar fraa henne. Han gjorde ingen ting ved saki, korkje søksmaal elder anna. Hallgjerd minte honom ofte paa, at Sigmund laag ubøtt. Gunnar letst ikkje høyra det. Det gjekk tri ting, som folk tenkte han hadde vilja søkt retten sin. Daa hende det, at Gunnar fekk eit vandemaal paa seg, som han ikkje visste korleis han skulde taka upp. Daa reid han aat Njaal. Han tok vel imot honom. Gunnar mælte til Njaal: «Eg er komen for aa faa gagnraad hjaa deg i eit vandemaal.« -- »Det er ikkje meir en du hev rett til,« seier Njaal, og gav honom raad. Gunnar reiste seg og takka for raadet. Njaal tok daa atti honom og sa: «For lenge hev Sigmund, frenden din, vore ubøtt.« «For lenge sidan er han bøtt,« seier Gunnar; «men eg vil daa ikkje staa i vegen for min eigen heidr.« Gunnar

hadde aldri sagt eit vondt ord um Njaalssønerne. Njaal vilde ikkje anna høyra, en at Gunnar skulda gjera maalet av. Han sette det til tvo hundrad i sylv, men let Skjold liggja ubøtt. Utlegget greidde dei seg imillom med det same. Gunnar kunngjorde^semja paa Tingskaale-tinget, daa meste folket var samla, og heldt fram, kor vel baade faren og sønerne hadde tfare fram, og han fortalde um dei vonde ordi som valda dauden hans Sigmund, og ingen skulde herma dei sidan, men falla ubøtt kvar den som det gjorde. Dei mælte det baade Gunnar og Njaal, at det skulde ikkje den ting koma paa dei imillom, som dei ikkje skulde greia sjølve. Og soleis var det sidan; dei var vener støtt.

Kapittel 46

Det var ein mann heitte Gissur Kvite. Han var son hans Teit Kjetilbjørnson fraa Mosfell. Mor hans Gissur heitte Aalov. Ho var dotter aat Bodvar Herse, son hans Vikinge-Kaare. Isleiv bisp var son hans Gissur. Mor hans Teit heitte Helga. Ho var dotter aat Tord Skjeggje, son hans Rapp, son hans Bjørn Buna, son hans Grim Herse fraa Sogn. Gissur Kvite budde paa Mosfell og var ein stor hovding.

Ein mann i soga er nemnd Geir Aasgeirson; dei kalla honom Geir Gode. Mor hans heite Torkatla og var dotter hans Kjetilbjørn paa Mosfell. Geir budde i Lid paa Biskopstunga. Geir og Gissur heldt i hop og fylgdest aat i alle maalemne.

I desse tider budde Mord Valgardson paa Hov paa Rangaavollom. Han var sløg og illgjerdsam. Valgard, far hans, var daa austpaa, men mor hans var daud. Han ovunda svært Gunnar paa Lidarende. Han var rik paa gods, men uvensæl.

Kapittel 47

Ein mann heitte Otkjell. Far hans heitte Skarv Hallkjellson. Hallkjell var brorson hans Kjetilbjørn, og det var han som feiide Grim i Grimsnes paa holmen. Otkjell budde paa Kyrkjebø. Kona hans heitte Torgjerd. Otkjell var rik. Son hans heitte Torgeir. Han var berre ung, men ein emneleg gut. Ein mann heitte Skamkjell. Han budde paa andre Hovs-garden. Han aatte mykje gods. Det var ein illvistug mann og lygjen, rangvis og ill eiga ubytt med. Det var stor venskap med honom og Otkjell. Bror hans Otkjell heitte Hallkjell; det var ein stor og sterk mann. Han heldt til hjaa bror sin. Ein tridje bror hadde dei, som heitte Hallbjørn Kvite. Han hadde med seg ut ein træl som heitte Melkolv. Han var irsk og lite umtykt. Hallbjørn tok tilhald hjaa Otkjell saman med Melkolv træl. Trælen ordast ofte ut um, kor sæl han skulde vore, um Otkjell hadde aatt honom. Otkjell tykte godt um honom, og gav honom kniv og belte og full klædnad, og trælen gjorde alt Otkjell vilde. Otkjell fala paa honom ved bror sin. Han sa, han kunde faa honom til gjevandes, men la attaat, at det var ikkje so god eignaluten som han meinte. Og straks Otkjell aatte honom, gjorde trælen alt arbeidet laakare. Otkjell nemnde det ofte aat Hallbjørn, at han tykte trælen gjorde so lite, og det med, at det var sumt verre ved honom.

I desse tider var det slikt eit hardaar, at det vart smaatt for folk baade med høy og mat i alle bygder. Gunnar hjelpte mange baade med mat og høy. Alle fekk, som til honom kom, so langt det rakk til. Men paa slutten vart han og lens baade for høy og mat. Han fekk Kolskjegg med seg ut i bygdi, og like eins Sigfussønerne og Lambe Sigurdson. Dei fór til Kyrkjebø og fekk Otkjell til aa koma ut. Han helsa dei. Gunnar mælte: »Det er soleis vorte, at eg er komen for aa fala paa høy og mat hjaa deg, um det er aa faa.« Otkjell svarar: «Baae slagi hev eg, men eg vil ikkje selja deg noko av det.« -- »Vil du gjeva meg daa, « seier Gunnar »og vaaga paa, korleis eg vil løna deg?« -- «Ikkje vil eg det, «seier Otkjell. Skamkjell la illt frami. Traain Sigfusson mælte: «Dei er verd at me tok høy og mat og la verddage i staden.« -- «Aaldaude laut Mosfellin-garne vera daa,« seier Skamkjell, «um de Sigfussønerne skulde ræna dei.« -- «Med ran vil eg ikkje fara,« seier Gunnar. «Vil du kjøpa ein træl av meg?« seier Otkjell. «Det sparar eg ikkje,« seier Gunnar. Han kjøpte trælen, og reiste, daa det var gjort.

Dette spør Njaal og mælte: «Ule er slikt gjort, aa neita Gunnar aa faa kjøpt. Det er ikkje god von for andre daa, nåar ein slik ikkje fær.« Bergtora, husfrøya, mælte: «Kofor skal du tala so mykje um detta? Daa var det meir manndomsamt av deg aa gjeva honom baade mat og høy. Det tryt ikkje deg paa noko av det.« Njaal mælte: «Detta er dagsens sanning, og eg skal visst hjelpa honom med noko.« Og han og sønerne hans fór upp i Torolvsfell og klyvja femtan hestar med høy og fem med mat. Njaal kom til Lidarende og kalla Gunnar ut. Han tok vel imot dei. Njaal mælte: «Her er høy og mat, som eg vil gjeva deg, og so vil eg, at du aldri skal høyra aat hjaa nokon annan en meg, nåar det er noko du treng.« -- «Gode er gaavorne dine,« seier Gunnar, «men endaa meire verdt tykkjest det meg aa vera i venskap med deg og sønerne dine.« Deretter fór Njaal heim. Lid det so frametter vaaren.

Kapittel 48

Gunnar rid til tings um sumaren. Men det var eit heilt gjestelag i huset hans av folk som kom austan fraa Sida. Gunnar bad dei aa koma inn-um att, nåar dei reid fraa tinget. Dei lova aa gjera det -- og reid so til tings. Njaal og sønerne hans var paa tinget. Tinget var stilt. No er det um det aa fortelja, at Hallgjerd tala til Melkolv træl. «Det er ei sendeferd eg hev tenkt ut aat deg,« seier ho; «du skal fara til Kyrkjebø.« -- «Og kva skal eg der?« seier han. «Du skal stela mat paa tvo hestar, smør og ost, og setja varme paa staburet; daa tenkjer alle, at det hev vorte av vanagt, og det kjem ikkje for nokon, at det hev vore stole.« Trælen mælte: «Vond hev eg vore, men aldri hev eg vore tjuv.« -- «Høyr paa makeløysa!« seier Hallgjerd; «han gjer seg god; du som hev vore baade mordar og tjuv. Og du skal ikkje anna tora en fara, eldaug skal eg lata drepa deg.« Han tyktest vita, at ho det gjorde, um han ikkje for. Og um natti tok han tvo hestar, Ia klyv-salar paa og for aat Kyrkjebø. Hunden søkte ikkje; for han kjende honom og flaug imot honom, flikra og var fegen. Han gjekk daa aat staburet, let upp og klyvja baae hestarne med mat, men brende buret og drap hunden. Han fer uppmed Rangaai. Daa slitna sko-reimi hans, og han tek upp kniven og vøler um det. Kniven og beltet vart att-liggjande etter honom. Han fer til han kjem til Lidarende. Daa saknar han kniven, men torde ikkje fara attende. -- Han flidde henne Hallgjerd maten, og ho lét vel for ferdi hans. Um morgoen, daa folk kom ut paa Kyrkjebø, saag dei den store skaden som var gjord. Det vart sendt ein til tings for aa segja Otkjell det; for han var der. Han tykte ikkje vidare aat di, men sa det maatte vera kome av det, at eldhuset stod for nær buret. Og det meinte alle daa, at det var det som hadde gjort det. Folk reid no heim fraa tinget, og det var mange som kom til Lidarende. Hallgjerd bar mat paa bordet, og det kom inn ost og smør. Gunnar visste det var ingor von til slik mat der, og spurde Hallgjerd, kvar det var kome fraa. «Fraa slikt stelle at du vel kan eta det,« seier ho; «elles kjem det ikkje kararne ved aa leggja seg frami matreidsla.« Gunnar vart harm og mælte: «Ille er det, skulde e,g vera tjuv-nøyte,« og gav henne ein kinnhest. Ho sa, at den skulde ho hugsa og løna, um ho kunde. Ho gjekk fraa bordet, og Gunnar med. Det vart bore av bordet alt saman, og innpaa-att bore kjøtmat, og alle tenkte med seg, at det vart frambore det som meir rettfengt var. Tingfolki reiste att.

Kapittel 49

Det var ein dag Skamkjell reid upp-med Rangaai og saag etter sauom sine. Han ser det blenkjer paa noko i gota, stig han so av hesten og tek det upp, og det var kniv og belte. Han tykkjest kjenna baae, og fer aat Kyrkjebø. Otkjell var ute og fagna honom vel. Skamkjell mælte: «Kjenner du desse greiorne?« -- «Visst gjer eg det,« seier Otkjell. «Kven eig?« seier Skamkjell. «Melkolv træl,« seier Otkjell. «Daa skulde fleire kjenna det en me,« seier Skamkjell -- «for tru skal eg vera deg til aa gjeva deg raad.« Dei synte mange det, og dei kjende att det alle. Daa mælte Skamkjell: «Kva vil du no gjera?« Otkjell svara: »Me skal fara til Mord Valgardson, syna honom det, og faa vita kva han vil raada os til.« Sidan fór dei til Hov og synte Mord greiorne, og spurde um han kjende dei. Han sa han kjende dei; «men korleis daa? tykkjest de hava noko aa sjaa etter paa Lidarende?«

«Me tykkjer det er uført aa fåast ved slikt,« seier Skamkjell, «nåar slike ovevles-karar er i væle med.«

»Det er visst,« seier Mord; «men eg veit likevel noko fraa huset hans Gunnar som ingen av dykk veit.« -- «Me skal gjeva deg gods for det, vil du taka dette maalemnet paa deg.« Mord svarar: «Det godset kunde nok verta dyrt kjøpt; men det kan nok vera eg vaagar paa det.° Dei gav honom tri merker sylv, for at han skulde vera med dei med raad og hjelp. Han gav det raadet, at dei skulde gjera ut nokre konor med smaa-vara aat husfrøyom, og soleis faa vita, kven som lønte best; «for alle hev den haatten,«- seier Mord, «at dei skil seg fyrst med det som stole er, um dei hev noko slikt i gøymslom. Det skal me faa sjaa her og, er det so det er folk som hev skuldi. Og kjem det for dagen soleis, so vil eg vera laus fraa maalet.« So skulde det vera, sa dei, og fór so heim. Mord sende konor ut i heradet, og dei var burte ein halv maanad. Dei kom att og hadde store børar. Mord spurde, kvar det hadde vore dei mest gjeve. Dei sa, at det var paa Lidarende; det var Hallgjerd som hadde vore den raustaste mot dei. Han spurde, kva dei fekk der. »Ost,« seier dei. Han bad um aa faa sjaa. Dei synte honom, og det var mange sneier. Han tok og gøymde dei. Lite etter for Mord til Otkjell og bad honom finna fram oste-kista hennar Torgjerd, og so vart gjort. Han la sneierne nedi, og dei fyllte jamt i ostekista. Dei saag det hadde vore gjeve dei ein heil ost. Daa mælte Mord: «No kan de sjaa, at Hallgjerd hev nok stole osten.« Og alt dei visste vart lagt i hop. So sa Mord, at han tykte seg vera laus fraa dette maalemne. Dei skildest med di.

Kolskjegg tala til Gunnar og mælte: «Det er illt aa segja det; men det er utyver heile bygdi, at Hallgjerd hev stole og valda den store skaden som vart paa Kyrkjebø.« Gunnar sa han meinte det var so; «men kva raad skal eg no taka?« Kolskjegg svara: »Du er vel den næraste til aa bøta, det kona di hev brote, og eg tykkjer det er beste raadi, at du fer aat Otkjell og byd honom god bot.« -- «Detta er vel tala,« seier Gunnar, »og so skal det vera.« Lite seinare sende Gunnar bod etter Traain Sigfusson og Lambe Sigurdson, og dei kom straks. Han sa dei kva han etla seg til, og dei lét vel um det. Sjølv tolvte reid Gunnar til Kyrkjebø og kalla Otkjell ut. Skamkjell var der, og han sa: «Eg skal gaa ut saman med deg; for her gjeld det aa hava vitsmun. Eg vil gjerne staa deg nær, nåar du treng det best, soleis som no; eg tykkjer no du skal halda deg strid.« Sidan gjeng dei ut, Otkjell og Skamkjell, Hallkjell og Hallbjørn. Dei helsa Gunnar. Han tok det vel. Otkjell spør, kvart han etla seg av. «Ikkje lenger en hit,« seier Gunnar, «og det er erendi mi hit aa tala um den store og vonde skaden som her er vorte; den er valda av kona mi og trælen eg kjøpte av deg.« -- «Det var aa vonast,« seier Hallbjørn. «Eg vil gjeva god bot,« seier Gunnar, «og bjoda til, at dei beste menner i heradet dømer.« Skamkjell sa: «Detta bodet høyrest vel ut, men det er ubillegt. Du er vensæl av bøndom, men Otkjell er uvensæl.« -- «Eg byd til,« seier Gunnar, «aa gjera det av sjølv og faa ende paa det straks, og leggja venskapen min attaat; greia ut alt godset no, og bøta med tvenne bøter.« Skamkjell mælte: «Detta tilbodet skal du ikkje taka imot; det er eintenkt gjort, um du gav honom sjølvdom, der det tilkjem deg aa taka den.« Otkjell sa: «Eg vil ikkje gjeva deg sjølvdom, Gunnar.« Gunnar mælte: «Eg skynar det er dei som legg seg frami med raad her; berre det maa verta lønt. Men døm no sjølv.« Otkjell lutte seg innaat Skamkjell og sa: «Kva skal eg no

svara?« Skamkjell mælte: »Detta skal du segja er vel til-bode, men vikja maalet under Gissur Kvite og Geir Gode. Daa vil mange segja, at du er lik Hallkjell, bestefar din, og han var ein yvergangs kar.« Otkjell mælte: «Vel er detta bode, Gunnar, men eg vil, at du gjev meg tomstund til aa tala med Gissur Kvite og Geir Gode.« Gunnar mælte: «Gjer med det som du vil; men det vil sume segja, at du skyna lite, di eigi sømd, nåar du ikkje tok ved som eg baud deg.«

Gunnar rid heim. Daa Gunnar var riden, seier Hallbjørn: «Her var det skil paa folk aa sjaa; um Gunnar baud deg aldri so gode bod, so tok ikkje du imot. Elder trur du deg til aa hava vondt ubytt med honom, som ingen kan mæla seg med? Og endaa er han so gjæv ein mann, at han vil staa ved bodet sit, um du vil taka det sidan. Eg tykkjer det er beste raadi, at du fer aat Gissur Kvite og Geir Gode no straks.« Otkjell let henta hest og gjorde seg heilt ferdug. Otkjell saag ikkje vel. Skamkjell gjekk med honom eit stykke paa vegen. Han sa: «Eg tykte det var eit under, at ikkje brørne dine vilde taka av deg detta strævet. Eg vil bjoda til aa gjera denne ferdi for deg; for eg veit ho vert plaagsam for deg.« -- «Det tek eg imot,« seier Otkjell, «men seg som det er.« -- «Det skal eg gjera, « seier Skamkjell. Skamkjell tok hesten og bytte klæde med Otkjell, men Otkjell gjekk heim. Hallbjørn var ute og mælte til Otkjell: «Det er illt eiga træl til ven. Og det kjem me til aa angra støtt sidan, at du vende att no. Og det er vitlaust verk aa senda verste ljugaren i dette erendet, der ein maa segja det stend um liv.« Rædd maatte du vera,« seier Otkjell, «um Gunnar lyfte atgeiren, nåar du kan vera so rædd no.« -- «Ikkje veit eg det,« seier Hallbjørn, «kven som vart ræddast daa; men det kan du koma til aa sanna, at Gunnar meiter ikkje lenge med atgeiren, nåar han er vreid.« Otkjell mælte: «Rædde er de alle saman, so nær som Skamkjell.» Baae var sinna.

Kapittel 50

Skamkjell kom til Mosfell og fortalde Gissur, kva Gunnar hadde bode. «So synest det meg,« seier Gissur, «som detta hev vore overlag godt til-bode; men kofor tok ikkje Otkjell imot det ?« -- «Det var mest for di,« seier Skamkjell, «at alle unte deg sømd av det, difor vilde han beda um di meining; for det er til best gagn for alle.« Skamkjell var der um natti. Gissur sende ein mann etter Geir Gode, og han kom der tidleg paa morgoen. Gissur seier honom alt, som tilgjenge var -- og spurde, korleis dei skulde gjera det. Geir mælte: «Soleis som du visst alt hev tenkt deg det, so at saki kan faa den enden som best gagnar. No skal me lata Skamkjell fortelja uppatt soga ein gong til, for aa høyra um det svarar.« Dei gjorde so. Geir mælte: «Rett hev du visst fortalt denne soga; men du ser meg ut som det verste illmenne, og lite er leten aa sæta, um du er aa tru.« .Skamkjell reid heim. Fyrst fór han til Kyrkjebø og fekk Otkjell ut. Han tok vel imot honom, og Skamkjell ber fram helsing fraa Gissur og Geir, «og um maalemnet trengst det ikkje aa tala stilt; det er viljen hans Geir Gode og hans Gissur, at du ikkje gjer semja i dette maalet. Det er raadet deira, at du fer til Lidarende og stemner Hallgjerd for stuld, og Gunnar for avnøytsla.« Otkjell svarar: «Det skal verta gjort i alle maatar som dei hev raadt til.« -- «Dei tykte overlag godt um,« seier Skamkjell, «at du hadde vore so storfellt, og eg gjorde deg no til ein ovmann i alt.« Otkjell fortel brørne sine det. Hallbjørn mælte: «Detta er den største lygn.« Tidi lid innaat siste stemnardagen fyre Alltinget. Otkjell byd brørne sine og Skamkjell rida med seg i stemnarferd til Lidarende. Hallbjørn sa, at han nok kunde vera med; «men den ferdi kjem me nok til aa angra, nåar ei stund er lidi.« Dei reid til Lidarende, tolv mann. Gunnar var ute, men dei kom kav inn paa tunet, fyrr han vart var, at dei kom til gards. Difor gjekk han ikkje inn. Otkjell sa fram stemningi straks. Men daa dei hadde bore stemningi fram, mælte Skamkjell: »Er det rett stemnt, Gunnar bonde?« -- «Det veit de,« seier Gunnar; «men ein gong skal eg minnast deg for denna ferdi, Skamkjell, og dei raad du hev lagt til.« »Det sakar os ikkje,« seier Skamkjell, «so lenge atgeiren ikkje er i lufti.« Gunnar var fælande vreid og gjekk inn og fortalde Kolskjegg det. Kolskjegg mælte: «Ille var det, at me ikkje var ute. Det skulde vorte ei snøype-ferd hit, hadde me vore til stadar.« Gunnar mælte: «Alt bier stundi si; men ikkje vert denna ferdi dei til heidr.«

Lite seinare tør Gunnar aat Njaal og sa honom det. Njaal mælte: «Lat det ikkje gaa innpaa deg; for dette vender seg til den største sømd for deg, fyrr dette tinget er slut. Alle skal me og fylgja deg baade med raad og daad.« Gunnar takka honom og reid heim. Otkjell rid til tings, og brørne hans og Skamkjell.

Kapittel 51

Gunnar reid til tings, og alle Sigfussønerne og Njaal og sønerne hans. Alle gjekk i lag med Gunnar, og det var sagt, at det fanst ikkje fleire flokkar so hardsnudd som denne. Ein dag gjekk Gunnar til Dal-manna-budi. Rut var ved budi, og Hoskuld; dei tok vel imot Gunnar. Gunnar fortel alt um maalemnet. «Kva legg Njaal til raads?« seier Rut. Gunnar svara: «Han bad meg aa finna dykk brørne og segja, at i dette vilde han vera samtykt med dykk.« -- »Det vil han daa,« seier Rut, »at eg for skyldskapen skuld skal bera det upp, og det skal eg gjera: Du skal stemna Gissur Kvite til holmgang, um dei ikkje byd deg sjølvdom, og Kolskjegg skal stemna Geir Gode, og det er vel og menner aa faa til aa gaa imot Otkjell og brørne hans. So mannsterke er me no tilsaman, so du kan faa det fram slikt du vil.« Gunnar gjekk heim aat budi og fortalde Njaal det. :»Detta vontest eg,« sa Njaal.

Ulv Ørgode fekk vita um denna raadgjerdi og sa Gissur det. Gissur mælte til Otkjell: «Kven gav deg det raadet, at du skulde stemna Gunnar?« -- «Skamkjell sa meg, at det var raadet dit og hans Geir Gode,« seier Otkjell. «Kvar er den mannfyla,« seier Gissur, «som hev loge slikt?« -- «Han ligg sjuk heime i budi,« seier Otkjell. »At han aldri maa staa uppatt meir!« seier Gissur. Men no skal me alle gaa aa finna Gunnar og bjoda honom sjølvdom; men eg veit ikkje, um han no vil taka imot det.« Det var mange som let ille um Skamkjell, og Jian laag sjuk alt med tinget var.

Gissur og dei gjekk aat budi hans Gunnar. Folk vart vare dei, og det vart sagt Gunnar inne i budi. Dei gjekk ut alle og fylkte. Gissur Kvite gjekk fyrst. Han mælte, daa dei møttest: «Det er tilbodet vaart, Gunnar, at du dømer sjølv i maalet millom deg og Otkjell.« -- «Det var langt ifraa dit raad det,« seier Gunnar, «daa eg vart stemnd.« -- «Ikkje var det mit raad,« seier Gissur, korkje mit elder hans Geir.« -- «Daa fær du leggja det fraa deg greitt og skilviseleg,« seier Gunnar. «Kva krev du?« seier Gissur. «At du sver eid,« seier Gunnar. «Det vil eg gjera,« seier Gissur, »um du vil taka sjølvdom.» -- »Det baud eg i si tid« seier Gunnar, «men no tykkjest eg hava meir aa døma.« Njaal mælte: «Ikkje er sjølvdom aa slaa fraa seg; di at heidren er so mykje større, di større saki er.« Gunnar mælte: »»Eg skal gjera venerne mine til lags og døma i maalet; men det raader eg Otkjell, at han ikkje eglar seg innpaa meg heretter.« Det vart sendt bod etter Hoskuld og Rut, og dei kom. Gissur og Geir Gode gjorde eid; men Gunnar tok si avgjerd utan aa spyrja-nokon til raads, og sa fram domen. «Dette er avgjerdi mi,« sa han, »at du skal hava verddage for huset og maten som inni var. Men for trælen vil eg ikkje bøta; for du dulde lyte ved honom. Honom eignar eg til deg att; for øyro høver best der dei hev vakse. Eg tek det for, at stemningi var gjord paa nidd, og for det dømer eg meg til handa so mykje som huset var verdt, og det som inne brann. Men um de tykkjer betre um at me er usamde, so stend det dykk fritt fyre. Men til det hev eg endaa eit raad uppgjort, og det skal daa koma fram.« Gissur svarar: «Det vil me, at du ikkje skal bøta noko, men me bed um, at du vil vera ven hans Otkjell.» -- »Det skal aldri verta, med eg lever,« seier Gunnar; »han kan hava venskapen hans Skamkjell; den hev han lenge ale paa.« Gissur svarar: «Me vil likevel faa ende paa saki, endaa du råar skildagen aaleine.« Dei handfeste alle desse saattmaali. Gunnar mælte til Otkjell: «Raadlegast er det for deg aa fara aat frendom dine; men vil du bu i grendi der, so øv ikkje med meg.« Gissur sa: «Detta er eit gagnraad, og han skal gjera etter di.« Gunnar hadde stor sømd av saki. Folk rid heim fraa tinget. Gunnar sit paa garden sin, og alt er stilt ei rid.

Kapittel 52

Ein mann heitte Runolv, son hans Ulv Ørgode. Han budde i dalen austanfor Markarfljot. Han var til gjesting hjaa Otkjell, daa han reid heim fraa tinget. Otkjell gav honom tvo uksar, kolande svarte og nie vintrar gamle. Runolv takka og bad honom koma aat seg ein gong, nåar han so tykte. Men det tok ei tid, fyrr han kom til aa fara. Runolv sende ofte menner til honom, og minte honom paa, at han skulde fara; og han lova det støtt. Otkjell aatte tvo hestar, blakke og med aal etter ryggen. Dei var beste ridehestarne i heile heradet, og so kjære etter kvarandre, at den eine rende etter hin.

Det var ein austmann i huset hjaa Otkjell; han heitte Audulv. Han la hug aat Signy, dotter hans Otkjell. Audulv var stor paa vokster og sterk.

Kapittel 53

Det var ein gong um vaaren, at Otkjell vilde dei skulde rida aust til Dal, og det lét alle vel for. Skamkjell var med, og brørne hans Otkjell baae tvo, Audulv og tri andre menner. Otkjell reid paa den eine av dessa aal-blakke hestom; hin sprang med laus. Dei stemnde aust til Markarfljot. Hesten flaug ut for Otkjell, og so slo baae seg galne, og tok leii upp i Fljotslidi. Det bar i veg snøggare en Otkjell vilde: Gunnar hadde gjenge ut-um garden sin aaleine med ein saa-mæle i ei hand og ei håndøks i hi. Han gjekk aat saa-landet sit, la den gullsauma kappa og øksi si fraa seg, og tok til aa saa. Detta er i sama tidom som Otkjell misser magti med hestom. Han hadde sporar paa. Det bar uppyver saa-landet. Dei saag ikkje einannan, Gunnar og Otkjell, og med sama Gunnar reiser seg upp, rid Otkjell til honom og dreg sporarne ved øyra paa Gunnar, so det vart ei stor rispa og blødde svært. Fylgjet kom daa etter. »Alle kan de no sjaa,« seier Gunnar, «at du hev blodga meg -- og slikt er vyrlaust aatfare; fyrst stemner du meg, og so trør du meg under fot og rid paa meg.« Skamkjell mælte: «Det her gjeng vel, bonde, og ikkje var du blidare paa tinget, daa du tok sjølvdom med atgeiren i hand.« Gunnar mælte: «Nåar me raakast næste gongen, so skal du faa sjaa atgeiren.« Dei skildest med dette. Skamkjell slo i og ropte: «Hardt rid de, sveinar.« Gunnar gjekk heim og gat det ikkje aat nokon, og det var ingen som tenkte, at folk hadde gjort det. Men ein gong sa han det til Kolskjegg, bror sin. Kolskjegg mælte: »Detta skal du fortelja aat fleire, so det ikkje kan segjast, at du gjev daud mann sak; for det hev dei aa setja imot deg, dersom ikkje vitni veit, kva de hev havt med einannan fyrr.« Gunnar sa grannarne sine det, men det kom ikkje vidare ut fyrst.

Otkjell kjem aust til Dal; dei vart vel fagna og vart verande der ei vika. Otkjell sa Runolv, korleis det var gjenge honom og Gunnar. Det var ein som spurde etter, korleis Gunnar tok det. Skamkjell mælte: «Hadde det ikkje vore ein slik knape, so hadde det vorte heitand, at han hadde graate.« -- «Ille er dette tala,« seier Runolv, »og det fær du aa segja næste gongen de møtest, at Gunnar ikkje er god aa grøta, og det er vel, kjem ikkje betre folk frami for ilska di. Eg tykkjer det er best, at eg er i fylgje med dykk, nåar de vil reisa att; for Gunnar vil ikkje gjera meg mein.« -- «Eg vil ikkje det,« seier Otkjell, «og me kan rida yver elvi lenger nede.« Runolv gav Otkjell gode gaavor, og sa, at dei kom ikkje til aa sjaa einannan oftare. Otkjell bad honom -- um so skulde bera til -- aa lata sonen faa godt av, at dei hadde vore vener.

Kapittel 54

No er det um det aa fortelja, at Gunnar var ute paa Lidarende og ser sauemannen sin kjem ridande til gards. Han rid inn paa tunet. Gunnar mælte: «Kvifor rid du so hardt ?« -- «Eg vil vera deg trulynd,« seier han; «eg saag nokre menner som reid nedyver aat Markarfljot, aatte i alt og ftre i leta-klæde.» Gunnar mælte: «Det maa vera Otkjell.» -- «Eg vil gjerne segja deg,« seier sauemannen, «at eg ofte hev høyrt ord etter dei som ein kan harmast paa; der aust i Dal sa Skamkjell, at du hadde graate, daa dei reid paa deg. Det tykkjest meg illt aa høyra slike ord av rangvise karar.» --

Ikkje skal me vera prdsjuke,« seier Gunnar; «men heretter skal du faa arbeida berre slikt som du sjølv vil.» --

Skal eg ikkje segja Kolskjegg, bror din, noko?» seier sauemannen. «Gakk stad og sov,« seier Gunnar; «eg skal segja Kolskjegg det eg tykkjer.« Guten la seg og sovna straks. Gunnar tok sauehesten og la paa salen sin. Han tok skjoldet sit og sverdet Ølves-naut og sette hjelm paa hovudet; tek so atgeiren -- og det song høgt i den. Rannveig, mor hans, høyrde det. Ho gjekk fram og mælte: «Vreid er du no, son min, og ikkje saag eg deg slik fyrr.« Gunnar gjeng ut, og set atgeiren i marki, sprett upp i salen og rid burt. Rannveig gjekk inn i stova; der var dei svært høgmælte. «Høgrøysta er de,« seier ho, «men høgre lét atgeiren, daa Gunnar gjekk ut.« Kolskjegg høyrde det og sa: «Det er ikkje utan det varslar noko.» -- «Det er vel,« seier Hallgjerd; « no kan dei faa freista, um han gjeng graatande unda dei.» Kolskjegg tek vaapni sine, finn seg ein hest og rid etter so fort han vinst.

Gunnar rid tvert yver aakretunga aat geilebuderne, derfraa aat Rangaai og nedaat vadet ved Hov. Det var nokre kvinnor ved mjølkestølen der. Gunnar sprang av hesten og batt honom. Dei andre kom ridande. Det var leiren botn og hellor i gota ved vadet. Gunnar mælte: »No er det aa verja seg; de kan faa freista no, um eg græt for dykk.« Dei sprang av hestom og sette paa Gunnar. Hallbjørn var fremst. «Lat vera aa søkja aat, du,« seier Gunnar, »deg vil eg sist illt gjera; men eg sparer ingen, nåar det gjeld aa verja meg.« -- »Det vil eg ikkje,« seier Hallbjørn; »du vil likevel drepa bror min, og skam vøre det, um eg vildesitja daa.« Og han dreiv til Gunnar tvihendes med eit stort spjot. Gunnar skaut skjoldet imillom, men Hallbjørn støytte igjenom det. Gunnar sette so hardt ned skjoldet, at det stod i jordi, men tok aat sverdet so kvast, at ein kunde ikkje augo paa det festa. Hogget raakte handi paa Hallbjørn ovantil uvleden, so ho gjekk av. Skamkjell sprang attum Gunnar og hogg til honom med ei stor øks. Gunnar snara seg kvast imot honom og støytte imot med atgeiren, og den kom under kverken paa øksi, so ho dreiv utor handom hans og ut i Rangaai. Gunnar tek aat seg att atgeiren andre gongen; set honom igjenom Skamkjell, veg honom upp og kastar honom paa hovudet i leirgota. Audulv austmann treiv eit spjot og skaut til Gunnar. Gunnar tok spjotet i veret og skaut attende med det sama -- og det flaug igjenom skjoldet og austmannen og ned i vollen. Otkjell hogg til Gunnar med sverdet og stemnde etter foten nedanfor kneet. Gunnar spratt upp, so Otkjell hogg i mist. Gunnar legg atgeiren igjenom honom. Daa kjem Kolskjegg og flyg straks paa Hallkjell og høgg honom banehogg med sakssverdet. Soleis vog dei aatte mann. Ei kona sprang heim og sa Mord det, og bad honom skilja dei. »Det er berre slike,« seier han, »som gjerne kan drepa einannan for meg.« -- «Det kan du ikkje vilja segja,« seier ho; »det er Gunnar, frenden din, og Otkjell, venen din.« -- «Støtt hev du noko aa gala med, di skamfyla,« sa han, og han laag inne, med dei slost. Gunnar og Kolskjegg reid heim, daa detta var gjort, og dei reid hardt upp-etter øyrarne. Gunnar rapa av hesten, men kom standande ned. Kolskjegg sa: »Hardt rid du no, frende.« Gunnar mælte: «Skamkjell fann aat meg for det, daa eg sa: «de rid meg ned.« -- «Hemnt hev du no det,« seier Kolskjegg. «Ikkje veit eg,« seier Gunnar, «um eg er so mykje ræddare en andre menner, som det ber meg meir imot aa drepa en andre.«

Kapittel 55

Detta spørst, og det mælte mange, at dei tyktest ikkje det kom fyrr en ventande var. Gunnar reid aat Bergtorskvaal og fortalde Njaal verket. Njaal mælte: «Drjugt hev du vedgjort; men du hev og vore hardt freista.« -- «Korleis vert det gangande sidan?« seier Gunnar. «Vil du eg skal segja deg det,« seier Njaal, «det som enno er ukome? Du kjem til aa rida til tings, og du kjem til aa njota godt av mine raad, og du fær den største heidr og æra av denne saki. Dette vert upphavet til draapssakerne dine.« -- «Raad meg nokre gagnraad,« seier Gunnar. «Eg skal so gjera,« seier Njaal. «Drep aldri meir en ein gong i same ættgrein, og brjot aldri den semja som gode menner gjer millom deg og andre -- og aller sist i denne saki.« Gunnar mælte: «Det meinte eg kunde vera faarlegare for andre en for meg.« -- «Det kan nok so vera,« seier Njaal; «men likevel skal du hugsa paa, at ber det so til, daa hev du ikkje lenge ulevt. Men vert ikkje det, so kjem du til aa verta ein gamal mann.« Gunnar mælte: «Veit du, kva som skal verta deg til bane?« -- «Eg veit det,« seier Njaal. «Kva daa? « seier Gunnar. »Det som alle sist skulde tenkja,» seier Njaal. Sidan reid Gunnar heim.

Det vart sendt ein mann aat Gissur Kvite og Geir Gode; for dei var nærast til aa reisa sak etter Otkjell. Dei kom saman og talast ved um korleis dei skulde gjera det. Dei vart samstelte um aa søkja maalet etter loven, og det vart spursmaal um kven som skulde gjera det, men ingen var huga. »So synest det meg,« seier Gissur, »at her er eitt av tvo aa gjera: anten lyt ein av os søkja maalet -- og det dreg me lut um -- eldaug fær mannen liggja ubøtt. Det kan me og tenkja os, at saki vert tung aa føra; Gunnar er baade frende-rik og vensæl. Men den av os som ikkje dreg luten, skal vera med, og ikkje gjeva seg fraa, fyrr-for det vert ein endskap med saki.« Dei drog lut, og luten fall paa Geir aa søkja maalet. Lite seinare reid dei austetter yver aaerne, og kom dit som striden hadde stande ved Rang-aai, grov upp liki og tok vitne paa saari. Sidan lyste dei draapi og sa til dei nie næraste bønder aa vitna i saki. Det vart sagt dei, at Gunnar var heime med tretti menner. Geir Gode spurde, um Gissur vilde rida imot honom med hundrad. »Ikkje vil eg det,« seier Gissur, «um det er stor mannamun.« Dei reid attende og heim. Denne maalemningi spurdest yver heile heradet, og det gjekk ord um, at det vart nok eit stridsamt ting.

Kapittel 56

Ein mann heitte Skafte. Han var son aat Torodd. Baade far og son var megtuge hovdingar og store lov-menner. Torodd var halden for aa vera noko innful og slog. Dei hjelpte Gissur i alle maalemne. Lidværingarne og Rangæingarne gjorde seg overlag mangmente aat tinget. Gunnar var so vensæl, at alle var samstelte um aa fylgja honom. Folk kom aat tinget og tjelda buderne sine. I sambandet med Gissur Kvite var desse hovdin-garne: Skafte og Torodd, Aasgrim Ellidagrimsson, Odd paa Kidjaberget, Halldor Ørnolvson. So var det ein dag folk gjekk aat lovberget. Stod daa fram Geir Gode og lyste draapssak paa Gunnar for draapet paa Otkjell. Onnor draapssak lyste han paa Gunnar for draapet paa Hallbjørn Kvite og paa Audulv og Skamkjell. Han lyste draapssak paa Kolskjegg for draapet paa Hallkjell. Og daa han hadde lyst alle draapssakerne, var det sagt, at han hadde maalbore det vel. Han spurde etter, kvar dei hadde tingfeste og heimvist. Etter det gjekk folk fraa lovberget. Det lid ut i tinget til den tid daa doms-nemnderne skal fara ut til lovberget og søksmaalet fremjast. Baae møtte fram mannsterke. Geir Gode og Gissur Kvite stod sunanfor Rangæingaretten; Gunnar og Njaal stod nordanfor. Geir Gode byd Gunnar aa lya paa eiden hans. Sidan gjorde han eid. Etter det sa han fram saki. So let han føra fram lysingsvitne. So let han bjoda vitnenemndi til sætes. So baud han til rudningar i nemndi. Og etter det bad han nemndi bera fram vitnemaalet sit. Daa gjekk dei uppnemnde bønder fram i retten, nemnde seg vitne og la ned motmæle mot vitnemaal i Audulvs sak, av di at rette etter-maalsmannen hans var i Norig, og dei hadde ikkje med aa skila i saki hans. Etter di bar dei vitnemaal i saki hans Otkjell, og sa Gunnar saka aa vera. So baud Geir Gunnar føra fram vern, og tok vitne paa alt sakgagnet som fram var kome. Etter det kom Gunnar fraa si lei og baud Geir lya paa eiden hans og paa alle dei verje-maal han vilde føra fram i saki. Han gjorde eid og mælte sidan so: »Det fører eg til vern i denne sak, at eg nemnde vitne og uhelga Otkjell for grannarne mine, for di han saara meg til blods med sporen sin. Og etter fullmagt fraa goden forbyd eg deg, Geir Gode, aa søkja dette maalet, og eg forbyd domarane aa døma, og med det gjer eg heile dit søksmaal um inkje. Eg forbyd deg med lovlegt forbod, ævlaust forbod, fullt og fast forbod, soleis som eg hev aa bera verjemaal etter Alltings rett og aalmenn lov. Eg skal og segja deg, kva meir eg vil gjera.» -- «Du vil bjoda meg paa holm, kanskje,» seier Geir, «som du er van med, og ikkje tola Iov.« -- «Det vil eg ikkje,» seier Gunnar; «eg vil stemna deg paa lovberget, for di at du nemnde vitnemenner paa det som ikkje kjem saki ved -- paa draapet paa Audulv -- og difor vil eg lysa deg saka fjørbaugsmann aa vera.» Njaal mælte: «Det maa ikkje taka den vegen, for daa vert det gjort av med hardo. Det er her mykje til aa føra i saki paa baae sidor, etter som meg synest. Det er sume av draapi som du ikkje kan segja imot aa verta saka for. Men du hev det taket paa honom for ulovleg maalemning, at han og vert saka. Og det skal du og vita, Geir Gode, at enno er det ikkje gjort noko ved den skoggangs-saki du hev paa deg, og ho skal ikkje liggja nede, vil du ikkje gjera etter mine ord.« Torodd Gode mælte: «So synest det os, at det vøre fredlegast, um de samdest i maalet. Men kvifor er du so faamælt, Gissur Kvite?» -- «Det ser meg ut,« seier Gissur, «som det trengst sterke stytter aa setja ved maalet vaart, skal det duga. Og lett er det aa sjaa, at dei stend nære ved, venerne hans Gunnar, og beste vilkaaret var det for os, aa faa gode menner til aa gjera det av, um Gunnar vil det.« -- »Semjekjær hev eg støtt vore,« seier Gunnar, »og de hev denne gongen mykje aa søkja meg for; men eg tyktest og vera sterkt nøydd.» Med tilraad av dei klokaste menner vart det den endelykten, at seks menner skulde gjera av alt saman. Og saki vart greidd straks paa tinget. Skamkjell skulde liggja ubøtt. Draapet paa Otkjell skulde gaa jamnt upp med sporehogget; dei andre draapi vart bøtte etter takst. Frendarne hans Gunnar la til gods, so alle draapi vart bøtte straks der paa tinget. Gissur og Geir gjekk fram og gav Gunnar trygd. Gunnar reid heim fraa tinget, takka dei som hadde hjelpt honom, og gav mange av dei gaavor og hadde heidr og æra av ferdi. Gunnar sit no heime i heidren sin.

Kapittel 57

Det var ein mann heitte Starkad. Han var son aat Bork Blaatonnskjegg, son hans Torkjell Bundenfot, som tok land ikring Trihyrningen. Han var gift, og kona hans heitte Hallbera. Ho var dotter hans Roald hin raude og hennar Hildegunn, dotter hans Torstein Titling. Mor hennar Hildegunn heitte Unn; ho var dotter hans Eyvind Karve og syster hans Modolv hin spake paa Mosfell, som Modylvingarne er ætta fraa. Sønerne hans Starkad og hennar Hallbera var Torgeir og Bork og Torkjell. Hildegunn lækjar var syster deira. Det var sjølvgode karar og ovrikne, hardlynde og kranglevorne, og ingen fekk vera i fred for dei..

Kapittel 58

Ein mann heitte Egil. Han var son aat Kol, son hans Ottar Boll, som tok land millom Stotaløk og Røyvatnet. Bror hans Egil var Ønund i Trollskogen,.

far hans Halle hin sterke, som var med sønom hans Kjetil hin slettmaaluge og drap Holte-Tore.

Egil budde paa Sandgil. Sønerne hans heitte Kol, Ottar og Hauk. Mor deira var Steinvor, syster hans Starkad under Trihyrningen. Sønerne hans Egil var storvaksne karar og kjeppsame, og skøytte lite um, kva dei gjorde ved andre. Dei og sønerne hans Starkad heldt støtt i hop. Syster deira var Gudrun nattsol. Ho var den fagraste og den finaste kvinna ein kunde sjaa. Egil hadde teke tvo austmenner i huset; ein heitte Tore, ein Torgrim. Det var fyrste ferdi deira hit ut. Dei var vensæle og rike, godt stridsføre og fram-færlege i alt. Starkad aatte ein god hest, raud paa let, og dei meinte det var ikkje tilbjodande for nokon hest aa slaast med honom. Ein gong var brørne paa Sandgil under Trihyrningen. Dei rødde mykje og mangt um bønderne i Fijotslidi, og det kom paa tal, um det var nokon der som kunde vilja røyna hestar med dei. Men dei som var med der gjorde etter-læte for aa heidra og høla dei, og meinte, at korkje var det nokon som torde elder som hadde slik hest. Daa svara Hildegunn: »Eg veit den som nok torde vaaga aa røyna hestar med dykk.« »Nemn honom,« sa dei. Ho svara: «Gunnar paa Lidarende hev ein brun hest, og han vaagar nok baade med dykk og med kven annan det er.« -- »So tykkjer de kvinnor,« seier dei, »at ingen er maken hans Gunnar. Men um Geir Gode og Gissur Kvite rauk stygt for honom, so er det ikkje sagt det gjeng so med os.« -- »Med dykk gjeng det aller verst,- sa ho, og dei kjegla hardt um detta. Starkad mælte: «Gunnar vilde eg de sist skulde gaa for nær; det vert tungt for dykk aa gaa imot gjæva hans.« -- «Men du gjev os fulla lov til aa bjoda honom heste-ota, sa dei. »Ja,« seier han, «nåar de ikkje prettar honom i nokon ting.« Dei lova det. Dei fór aat Lidarende. Gunnar var heime og gjekk ut; Kolskjegg og Hjort var og med. Gunnar tok vel imot dei og spør, kvart dei etlar seg av. »Ikkje lenger,« seier dei; »det er sagt os, at du eig ein god hest -- og me vil bjoda deg heste-ota.« -- «Det kan ikkje gaa stort ord um hesten min,« seier Gunnar, «han er ung og urøynd i alt.« -- «Du møter vel fram,« seier dei; »ho Hildegunn gat um, at ho meinte du ikkje vilde halda hesten din unda.« -- sKorleis kom de paa detta?« seier Gunnar. «Det var dei som meinte, at du torde ikkje vaaga til med hesten vaar,« seier dei. »Torer gjer eg nok,« seier Gunnar, «men uvenslegt tykkjest meg detta mælt.« -- »Skal me rekna paa det daa,« seier dei, «at du vil møta?« -- «De tykkjer vel ferdi dykkar er best,« seier Gunnar, »naar de fær det som de vil. Men eg vil likevel beda dykk um det, at me maatar ota slik, at me gjer andre gaman og os sjølve ingen vanraader med det, og at de gjer meg ingor skam. Gjer de med meg som med andre, daa kan det raaka til, at eg byd til med slikt som kan verta hardt aa ganga paa; for eg gjer etter det som de gjer fyre;« Dei rid no heim. Starkad spurde, korleis ferdi gjekk. Dei sa han gjorde ferdi god og lova aa møta med hesten sin. «Og me tala av, nåar møtet skulde vera. Men det var greitt aa skyna, at han kjende seg veikast; han bad seg unda vanraader.« -- »Det skal nok ofte røynast,« seier Hildegunn, «at Gunnar er lang aa tøygja, fyrr han vil inni nokor vanraad, men er hard-drøg, nåar han ikkje kan sleppa unda.«

Gunnar reid aat Njaal og fortalde honom um heste-ota og ordi som fall, «elder kor meiner du det gjeng med heste-ota?« -- «Du vert vinnaren,« seier Njaal, »men det kjem til aa kosta mange livet.« -- »Vert kanskje min bane ogso utgangen av dette?« seier Gunnar.

»Ikkje av dette,« seier Njaal; «men dei vil minnast gamal fiendskap og leggja nytt attaat, so det vert ikkje annan utveg for deg en aa vægja.« Gunnar reid heim.

Kapittel 59

I desse tidom fekk Gunnar daudar-ordi hans Hoskuld, værfar sin. Nokre faae næter etter letna ho Torgjerd paa Grjotaa, dotter hennar Hallgjerd, kona hans Traain, og det kom til eit sveinbarn. Ho sende bod aat mor si og bad henne raa for, um han skulde heita Glum etter far hennar elder Hoskuld etter mor-far hennar. Ho sa han skulde heita Hoskuld. Og det namnet vart gjeve guten.

Gunnar og Hallgjerd hadde tvo søner. Ein heitte Hogne, den andre Grane. Hogne var ein dugande kar og stillfærleg, seintruen og sannordig.

Folk rid no aat hestestemna, og der vart det mykje folk samla. Gunnar og brørne hans var der, og Sigfussønerne, Njaal og sønerne hans alle. Der var komne Starkad og sønerne hans, Egil og hans søner. Dei tala aat Gunnar, at dei fekk leia saman hestarne. Gunnar svara, at det var som det skulde. Skarphedin mælte: «Vil du ikkje at eg skal køyra hesten din, Gunnar frende?« -- «Ikkje vil eg det,« seier Gunnar. «Det høvde no best,« seier Skarphedin; «daa vart det høgt mot høgt.« -- «Eg tenkjer det vart ikkje mykje sagt elder gjort daa,« seier Gunnar, «fyrr det bar burti vanraaderne. Med meg gjeng det seinare, um det elles kan koma paa eitt ut.« Dermed vart hestarne leidde i hop. Gunnar laga seg til aa køyra, og Skarphedin leidde fram hesten. Gunnar hadde raud kjole, eit digert sylvbelte um seg og ein svær hestestav i handi. Hestarne rende paa einannan og beitst lenge, so ingen trong aa eggja dei, og det var stor gaman. Daa la dei raad i hop, Torgeir og Kol, at dei skulde skuva til hesten sin, nåar dei rende i hop, og. sjaa um ikkje Gunnar rauk overende. No rende hestarne i hop, og Torgeir og Kol flaug til og skauv paa lendi aat hesten sin meste dei orka. Gunnar skauv sin imot, og dermed ber det snart den vegen, at Torgeir og Kol fell att aa bak, og hesten ovanpaa dei att. Dei sprett kvast upp att og flyg paa Gunnar. Gunnar rykkjer seg unda, tek Kol og kastar honom i vollen, so han ligg i uvit. Torgeir Starkadson slær til hesten hans Gunnar, so det flaug ut auga. Gunnar slær Torgeir med hestestaven, og han fell i uvit. Men Gunnar gjeng burt aat hesten sin og mælte til Kolskjegg: «Hogg du hesten -- ikkje skal han leva med lyte.« Kolskjegg hogg hovudet av hesten. Daa kom Torgeir paa føterne att, tok vaapni sine og vilde gaa paa Gunnar. Men det vart stadga, og det vart stort stim. Daa mælte Skarphedin: »Eg er lei dette tøvet; det er mykje mannlegare, at folk slæst med vaapn.« Han kvad eit vers um det sama. Gunnar var roleg, so at ein mann heldt honom, og han sa ikkje eit vondt ord. Njaal mælte, at dei skulde semjast og setja grid. Torgeir sa, at han korkje vilde gjeva grid elder taka -- han vilde sjaa Gunnar daud for det slaget. Kolskjegg mælte: «Gunnar hev stade for støtt til aa stupa for ord fyrr, og det gjer han nok enno.« Folk reid no fraa hestestemna og heim att kvar aat seg. Det var ingen som gjekk paa Gunnar. Soleis leid det aaret.

Paa tinget um sumaren raakte Gunnar Olav Paa, maagen sin, og han bad Gunnar heim aat seg, men sa han skulde vera var um seg; »for dei gjer deg alt i Ilt som dei kan -- hav mange menner um deg støtt.« Olav gav honom mange gode raad, og dei avtala fast venskap millom seg.

Kapittel 60

Aasgrim Ellidagrimsson hadde eit maalemne aa søkja paa tinget. Det var ei arvesak. Den som stod til svars var Ulv Uggeson. Aasgrim mistok seg -- som det sjeldan hende honom -- so motmannen fekk vern i saki. Det var det, at han hadde nemnt berre fem til vitne-nemnd, der som han skulde havt nie. No hadde dei detta til vern. Daa mælte Gunnar: »Eg byd deg paa holm, Ulv Uggeson, dersom folk ikkje skal faa retten sin for deg.« -- »Eg hev ikkje dette ubytt med deg,« seier Ulv. «Men det fær nok verta so likevel,« seier Gunnar; »Njaal og Helge, venerne mine, ventar at eg tek eikor vern i maalet med deg Aasgrim, nåar dei ikkje er her.« Endelykten vart, at Ulv laut greia ut alt godset. Daa mælte Aasgrim til Gunnar: »Eg vil beda deg heim i sumar, og eg skal støtt vera med deg i alle maalemne, og aldri imot deg.« Gunnar reid heim fraa tinget. Lite seinare raakast han og Njaal. Njaal bad honom vera var um seg -- det var sagt honom, at dei under Trihyrningen etla seg til aa falla yver honom -- og bad honom aldri fara faament og støtt hava vaapni sine. Gunnar sa, at so skulde han gjera. Han fortalde Njaal, at Aasgrim hadde bedt honom aat seg, «og eg etlar meg til aa fara dit i haust.« -- «Lat ingen vita fyreaat,« seier Njaal, »kva tid du reiser, elder kor lenge du vert burte. Men eg byd deg til, at sønerne mine rid med deg; daa er det ingen som gjeng paa deg.« Detta avtala dei. No lid sumaren, til aatte vikor var att. Daa mælte Gunnar til Kolskjegg: «Gjer deg ferdug; for no skal me rida til gjesting paa Tunga.« -- »Skal me gjera bod aat Njaals-sønom?« sa Kolskjegg. «Inkje,« sa Gunnar; «ikkje skal dei koma i vanraad for mi skuld.«

Kapittel 61

Dei reid tri-eine, Gunnar og brørne hans. Gunnar hadde atgeiren og sverdet Ølvesnaut, men Kolskjegg hadde sakset. Hjort og var fullt væpna. Dei rid no aat Tunga., Aasgrim fagna dei vel, og det vart der nokor tidi. Daa gjorde dei kjent, at dei etla aa fara heim. Aasgrim gav dei gode gaavor og baud seg til aa rida austetter med dei. Gunnar sa det trongst ikkje, og Aasgrim var ikkje med.

Ein mann heitte Sigurd Svinhovde. Han kom under Trihyrningen. Han budde ved Tjorsaa, og han hadde lova aa hava nysn um ferdi hans Gunnar. Han sa dei no fraa ferdi hans, »og det er aldri betre von en no, dei er berre fire i fylgje.«--«Kor mange menner treng me til aa leggja os i veg for honom ?« seier Starkad. » Ryrt er smaamenne for honom,«seier Sigurd, «og ikkje er det raadlegt med mindre en tretti mann.« -- «Kor skal me leggja os fyre og venta ?« seier Starkad. »Ved Knaveholarne,« seier Sigurd; «der ser ein det ikkje, fyrr ein er stums innaat komen.« -- »Far aat Sandgil,« seier Starkad, «og seg Egil, at dei lagar seg til med femtan mann derfraa; eg skal koma med femtan andre aat Knaveholarne.« Torgeir mælte til Hildegunn: «Denne handi skal syna deg Gunnar daud i kveld.« -- »Eg gjet paa,« seier ho, «at du kjem til bera hovudet laagt fraa møtet med honom.« Desse fire, far og søner, og elleve med dei fór aat Knaveholarne og bidde der. Sigurd Svinhovde kom aat Sandgil og mælte: «Eg er send hit av Starkad og sønom hans, for aa segja deg, Egil, at de, far og søner, skal fara aat Knaveholarne og leggja dykk i veg for Gunnar.« -- »Kor mange skulde me vera?« seier Egil. «Femtan med meg,« seier Sigurd. Kol mælte: «I dag etlar eg meg til aa mæla magt med

Kolskjegg.« -- »Mykje tykkjer eg du etlar deg daa,« seier Sigurd. Egil baud austmennerne sine vera med. Dei sa seg ikkje aa hava noko ubytt med Gunnar -- »det er svært so mykje, som trengst her,« seier Tore, «nåar slik ei mannamagt skal fara imot tri.« Egil gjekk fraa dei og var vreid. Husfrøya mælte daa: «Ille hev Gudrun, dotter mi, brote odden av storlætet sit og lege hjaa deg, nåar du ikkje torer vera med værfar din -- du maa nok vera ein kryp,« seier ho. «Eg skal gjera fylgje med bonden din,« seier han, »men ingen av os kjem att.« Han gjekk aat felagen sin og sa: »Tak kistelyklarne mine, for eg brukar dei ikkje oftare. Eg bed deg, at du tek av godset mit slikt du vil; men far aust att fraa her, og freist ikkje aa hemna meg. Reiser du ikkje, so vert det dauden din.« Austmannen tok vaapni sine og gav seg med dei.

Kapittel 62

No er det aa taka til der, daa Gunnar reid aust yver Tjorsaai. Men som han kom lite fraa aai, vart han svevnug og bad dei hamna hestarne der. Dei gjorde so. Han sovna hardt og let ille i svevnen. Kolskjegg sa: «No drøymer Gunnar.« Hjort mælte: «Eg vil vekkja honom.« -- «Det skal du ikkje,« seier Kolskjegg; «han skai njota draumen sin.« Gunnar laag ei lang rid. Han slengde av seg skjoldet, daa han vakna, og daa var han vorten reint sveitt. Kolskjegg mælte: «Kva hev du drøymt, frende?« -- «Slikt hev eg drøymt,« seier Gunnar, «at eg skulde ikkje hava ride fraa Tunga so faament, hadde eg drøymt det daa.« -- « Seg os draumen din,« seier Kolskjegg. «Eg drøymde,« seier Gunnar, »at eg reid frammed Knaveholarne. Der tyktest eg sjaa ein stor hop ulvar, og dei sette paa meg alle. Men eg skunda meg unda aat Rangaai. Daa tykte eg dei søkte aat fraa alle leier, men eg varde meg. Eg skaut alle dei som fremst var, til dei kom so nære, at eg ikkje fekk bruka bogen. Daa tok eg sverdet i eine handi og atgeiren i hi, og hogg og støytte. Eg varna meg ikkje, og eg kunde ikkje skyna, kva det var som tok hoggi av for meg. Eg drap mange av vargom, og du med, Kolskjegg. Men Hjort tykte eg dei hadde fenge under seg og sleit upp brjostet, og ein stod med hjarta hans i kjeften. Men daa tykte eg eg vart so vill, at eg hogg ulven av attantil bogarne. Etter det tok ulvarne spranget. No er det mit raad, Hjort frende, at du rid attende aat Tunga.« -- «Eg vil ikkje det,« seier Hjort; »um eg veit den visse dauden min, so vil eg fylgja deg.« Dei steig til hest og reid langs med Knaveholom. Daa mælte Kolskjegg: »Ser du alle desse spjoti, frende, som kjem fram millom haugom der, og menner med vaapn ?«-- «Ikkje kjem det uventande paa meg,« seier Gunnar, »at draumen min sannast.« -- «Kva skal me no taka til?« seier Kolskjegg; «eg gjet meg til, at du vil ikkje renna unda dei.« --- «Ikkje skal dei faa det gjera spott av,« seier Gunnar; «men me skal rida framaat Rangaai -- fram paa neset. Der er det betre verjestad.« Dei reid fram paa neset og stelte seg paa. Kol mælte, daa Gunnar reid framum: «Kvart renn du av, Gunnar?« .Kolskjegg svara: «Fortel um det du, nåar dagen er all.«

Kapittel 63

Starkad eggjar mennerne sine. Dei snur ut paa neset aat dei. Sigurd Svinhovde fór fyrst, og hadde eit stort einspengt skjold i eine handi og ein stake i den andre. Gunnar ser honom og skyt til honom med bogen. Han skaut upp skjoldet, daa han saag pili kom høgt ljugande. Pili flaug igjenom skjoldet inn i auga og ut nakken, og han vart den fyrste som let livet. Ei onnor pil skaut Gunnar, som raakte Ulvhedin, raads-karen hans Starkad, midt paa. Han stupte framfyre føterne paa ein bonde, og bonden tvert yver honom att. Kolskjegg kasta ein stein, som raakte bonden i hovudet, og det vart hans bane. Daa mælte Starkad: »Detta duger ikkje for os, at han slepp aat med bogen; lat os ganga fram kvast og uforfært.« Dei eggja einannan. Gunnar varde seg med bogen so lenge det let seg gjera. Sidan kasta han den og tok atgeiren i ei hand og sverdet i hi, og hogg med baae. Bardagen vart hard. Gunnar la ned den eine etter den andre, og det gjorde og Kolskjegg. Daa mælte Torgeir Starkadson: »Eg lova aa gjeva Hildegunn hovudet dit, Gunnar.« -- »Ikkje gjer ho so mykje av det, tenkjer eg, um du er kar til aa halda den lovnaden elder ei,« seier Gunnar, »men du maa koma nærare, skal du det millom handom hava.« Torgeir mælte daa til brørne sine: »Lat os laupa paa honom alle i senn; han hev ikkje skjold, og no skal me raa med honom.« Dei flaug fram, Bork og Torkjell, og kom fyre Torgeir. Bork hogg til Gunnar. Gunnar slo atgeiren so hardt imot, at sverdet dreiv ut or handi paa Bork. Han ser Torkjell stend i hoggføre paa andre leii. Gunnar stod noko paa hall. Han sveivde til med sverdet; det raakte Torkjell paa halsen, so hovudet fauk av. Kol Egilson mælte: «Slepp meg framaat Kolskjegg; eg hev støtt sagt, at me maa vera jamføre i strid.« -- «Det kan me freista no,« seier Kolskjegg. Kol støyter til honom med spjotet. Kolskjegg hadde det som mest annvint med aa gjera fraa seg ein annan, og fekk ikkje fyre seg skjoldet, og styngen kom i laaret utanbeins og gjekk igjenom. Kolskjegg snudde seg kvast, steig burtaat honom og hogg med sakset yver laaret og unda honom foten, og mælte: »Kva? raakte eg elder inkje?« --«Det fekk eg svia for,« seier Kol, »at eg var skjoldberr,« og stod ei stund paa hin foten og saag paa stubben. Kolskjegg mælte: «Ikkje treng du sjaa etter; det er nett som du tykkjer; av er foten.« Kol fell daa daud ned. Men daa Egil, far hans, ser det, løyp han aat Gunnar og høgg til honom. Gunnar støyter imot med atgeiren og raakte Egil midtpaa, veg honom so upp paa atgeiren og kastar honom ut i Rangaai. Daa mælte Starkad: «Ein vesallmann er du, Tore austmann, som sit still no, daa Egil, husbond og værfar din, er drepen.« Daa spratt austmannen upp i stort egse. Hjort hadde vorte tvo manns bane. Austmannen flyg til og høgg honom eit djupt hogg framan i bringa. Hjort fell daud ned straks. Gunnar ser det og kastar seg kvast fram til hogg imot austmannen og sneier honom tvert av midtpaa. Lite seinare skyt Gunnar atgeiren til Bork og raakar honom midtpaa, so atgeiren flaug igjenom honom og ned i vollen. Kolskjegg hogg hovudet av Hauk Egilson, men Gunnar hogg handi av Ottar i olboge-boti. Daa mælte Starkad: «Lat os fly no; det er ikkje « folk me slæst med.« Gunnar mælte: «De tykkjer visst, fedgar, det er leitt aa bera fraasegn um striden, nåar det ikkje syner, at de hev vore med.« Gunnar sprang etter og gav far og son kvar sit saar. Etter det skildest dei; men Gunnar hadde saara mange av dei som kom unda. Det fall fjortan i denne bardagen. Hjort var den femtande. Gunnar førde Hjort heim paa skjoldet sit, og han vart hauglagd paa Lidarende. Det var mange som syrgde paa honom; for han var vensæl. Starkad og kom heim, og Hildegunn grødde saari hans og hans Torgeir og mælte: «De kunde gjeve mykje til, hadde striden med Gunnar vore ugjord.« -- «Det er so,« seier Starkad.

Kapittel 64

Steinvor paa Sandgil bad Torgrim austmann taka gardsstyret hjaa henne, og ikkje fara aust att, og paa denne maaten minnast dauden aat felagen og frenden sin. Han svara: »Det spaadde han meg, Tore, at vart eg her verande, so kom eg til aa falla for Gunnar, og han visste nok det og, han, som visste sin eigen daude fyreaat.« Ho svarar: »Eg vil gjeva deg Gudrun, dotter mi, og helvti med meg av alt eg hev, um du vil vera.« -- »Eg visste ikkje du vilde kjøpa det so dyrt,« seier han. Dette vart daa avgjort, og gjestebodet vart straks den sumaren. Gunnar reid aat Bergtorskvaal, og Kolskjegg var med. Njaal var ute, og sønerne hans; dei gjekk imot dei og fagna dei vel. Gunnar mælte: «Hiter eg komen for aa søkja baade hjelp og gode raad hjaa deg.« -- »Det er du vel skyldt til,« seier Njaal. Gunnar sa: »Eg er komen i ein stor vanraade og hev drepe mange menner, og no vil eg vita, kva du vil det skal gjerast.« -- »Mange vil segja, at du hev vore hardt nøydd,« seier Njaal, »men no lyt du gjeva meg god tid til aa tenkja yver det.« Njaal gjekk ut ein-saman og tenkte det ut, og kom so att og sa: »No hev eg tenkt yver det noko, og det tykkjest meg, at dette maalemnet lyt drivast med hardo. Torgeir hev barna Torfinna, frenka mi, og eg skal gjeva deg den legomaals-saki paa henderne. Ei onnor skoggangs-sak gjev eg deg paa Starkad, for di han hev hogge i skogen min paa Tri-hyrningshalsarne. Du skal faa baae desse aa søkja honom med. So skal du fara dit de slost, og grava upp dei daude, nemna vitne paa saari og lysa dei uhelga, for di dei får imot deg med dei tankom aa gjeva saar og braadaude deg og brørom dine. Men er detta prova paa tinget, og dei set imot det, at du hev slege Torgeir fyreaat, og ved det mist retten din til aa søkja saker for deg sjølv og andre, so skal eg gjeva svar paa det og segja, at eg helga deg paa Tingskaaletinget, so du kunde søkja baade eigne maal og andre, og daa er det svara paa det maalemnet. Og so skal du finna Tyrving i Berjanes og faa honom til aa gjeva deg ei sak paa hender, som han hev med Ønund i Trollskog, bror hans Egil; for han er næraste ettermaalsmannen etter honom.« Gunnar reid fyrst heim att, men nokre næter etter reid Gunnar og Njaalssønerne dit som liki laag, grov dei upp alle som var nedgravne, og lyste dei alle uhelga aa vera for yverfall og liv-raad, og reid so heim.

Kapittel 65

Sama hausten kom Valgard hin graa austanfraa og for heim aat Hov. Torgeir reiste til Valgard og Mord og fortalde dei, kva for eit meinbægje det var, at Gunnar hadde uhelga alle dei som var drepne. Valgard sa, at det var nok etter raadom hans Njaal, og dei var nok ikkje enno uppkomne, alle dei han hadde gjeve Gunnar. Torgeir bad dei um hjelp og fylgje. Dei drog seg unda lenge, men sistpaa tinga dei um stor pengeløn. Dei vart samde um, at Mord skulde fri aat Torkatla, dotter hans Gissur Kvite, og Torgeir skulde rida i fylgje med Valgard og Mård vest-um aaerne. Dagen etter reid dei ut tolv-saman, og kom til Mosfell. Der vart dei vel fagna og vart der um natti. Dei bar fram maalemnet um friingi, og enden vart den, at dei tok ved giftet, og laget skulde vera paa Mosfell um ein halv maanad. Sidan får dei heim. Far og son får med stort fylgje til gjestebods -- der var og mange komne fyre, og laget gjekk vel. Torkatla flutte til aat Mord, men Valgard for austerpaa att um sumaren. Mord eggja Torgeir upp til at han skulde bu til maalemnet mot Gunnar. Torgeir fór til Ønund i Trollskogen og bad honom bu seg til med draapssak etter Egil, bror sin, og sønerne hans; »men eg vil bu til draapssaki etter brørom mine og for saari som eg og far min fekk.« Ønund sa, at til det var han fullbuen. Dei drog til vigstaden, lyste draapi og nemnde seg nie vigvangsvitne.

Denna maaltilbunaden spurdest aat Lidarende. Gunnar reid for aa finna Njaal og seier honom det, og spør kva han vilde det no skulde gjerast. »No skal du,« seier Njaal, «stemna saman nærbuarne og lysingsvitni dine, og taka dei til vitne paa, at du vél Kol til draaps-mann aat Hjort; for det er rett. Sidan skal du lysa draapet til aa koma paa Kol, like vel um han er daud. So skal du nemna deg vitne og stemna nærbuarne til aa rida til Alltings og bera vitne, um Kol og dei andre var til stadar og var med i paa-laupet, daa Hjort vart drepen. Og so skal du stemna Torgeir for legomaals-saki og so Ønund for saki med Tyrving.« Gunnar gjorde i alle maatar soleis som Njaal hadde raadt honom til. Detta tykte folk var ein undarleg maaltilbunad. Saki kom so til tings. Gunnar reid til tings, og Njaal og sønerne hans og Sigfussønerne. Gunnar hadde sendt ein mann aat maagom sine og bedt dei møta fram mannsterke, og sa at dette vart ei harddrøg sak for honom. Og dei vestantil samla stort fylgje. Mord reid til tings, og Runolv fraa Dal, dei unda Trihyrningen og Ønund fraa Trollskogen.

Kapittel 66

Men daa desse mennerne kom til tings, slo dei seg straks i lag med Gissur Kvite og Geir Gode. Gunnar, Sigfussønerne og Njaalssønerne var i ein flokk, og fór so kvast fram, at dei som møtte dei laut sjaa seg fyre, at dei ikkje vart drivne overende. Og det var ikkje noko paa heile tinget det var so mykje røtt um som denna store trætta. Gunnar gjekk til møtes med maagom sine, og Olav og dei fagna honom vel. Dei spurde Gunnar um dragsmaalet, og han gjorde vel greia for all ting, tala ingen for nær, og sa dei kva han sidan hadde gjort. Olav mælte: »Det er mykje verdt, so fast som Njaal stend deg ved sida i alle raadgjerder.« Gunnar sa, at han aldri kunde løna det til fullnad. Han bad dei um hjelp og fylgje. Dei sa, at det var deira skyldnad. Baae maali kom for retten, og kvar førde sit. Mord spurde, kva rett ein mann som Gunnar hadde til aa føra sak, som hadde gjort seg uhelga med aa slaa Torgeir Starkadson. Njaal svara: «Var du paa Ting-skaaletinget i haust var?« -- «Visst var eg det,« seier Mord. «Høyrde du, at Gunnar baud honom full semja?« -- «Visst høyrde eg det,« seier Mord. «Daa fredhelga eg Gunnar,« seier Njaal, «til aa føra alle lovlege saker.« -- «Rett er detta,« seier Mord; «men kor ber til, at Gunnar lyste draapet paa Hjort til aa koma paa Kol? for det var austmannen som drap honom.« -- «Det var rett,« seier Njaal, «nåar han tok vitne paa, at han valde honom ut til draapsmann.« -- «Detta er nok rett,« seier Mord; «men kva var det Gunnar lyste dei uhelga for, alle dei som var drepne?« -- «Du treng ikkje spyrja um det,« seier Njaal, «der dei alle var utgjengne paa meinverk og manndraap.« Mord mælte: «Det vart det ikkje til med Gunnar.« -- «Dei var brørne hans Gunnar baade Hjort og Kolskjegg,« seier Njaal, «og den eine fekk bane, og den andre fekk saar.« -- «Loven hev de med dykk,« seier Mord, «endaa det er hard kost aa ganga paa.« Daa gjekk han fram, Hjalte Skjeggjeson fraa Tjorsaadal, og mælte: «Ikkje er eg innblanda i trætta dykkar; men no vil eg vita, Gunnar, kva du vil gjera for mine ord og venskaps skuld.« -- »Kva krev du?« seier Gunnar. »Det,« seier Hjalte, »at du legg alle maali under skyns-dom og læt gode menner døma.« Gunnar mælte: »Daa skal du aldri vera imot meg, kven eg so hev med aa gjera.« -- »Det vil eg lova deg,« seier Hjalte. Sidan tala han ved motmennerne hans Gunnar, og det kom til det, at dei sættest alle og gav einannan full trygd. Saaret som Torgeir hadde fenge, skulde gaa jamnt upp med legomaalssaki, og skoghogsten med saaret hans Starkad. Brørne hans Torgeir vart bøtte med halv bot; den andre halva skulde falla burt for yverfallet paa Gunnar. Draapet paa Egil og saki med Tyrving skulde gaa jamnt upp. Draapet paa Hjort skulde gaa upp med draapet paa Kol og austmannen. Dei andre vart bøtte med halv bot. Njaal var med i denne sættar-nemndi, og Aasgrim Ellidagrimsson og Hjalte Skjeggjeson. Njaal hadde mykje til gode baade hjaa Starkad og hjaa dei i Sandgil, og alt det gav han Gunnar til aa bøta med. So mange vener aatte Gunnar paa tinget, at han kunde greia ut bøter for alle draapi daa med sama, og endaa gjeva mange gaavor aat hov-dingom som hadde hjelpt honom, og han hadde den største sømd av saki. Alle var dei samde um, at hans jamning fanst ikkje i Sørlendinga-fjorungen. Gunnar reid heim, og sat no i fred. Men motmennerne hans ovunda honom mykje sømdi hans.

Kapittel 67

No er det aa fortelja um Torgeir Otkjellson. Han mannast vel, vart ein staut mann, stor og sterk, trulynd og godtruen og vel mykje etterhøyren etter andre. Han var vensæl millom dei beste menner og elska av frendom sine. Ein gong kom Torgeir Starkadson aat Mord frenden sin. »Eg likar ille den vending ho tok, saki med Gunnar,« seier han. »Du veit eg hev kjøpt hjelp av deg, so lenge me baae er i live. Og no vil eg, at du skal tenkja ut ei elder onnor raadgjerdi som kan verta Gunnar til mein. Og legg deg no i det! Eg talar so beint ut, av di eg veit, at du er verste uvenen hans Gunnar, og han din; eg skal storleg auka sømdi di, um du gjer dit beste.« -- »Det syner seg jamnan,« seier Mord, »at eg er pengekjær, og like eins her med. Men det vert vandt aa stella det so, at du kan faa dit fram, og endaa sleppa verta grid-nidding og trygdarrovs-mann. Men det er meg sagt, at Kolskjegg etlar seg til aa løysa inn att fjorungen av Moeidarkvaal, som far din fekk i sonarbot. Detta maalemnet hev han teke for mor si, og det er raadi hans Gunnar aa leggja ut lausøyre og ikkje sleppa jordi. Det er best aa bia, til det er gjort, og daa segja, at han hev brote semja med dykk. Han hev og teke saaland fraa Torgeir Otkjellson, so sætten med honom er og broten. Du skal fara til Torgeir Otkjellson og faa honom med deg mot Gunnar. Men um det glett for dykk einkvarn gongen, so de ikkje fær gjort det av med honom, so skal de gaa paa honom oftare. Eg kan segja deg, at Njaal hev spaatt Gunnar og sagt honom lagnaden hans, at drep han meir en ein gong i sama ættgreini, og so det kjem attaat, at han riv sætten som daa vert gjord, so hev han ikkje att lenge ulevt. Og det er for di du skal draga Torgeir inn i maalemnet dit, at Gunnar hev drepe far hans fyrr. Nåar de so baae kjem i kast med Gunnar, so skal du halda deg attende. Men Torgeir gjeng fram vel, han, og vert felld av Gunnar; daa hev han drepe tvo gonger i sama ættgreini, og daa skal du fly fraa striden. Men um dette vil draga honom daude paa, daa kjem han og til aa riva sætten. Til des fær ein daa bia.« Etter dette fór Torgeir heim og seier far sin detta i løynd. Dei vart samde um aa halda denna raadgjerdi for seg sjølve.

Kapittel 68

Noko seinare for Torgeir Starkadson til Kyrkjebø for aa finna namnen sin, og dei gjekk til samtals og tala tvo-eine heile dagen. Men sistpaa gav Torgeir Starkadson namnen sin eit gull-lagt spjot; sidan reid han heim. Dei vart no dei beste vener. Paa Ting-skaaletinget um hausten søkte Kolskjegg den jordluten av Moeidarkvaal, men Gunnar nemnde seg vitne og baud dei fraa under Trihyrningen lausøyre elder anna land etter lovleg takst. Torgeir nemnde seg vitne, at Gunnar braut semja med dei. Etter dette slutta tinget. Det aaret gjekk. Namnarne er ofte saman, og det er skrip-godt med dei. Kolskjegg sa ein gong til Gunnar: »Det er meg sagt, at det er overlag hæv venskap med Torgeir Otkjellson og Torgeir Starkadson, og det er mange menns tale, at dei ikkje er aa tru; og eg vil beda deg vera var um deg.« -- «Feigdi mi kjem fulla,« seier Gunnar, «kvar eg er stadd, er det so etla meg.« Dei tala ikkje meir um det.

Gunnar sa fyre um onni, at fyrst skulde dei onna ei vika heime, og so den andre nede paa øyom, til dei fekk gjort fraa seg høyonni, og alle skulde vera med. so nær som han og kvinnorne. Torgeir unda Trihyrningen fór aat namnen sin. Straks dei fanst, talast dei ved, som dei var van. Torgeir Starkadson mælte: »Eg hadde vilja, at me skulde herda os til aa fara mot Gunnar.« -- «Slike hev møti med Gunnar vore,« seier Torgeir Otkjellson, »at faae hev gjenge fraa dei med siger; og illt tykkjest meg det er aa heita gridnidding.« -- «Dei hev brote semja; ikkje me,« seier Torgeir Starkadson ; fraa deg tok han saalandet dit, og fraa meg og far min tok han Moeidarkvaal.« Dei vart samstelte um aa fara imot Gunnar. Torgeir Starkadson sa, at um nokre faae næter vart Gunnar verande aaleine heime; »du skal møta med tolv mann, og eg skal hava jamnt like mange. Sidan reid Torgeir heim.

Kapittel 69

Daa tenestkararne og Kolskjegg hadde vore tri næter nedpaa øyom, fekk Torgeir Starkadson nysn um det og sende bod aat namnen sin, at han skulde møta honom under Trihyrningshalsarne. Sidan laga han seg til med elleve menner. Han reid innpaa halsen og bidde paa namnen sin. Gunnar var aaleine heime paa garden. Namnarne reid inni noko skog; der vart dei so svevnuge, at dei kunde ikkje anna en sova. Dei hengde skjoldi paa greinerne, batt hestarne sine og sette vaapni frammed seg. Denne natti var Njaal paa Torolvsfell. Han fekk ikkje sova, men gjekk ut og inn. Torhild spurde, kvifor han ikkje fekk sova. »Det er mangt som berst for augo mine,« sa han. »Eg ser mange fylgjor, som vil Gunnar vondt; men det er so undarlegt: Dei ser olme ut, men fer likevel raadlaust fram.« Lite etter kom det ein mann innaat døri ridande, steig av hesten og kom inn; det var saugjætaren hennar Torhild. Ho sa: «Kor gjekk det, fann du sauerne?« -- »Eg fann det som meir var,« seier han. »Kva er det,« seier Njaal. »Eg fann fire-og-tjuge menner uppi skogen,« seier han; »dei hadde bunde hestarne sine og sov sjølve. Dei hadde fest skjoldi sine paa greinerne.« Og so vel hadde han set etter, at han sa fraa, korleis kvar var klædd og væpna. Daa visste Njaal, kven kvar var, og sa ved honom: «Ein god tenar er du -- berre det var mange slike -- detta skal du stendig njota godt av; men likevel, eg vil senda deg i vegen att.« Han jatta aa fara. »Du skal fara aat Lidarende,« seier Njaal, »og segja til Gunnar, at han fer aat Grjotaa og samlar folk; men eg skal fara aat dei som i skogen er, og skræma dei fraa. Dette hev bore so vel til, at dei ingenting skal vinna med detta, men missa mykje.«

Sauemannen fór og fortalde Gunnar greitt alt saman. Gunnar reid aat Grjotaa og stemnde aat seg folk. Njaal reid stad og fann mennerne. «Uvarleg ligg de til,« seier han, «elder kva skal denna ferdi vera tii? Gunnar er ingen godsau. Og um sant skal segjast, so er detta aa liggja hardt etter livet hans. Og det skal de og vita, at Gunnar samlar folk og kjem yver dykk og drep dykk, um de ikkje skundar dykk og rid heim att.« Dei skvett upp, reint forstøkte, tek vaapni sine, kastar seg paa hestarne og legg i vegen heim att aat Trihyrningen. Njaal fór aat Gunnar og bad honom ikkje aa sleppa hjelpi fraa seg; »eg skal fara imillom og faa dykk forlikte; dei er so høveleg rædde no. Men for desse raadi mot livet dit, som dei er alle um, skal det ikkje verta mindre bøter en for ein av namnarne, um so ber til, at ein av dei vert felld. Eg skal taka sylvet i vareign, so det er til handa for deg, um du fær bruk for det.«

Kapittel 70

Gunnar takka Njaal for hjelpi. Njaal reid under Trihyrningen og sa dei, at Gunnar skilde ikkje flokken, fyrr det var greitt med dei. Dei baud bot for seg, og var overlag ottefulle, og bad Njaal fara med sættar-bod. Han svara, at berre daa vilde han fara med det, nåar ingi svikraad var under. Dei bad honom vera med og faa det stilt att, og lova ut aa halda den sætten som han vilde gjera. Njaal sa han vilde ikkje gjera noko ved det fyrr paa tinget, nåar dei beste menner var med. Dei gjekk med paa det. Njaal gjekk daa imillom dei, so dei handfeste kvarandre grid og semja. Njaal skulde vera skilsmann og taka med i skynsnemndi dei han vilde. Straks etter raaktest namnarne og Mord Valgardson. Mord tala dei hardt til, for di dei hadde lagt det under Njaal, som var slik ven med Gunnar, og meinte at det stod dei seg ikkje paa.

Folk rid til Alltings som vanleg. Baae flokkarne er paa tinget. Njaal kravde ljod, og spurde hovdingarne og dei beste menner som der var komne, kva krav dei tykte Gunnar kunde hava paa namnarne for det dei hadde stade etter livet hans. Dei svara, at dei tykte ein slik mann hadde stor rett for seg. Njaal spurde, um han hadde krav paa alle som var med, elder um fyremennerne skulde svara for alt. Dei sa, at førarane hadde aa svara mest, men dei andre helder ikkje so lite. «Det vil mange mæla,« seier Mord, »at det var ikkje saklaust; for Gunnar hev brote semja ved namnarne.« -- «Ikkje er det sættar-rov,« seier Njaal, »at kvar søkjer sin rett etter loven. For med lov skal landet vaart byggjast, og ikkje med ulovøydast.» OgNjaalsa mennerne, at Gunnar hadde bode onnor jord for Moeidar-kvaal elder gods i staden. Namnarne tykte, at dei var snytte av Mord, gav honom vondord, og sa dei hadde honom aa takka for detta utlegget. Njaal tok ut ei tolvmanns-nemnd til aa avgjera dette maalet. Dei som hadde vore med, laut ut med eit hundrad i sylv kvar, men namnarne med tvo hundrad kvar seg. Njaal tok imot alt godset til varveitsla. Dei gav kvarandre trygd og grid, og Njaal sa fyre. Gunnar reid fraa tinget vest aat Dalom til Hjardarholt. Olav Paa tok vel imot honom. Han vart der ein halv maanad. Gunnar fór mange stader ikring, og alle tok imot honom med fegne hender. Men i skilnaden sa Olav til Gunnar: »Eg vil gjeva deg tri dyre ting: ein gullring og ei kappa, som Myrkjartan, irekongen, hev aatt, og ein hund, som eg og fekk i Irland. Han er stor, og det er likso godt fylgje i honom som i ein rask mann. Og han er slik, at han hev mannevit. Og han vil søkja paa kvar ein som han veit er uvenen din, men aldri paa dine vener; for han ser det paa kvar mann, um han vil deg vel elder ille. Og han set livet inn paa aa vera deg tru. Han heiter Saam.« Sidan sa han til hunden: »No skal du fylgja Gunnar og vera honom til all den hjelp du kan.« Hunden gjekk burtaat Gunnar straks og la seg ved føterne hans. Olav bad Gunnar vera var um seg, og sa han hadde ovundsmenner, »for di at du no er den mest aagjetne mannen i landet.« Gunnar takka honom for gaavorne og dei gode raad, og reid heim. Han sit no heime ei rid, og alt er stilt.

Kapittel 71

Lite seinare kom dei saman namnarne og Mord. Dei vart ikkje sameinte. Dei tyktest hava mist mykje gods for Mord si skuld og ikkje fenge noko att, og bad honom finna paa ei onnor raadgjerd, som kunde vera Gunnar til mein. Mord sa, at det vilde han gjera. »Og det er no mit raad, at Torgeir Otkjellson legg seg ut um aa daara Ormhild, frenka hans Gunnar; av det vil Gunnar taka utokke aat deg. Eg skal faa ut det ordet, at Gunnar ikkje vil lata det staa til med det. Noko seinare skal de fara imot honom. Men de skal ikkje gaa paa honom heime; for det er ikkje aa meina paa for nokon, so lenge hunden lever.« Dei vart samstelte um, at soleis skulde det farast fram. Sumaren gjekk. Torgeir tok til aa gaa aat Ormhild. Gunnar tykte ille um det, og det la seg stor utokke imillom dei. Og soleis gjekk vintren. Sumaren kom, og dei heldt ved aa møtast i løynd alt som oftast daa med. Torgeir unda Trihyrningen og Mord fanst ofte, og raad-la at dei skulde taka paa Gunnar, nåar han reid ned aat oyom for aa sjaa til med arbeidet aat huskarom sine. Ein gong vart Mord var, at Gunnar reid ned i øyarne, og so sende han ein mann aat Trihyrningen, til aa segja Torgeir, at no var det best von til aa koma yver Gunnar. Dei fekk det braatt med aa koma seg i vegen, og fór heiman tolv mann i fylgje. Men daa dei kom aat Kyrkjebø, var det der tolv andre. Dei tala um, kvar dei skulde setja seg fyre, og dei vart samde um aa fara nedetter aat Rangaai og leggja seg i veg for honom der. Daa Gunnar kom ridande nedantil fraa øyom, reid Kolskjegg med honom. Gunnar hadde boge og piler og atgeiren. Kolskjegg hadde sakset og full væpning.

Kapittel 72

Som Gunnar og Kolskjegg rid upp med Rangaai, ber det til det hendet, at det fell blod paa atgeiren. Kolskjegg spurde, kva det hadde aa sæta. Gunnar sa, at nåar noko slikt hende, so kalla dei det saar-regn i andre land. »Og han sa so Ølve i Hising, at det var jamnan fyre stor-møte.« Dei reid til des dei fekk sjaa mennerne ved aai; dei ser, at dei sat og hadde bunde hestarne sine. Gunnar mælte: »Det er nok fyreseta her.« -- »Dei hev lenge vore lite aa tru,« seier Kolskjegg; »kva raad skal me no taka?« -- »Me skal rida framum dei,« seier Gunnar, »og uppyver aat vadet og stella os paa der.« Dei hine ser det og set etter straks.

Gunnar tømer pileholken ned paa marki framfor seg, spenner bogen, og skyt, so snart dei kjem i skotmaal. Med det saara han mange og drap sume. Daa mælte Torgeir Otkjellson: «Dette duger os ikkje; lat os gaa paa som hardast.« Dei gjorde so. Fyrst gjekk Ønund hin fagre, frenden hans Torgeir. Gunnar skaut atgeiren tii honom; den raakte i skjoldet, so det klovna i tvau, og atgeiren flaug igjenom Ønund. Øgmund Floke flaug paa Gunnar bakan-ifraa. Kolskjegg saag det og hogg baae føterne unda honom og støytte honom ut i Rangaai, so han drukna med det sama. No vart striden ofsen og hard. Gunnar stakk med eine handi og hogg med hi. Kolskjegg og la ned den eine etter den andre og saara mange. Torgeir Starkadson mælte til namnen sin: «Ein ser lite til, at du hev far din aa hemna.« Torgeir svarar: «Det vantar visst paa, at eg hev gjenge vel fram; men endaa hev ikkje du fylgt i hælarne paa meg. Men likevel skal eg ikkje taka mot fleire neise-ord av deg.« Han renner til Gunnar i fullt sinne og støyter spjotet igjenom skjoldet og so igjenom handi paa honom. Gunnar snara skjoldet so hardt, at spjot-skaftet brotna i falen. Gunnar ser, at ein annan mann er komen i hoggmaal med honom, og hogg fyrst honom banehogget. Etter det tok han atgeiren med baae handom. Daa var Torgeir komen tett innpaa honom med sverdet i høgste hogg. Gunnar snur seg kvast imot Torgeir i full vreide, set atgeiren igjenom honom, veg honom til vers og kastar honom ut i Rangaai. Han rek nedaat vadet og vart liggjande der yver ein stein, og sidan hev det heitt Torgeirsvadet. Torgeir Starkadson mælte daa: »Lat os fly; som det no er, kan me ikkje venta vinning denne gongen.« Dermed tok dei vegen ifraa alle saman. »Lat os setja etter dei,« seier Kolskjegg. «Tak du bogen og pilerne; du kan nok koma i skotmaal med Torgeir Starkadson.« Gunnar svara: »Pengepungarne vert tome, nåar desse er bøtte som ligg her.« -- »Sylvet rekk nok til,« seier Kolskjegg; »men Torgeir gjev seg ikkje, fyrr han fær raadt deg bane.« -- »Det skal faa staa nokre slike som han i vegen min, fyrr eg er rædd dei,« seier Gunnar. Sidan reid dei heim og seier kva som er hendt. Hallgjerd fegnast ved tidendi og roste verket. Rannveig mælte: «Kan so vera, at verket er godt; men so illt med som eg vart ved det, hev eg vondt for aa tru, at det kan koma noko godt av det.«

Kapittel 73

Denne tidendi spurdest vidt, og det var mange som syrgde paa Torgeir. Gissur Kvite og Geir Gode reid dit striden hadde stade, lyste draapi og sa til nærbuar til aa møta paa tinget, og reid so vestetter att. Njaal og Gunnar kom saman og talast ved um bardagen. Daa mælte Njaal: »Ver no var um deg; no hev du drepe tvo gonger i sama ættlina; hugs paa, at livet dit ligg ved, um du ikkje held den semja som vert gjord.« -- »Paa ingen vis etlar eg aa br jota den,« seier Gunnar; «men eg kjem hardt til aa trenga di hjelp paa tinget.« Njaal svara: »Eg skal halda ved sama truskapen mot deg til min døyande-dag.« Gunnar reid heim. Det leid innaat tinget. Baae flokkarne kom mannsterke. Paa tinget var det dette dei hadde uppe millom seg alle folk, kva ende det kom til aa taka med dette maalemnet. Gissur Kvite og Geir Gode talast ved sins-imillom, kven av dei som skulde lysa draapssaki etter Torgeir. Det vart so, at Gissur tok henne. Han lyste saki paa lovberget og tok soleis til ords: »Eg lyser lovmælt yverfalls-sak paa Gunnar Haamundson, for di han for med-lovmælt yverfall mot Torgeir Otkjellson og gav honom hol-saar, som vart til eit ulivssaar, og som Torgeir fekk bane av. Nemner eg honom for den saki saka skoggangsmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemner eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Eg lyser til den fjorungsdom som saki høyrer inn under etter loven; eg lyser lovleg lysing. Lyser eg i høyrande logn paa lovberget, og eg lyser til søksmaal i sumar og til full fredløysa yver Gunnar Haa-mundson. « Andre gongen nemnde Gissur seg vitne og lyste sak paa Gunnar Haamundson, saar-sak, fordi han gav Torgeir Otkjellson holsaar som ulivssaar vart og som Torgeir fekk bane av paa den vigvangen der Gunnar fór mot Torgeir med lovmælt yverfall. Sidan lyste han denne lysingi som den fyrre. Og sist spurde han etter tingfeste og heimvist. Etter det gjekk folk fraa lovberget. Alle sa han hadde tala godt. Gunnar var still av seg og sa ikkje mykje. Det lid frampaa tinget, til den tid at fjorungsrettarne skal setjast. Gunnar stod nordanfor Rangæinga-retten med mennom sine, men Gissur og hans flokk stod sunnanfor. Gissur nemnde seg vitne og baud Gunnar lya paa eiden sin, paa saki han sa fram, og alle dei gagnmaal han tenkte aa føra i saki. Etter det gjorde han eid. So sa han fram saki si, med same ordlagi som daa han lyste henne. So førde han fram lysingsvitne. So baud han nemndsmennerne til sætes og motflokken til aa rydja nemndi.

Kapittel 74

Daa mælte Njaal: »No er det ikkje tid til aa sitja og ingen ting gjera; lat os gaa dit nemndi sit.« Dei gjekk dit og rudde fire buar utor nemndi, og nemnde dei fem som sat att til aa bera bergingsmaal for Gunnar, um ikkje Torgeir Starkadson og Torgeir Otkjellson hadde fare imot Gunnar med den tanke aa gjera yverfall paa honom, um dei kunde. Alle vitna daa med ein gong, at so var det. Njaal nemnde det som lovleg vern i saki, og sa seg aa vilja bera fram verni, um dei ikkje vilde sættast. Daa var det mange hovdingar som la seg frami og kravde semja; og det vart til det, at tolv menner skulde døma i saki. Baae flokkarne gjekk fram og handfeste semja. Etter di vart saki uppteki til skyns-dom, og bøter fastsette, og dei skulde leggjast ut der paa tinget. Gunnar og Kolskjegg skulde fara fraa landet og vera burte i tri aar. Men um Gunnar ikkje reiste, so sant det var raad til det, daa hadde frendarne aat dei drepne lov til aa taka livet hans. Gunnar let seg ikkje merka med, at han tykte sætten ikkje var god. Han spurde Njaal etter det godset som han hadde gjeve honom til varveitsla. Det hadde øksla seg under Njaals hender, og daa han greidde det ut, var det jamnt so mykje som Gunnar skulde ut med. Folk rid no heim. Gunnar og Njaal fylgdest fraa tinget. Daa mælte Njaal til Gunnar: »Sjaa no so til, gode ven, at du held denne sætten, og drag deg til minnes det me hev tala um. So visst som den fyrste utferdi di vart deg til stor sømd, so skal denne verta det endaa mykje meir. Du kjem daa att med stor mannvyrnad og vert ein gamal mann, og det vert ingen her til aa ganga framum deg. Men dersom du ikkje fer, men riv sætten, daa vert du drepen her i landet -- og det er illt aa vita for dei som er venerne dine.« Gunnar sa, han tenkte ikkje aa brjota semja. Han rid heim og fortel um avgjerdi som var gjord. Rannveig, mor hans, sa det var vel, at han for or landet, so dei fekk einkvarn annan aa stridast med so lenge.

Kapittel 75

Traain Sigfusson sa tii kona si, at han etla seg til aa fara utanfraa den sumaren. Ho sa det var raad til det. Han tinga seg føre med Hogne hin kvite; Gunnar og Kolskjegg med Arnfinn hin vikværske. Grim og Helge Njaalssøner bad far sin um løyve til aa fara utanfraa. Njaal mælte: »Ho vert so meinsam for dykk den ferdi, at de kjem til tykkja det er tvisynt med livet; men noko heidr og vyrnad kjem de til aa vinna millom folk. Men det kan nok vera von, at ferdi dreg vandemaal med seg, etter at de kjem hit ut att.« Dei bad likevel alt i eit um aa faa fara, og det vart so, at han gav dei lov til det, um dei vilde. Dei tinga seg føre med Baard hin svarte og Olav, son hans Kjetil fraa Elda. Og det vart mykje umtala, at so mange av dei beste i bygdi for burt.

Hogne og Grane, sønerne hans Gunnar, var so vidt vaksne. Det var ulike brørar, desse tvo. Grane hadde mykje av skaplyndet aat mor si, men Hogne var god av seg. Gunnar let varorne sine og hans Kolskjegg fora til skips. Og daa alt reisefanget hans var kome paa skipet, og det var ferdugt til aa sigla, reid han aat Bergtorskvaal og andre gardar for aa finna folk og takka alle som hadde gjeve honom hjelp. Tidleg um morgoen dagen etter gjorde han seg ferdug til aa fara paa skipet, og sa til alt folket sit, at no reid han burt for ollo. Dei tykte dette var stridt, men dei gjorde seg von um, at han kom nok att aat dei ein gong. Gunnar tok farvel med kvar for seg av husfolki sine, daa han var buen, og dei fylgde honom ut alle saman. Han stakk atgeiren i jordi og kasta seg uppi salen, og han og Kolskjegg reid burt. Dei reid nedmed Markarfljot. Daa snaava hesten hans Gunnar, so han rapa av. Han kom til aa sjaa seg attende, upp til lidi og bøen paa Lidarende. Daa sa han: »Fager er lidi, so at meg hev ho aldri synst so fager som no -- gule aakrar og slegne bøar -- eg vil rida heim att og ingenstad fara.« -- »Gjer ikkje uvenerne vaare den hugnaden,« seier Kolskjegg, »at du bryt.ordet dit; for ingen ventar seg det av deg. Og du kan vera viss um, at det gjeng som Njaal hev sagt.« -- »Eg vil ingenstad fara,« seier Gunnar, »og so hadde eg vilja at du og skulde gjort.« -- »Eg vil ikkje det,« seier Kolskjegg; »korkje i dette elder i anna vil eg gjera skam paa den tiltru folk hev til meg. Det vert daa so, at dette eine kjem til aa skilja os. Men seg mor mi og frendarne mine, at eg etlar meg ikkje til aa sjaa Island meir; for eg kjem til aa spyrja dauden din, frende, og daa er det ikkje noko her som dreg meg attende.« Soleis skildest dei. Gunnar reid heim, men Kolskjegg reid til skips og fór fraa landet. Hallgjerd vart fegi av Gunnar, daa han kom heim, men mor hans sa ikkje stort. Gunnar sat heime hausten og vintren, og hadde ikkje mange menner um seg. Det lid so vintren gjeng utor garden. Olav Paa sende ein mann aat Gunnar og bad honom og Hallgjerd aa koma der, og lata mor si og Hogne, son sin, styra garden. Gunnar var fyrst huga paa det og sa ja; men daa det skulde verta av, so vilde han ikkje.

Men paa tinget um sumaren lyste Gissur og Geir Gunnar utlæg paa lovberget. Og fyrr tinglyden gjekk fraa einannan, stemnde Gissur alle uvenerne Jians Gunnar til Allmannagjaa: Starkad unda Trihyrningen og Torgeir, son hans, Mord og Valgard hin graa, Geir Gode og Hjalte Skjeggjeson, Torbrand og Aasbrand Torleik-soner, Eiliv og Ønund, sønerne hans Aasbrand, Ønund fraa Trollskogen og Torgrim austmann fraa Sandgil. Gissur mælte: »Eg raader til, at me fer imot Gunnar i sumar og drep honom.« Hjalte mælte: »Det lova eg Gunnar her paa tinget, daa han gjorde etter mine ord, at eg skulde aldri vera med imot honom, og so skal det vera.« Dermed gjekk Hjalte fraa. Men dei som att var, avtala yverfall paa Gunnar, og handfeste dette, og sette bøter for den som gjekk utor. Mord skulde halda nysn med, nåar det var best tilføre til aa gaa paa Gunnar. Dei var fyrti mann i dette sambandet. Det tyktest dei uvandt verk aa raa med Gunnar, no dei var burte baade Kolskjegg og Traain og mange andre av venom hans. Folk reid heim fraa tinget. Njaal fór aat Gunnar og fortalde honom baade um utlæg-lysingi og samraadet um aa falla yver honom. »Du gjer vel,« seier Gunnar, «som varar meg.« -- »No vil eg,« seier Njaal, »at sønerne mine, Skarphedin og Hoskuld, skal fara hit og vera hjaa deg; dei vil leggja sit liv ved dit liv.« -- v ikkje vil eg det,« seier Gunnar, «at sønerne dine vert drepne for mi skuld; anna eig du aa venta av meg.« -- »Det gjer ikkje noko fraa elder til,« seier Njaal; »nåar du er burte, vender uveret seg dit sønerne mine er.« -- «Ikkje er det ulikt til det,« seier Gunnar, »men likevel vil ikkje eg vera valdand i det. Men det vil eg beda deg og sønerne dine um, at de ser til med Hogne, son min. Grane vil eg ikkje tala um; for han tek seg til mangt som ikkje er etter mit sinn.« Njaal lova det og reid heim. Det er sagt, at Gunnar reid til alle folkemøte og ting, men uvenerne hans vaaga seg ikkje paa Jionom. Soleis gjekk det ei tid, at han for som usaka mann.

Kapittel 76

Um hausten sende Mord bod, at Gunnar var aaleine kar heime; alt folket var nedpaa øyom og gjorde fraa seg med slaatt-onni. Gissur og Geir reid aust yver aai, so snart dei fekk spurt det, og aust yver Sandarne til Hov. Dei sende bod aat Starkad under Trihyrningen, og dei samlast der paa Hov, alle som skulde vera med imot Gunnar, og la raad um korleis dei skulde gjera. Mord sa, at dei kunde ikkje koma uvart paa honom, minders dei fekk tak i bonden i næste garden -- han heitte Torkjell -- og tvinga honom til aa vera med dei og gaa inn paa garden aaleine og faa med seg hunden Saam. So fór dei austetter aat Lidarende, og sende nokre menner etter Torkjell. Dei tok honom med magt og gav honom det valet, anten aa verta drepen elder taka hunden. Men han valde aa løysa livet sit og gav seg med dei. Det var geilar nedaat garden paa Lidarende, og der stadna dei med flokken. Torkjell bonde gjekk heim paa garden, der hunden laag uppaa taket, og lokkar honom med seg upp i geilarne. Men i di hunden fær sjaa, at det er folk fyre der, flyg han paa Torkjell og grip honom i veket og riv honom sund. Ønund fraa Trollskogen hogg hunden i hovudet med øksi, so ho gjekk inn i heilen; hunden gav eit læte fraa seg, so høgt, at ingen av dei tyktest hava høyrt slikt, og fell daud ned.

Kapittel 77

Gunnar vakna i skaalen og mælte: »Hardt er du medfaren no, Saam fostre, og det er kanskje so til-etla, at det skal verta stutt stundi millom os.« Skaalen hans Gunnar var gjord av timber all saman, og bordtekt, og langs med brunaasarne var det gluggar med spjeld attfor. Gunnar sov i eit loftsrom, og Hallgjerd og mor hans. Men daa Gissur og dei kom innaat garden, visste dei ikkje, um Gunnar var heime. Gissur sa, at nokon laut gaa framaat husi og sjaa etter. Dei andre sette seg ned paa vollen, men Torgrim austmann gjekk upp paa skaalen. Gunnar fekk sjaa i ein raud kjole utanfor gluggen, og stakk ut med atgeiren og raakte mannen midtpaa. Torgrim glatt med fotom og slepte skjoldet og datt ned av taket. So gjekk han burtaat der som hine sat. Gissur saag paa honom og spurde: »Kva, er Gunnar heime?« -- «Sjaa etter det sjølve; men det fekk eg vita, at atgeiren hans er heime,« seier austmannen. Og so seig han daud ned. Dei søkte framaat husi; men Gunnar skaut piler paa dei, og varde seg so vel, so dei fekk ingen ting gjort. Sume sprang upp paa husi og tenkte aa koma aat med honom fraa der; men Gunnar skaut etter dei, so dei kom ingen veg med det helder. Og slik gjekk det ei rid. Dei kvilte seg og tok paa att. Gunnar skaut, so dei fekk ingen ting gjort, men laut tokka seg unda att andre gongen. Daa mælte Gissur Kvite: «Lat os gaa kvassare paa; dette vert ikkje noko av.« Dei gjekk daa paa tridje gongen, og heldt paa lenge, men laut draga seg fraa att no med. Gunnar mælte: «Det ligg ei av pilom deira utpaa taket; den skal eg skjota paa dei; det er skam, um dei fær mein av vaapnom sine eigne.« Mor hans mælte: «Gjer ikkje det, son min, so du steller dei upp att, no dei hev drege seg attende.« Gunnar treiv pili og skaut paa dei; ho raakte Eiliv Ønundson, og han fekk eit stort saar. Han hadde stade einsleg, so ingen saag, daa han fekk det. »Det kom ut ei hand,« sa Gissur, «med gullring paa, og tok ei pil som laag paa taket, og det hadde visst ikkje vorte leita ute, hadde det vore nøgdi inne; og no skal me freista att.« Mord mælte: «Lat os brenna honom inne.« -- «Det skal aldri verta,« seier Gussur, «um eg so visste det kosta livet mit. Men det stend til deg sjolv aa gjeva eit raad som duger, so sløg som du hev ord for aa vera.« Det laag nokre tog paa vollen der; dei var brukte til aa festa husi med (i storm-ver). Mord mælte: «Lat os taka desse togi og slaa um aas-endarne; so fester me dei andre endarne i steinar og set vinde-stokkar i og vind taket av huset.« Dei tok togi og gjorde alt som Mord hadde sagt. Gunnar visste ikkje ordet av, fyrr dei hadde vundet taket av heile huset. Gunnar skyt med bogen, so dei kom honom ikkje nær. Daa mælte Mord andre gongen, at dei skulde brenna Gunnar inne. Gissur svara: «Ikkje veit eg, kva det skal vera til aa koma med slikt som ingen annan vil, og det skal aldri verta.« I dette bilet spring Torbrand Torleik-son upp paa raftestokken og høgg sund bogestrengen hans Gunnar. Gunnar triv atgeiren med baae hender, snur seg kvast imot Torbrand og set atgeiren igjenom honom og kastar honom daud ned paa vollen. Daa sprang han upp, Aasbrand, bror hans. Gunnar stakk etter honom med atgeiren, men han fekk skjoldet fyre seg. Atgeiren rende igjenom skjoldet og imillom hand-leggjerne paa honom. Gunnar snara atgeiren so kvast, at skjoldet klovna og baae handleggjerne brotna, og han datt ned av veggen. Daa hadde Gunnar saara aatte og drepe tvo mann, og no fekk han tvo såar sjølv; men det sa alle, at han vyrde korkje saar elder bane. Han mælte ved Hallgjerd: »Gjev meg tvo lokkar av haaret dit, so snur du og mor mi ein bogestreng aat meg.« -- »Ligg det deg mykje ved?« seier ho. «Det stend um livet mit,« seier han; «for dei skal ikkje faa koma innpaa meg, so lenge eg kan faa bruka bogen.« -- «Daa skal eg no,« seier ho, «minnast kinnhesten du gav meg; eg er like sæl, anten du vér deg lenge elder kort.« -- «Kvar hev sit til aa verta aagjeten av,« seier Gunnar, »og eg skal ikkje lenge beda deg.« Rannveig mælte: «Ille ber du deg aat, og skammi di skal lenge minnast.« Gunnar varde seg vel og manneleg, og saarar endaa otte mann med so store saar, at mange var dauden nær. Han varde seg til des han seig ned av moda. Daa gav dei honom mange store saar. Men endaa kom han utor henderne paa dei att, og han varde seg lenge endaa. Men enden vart, at dei drap honom. Gissur mælte-. «Ein stor knape hev me no lagt i vollen, og hardt hev det røynt os; -- og ordet um honom og hans forsvar vert standande uppe, med landet er bygt.« Sidan gjekk han aat Rannveig og mælte: «Vil du gjeva jord dei tvo mennerne vaare som er daude for os, so dei vert haug-lagde her?« -- «Aat tvo so mykje helder som eg skulde unna dykk alle det,« seier ho. «Det undrar ingen, at du talar so,« seier Gissur, «for du hev mist mykje.« Og han sa fraa, at ingen skulde ræna elder tyna noko der. Deretter fór dei derifraa. Daa mælte Torgeir Starkadson: «Det vert uraad for os aa vera heime paa gardom vaare for Sigfussønom, med mindre du Gissur Kvite elder Geir Gode er her sør eit bil.« -- «Det er vel so, seier Gissur; og dei drog lut, og det vart so Geir skulde vera att. Han fór aat Odde og gav seg til der. Han hadde ein son heitte Roald. Han var løyndgjeten, og mor hans heitte Bjartøy, og ho var syster hans Torvald Veile, som vart drepen ved Hestløk paa Grimsnes. Han kytte av at han hadde gjeve Gunnar banesaar. Han var med far sin der i Odde. Torgeir Starkadson roste seg av eit anna saar han hadde gjeve Gunnar. Gissur sat heime paa Mosfell. Draapet paa Gunnar spurdest og vart ille umtala i alle bygder, og mange syrgde paa honom.

Kapittel 78

Njaal kunde ille med at Gunnar var drepen, og like eins var det med Sigfussønom. Dei spurde Njaal, um han tykte det kunde vera nokor raad med aa lysa draapssak og bua til søksmaal. Han sa, at det nytta ikkje, etter di mannen hadde dom paa seg; helder fekk ein daa sjaa til aa gjera skar i æra deira med aa drepa nokon til hemn for Gunnar. Dei kasta upp haug yver Gunnar, og sette honom sitjande inne i hangen. Rannveig vilde ikkje at atgeiren skulde vera med i haugen, og sa at berre den som vilde hemna Gunnar skulde faa taka den i henderne. Og difor var det ingen som tok i atgeiren. Ho var so hard ved Hallgjerd, at det var snautt ho heldt seg so ho ikkje drap henne, og sa, at ho hadde valda draapet paa son hennar. Hallgjerd rømde unda aat Grjotaa, og Grane, son hennar. Og no vart buet skift millom dei. Hogne skulde taka garden paa Lidarende med alt paa, men Grane skulde hava den utleigde jordi.

Det hende seg paa Lidarende, at saugjætaren og tenestgjenta jaga fé ved haugen hans Gunnar. Dei tyktest at Gunnar var glad og song inni haugen. Dei for heim og sa det til Rannveig, men ho bad dei fara aat Bergtorskvaal og segja Njaal det. Dei gjorde so, og han let dei segja seg det tri gonger. Etter det tala han lenge i still med Skarphedin. Skarphedin tok oksi si og var med dei aat Lidarende. Hogne og Rannveig tok overlag vel imot honom og var mykje fegne at han kom. Rannveig bad honom vera der lenge, og han lova det. Han og Hogne fylgdest stendig baade ute og inne. Hogne var ein gjæv mann, rask og uforfærd, men ikkje snartruen, og difor torde dei ikkje segja honom fyreburden.

Ein kveld var Skarphedin og Hogne sunnanfor haugen hans Gunnar. Det var klaart maaneskin, men sume tider drog det attfor. Det syntest dei som haugen var open, og Gunnar hadde snutt seg i haugen og saag imot maanen. Dei tyktest sjaa fire ljos som brann, og det fall ikkje skugge inni der. Dei saag han var glad, so gleda bragla i andlitet hans, og han song ei visa, og so hogt, at dei høyrde det vel, endaa dei stod langt unda:

Daamlydt or dulde heimar dygglege ord eg
mæler; mannleg han beitte bjartan byrtingen, far
din, Hogne. Aldri for uvener veik eg, der eggjar
um val braga; hjelm-prydd hermann det huga
helder døya en vægja, helder dova en vægja.

Sidan lukte haugen seg att. «Hadde du vilja trutt detta,« seier Skarphedin, «um andre hadde sagt deg det?« -- «Eg hadde vilja trutt det,« seier Hogne, «um Njaal hadde sagt det; for det er sagt, at han lyg aldri.« -- «Det er mykje i ein slik fyreburd,« sa Skarphedin; «nåar han sjølv vilde visa os, at han helder vilde døy en vika for uvenom, so var det ei raad han vilde læra os.« -- «Ingen veg kjem eg,« seier Hogne, «um ikkje du vil hjelpa meg.«--«No skal eg minnast,« seier Skarphedin, «korleis Gunnar tedde seg etter draapet paa Sigmund, frenden dykkar; eg skal gjeva den hjelpi eg kan. Det lova far min Gunnar, nåar det galdt deg og mor hans.« Sidan gjekk dei heim aat Lidarende.

Kapittel 79

Skarphedin mælte: «No skal me ganga straks i natt; for spør dei, at eg er her, so er dei varare um seg.« -- «Eg vil gjera etter dine raad,« seier Hogne. Daa dei andre var gjengne til sengs, tok dei vaapni sine. Hogne tek ned atgeiren, og det syng høgt i den. Rannveig spratt upp i stor ødd og mælte: «Kven tek ned atgeiren, nåar eg hev sagt, at ingen skal røra honom?« -- »Eg meinte,« seier Hogne, »aa føra honom aat far min til aa hava med til Valhall og bera fram paa vaapntinget.» -- .Fyrst fær no du bera honom,« seier ho, »og hemna far din; for atgeiren song um daude aat ein elder fleire.« Sidan gjekk Hogne ut og fortalde Skarphedin dei ordi som fall millom honom og bestemor hans. Dei fór no til Odde. Det flaug tvo korpar med dei heile vegen. Um natti kom dei til Odde. Dei dreiv fenaden heim aat husi. Roald og Tjorve kom laupande ut væpna og jaga fenaden upp i geilarne. Skarphedin spratt upp og sa: »Du tarv ikkje sjaa etter; det er nett som det synest deg -- det er folk her.« Dermed hogg Skarphedin Tjorve bane-hogg. Roald hadde spjot i handi. Hogne fer imot honom, og Roald stakk etter Hogne. Hogne n°gg spjotskaftet av med atgeiren og støytte den igjenom honom. Dei let dei liggja der daude, og fór derifraa aat Trihyrningen. Skarphedin flyg upp paa taket og ryskjer upp gras, og dei som inne var, tenkte det var kretur. Starkad og Torgeir klædde seg, tok vaapni sine og gjekk uppum garden; men daa Starkad saag Skarphedin, vart han rædd og vilde snu. Skarphedin hogg honom ned der attved garden. Hogne gjekk imot Torgeir og vog honom med atgeiren. Fraa der fór dei til Hov. Mord var ute paa vollen. Han bad for seg og baud full semja. Skarphedin fortalde um draapet paa dei fire, »og sama ferdi skal du og fara -- elder gjeva Hogne sjølvdom, um han vil taka imot det.« Hogne sa, at han hadde ikkje tenkt aa sættast med fars-banen sin, men sistpaa vart det so han tok sjølvdom.

Kapittel 80

Njaal hadde samraad med dei som aatte ettermaal etter Starkad og Torgeir, at dei skulde taka mot sætt.

Og det vart tilkalla heradsmøte og teke menner til aa gjera.det av. Og alt vart teke med -- yverfallet paa Gunnar des helder, endaa han var lyst utlæg. Dei bøter som vart sette, laut Mord leggja aaleine; for dei kom ikkje fram med avgjerd i hans sak, fyrr saki med hine var uppgjord, og der let dei det eine gaa upp med det andre. Soleis var dei no sameinte i alle maatar. Men paa tinget vart det tala mykje fram og attende um saki millom Geir Gode og Hogne; men det vart til det, at dei og samdest. Og den semja stod ved lag med dei sidan. Geir Gode budde paa Lid til sin døyande-dag, og han er ute or soga.

Njaal bad um Alvheid, dotter hans Vetrlide skald, til kona aat Hogne, og ho vart gjevi honom. Son deira var Are, som siglde til Hjaltland og gifte seg der. Fraa honom er ætta Einar Hjaltlending, ein ferm kar. Um Hogne er no ikkje meir aa fortelja, en at han heldt fast ved venskapen sin med Njaal.

Kapittel 81

No er det aa segja fraa Kolskjegg, at han kjem til Norig og er aust i Viki um vintren. Men sumaren etter fór han til Danmark og gav seg i tenest hjaa kong Svein Tjuguskjegg, og der kom han i stor vyrnad. Ei natt drøymde han, at det kom ein mann aat honom. Han var ljos, og Kolskjegg tykte han vekte honom. Han sa: «Statt upp, du, og far med meg.« -- »Kva vil du meg?« seier Kolskjegg. Han svara: «Eg skal gjeva deg gifte, og so skal du verta min riddar.« Og han tykte han jatta di. Og so vakna han. Sidan fór han aat ein vismann og sa honom draumen. Men han tydde so, at han skulde fara sud i landi og verta Guds riddar. Kolskjegg tok daapen i Danmark, men han una ikkje aa vera der, og so fór han aust til Gardarike og var der ein vinter. Men so fór han fraa der til Miklagard og gjekk i tenest hjaa keisaren. Det spurdest um honom, at han vart gift der nede og var hovding for væringarne, og han vart verande der til sin døyande-dag. Og so er han ute av denne soga.

Kapittel 82

No er det aa fortelja um det, at Traain Sigfusson kom til Norig. Dei kom til Haalogaland og heldt sud til Trondheim og inn til Hlade. Men so snarf Haakon Jarl spurde det, sende han menner aat dei, og vilde vita kva for menner som var paa skipet. Dei kom attende og sa honom, kva menner det var. Jarlen sende bod etter Traain Sigfusson, og han kom. Jarlen spurde, kva folk han var av. Han seier, at han var nærskyld Gunnar paa Lidarende. »Det skal koma deg til gode,« sa jarlen; »for eg hev set mange islendingar, men ingen hans jamning.« Traain mælte; »Vil de, herre, at eg fær vera hjaa dykk i vinter?« Jarlen tok imot honom, og han vart der um vintren, vel vyrd.

Det var ein heitte Kol. Han var ein stor viking. Han var son hans Aasmund Eskesida austan fraa Smaa-land. Han laag i Gauta-elvi og hadde fem skip og mykje folk. Fraa der fór han til Norig og gjekk i land i Folden og kom uventande paa Hallvard Sote, der han laag i loftet. Han varde seg vel, alt til dei bar eld aat. Daa gav han seg. Dei drap honom og tok mykje gods, og fór fraa der til Ljodhus. Denne tidend spurde Haakon Jarl, og han dømde Kol til aa vera utlæg i sit rike og sette gods for hovudet hans. Ein gong var det at jarlen tok soleis til ords: »Han er for langt av, Gunnar paa Lidarende; han hadde vore god-til aa taka livet aat denne utlægingen, hadde han vore her; men no gjer islendingarne ende paa honom. Og det er ille, at han ikkje hev fare aat os.« Traain Sigfusson svara: »Ikkje er eg Gunnar, men eg er skyld honom, og eg vil bjoda meg til aa gjera denne ferdi.« Jarlen svarar: «Det vil eg gjerne, og ferdi skal verta budd paa det beste.« Daa tok Eirik, son hans, til ords: «Det er mange du lovar vel, men folk tykkjer det gjeng misjamt med aa halda det. Dette er ei meir en vaagsam ferd; for denne vikingen er hard og vond aa takast med. Du treng velja vel baade skip og menner til den ferdi.» Traain mælte: »Um ferdi er faarleg, so skal eg likevel fara.« Sidan gav jarlen honom fem skip, og alle var skipa paa det beste. Baade Gunnar Lambeson og Lambe Sigurdson var med Traain. Gunnar var brorson hans Traain og var komen aat honom berre ung, og dei heldt mykje av einannan. Eirik Jarl gjekk med dei og saag vel yver baade mennerne og vaapni, og rettleidde, der han tykte det trengdest. Sidan, daa dei var fullt ferduge, gav Eirik dei ein kjentmann med. Dei siglde sud-med landet, men kvar dei kom, hadde jarlen trygda dei alt dei trong aa hava. Dei heldt aust aat Ljodhus. Der fekk dei spurt, at Kol var faren sud til Danmark. Dei drog sudetter dit. Men daa dei kom sud til Helsingborg, raakte dei menner i ein baat, og dei sa, at Kol var tett attmed der og vart verande der eit bil. Det var godt ver. Daa saag Kol skipi som kom, og han fortalde, at han hadde drøymt Haakon Jarl um natti, og sa, at detta var nok av hans menner, og bad dei taka vaapni sine. Dei so gjorde, og striden tok til. Det var lenge det stod som likt. Daa flaug Kol upp paa skipet hans Traain og rudde kvast ikring seg og drap mange menner. Han hadde gyllt hjelm. No ser Traain, at dette ber ikkje aat; han eggjar mennerne sine og gjeng sjølv fyrst imot Kol. Kol hogg til Traain og raakte i skjoldet, so det klovna. Daa fekk Kol eit steinkast yver handi, so sverdet datt ned. Traain hogg til Kol og raakte foten, so den gjekk av, og sidan drap dei honom. Traain tok av honom hovudet og gøymde det, men kasta bulen utanbords. Der tok dei mykje gods -- fór so nord til Trondheim til aa finna jarlen. Han tok vel imot Traain. Han synte jarlen hovudet. Jarlen takka honom for det verket. Eirik sa, at det var meire verdt en ord aaleine. Jarlen sa, at so var det, og bad dei ganga med seg. Dei gjekk dit som jarlen hadde late byggja mangt eit godt skip. Jarlen hadde late bygt eit som var ulikt andre langskip. Det var eit gam-hovud paa og overlag fyre seg gjort i alle maatar. Jarlen vende seg til Traain og sa: »Du tykkjer um det staslege, Traain; du likjest paa Gunnar, frenden din, i det. No vil eg- gjeva deg dette skipet; det heiter Gammen. Venskapen min fylgjer med, og eg vil du skal vera hjaa meg, so lenge du sjølv vil.« Traain takka for all velgjerdi, og sa han stunda ikkje til Island, som det no var. Jarlen hadde ei ferd aa gjera aust aat land-skilet til møtes med svia-kongen. Traain var med honom um sumaren og var skipsstyrar paa Gammen. Han siglde so kvast, at faae vanst fylgja med. Han var mykje ovunda. Men det var ofte aa skyna, kor høgt jarlen vyrde Gunnar; for han sette dei jamleg etter, alle som kleiv innpaa Traain. Traain vart verande der heile vintren. Men um vaaren spurde jarlen honom, um han vilde verta der elder fara til Island. Han sa, han hadde ikkje tenkt yver med seg sjølv endaa; han vilde høyra fraa Island fyrst. Jarlen sa, han kunde faa gjera som han tykte det fali seg best. Og Traain vart verande hjaa jarlen. Daa spurdest den tidendi fraa Island, som mange tykte var stor, den at Gunnar paa Lidarende var daud. Daa vilde jarlen ikkje at Traain skulde fara, og so vart han verande hjaa jarlen endaa ei tid.

Kapittel 83

No er det aa taka attpaa att um Helge og Grim, sønerne hans Njaal. Dei fór fraa Island sama sumaren som Traain og fylgjet hans fór utanfraa, og var paa skip med Olav Elda og Baard hin svarte. Dei fekk so hardt nordan-ver, at det bar sud i havet med dei, og det kom slikt myrker paa dei, at dei visste ikkje, kvart dei for; og dei vart farande lenge ute. Men so kom dei ein stad det var sterk grunnsjø, og dei tyktest daa vita, at det laut vera land ikkje langt unda. Njaalssønerne spurde Baard, um han kjende noko til, kva for land som var nærast ved. «Det kan vera mange aa gjeta paa,« seier han, «slik verstøa som me hev havt. Anten øyarne, elder Skotland, elder Irland.« Tvo dagar etter saag dei land aat baae bord og store grunnbrot inne i fjorden. Dei kasta anker utanfor grynna. Daa tok veret til aa leggja seg, og um morgoen var det stilt. Dei ser daa, at det kjem trettan skip imot dei. Daa mælte Baard hin svarte: »Kva raad skal me no taka? for desse vil nok setja paa os.« Dei tala seg imillom, um dei skulde verja seg elder gjeva seg yver. Men fyrr dei fekk samraadt seg, kjem vikingarne. Kvar spurde annan etter namnet paa fyremennerne. Fyre-mennerne paa kjøpmansskipet namngav seg, og spurde imot, kven som stod for vikingom. Den eine kalla seg Grjotgard, og den andre Snækolv. Dei var sønerne hans Moldan fraa Dungalsbø i Skotland og frendarne til Melkolv skottekonge. »Me gjev dykk eitt av tvo aa velja,« seier Grjotgard: »At de gjeng paa land, og me tek godset. Det andre, at me søkjer aat dykk og drep kvar ein me naar.« Helge svarar: «Kjøpmennerne vil verja seg.« -- »Vaa vere deg, som du talar!« sa kjøp-mennerne; »kva hev me aa verja os med? Gull veg mindre en Iiv.« Grim fann paa, at han ropte aat vikingarne, so dei ikkje skulde høyra korleis kjøpmennerne bar seg. Baard og Olav mælte: «Skynar de ikkje, at islendingarne driv spott med lætet dykkar. Tak no helder vaapni dykkar og lat os verja os.« Dei tok vaapni sine og lova einannan, at dei aldri skulde gjeva seg, so lenge dei var god-til aa verja seg.

Kapittel 84

Vikingarne skyt paa dei, og striden tek til, men kjøpmennerne vér seg vel. Snækolv fer mot Olav og køyrer spjotet igjenom honom. Grim støyter til Snækolv med spjotet so hardt, at han stuper utanbords. Helge gjekk saman med Grim, og dei jaga alle vikingarne ned att, og jamnan var Njaalssønerne der det mest trengdest. Vikingarne ropte og baud kjøpmennerne aa gjeva seg. Men dei sa, at dei aldri vilde gjeva seg. Med det sama kom dei til aa sjaa til havs. Daa ser dei, at det kjem skip siglande sunnanfraa framum neset, og det var ikkje færre en tie. Dei rodde kvast og stemnde dit. Det var skjold ved skjold etter skipsbordi. Men paa det skipet som fyrst fór, stod ein mann ved sigla. Han var i silketrøya og gyllt hjelm, haaret var baade stort og fagert; i handi hadde han eit gull-lagt spjot. Han spurde, kven som leikte so ujamn ein leik. Helge nemner seg, og sa at det var Grjotgard og Snækolv dei slost med.

«Men kven er styresmennerne?« sa mannen. Helge svarar: «Baard hin svarte, som lever. Den andre er fallen for vikingom her, og han heitte Olav. Men denne som fylgjer meg, er bror min og heiter Grim.« -- »Er de tvo fraa Island ?« seier hin. «Det er so,« seier Helge. Han spurde, kven dei var søner aat. Dei fortalde det. Daa kjendest han ved dei og sa: «Namnfræge er de og far dykkar.« -- »Kven er du?« seier Helge. «Kaare heiter eg, Solmundson.« -- «Kvar kjem du fraa? » seier Helge. «Fraa Sudrøyom,« seier Kaare. «Du er komen i rette tid,« seier Helge, »um du vil veita os nokor hjelp.« -- «Eg skal gjeva den hjelpi de treng,« seier Kaare; »elder kva bed de um?« -- »Gaa paa vikingarne,« seier Helge. Kaare sa, at det skulde han gjera. Dei la daa imot dei, og striden tok til andre gongen. Men-daa dei hadde halde paa ei rid, so spring Kaare upp paa skipet aat Snækolv. Snækolv vender seg imot Kaare og høgg til honom. Kaare kastar seg med det sama baklengjes yver ei slaa som laag tvers yver skipet, og Snækolv hogg i slaai, so sverdet gjekk nedi meir en breiddi si. Kaare hogg til honom, og sverdet raakte oksli; hogget var so hardt, at det tok av handi, og Snækolv døydde straks. Grjotgard skaut eit spjot etter Kaare. Kaare saag det og sprang til vers, so spjotet glapp honom. Med det sama var baade Grim og Helge komne burtaat Kaare. Helge fór imot Grjotgard og la sverdet igjenom honom, og det vart hans bane. Dei gjekk fram langs med baae bord paa alle skipi. Daa bad mennerne um fred. Dei gav grid aat alle, men tok alt godset. Etter dette la dei alle skipi ut under øyarne og kvilde seg der ei rid.

Kapittel 85

Sigurd Jarl raadde for Orknøyom. Han var son aat Lodve, son hans Torfinn Hausakljuv, son hans Torv-Einar, son hans Ragnvald Jarl fraa Møre, som var son hans Øystein Glumra. Kaare var hirdmannen hans Sigurd Jarl og hadde henta skatt hjaa Gille Jarl paa Sudrøyom. Han bad Njaalssønerne vera med til Rossøy, og sa at dei nok vart vel imot-tekne hjaa jarlen. Dei tok ved det og gav seg med Kaare til Rossøy. Kaare fylgjer dei aat jarlen og seier kven dei er. «Korleis bar det til,« seier jarlen, «at dei raakte deg?« -- «Eg fann dei i Skotlandsfjorden,« seier Kaare, «med dei heldt paa og slost med sønerne hans Moldan fraa Dungalsbø. Dei varde seg vel og kasta seg jamleg inni der faaren var størst og der det galdt mest paa, og no vil eg, herre, beda um rom aat dei i hirdi.« -- «Det skal du raa for,« seier jarlen, «som hev teke so mykje frami med dei fyrr.« Dei vart daa verande der med jarlen um vintren og var vel vyrde. Men paa vaarsida vart Helge so still av seg. Jarlen visste ikkje, kva det kom seg av, og spurde Helge, kofor han var so sturen, elder kva han tyktest. «Tykkjer du ikkje um deg her?« -- »Eg likar meg godt her,« seier Helge. »Kva er det daa du grunar paa?« seier jarlen. «Hev de noko land aa vakta i Skotland ?« seier Helge. «Det er vel ikkje fritt,« seier jarlen; «men kva daa?« Helge svarar: «Skottarne hev teke livet aat sysselmannen din og fakka alle som kunde bera bod, so ingen er komen yver Pettlandsfjorden.« Jarlen mælte: «Er du framsynt?« Helge svarar: «Lite er det røynt.« -- «Auka skal eg sømdi di,« seier jarlen, «um dette viser seg aa vera sant -- elles vert det til tjon for deg.« -- «Han er ikkje slik han lyg,« seier Kaare, «det er nok sant han seier; for far hans er framsynt.« Jarlen sende menner sud til Straumsøy aat Arnljot, sysselmannen sin. Og etter det sende Arnljot menner sud yver Pettlandsfjorden, og der fekk dei spurt, at jarlarne Hunde og Melsnate hadde teke livet av Haavard i Trasvik, maagen hans Sigurd Jarl. Etter dette sende Arnljot bod til jarlen, at han skulde koma sør-paa med ein herstyrke og jaga desse jarlarne fraa riket. Men straks jarlen spurde det, drog han saman herfolk fraa alle øyom.

Kapittel 86

Jarlen fór sør-paa med heren. Kaare og Njaalssønerne var med paa ferdi. Dei kom sud til Katanes. Jarlen aatte desse riki i Skotland: Ross og Myræve, Suderland og Dale. Det kom menner aat dei fraa desse riki, og dei sa, at jarlarne var der med ein stor her ikkje langt unda. Daa tek Sigurd Jarl vegen dit med heren, og dei møttest ovanfor Dungals-nipa dei kallar. Det bar hardt i hop med det sama. Skottarne let sumt av heren sin fara i lausflokkar, og dei kom i ryggen paa jarlsmennerne, og det vart eit stort mannfall, til des at Njaalssønerne vende seg mot dei, slost med dei og dreiv dei paa flugt. Endaa var striden hard. Daa gjekk Grim og Helge framum merket til jarlen og slost som djervast. Kaare snur seg imot Melsnate Jarl. Melsnate skaut eit spjot etter Kaare. Kaare fata det i lufti, skaut det attende og igjenom jarlen. Daa flydde Hunde Jarl. Dei rak flog-heren, alt til dei fekk spurt, at Melkolv skottekonge drog i hop ein her i Dungalsbø. Jarlen heldt daa raad med mennom sine, og alle tykte det var beste raadi aa venda att og ikkje slaast med ein so stor landher. Dei vende daa att. Men daa jarlen kom til Straumsoy, skifte han herfanget. Sidan fór han nord til Rossøy. Njaalssønerne og Kaare fylgde honom. Jarlen gjorde eit stort lag. Og i det laget gav han Kaare eit godt sverd og eit gull-lagt spjot, Helge ein gullring og ei kappa, men Grim skjold og sverd. Etter det gjorde han Grim og Helge til hirdmennerne sine, og takka dei for god framgonga. Dei var med jarlen den vintren og utpaa sumaren, til des Kaare fór i herferd; daa fór dei med honom. Dei herja vidt um sumaren, og vann gjorde dei støtt. Dei slost ved kong Gudrød fraa Man og vann paa honom, og fór so attende. Dei hadde daa vunne mykje gods. Dei var med jarlen um vintren, vel vyrde. Um vaaren bad Njaalssønerne um aa faa fara til Norig. Jarlen sa, at dei skulde faa fara dit dei vilde, og gav dei eit godt skip og raske karar til fylgje. Kaare sa, at han vilde koma til Norig den sumaren med skatten til Haakon Jarl, »og daa raakast me der.« Etter dette fór Njaalssønerne til havs og siglde til Norig, og kom inn ved Trondheim. Der gav dei seg fyre.

Kapittel 87

Det var ein trøndersk mann heitte Kolbein Arnljotson. Han siglde til Island den sumaren som Traain og Njaalssønerne drog utanfraa. Um vintren var han aust i Breidal; men sumaren etter laga han seg til ferd med skipet sit i Gautavik. Daa dei var ferduge, kom det ein mann roande i ein baat, feste baaten ved skipet og steig um bord for aa finna Kolbein. Kolbein spurde denne mannnen etter namn. «Rapp heiter eg,« sa han. «Kven er du son aat?« seier Kolbein. Rapp svarar: »Eg er son aat Ørgumleide, son hans Geirolv Gjerpe.« -- «Kva vil du meg?« seier Kolbein. »Eg vil beda deg,« seier Rapp, »at du tek meg med yver havet.« Kolbein spør: »Kva naudsyn hev du til det?« -- »Eg hev gjort eit draap,« seier Rapp. «Kven hev du drepe?« seier Kolbein, »og kven er ettermaalsmennerne?« Rapp svarar: «Eg hev drepe Ørlyg Ørlygson, sonarson hans Rodgeir hin kvite. Det er vaapntlrdingarne som er ettermaalsmennerne.« -- »Eg gjet det, at det gjeng ikkje den vel som tek deg med,« seier Kolbein. Rapp mælte: «Ven er eg aat venom mine, men den som gjer meg illt fær det att. -- Elles so vantar det meg ikkje det eg skal leggja ut i føringsløn for meg.« Kolbein tok so imot Rapp. Lite etter vart det bør, og dei siglde til havs. Der traut nista upp for Rapp, og so sette han seg og aat hjaa dei som sat fyrst for hand. Dei spratt upp og gav vondord, og det vart til det at det bar i hop med dei -- og Rapp hev med ein gong tvo mann under seg. Det vart sagt Kolbein, og han baud Rapp vera i matnøyte med honom, og det tok han imot. Dei kom yver havet og la inn ved Agdanes. Daa spurde Kolbein Rapp: «Kvar er det godset du baud i skipsleiga?« -- »Det er utpaa Island,« seier Rapp. Kolbein mælte: »Det er nok fleire du kjem til aa gjera prettestykke en meg; men likevel vil eg gjeva deg etter skipsleiga.« Rapp takka for det, «men kva raad gjev du meg?« -- «Det fyrst,« seier Kolbein, «at du fer fraa skipet svintast du kan; for alle austmennerne kjem til aa gjeva deg eit laakt lov millom folk. Det andre gagnraadet eg gjev deg er, at du aldri svik husbonden din.«

Sidan gjekk Rapp i land med vaapni sine og hadde ei stor øks med jarnreiva skaft i handi. Han fór til han kom til Gudbrand i Daiom. Han var beste venen til Haakon Jarl. Dei aatte eit hov i hop, og det var aldri upplate, minder jarlen kom dit. Det var det eine største hovet i Norig; det andre var paa Hlade. Son hans Gudbrand heitte Trand, dotteri Gudrun. Rapp gjekk fram for Gudbrand og helsa honom vel. Gudbrand spør, kva mann han var. Rapp sa namnet sit, og det med, at han var fraa Island. Etter det bed han Gudbrand um aa taka honom i huset. Gudbrand mælte: »Ikkje ser du meg ut til aa føra lukka med deg.« -- »Det tykkjest meg det er loge mykje paa deg og,« seier Rapp, »naar det var sagt, at du tok imot alle som bad deg um det, og at ingen var jamngjæv med deg. Det skal eg avsanna, dersom du ikkje tek ved meg.« Gudbrand mælte: »Du fær vera her daa.» -- »Kvar viser du meg til sætes ?« seier Rapp. »Paa laag-benken beint for høgsætet mit,« seier Gudbrand. Rapp gjekk aat romet sit. Han hadde mangt aa fortelja, og i fyrstning tykte Gudbrand og mange av dei andre, at det var gaman; men etter kvart fann nokon kvar, at det vart for mykje flaaskap. Han tok til aa gjeva seg i tal med Gudrun, dotter hans Gudbrand, so folk meinte han kom til aa forlokka henne. Men daa Gudbrand vart var di, so tala han henne til for det, og bad henne agta seg for aa tala noko ved Rapp, utan so alle høyrde det. Ho lova godt fyrst, men det var ikkje lenge, so var det det same upp att. Gudbrand sette daa Aasvard, raads-drengen sin, til aa gaa med henne, kvar ho fór. So var det ein gong ho bad um aa faa gaa i nata-skogen og trøya seg. Aasvard fylgde henne. Rapp leita etter» dei og fann dei i nata-skogen. Han tok Gudrun ved handi og leidde henne med seg i einrøme. Sidan gjekk Aasvard og leita etter henne og fann dei liggjande saman i ein runn. Han løyp til med øksi reidd og høgg etter foten paa Rapp. Men Rapp nykkte seg unda, so hogget gjekk i mist. I det same spratt Rapp paa føterne og fata øksi si. Aasvard vilde hava seg unda, men Rapp hogg sund ryggen paa honom. Daa seier Gudrun: »No hev du gjort so du ikkje kan vera hjaa far min lenger. Og endaa er det anna attaat, som han kjem til aa tykkja endaa verre um; for eg er med barn.« Rapp svarar: «Ikkje skal han spyrja det av andre; eg skal fara heim og segja honom baade det og hitt.« -- «Daa kjem du ikkje derfraa med livet,« seier ho. »Fær vaaga seg det,« seier han. Etter det fylgde han henne dit dei andre kvinnorne var, og gjekk so heim. Gudbrand sat i hogsætet, og det var faae inne i stova. Rapp gjekk framaat honom og bar høgt øksi. Gudbrand spurde: «Kvi er øksi di blodut?« -- »Eg gjorde aat Aasvard, raadsdrengen din, for ryggverk,« seier Rapp. «Det er ikkje av godo,« seier Gudbrand, »du hev vel drepe honom.« -- »Det er visst,» seier Rapp. «Kva hev han gjort deg?« seier Gudbrand. »Du tykkjer vel det er lite,« seier Rapp; «han vilde hogga av meg foten.« -- «Kva var det du fyrst hadde gjort daa?«: seier Gudbrand. «Det som ikkje kom honom ved,« seier Rapp. «Du fær likevel segja, kva det var,« seier Gudbrand. Rapp mælte: «Um du vil vita det, so laag eg hjaa Gudrun, dotter di, og det likte han ikkje.« Gudbrand mælte: «Statt upp, menner, og tak honom; han skal drepast!« -- «For lite læt du meg njota godt av maagskapen daa,« seier Rapp; «men du hev ikkje det mannvalet, at du kan faa det fort gjort.« Dei stod upp, men han hopa attende unda dei og ut. Dei sprang etter, men han kom seg unda aat skogen, og dei fekk ikkje teke honom. Gudbrand samla folk og let dei endefara skogen, men dei fann honom ikkje; for skogen var stor og tett.

Rapp fer i skogen, til han kjem til eit rjod. Der var ein heim, og der stod det ein mann ute og kløyvde ved. Han spurde denne mannen, kva han heitte, og han nemnde seg Tove. Tove spurde Rapp etter hans namn, og han sa som det var til. Rapp spor, kofor han bur so langt fraa anna folk. »For di,« seier han, «at her tarv ein ikkje stort aa ampast med andre folk.« -- »Me hev det paa ein sers maate, me tvo, med maalemni vaare,« seier Rapp. «Eg skal daa segja deg fyrst, kven eg er: Eg hev vore hjaa Gudbrand i Dalom; men eg laut nøyta meg aa koma fraa der, for eg drap raadsdrengen hans. Men eg veit, at me baae er illgjerds-mennner; du hadde ikkje butt so langt fraa anna folk, utan du var utlæg for nokon; -- og eg gjev deg no aa velja eit av tvau: at eg seier fraa kvar du er, eldaug so held me halvt um alt som her er.« Bonden mælte: «Det er som du seier; eg tok denne kvinna som er her hjaa meg, og det er mange som hev leita etter meg.«= Etter det tok han Rapp inn med seg. Husi der var smaa, men vel-laga. Bonden sa kona si, at han hadde teke Rapp aat seg. »Flest folk kjem nok til aa njota illt av denne mannnen,« seier ho; «men du vil fulla raa-« Og soleis vart Rapp der. Han var svært vidforug og var aldri heime. Han hev møte med Gudrun alt som oftast. Gudbrand og Trand la seg etter honom, men det vart aldri so dei kom yver honom. Og soleis gjekk det heile det aaret. Gudbrand let Haakon Jarl faa vita um all den ugjegna han hadde av Rapp. Jarlen dømde Rapp utlæg, og baud gods for hovudet hans, og desutan lova han aa koma sjølv og leita etter honom. Men det drogst ut; for jarlen meinte, at dei tok honom vel sjølve, nåar han var so skamdjerv.

Kapittel 88

Denne sama sumaren kom Njaalssønerne til Norig fraa Orknøyom, var paa kjøpstemna der, og bidde so paa Kaare Solmundson, som avtala var. Traain Sigfusson heldt paa stelte skipet sit til Islands-ferd, og var no nær-paa buen. Daa fór Haakon Jarl til veitsla hjaa Gudbrand. Rapp fór um natti aat det gudahuset som jarlen og Gudbrand aatte. Han gjekk inn i huset, og saag Torgjerd Horgabrud sitja der. Ho var stor som ein fullvaksen mann. Ho hadde ein stor gullring paa armen og fald paa hovudet. Han svipter av falden hennar og tek av henne gullringen. Daa ser han kjerra hans Tor, og tek av honom ein annan gullring. Ein tridje ring tok han av Irpa, og drog so ut alle saman og tok av dei heile bunaden. So sette han eld paa gudahuset og brende det upp. Etter det strauk han sin veg. Det tok daa til aa ljosna. Han gjeng framum ein aaker. Der spratt det upp seks menner med vaapn og gjekk paa honom; men han varde seg vel. Og enden vart, at han drap tri, saara Trand til ulivs, og elter dei tvo til skogs, so dei ikkje kjem til jarlen med tidend. Han gjekk so aat Trand og sa: «Eg kunde drepa deg, men eg vil ikkje; eg vil syna, at eg vyrer maagskapen vaar meir en de hev gjort.« Rapp etlar seg inn i skogen att, men so ser han, at det er kome menner millom honom og skogen. Han trøyster seg ikkje til aa freista der, og so legg han seg inni nokre runnar ei stund. Tidleg sama morgoen gjeng Haakon Jarl og Gudbrand aat gudahuset, og dei finn huset uppbrent og dei tri gudarne ute og all stasen av dei teken. Daa tok Gudbrand til ords: »Det er stor magt dei hev, gudarne vaare, at dei hev sjølve gjenge ut or elden.« -- «Det er ikkje gudarne som hev gjort det,« seier jarlen; «det er ein mann som hev brent hovet og bore ut gudarne. Gudarne hemner ikkje alt straks; men den mannen som hev gjort detta, vert jaga fraa Valhall og kjem aldri der.« I det bilet kjem fire av mennom aat jarlen laupande og ber ill tidend -- seier at dei hev funne tri drepne paa aakren og Trand saara til ulivs. «Kven hev gjort det?« seier jarlen. »Viga-Rapp,« sa dei. »Daa er det han som hev brent gudahuset,« seier jarlen. Dei tykte det kunde vera likt honom. «Kvar kan han no vera?« seier jarlen. Dei seier, at Trand sa han hadde lagt seg i nokre runnar. Jarlen fór dit og leita, men daa var Rapp alt burte. Jarlen sette dei til aa leita, men dei fann honom ikkje. Han var sjølv med i leitingi og; men so sa han dei skulde kvila paa. Jarlen gjekk daa ein-saman fraa dei andre, og baud at ingen skulde fylgja honom, og dvaldest eit bil. Han la seg paa kne og heldt attfor augo. Sidan kom han attende aat dei. Han sa: «Gange med meg.« Dei gjekk med honom. Han tok tvert av fraa den leii dei fyrr hadde fare, og kom burtaat ei dæld. Der spratt Rapp upp fyre dei; han hadde gøymt seg der. Jarlen eggjar mennerne sine til aa setja etter honom; men Rapp var so fotug, at dei naadde honom ikkje paa langt nær. Rapp stemnde aat HIade. Der laag dei ferduge til aa sigla, baade Traain Sigfusson og Njaalssønerne. Rapp løyp dit der Njaalssønerne er. Han mælte: «Berg meg, gode menner! for jarlen vil drepa meg.« Helge saag paa honom og sa: «Eg ser det paa deg, at det fylgjer deg ugjæva; den er nok best faren som ikkje tek imot deg.« -- «Eg skulde ynskja, at de tvo fekk alt som illt er av meg,« seier Rapp. «Det er me menner for aa løna deg,« seier Helge, «nåar den stund kjem.« Rapp vender seg aat Traain og bed honom hjelpa seg. «Kva er det som stend paa med deg?« seier Traain. Rapp mælte: «Eg hev brent gudahuset aat jarlen og drepe nokre menner, og no er han her um ei litor rid; for han er sjølv med i leitingi.« -- «Lite sømer det seg for meg,« seier Traain, »so mykje godt som jarlen hev gjort meg.« Daa synte Rapp honom dei prydstykki han hadde bore med seg fraa gudahuset, og baud honom det. Traain sa, at han vilde ikkje taka det, med mindre han fekk gjeva anna gods imot. Rapp mælte: «Her vil eg staa og lata meg drepa midt for augom dine, so kan du venta deg kvar manns aamæle for det.« Daa ser dei, at jarlen kjem, og mennerne hans. Daa lova Traain aa taka mot Rapp, let skjota ut baat og førde honom ut til skipet. Traain sa: «No er det beste gøymsla aa br jota botnen ut or tvo tunnor, so skal du hava deg inni der.« So vart gjort, og han smaug inn i tunnorne; dei vart daa bundne saman og havde yver bord. Daa kjem jarlen med folket sit aat Njaalssønerne, og spør um Rapp var komen der. Dei sa, at han var det. Jarlen spurde, kvar han tok av fraa der. Dei sa, at det hadde dei ikkje ansa paa. Jarlen sa: »Den skal faa stor løn av meg, som seier meg av Rapp.« Grim sa stilt til Helge: «Kofor kan me ikkje segja um.det? Eg veit ikkje um Traain løner os anna en vondt.« -- »Me vil ikkje segja um det likevel,« seier Helge, «der det gjeld livet med honom.« Grim mælte: «Det kan gjerne vera, at jarlen snur hemnen mot os: for no er han so vreid, at det slær ned paa einkvarn.« -- »Det fær ikkje hjelpa,« sa Helge; «men me skal likevel leggja ut med skipet og gaa til havs, fyrst det vert bør.« -- «Skal me ikkje bia paa Kaare?« seier Grim. «Eg kjærer meg ikkje um det no,« seier Helge. Dei la seg utmed ei øy og bidde paa bør. Jarlen gjekk ikring og leita hjaa dei som laag der med skip, men alle dulde, at dei visste um Rapp. Daa sa jarlen: «No skal me fara til Traain, venen min, og han læt meg faa mannen, um han veit noko um honom.« So tok dei eit langskip og fór ut aat kjøpmansskipet. Traain saag det var jarlen; han stod upp og fagna honom blidleg. Jarlen tok det vel og sa: »Me leitar etter ein islendsk mann, som heiter Rapp. Han hev gjort os alt som ilk er. Og no vil eg beda deg koma fram med mannen elder segja fraa um honom.» Traain mælte: «De veit, eg vaaga livet og drap den utlæge mannen for dykk, og fekk for det stor heidr.«--«Meire skal du no faa,« seier jarlen. Traain æva seg um, og tyktest ikkje vita, kva jarlen kunde mæta mest; -- men det vart so han negta, at Rapp var der, og bad jarlen leita. Jarlen gjorde ikkje stort av leitingi, men gjekk i land og gjekk burt fraa dei andre. Daa var han so vreid, at ingen torde tala til honom. Jarlen mælte: »Vis meg aat Njaalssønerne, so skal eg nøyda dei til aa segja meg det som sant er.« Det vart honom sagt, at dei var farne ut. «Ikkje kan det gagna daa,« seier jarlen; «men det var tvo vatskjerald ved skipet hans Traain, og der kunde nok ein mann vera gøymd. Og hev Traain gøymt honom, so hev han vore der. Og no skal me fara utpaa aat Traain att ein gong til.« Traain ser, at jarlen etlar seg utpaa att, og mælte: «So vreid som jarlen var fyrr, so er han dubbelt so vreid no, og det stend um livet for alle som her er, um nokon seier av, kvar Rapp er.« Alle lova aa halda det dult; for det var kvar rædd for seg. Dei tok ut nokre sekkjer av bunkarne, let Rapp leggja seg inni i staden og la nokre lettare sekkjer ovanpaa honom. Jarlen kjem, nettupp som dei hadde stelt til med Rapp. Traain helsa vel paa jarlen. Jarlen helsa att, men helder traudt. Dei saag, at han var fælt vond. Jarlen sa: «Kom fram med Rapp; eg veit visst du hev gøymt honom.« -- »Kvar kan eg hava gøymt honom, herre?« seier Traain.

«Det veit du best,« seier jarlen; »men um eg skal gjeta paa, so tenkjer eg du hev havt honom gøymt i vats-kjeraldi her ved skipet.« -- «Eg vil ikkje de skal hava meg mistrudd for lygn,« seier Traain; «helder vil eg de skal leita etter paa skipet.« Daa får jarlen upp paa skipet og leita, men fann ingen ting. Traain mælte: «Held de meg no fri, herre?« -- «Langt ifraa,« seier jarlen; «men ikkje veit eg, kofor me ikkje finn honom; eg tykkjest sjaa alt so skileg, nåar eg er i land, men nåar eg kjem her, so ser eg ingen ting.« Han let dei ro seg i land att. Han var so vond, at han var ikkje talande aat. Svein, son hans, var med honom. Han sa: «Det er eit undarlegt lynde det, skapa seg paa uskyldige folk.« Jarlen gjekk sameleis i einrøme no og, fraa dei andre; kom so att og sa: «Me skal ro utpaa aat dei endaa ein gong.« Dei gjorde so. «Kvar tru han hev vore gøymd?« seier Svein. Jarlen mælte: «Det kvittar eitt no, for han er fraa der att. Det laag tvo sekkjer attved bunkarne, og Rapp hev nok vore lagd inni i staden for dei.« Traain tok til ords: «Der set dei skuta utpaa att, og etlar seg nok hit att til os. No skal me taka honom ut or bunkarne og leggja anna i staden, men lata sekkjerne liggja lause lell.« Dei gjorde so. Daa mælte Traain: «No gøymer me Rapp i seglet, som er bunde upp under raai.« Dei gjorde so. Jarlen kjem no til skipet. Han var aalvreid, og mælte: «Vil du no koma fram med mannen, Traain? no er det verre en fyrr.« Traain svarar: «For lenge sidan hadde eg kome fram med honom, hadde han vore i mi varveitsla -- elder kvar kan han hava vore?« -- »I bunkarne,« seier jarlen. «Kvi leita de ikkje etter honom der daa?« seier Traain. «Ikkje kom det fyre meg,« seier jarlen. Sidan leita dei etter honom yver heile skipet, men fann honom ikkje. Daa mælte Traain: «Vil de no taka meg fri, herre?« -- «Visst ikkje,« seier jarlen, «for eg veit, at du hev gøymt mannen, endaa eg ikkje kan finna honom. Men eg vil helder at du gjer deg til nidding mot meg, en eg mot deg.« Jarlen fór daa til lands. »No tykkjest eg sjaa,« seier jarlen, »kvar Traain hev gøymt Rapp.« -- «Kvar?« seier Svein, son hans. s»l seglet,« seier jarlen, »som var bunde upp under raai.« Daa vart det bør, og Traain siglde ut or fjorden og til havs. Daa mælte han dette, som hev vore uppatt-havt lenge etter:

«Lat han gøysa, Gammen, han gjev ikkje vik, Traain!«

Men daa jarlen spurde ordi hans Traain, mælte han: «Ikkje kom dette av faavit paa mi sida, men fraa detta sambandet deira, og som dreg til bane aat dei baae.« Traain var ikkje lang stundi paa havet, kom til Island og fór heim aat garden sin. Rapp fylgde med Traain og vart verande hjaa honom den vintren. Men um vaaren fekk Traain honom bustad paa Rappstad, og der vart Rapp buande. Lengste tidi var han likevel paa Grjotaa, og der var det som han skjepla alt. Det sa sume, at det var venskap med Hallgjerd og honom, og at han forlokka henne, men sume sa imot det. Traain gav Mord Urøkja, frenden sin, skipet sit. Det var denne Mord som drap Odd Halldorson aust i Gautavik i Berufjorden. Alle frendarne hans Traain heldt no honom for hovdingen sin.

Kapittel 89

No er det aa taka til att der, daa Traain kom seg unda Haakon Jarl. Jarlen mælte daa ved Svein, son sin: «Me tek fire langskip og fer aat Njaalssønerne og drep dei; for dei hev visst um med Traain.« -- «Det er ikkje nokor god raad, «seier Svein, «aa snu saki mot uvaldande menner, og lata den sleppa unda som ber skuldi for alt.« --- »Eg skal raa i dette,« seier jarlen. Dei held daa ut etter Njaalssønerne, leitar etter.dei og finn dei under øyi. Grim saag skipi aat jarlen fyrst og mælte til Helge: »Det kjem herskip her, og eg kan sjaa det er jarlen som kjem farande -- og han byd os nok ingen fred.«-- »Det er mælt,« seier Helge, »at velgjort gjer den som vér seg, kven han so hev imot seg. Me skal og verja os. « Alle bad honom raa for det, og dei tok vaapni sine. Jarlen kjem no aat og ropar aat dei, at dei skal gjeva seg. Helge svarar, at dei vil verja seg med dei er god-til. Jarlen baud grid alle som ikkje vilde vera med Helge og verja seg. Men so vensæl var Helge, at dei helder vilde døy med honom alle. Jarlen med sine menner søkjer no aat. Men hine vér seg vel, og Njaalssønerne var jamnan der som det røyntest mest. Jarlen baud dei ofte grid. Dei svara støtt det sama og sa, at aldri vilde dei gjeva seg- Daa gjekk han hardt paa dei, Aslak fraa Langøy, lendermannen til jarlen, og kom upp paa skipet tri gonger. Daa mælte Grim: »Du søkjer hardt aat; det vøre vel, um du fekk for umaken.« Grim tok upp eit spjot og skaut under kverken paa honom, og det var dauden straks. Lite etter drap Helge Egil, merkesmannen aat jarlen. Daa søkte Svein Haakonson aat og let dei kverrsetja med skjoldar, og daa vart dei handtekne baae Njaalssønerne. Jarlen vilde lata drepa dei straks, men Svein vilde ikkje det skulde gjerast, og sa det var natt. Daa mælte jarlen: »So drep dei i morgo, men bind dei sterkt i natt.« -- »Det fær vel so vera,« seier Svein; »men ikkje hev eg møtt stautare karar fyrr, og det er stor mannskade aa taka dei fraa livet.« Jarlen mælte: »Dei hev drepe tvo av raskaste mennom vaare, og dei skal me hemna med det at desse vert drepne.« »So mykje raskare karar var dei daa,« seier Svein; »men kor som er lyt dette

verta som du vil.« Dei vart bundne og fjetra. Etter dette sovna jarlen og hans menner. Men daa dei var sovna, mælte Grim ved Helge: «Burt vilde eg koma meg, um eg kunde.« -- «Ja, lat os finna paa ein utveg daa,« seier Helge. Grim seier, at det ligg ei øks nær honom med eggi upp. Han dreg seg burtaat der og fær skore av seg bogestrengen med øksi; men han fekk og store saar paa henderne. So løyste han Helge. Etter det skreidde dei seg yver bord og kom seg i land, so jarlen og hans folk ikkje vart var det. Dei braut av seg fjetrorne og gjekk yver øyi burt paa andre sida. Daa tok det til aa dagast. Der fann dei eit skip, som dei kjende; det var Kaare Solmundson som var komen. Dei skunda seg dit han var, sa honom, korleis jarlen hadde fare med dei, synte honom saari sine, og fortalde, at no laag jarlen og sov. Kaare mælte: «Det er ille, nåar dei som saklause er skal faa lida for ratamenner. Kva tykkjer de no helst skulde gjerast?« -- «Fara aat jarlen og drepa honom,« sa dei. «Ikkje vert me lagje til det,« seier Kaare, «endaa um det ikkje vantar dykk heilhug. Men me skal faa vita, um han er der no.« Dei fór dit, men daa var jarlen burte. Kaare får inn til Hlade og førde jarlen skatten hans. Jarlen mælte: «Hev du teke Njaalssønerne aat deg?« -- «So er det,« seier Kaare. «Vil du lata meg faa dei?« seier jarlen. -Det vil eg ikkje,« seier Kaare. «Vil du sverja, at du ikkje etter det tenkte deg til aa taka paa meg?« Daa mælte Eirik, son til jarlen: «Slikt er ikkje noko aa røkja etter; Kaare hev støtt vore ven vaar, og det skulde ikkje vore fare soleis aat, hadde eg vore ved. Njaalssønerne skulde daa gjenge fri alt forfang; men dei skulde fenge refsingi som til hadde gjort. Som det no er, skulde eg tru det var skaplegare aa gjeva Njaalssønerne æresgaavor til bot for uretten og for saari.« Jarlen mælte: «Ja, det

er visst; men eg veit ikkje, um dei vil taka mot semja.« Daa mælte jarlen til Kaare, at han skulde sjaa aat og faa semja med Njaalssønom. Sidan tala Kaare ved Helge, um han vilde taka mot sømder av jarlen. Helge svarar: «Eg vil taka det av Eirik, son hans, men jarlen vil eg ikkje hava meir med aa gjera.« Kaare sa Eirik svaret aat brørom. »So skal det vera,« seier Eirik, »at dei tek imot sømderne av meg, nåar dei tykkjer betre um det; og seg dei det, at eg bed dei aat meg, og far min skal ikkje noko mein gjera dei.« Det tok dei imot, og dei var hjaa Eirik, til des Kaare var buen til aa sigla vester ut. Daa gjorde Eirik ei veitsla for Kaare og gav honom og Njaalssønerne gode gaavor. Sidan fór dei og Kaare vest yver havet til Sigurd Jarl. Han tok imot dei paa det beste, og dei vart verande der um vintren. Men um vaaren bad Kaare dei vera med honom paa herferd. Grim sa, at det vilde dei, um han etterpaa vilde fara med dei til Island. Kaare lova det. Fór dei so med honom paa herferd. Dei herja sudpaa kring Angelsøy og alle Sudrøyarne. Dei styrde til Satiri, gjekk paa land og slost ved landsfolket der, vann mykje gods, og fór so til skips. Fraa der heldt dei sudetter til Bretland og herja der. So fór dei til Man. Der møtte dei Gudrød, konge paa Man. Honom slost dei med og vann, og drap Dungal, son aat kongen. Der tok dei mykje gods. Fraa der fór dei nord til Kola, aat Gille Jarl. Han tok vel imot dei, og der vart dei verande ei tid. Jarlen fylgde dei aat Orknøyarne, til dei kom aat Sigurd Jarl. Men um vaaren gifte Sigurd Jarl Nereid, syster si, med Gille Jarl. Han fór daa aat Sudrøyarne.

Kapittel 90

Denne sumaren budde Kaare og Njaalssønerne seg til aa fara til Island. Daa dei var reiseferduge, gjekk dei fram for jarlen. Han gav dei gode gaavor, og dei skildest som dei beste vener. Dei drog til havs, og dei var ikkje lenge paa ferdi; for dei fekk god bør. Dei kom inn ved Øyrarne. Der fekk dei seg hestar og reid fraa skipet tiUBergtorskvaal. Daa dei kom heim, vart det stor gleda paa alle. Dei flutte godset sit heim og drog upp skipet og sette det paa lunnar. Kaare var hjaa Njaal den vintren. Men um vaaren bad Kaare um Helga, dotter aat Njaal. Grim og Helge styrkte til, og det vart so ho vart fest Kaare; brudlaupet vart avtala, og det stod ein halv maanad fyre midsumar. Dei heldt til hjaa Njaal den vintren. Men um vaaren kjøpte Kaare seg land paa Dyrholmarne aust i Mydal og sette bu der. Dei fekk ein raads-kar og ei raads-kona til aa staa fyre der, men sjølve var dei hjaa Njaal.

Kapittel 91

Rapp aatte bu paa Rappstad; men han var jamnan paa Grjotaa, og der rang-stelte han alt. Traain likte honom godt. So var det ein gong Kjetil fraa Mork var paa Bergtorskvaal, at Njaalssønerne tala um det forfang dei hadde vore ute for, og sa dei tyktest hava mykje aa krevja av Traain, nåar dei vilde tala paa det. Njaal sa det var best, at Kjetil tala ved bror sin um detta. Han lova det, og dei gav honom god tid til aa tala ved Traain. Det gjorde han daa, og Njaalssønerne spurde kor det gjekk. Men han sa han vilde ikkje taka upp att stort av det som Traain hadde sagt; »men det var lett aa skyna,« sa han, »at Traain tykte eg sette høgt maagskapen med dykk.« Dei tala ikkje meir paa det. Dei tyktest sjaa det ikkje vart so greitt, og spurde far sin til raads, korleis dei skulde bera seg aat med det, og sa dei likte ikkje paa at det skulde staa i den skora. Njaal svara: »Det er ikkje so beint detta. Det vert heitande at dei er saklause, um dei vert drepne. Det er mit raad, at de fær so mange de kan til aa tala med dei um det, so det kan verta nok av høyrande vitne paa det, um dei svarar ille. Kaare skal tala ved dei um det fyrst; for han kan best aga seg. Utokka kjem daa til aa veksa millom dykk og dei, og det vert lagt vondord paa vondord for kvar gong saki er paa tale, faavituge som dei er. Det kan nok vera det vert sagt, at sønerne mine er seine til aa røra paa seg; men det skal de tola ei stund; for alt som gjort er vert umtala paa tvo maatar. Men de skal ikkje røra dykk med noko, til de hev sett dykk fyre aa gjera ved det, um det vert gjenge dykk for nær. Men hadde de teke meg paa raad fraa fyrst av, so skulde det aldri vorte aamaala nokon ting, og de hadde daa vore fri all svivyrding av det. No hev de vorte hardt røynde, og det kjem til aa auka paa, til de ikkje kan faa gjort ved paa annan maate en de lyt leggja dykk ut i vandemaal og taka til vaapni, og det vert ei lang not aa draga.« Etter dette slutta dei samtalen. Men det vart mykje umtala millom folk.

So var det ein gong at brørne talde til, at Kaare skulde fara til Grjotaa. Kaare sa, at han hadde tykt betre um ei onnor ferd, men han sa han kunde nok gjera det, nåar det var Njaal som hadde raadt til det. Sidan fór Kaare til Traain. Dei tala um maalemnet, men dei tykte ikkje baae det sama. Kaare kjem heim, og Njaalssønerne spør kva ord som fór millom honom og Traain. Kaare sa han vilde ikkje herma ordi deira; »for eg hev den voni, at det sama vert sagt so de sjølve fær høyra det.« Traain hadde sekstan vaapnføre menner paa garden sin, og det reid aatte med honom, kvar han fór. Traain var stor paa stasen. Han reid jamnan i blaa kappa og hadde gyllt hjelm paa seg og spjotet Jarls-naut i handi, eit fagert skjold og sverd ved sida. Dei var jamt i fylgje med honom, Gunnar Lambeson og Lambe Sigurdson, og Grane, son hans Gunnar paa Lidarende. Men Viga-Rapp var det som støtt gjekk næst honom. Ein av heimemennom hans heitte Lodin; han og var jamnan med, nåar Traain var paa ferd. Og so ein som heitte Tjørve, bror hans Lodin. Viga-Rapp og Grane Gunnarson var det som la verst til um Njaalssønerne, og var mest valdande i at ingor sømd korkje vart gjevi elder bodi dei. Sønerne hans Njaal tala no um ved Kaare, at han kom til aa vera med dei aat Grjotaa. Det var han viljug til, og sa det var vel, at dei fekk høyra svaret hans Traain sjølve. Dei gjorde seg ferduge, alle fire Njaalssønerne, og Kaare den femte. Dei tør til Grjotaa. Det var ein brei sval-gang der, so mange kunde staa jamsides. Det var ei kvinna ute, som saag dei kom, og ho seier Traain det. Han bad mennerne taka vaapni sine og stella seg i sval-gangen. Dei gjorde so. Traain stod i midten, Viga-Rapp og Grane Gunnarson stod paa kvar si lei aat honom; di næst Gunnar Lambeson, so Lodin, so Tjørve, so Lambe Sigurdson, so dei andre kvar paa si lei; for alle mennerne var heime. Skarphedin og dei andre kjem gangande nedantil. Han fyrst, so Kaare, so Hoskuld, so Grim, so Helge. Men daa dei kom framaat døri, var det ingen som helsa dei. Daa mælte Skarphedin: pMe fær vera velkomne alle.« Hallgjerd stod i svali og hadde tala laagt ved Rapp. Ho mælte: »Det seier ingen av dei som her er, at de er velkomne.« Skarphedin mælte: «Det er ikkje aa sæta, kva du seier; for du er eit av tvo, kraakjering elder lauskjering.« -- «Dei skal verta lønt deg, desse ordi, fyrr du fer heim,« seier Hallgjerd. Helge mælte: »Deg er eg komen for aa finna, Traain, og faa vita um du vil gjera meg nokor sømd for all den skammi og skaden eg leid i Norig for di skuld.« Traain mælte: »Aldri visste eg at de brørne vilde gjera manndomen dykkar i pengar -- elder kor lenge skal detta pengekravet staa paa?« -- «Det vil mange mæla,« seier Helge, «at det var din skyldnad aa bjoda bot; for det var livet dit det stod um.« Daa mælte Rapp: «Der gjorde gjævemunen so mykje, at den fekk smellen som hava skulde; de fekk skammi og skaden, men me slapp unda.«--»Litor var den gjæva,« seier Helge, »aa brjota truskapen med jarlen og faa att deg i staden.«-- «Tykkjer du ikkje det er eg som skulde leggja boti?« seier Rapp; »eg skulde bøta slikt som eg tykte var falligast aat deg.« -- «Fær me tvo med kvarandre aa gjera,« seier Helge, «so vert det ikkje du som stend deg paa di.« Skarphedin mælte: «Skift ikkje ord med Rapp, men gjev honom helder raudan belg for graa.« Rapp mælte: «Tig du, Skarphedin -- eg skal ikkje spara aa setja øksi i hovudet paa deg.« -- «Røynt kan det verta,« seier Skarphedin, «kven av os som kjem til aa lessa stein paa hovudet aat den andre.« -- »Far heim, tadskjeggingar!« seier Hallgjerd, «og det skal me kalla dykk støtt heretter, og far dykkar den skjegglause kallen.« Dei gjekk ikkje fyrr dei var saka i desse ordom alle som der var, so nær som Traain; han baud dei tigja med slike ord. Njaalssønerne gjekk att, og fór heim. Dei sa far sin det. «Nemnde de noko vitne paa ordi?« seier Njaal. «Inkje,« seier Skarphedin; «me etlar os ikkje til aa søkja detta anna en paa vaapnting.« -- »Det tenkjer ingen no,« seier Bergtora, »at de torer lyfta henderne.« -- »Det er ikkje verdt, husfrøya,« seier Kaare, »at du eggjar sønerne dine; dei er vissa fuse nok.« Etter di tala dei lenge i still, faren og sønerne og Kaare.

Kapittel 92

Dette tvistemaalet gjeng det no mykje ord um, og alle tyktest vita, at det var ikkje gjort med dessa. Runolv, son hans Ulv Ørgode aust paa Dal, var svært godvener med Traain og hadde bode honom heim aat seg; og det vart avtala, at han skulde koma austpaa, nåar det leid tri vikor elder ein maanad paa vintren. Traain bad med seg aat denne ferdi Rapp, Grane Gunnarson, Gunnar Lambeson, Lambe Sigurdson og Lodin og Tjørve. Dei var aatte. Hallgjerd og dotter hennar, Torgjerd, skulde og vera med. Traain gjorde kjent, at han etla seg aat Kjetil, bror sin, og kor lenge han tenkte seg til aa vera heiman. Alle var fullt væpna. Dei reid aust yver Markarfljot, og der raakte dei nokre fatigkjeringar, som bad dei hjelpa dei yver elvi. Dei gjorde det. So reid dei aat Dal og vart vel mottekne. Kjetil fraa Mork var komen der fyre dei. Dei var der i tvo næter. Runolv og Kjetil bad Traain, at han skulde semja seg med Njaalssønerne; men han svara tvert, og meinte han aldri vilde gjeva bot, og sa han var ikkje uferdug til aa møta Njaalssønerne, kvar det so var. »Kan nok vera det,« seier Runolv; »men det meiner eg, at ingen er maken deira no, etter at Gunnar paa Lidarende let livet, og det er helst likt til at dette endar med din elder deira bane.« Traain sa, at det fælte han ikkje for. So fór han aat Mork og var der tvo næter. Etter det reid han derfraa ned til Dal. Paa baae stelle vart han utleidd med gilde gaavor. Markarfljot rann opi etter midten, men etter baae sidorne laag fast is, og smaae spenger yver her og der. Traain sa at han etla seg til aa rida heim-att um kvelden. Runolv vilde ikkje han skulde rida heim-att den kvelden, og sa det var varlegast av honom ikkje aa fara den tidi han hadde sagt. Traain sa: »Ræddhug er det, og det vil eg ikkje.«

Desse fatigkjeringarne, som Traain hadde hjelpt yver fljotet, kom til Bergtorskvaal, og Bergtora spurde kvar dei var fraa. Dei sa at dei var austanfraa under Øya-fjellom. »Kven hjelpte dykk yver Markarfljot?« seier Bergtora. »Det var rektig storknapar, det,« seier dei. »Kven var det?« seier Bergtora. »Traain Sigfusson,» sa dei, »og fylgjesmennerne hans; men det totte me var leitt, at dei brukte so mange og vonde ord um mannen tlin og sønerne hans.« Bergtora sa: »Det er mange som ikkje sjølve fær velja det ord dei fær paa seg.« Sidan fór dei burt, og Bergtora gav dei gjølegaavor og spurde etter kva tid Traain skulde koma heim att. Dei sa at han vilde vera heimanfraa fire næter elder fem. Dette fortalde Bergtora aat sønerne sine og Kaare, maagen sin, og dei tala lenge løynt.

Men same morgoen som Traain reid vestetter, vakna Njaal tidleg og høyrde øksi hans Skarphedin slo innpaa bordveggen. Stend so Njaal upp og gjeng ut. Han ser sønerne sine med vaapn alle saman, og like eins Kaare, maagen hans. Skarphedin var fremst; han var i blaa kufta, hadde eit kort skjold, og øksi si paa oksli. Næst honom gjekk Kaare. Han hadde silketrøya og gyllt hjelm og skjold, som det var maala påa ei løva. Næst honom gjekk Helge. Han hadde raud kjole og hjelm og raudt skjold med ein hjort til merke. Alle var dei i letaklæde. Njaal ropte paa Skarphedin: »Kvart skal du av, frende?« -- »Paa saueleiting,« sa han. »So var det og ein gong fyrr,« seier Njaal, »men daa veidde de menner.« Skarphedin log og mælte: »Høyrer de kva kallen seier, far vaar; han er ikkje so faatenkt.« »Naar sa du dette fyrr?« seier Kaare. «Daa eg vog Sigmund hin kvite, frenden hans Gunnar,» seier Skarphedin. »Kva-for?« seier Kaare. «Han hadde drepe Tord Lausingeson, fosterfar vaar,« seier Skarphedin. Njaal gjekk inn. Men dei drog upp i Raudskridorne og bidde der. Fraa der kunde dei sjaa, so snart dei hine reid austan fraa Dal. Det var solskin um dagen og klaar-ver. No rid Traain og dei nedetter fraa Dal etter øyrarne. Lambe Sigurdson mælte: «Det blikar paa skjoldar i Raudskridom, som soli skin paa; det er fulla nokon som hev lagt seg i veg for os der.« -- «Daa skal me snu og fara nedmed fljotet,« seier Traain, »so kan dei koma til møtes med os, um det er aat os dei eig erend.« Dei gjorde so. Skarphedin mælte: «No hev dei set os - - difor snur dei leii. Og no er det ikkje anna for os aa gjera en aa laupa ned og koma i fyrevegen for dei.« Kaare mælte: «Det legg seg mange i veg for folk og eig ikkje yvermun den vegen som me; dei er aatte, og me fem.« Dei tek no vegen nedmed elvi, og ser ei spong lenger nede, som dei etlar seg yver. Traain og dei med honom tok stad ovanfor spongi paa isen. Traain mælte: »Kva kan desse mennerne vilja? dei er fem, men me er aatte.« Lambe Sigurdson mælte: «Eg gjet paa at dei hadde vaaga paa det, um det so stod endaa fleire i veg for dei.« Traain tek av seg kappa og hjelmen. Det hende Skarphedin, daa dei sprang nedmed fljotet, at skoreimi hans rauk sund, so han vart att-heftande. »Kva er det som held deg att?« seier Grim. »Eg bind skoen min,« seier Skarphedin. «Lat os fara fyre,« seier Kaare, »eg tykkjest sjaa paa Skarphedin, at han er likso fort framme som me.« Dei fór i sprang nedetter aat spongi. Skarphedin spratt upp, so fort han hadde bunde skoen sin, med øksi Rimmugygi i veret, og sprang til og beint paa elvi, men den rann so djup, at ho ikkje var komande yver paa lang lei. Paa austsida hadde det lagt seg eit stort issvell, haalt som glas, og midt paa det stod Traain og dei som med honom var. Skarphedin gjer eit sett og skyt seg tvert yver raaki fraa den eine isbarden til den andre; stadnar ikkje daa han er yver komen helder, men fer skridande burtetter isen. Svellet var slikjande haalt, og han fór so fort som fuglen flyg. Traain stod nettupp og skulde setja paa seg hjelmen; men fyrr han fær gjort det, kjem Skarphedin farande og høgg til Traain med øksi Rimmugygi; hogget raakte i hovudet og kløyvde det ned til jakslarne, so dei datt ned paa isen. Dette var so svint gjort, at ingen fekk hogg paa honom, fyrr han fer fljugande sin veg att i same rennet. Tjørve kasta eit skjold for førerne paa honom, men han hoppa yver og stod att, og rende aat enden paa svellet. Daa kom Kaare og dei andre til møtes med honom nedantil. «Detta var gjort paa kara-vis,« seier Kaare. »De hev att dykkar lut,« seier Skarphedin. Dei vender seg no mot dei andre. Grim og Helge fær sjaa kvar Rapp er, og vender seg mot honom. Rapp høgg til Grim straks med øksi. Helge ser det og høgg til Rapp yver handi, so ho gjekk av og øksi datt ned. Rapp mælte: »Der gjorde du eit fagnaverk; for denne handi hev gjeve mang ein mann mein og bane.« -- »No skal det verta ende paa det,« seier Grim, og la spjotet igjenom honom. Rapp seig daa daud ned. Tjørve snur seg mot Kaare og skyt eit spjot imot honom. Kaare sprang i veret, so spjotet fór under føterne paa honom. So renn han imot Tjørve og høgg til honom med sverdet, og raakte honom i brjostet og gav honom hol-saar der, som straks vart hans bane. Skarphedin grip baae i senn, Gunnar Lambeson og Grane Gunnarson, og mælte: »Her hev eg teke tvo kvelpar; -- kva skal eg gjera med dei ?« »Du eig raad med aa drepa dei baae,« seier Helge, »um du vil det skal verta feigdi deira.« -- »Ikkje nenner eg,« seier Skarphedin, »aa hava det saman -- hjelpa Hogne og drepa bror hans.« -- »Det kjem ein gong,« seier Helge, »at du helst ser du hadde drepe dei; for dei vert deg aldri tru, korkje dei elder nokon av dei som her er.« -- »Ikkje øgjest eg for dei,« seier Skarphedin. Sidan fekk dei grid, Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson og Lambe Sigurdson og Lodin. Etter det snudde dei heim, og Njaal spurde dei um nytt. Dei fortalde honom alt grant og greitt. Njaal mælte: »Ei stor tidend er dette; og det er likjende til at dette dreg dauden etter seg aat ein av sønerne mine, um det ikkje vert meir av det.« Gunnar Lambeson flutte liket hans Traain med seg til Grjotaa, og han vart høygd der.

Kapittel 93

Kjetil i Mork hadde Torgjerd Njaalsdotter til kona, som fyrr er sagt, og var bror hans Traain, og han tykte seg no vera ille stadd. Han reid til Njaal og spurde um han vilde bøta noko for Traain. Njaal svara: »Eg skal bøta, og det munarleg, og eg vil beda deg telja brørne dine til aa taka semja.« Kjetil sa, at det vilde han gjerne gjera. Dei tala daa av, at Kjetil skulde fara og finna alle som aatte krav paa bøter, og faa gjort grid. Sidan reid Kjetil heim. Han fór no kring til alle brørne sine og stemnde dei saman til Lidarende. Der heldt han samraad med dei, og Hogne var med honom i alle raad-gjerder. Det kom daa til det, at det vart teke menner til aa gjera semja, og eit mote til dette tilstemnt. Paa det møtet vart det fastsett mannebot for draapet paa Traain, og alle fekk slikt dei skulde hava etter loven. Sidan vart det fyresett trygder og alt som skulde styrkja semja. Njaal la ut godset rett og vel, og det var no stilt ei stund.

Ein gong reid Njaal til Mork, og han og Kjetil talast ved heile dagen. Njaal reid heim um kvelden, og ingen visste kva som hadde vore i raadgjerdom. Men noko seinare fór Kjetil til Grjotaa. Han sa til Torgjerd: «Eg heldt mykje av Traain, bror min, og det vil eg syna enno; for eg vil bjoda til aa taka til fostrings Hoskuld, son hans.« - «Det kan det verta raad til,« seier ho, »paa det vilkaar, at du skal vera honom til hjelp i alt du kan, nåar han vert vaksen, hemna honom, um nokon tek hans liv med vaapn, og leggja gods til, nåar han skal festa seg ei kona. Og alt detta skal du sverja paa.« Han gjekk med paa alt dette. Hoskuld fer med Kjetil heim og vert verande hjaa honom nokor ridi.

Kapittel 94

Ein gong reid Njaal upp i Mork. Han vart vel fagna, og vart der um natti. Um kvelden bad Njaal guten Hoskuld aa koma burt-aat seg, og han kom burt-aat honom straks. Njaal hadde ein finger-ring paa handi, som han synte honom. Guten tok fmger-gullet, saag paa det og drog det paa fingren sin. Njaal sa: »Vil du taka denna ringen til gjevandes?« -- »Det vil eg visst,« seier guten. «Veit du,« seier Njaal, «kva som vart far din til bane?« Guten svara: »Eg veit at Skarphedin gav honom bane; men det hev me ikkje bo aa minnast, nåar det er gjort semja og fulle bøter gjevne.« «Dette er betre svara en eg spurde,« seier Njaal; «du vert nok ein god mann.« -- »Gode tykkjest meg dine spaadomar aa vera,« seier Hoskuld, »av di eg veit at du er fyrevis og lyg aldri.« Njaal mælte: »No vil eg bjoda deg fostring, um du vil.« Hoskuld sa, at han vilde taka imot baade dette gode og anna som han vilde gjeva honom. Og det vart enden paa dette, at Hoskuld fór heim med Njaal til uppfostrings. Han heldt ikkje noko for godt for guten, og gjorde svært mykje av honom. Njaalssønerne rettleidde honom og var vyrdsame med honom i alt. So lid det til des Hoskuld er framvaksen. Han var baade stor og sterk, ven av aasyn, haarfager, god til aa føra vaapn, blidmælt, gjevmild og taug, tala gjerne vel um alle og var vensæl. Njaalssønerne og han var aldri usams korkje i det dei sa elder gjorde.

Kapittel 95

Ein mann er nemnd Flose. Han var son hans Tord Frøysgode og var ætta i sette led fraa Bjørn Buna, son hans Grim Herse fraa Sogn. Mor hans Flose heitte Ingunn, dotter av Tore paa Espehol, som var ætta fraa Hjørleiv hin kvendsame, far hans Halv, som raadde for Halvs-rekkjom. Mor til Tore var Ingunn, dotter av Helge den magre, som tok land i Øyafjorden. Kona hans Flose var Steinvor, dotter hans Hall fraa Sida; ho var løyndgjeti, og mor hennar heitte Sélvor, dotter hans Herjolv hin kvite. Flose budde paa Svinafell og var ein stor hovding. Han var stor paa vokster og sterk, framifraa hugtraa og hardsøkjen. Ein halvbror av honom heitte Starkad; mor hans var Traslaug, dotter hans Torstein Titling Geirleivson. Dei andre brørne hans heitte Torgeir og Stein, Kolbein og Egil. Hilde gunn heitte dotter hans Starkad. Ho var ei ferm gjenta og overlag fager av aasyn, og so hag og hendig, at faa kvende var jamngode med henne i det. Av huglag var ho strid og hardstælt, men godhjarta og grei, nåar vel skulde vera.

Kapittel 96

Ein mann heitte Hall; han var kalla Sidu-Hall, og var son av Torstein Bodvarson. Mor hans, Tordis, var sonardotter aat Rodlaug, son av Ragnvald Mørejarl. Hall var gift med Joreid, dotter av Tidrande hin spake, sonarson hans Tore Tidrande fraa Veradal. Bror hans Hall heitte Torstein; han var kalla Breimage. Son hans Torstein heitte Kol, han som vart drepen av Kaare i Bretland. Sønerne hans Hall fraa Sida var Torstein og Egil, Torvald og Ljot, og Tidrande, som diserne drap.

Ein mann heitte Tore, og var kalla Holta-Tore. Sønerne hans var Torgeir Skorargeir, Torleiv Kraak og Torgrim hin mikle.

Kapittel 97

No er det aa fortelja, at Njaal tala til Hoskuld, fostersonen sin, og sa: »Eg vilde gjerne sjaa etter gifte aat deg, fosterson.« Hoskuld sa, at det var han vel fornøgd med. »Kvar helst hev du tenkt aa høyra aat?« Njaal mælte: »Det er ei heiter Hildegunn, dotter aat Starkad, son hans Tord Frøysgode; det veit eg er beste giftet. Hoskuld mælte: »Sjaa du til aaleine med det, fosterfar min; eg skal lita meg med det raad du tek. « »Der skal me daa freista,« seier Njaal. Lite seinare valde Njaal seg menner til ferdi. Sigfussønerne var med, og Njaalssønerne alle saman, og Kaare Solmundson. Dei reid aust til Svinafell; der vart dei vel imottekne. Dagen etter gjeng Njaal og Flose til samtals. Det ber daa dit med røa hans Njaal, at han sa som so: «Det er erendi mi hit, at me fer friarferd og vil mæla fyre um maagskap med deg og giftarmaal med Hildegunn, brordotter di.« -- «For kven det?« spør Flose. «For Hoskuld Traainson, fosterson min,« seier Njaal. «Vel er dette til-etla,« seier Flose, »endaa de hev mykje aa vaaga kvar ved annan -- elder kva seier du um Hoskuld?« -- «Godt hev eg aa segja um honom,« seier Njaal, »og eg skal leggja til so mykje gods som de tykkjer det sømer seg, um de vil tenkja paa saki.« -- »Me skal kalla henne hit,« seier Flose, »ogfaa høyra kva ho tykkjest um mannen.« Det vart sendt etter henne, og ho kom. Flose seier fraa til henne um friarbodet. Ho sa, at ho var ei kvinna med store krav, »og eg veit ikkje korleis eg kan vera tent med aa koma saman med folk som hev det paa same maaten sjølve. Men det er ikkje minder det, at denne mannen ikkje hev noko hovdingdøme, og det hev du sagt, at du vilde ikkje gifta meg med ein godords-laus mann.« -- «Det er meir en nok for meg,« seier Flose, »til ikkje aa gjera avtala, at du ikkje vil giftast med Hoskuld.« -- «Det seier eg ikkje,« seier ho, «at eg ikkje vil giftast med Hoskuld, dersom de gjev honom hovdingsysla; men elles vil ikkje eg gaa med paa noko.« Njaal mælte: «Daa ynskjer eg at de vil bia meg og drygja med dette maalet i tri aar. Flose sa, at so skulde det vera.« -- «Det vil eg faa avtala,« seier Hildegunn, »um dette vert noko av, at me vert verande her aust.« Njaal sa, at det vilde han lata Hoskuld raa for. Men Hoskuld sa, at han trudde mange vel, men ingen so vel som fosterfar sin.

Etter dette rid dei vestetter att. Njaal spurde seg fyre etter umbod aat Hoskuld, men det var ingen som vilde selja godordet sit. Sumaren leid til Alltings. Denne sumaren var det mange tingtrættor. Det var som van-legt, at mange kom til Njaal. Men han gav slike raad - - som ikkje var honom likt -- at søksmaali gjekk spillt; og soleis vart det mykje trætta og ingen endskap, og folk reid heim usamde. Det leid til eit anna ting. Njaal reid til tings. Og det var stilt paa tinget, til des at Njaal sa, at no var det paa tidi, at folk lyste sakerne sine. Mange mælte, at det var lite gagn i at Alltinget var samanstemnt, nåar ingen fekk maali sine fram, »og me vil helder taka retten vaar med odd og egg,« seier dei. »So maa det ikkje vera,« seier Njaal. «Det gagnar ingen, at det ikkje er lov i landet. Men de hev likevel mykje rett i det de seier, og det kjem paa os som loven kan og loven skal styra. Det tykkjest meg vera beste raadi, at me kallar alle hovdingarne saman og talast ved um det.« Dei gjekk daa til logretten. Njaal mælte: «Deg talar eg aat um dette, Skafte Toroddson, og andre hovdingar, at det tykkjest meg som sakerne vaare kjem burti uføre, so ingen ting vert gjort, um me søkjer dei berre i fjorungsretten; det vert so snutt og snara, at det ingen ende tek. Og difor tykkjer eg at me skulde hava ein fem te rett, og der skulde dei sakerne søkjast som ikkje kan koma til endskap i fjorungsretten.« -- «Korleis vil du,« seier Skafte, »faa sett saman femte-retten, nåar fjorungsretten alt er samansett av dei gamle god-ord som me hev -- fire tylfter i kvar fjorung?« »Eg ser raad til di,« seier Njaal, «med aa taka upp nye god-ord for dei menner som er best fallne til det i kvar fjorung, og so kan dei som det vil segja seg i ting med desse nye.« -- «Detta kan me gaa med paa,« seier Skafte; «men kva slags saker skal sokna der?« -- »Alle dei,« seier Njaal, «som gjeld ugreia i rettargangen, nåar det er lygn i vitnemaali elder i domsmaali. Alle véfangsmaal, som kjem seg av véfang i fjorungsretten, skal og fram her. Og like eins nåar menner byd elder tek gods til framhjelp for seg. I denne retten skal dei sterkaste eidarne brukast, og tvo menner ganga god for kvar eid som er svoren. Dei skal staa inne med namnet og æra si for det som dei hine sver. Og so det: um e i n fører saki si rett og den andre rangt, daa skal domen ganga med den som søkte saki si rett. Kvar sak skal søkjast like eins her som i fjorungsretten, paa det nær, at nåar fire tylfter er nemnde til femteretten, so skal den søkjande skjota ut seks mann, og den verjande andre seks. Men um han ikkje vil, daa skal den søkjande skjota ut dei og, like eins som dei hine. Men um den søkjande ikkje gjer det, daa er maalemnet um inkje gjort; for berre tri tylfter skal døma. Me skal og skipa logretten so, at dei som sit paa midpallom skal hava den rette lovgjevande magli; og til det skal dei menner veljast som er klokast og mest rettvise. Der skal og femteretten vera. Men um dei ikkje vert samde, dei som i logretten sit, um kva dei vil leia i lov elder løysa fraa lov, daa skal logretten kløyva seg, og fleirtalet skal vera det avgjerande. Men um det er nokon utanfor logretten, som ikkje kjem inn, og som trur han lid urett, so skal han gjera lovlegt motmæle, so dei høyrer det i logretten, og han hev daa gjort um inkje all den lovgjerdi dei hev gjort.«

Kuer dessa leidde Skafte Toroddson i lov femteretten og alt dette som no var aamaala. Og so gjek folk aat Logberget. Og der vart det teke upp nye godord. I Nordiendingafjorungen vart det desse nye god-ordi: Melmanna-godord i Midfjorden og Lauvæsinga-godord i Øyafjorden. Daa bad Njaal um logn og mælte: »Det er mange av mennom kunnigt, korleis det gjekk os -- sonom mine og Grjotaa-mennom -- at dei drap Traain Sigfusson; at det vart gjort semja, og at eg tok til fostrings Hoskuld, son hans Traain. Eg hev raadt til giftarmaal for honom, um han fær godord; men det er ingen som vil selja sit. No vil eg beda dykk, at de gjev meg løyve til aa taka upp nytt godord paa Kvitanes aat Hoskuld.« Han fekk lov til det av alle. Njaal tek daa upp godord for Hoskuld, og sidan var han kalla Kvitanes-gode. Daa dette var gjort, rid folk heim fraa tinget. Njaal drygde ikkje lenge heime, fyrr han og sønerne hans og Hoskuld reid aust til Svinafell og tek upp att friarmaalet ved Flose. Men han sa han vilde halda all avtalen med dei. Vart daa Hildegunn fest Hoskuld og brudlaupsstemna avtala. Dei rid daa heim, og næste gongen rid dei dit til brudlaups. Flose løyste ut alt godset hennar Hildegunn etter gjestebodet, og greidde det vel fraa seg. Dei fór til Bergtorskvaal og var der det aaret, og alt gjekk vel med Hildegunn og Bergtora. Vaaren etter kjøpte Njaal land i Vorsabo og gav Hoskuld det, og han fór dit og sette bu der. Njaal feste honom alt tenestfolket han skulde hava. Og slik venskap var det med dei alle saman, at ingen tyktest noko raad vera fullgodt, minder dei var alle um det. Hoskuld budde lenge paa Vorsabø, og det heldt ved med at dei gav kvarandre studnad til alt som kunde fremja deira æra. Njaalssønerne fylgdest med Hoskuld i kvar ferd. So hævt var det med venskapen deira, at dei gjorde lag for einannan kvar haust og gav einannan stor-gaavor. Soleis gjekk det lenge frametter.

Kapittel 98

Ein mann heitte Lyting. Han budde paa ein gard heitte Saamstad. Kona hans heitte Steinvor. Ho var dotter hans Sigfus og syster hans Traain. Lyting var stor paa vokster og sterk, rik paa gods og ill eiga ubytt med. Det var ein gong at Lyting hadde lag der paa Saamstad. Hoskuld og Sigfussønerne var bedde, og dei kom alle. Der var og Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson og Lambe Sigurdson. Hoskuld Njaalsson og mor hans aatte gard i Holte, og han reid titt og jamt millom der og Bergtorskvaal, og vegen hans gjekk frammed bøgarden paa Saamstad. Hoskuld hadde ein son heitte Aamund; han var fødd blind, men stor paa vokster og evlug. Lyting hadde tvo brørar; ein heitte Hallstein, ein Hallgrim. Dei var dei verste vyrdløysor, og var hjaa Lyting bror sin støtt, av di andre ikkje kunde koma til rette med dei. -- Lyting var ute lange stunder um dagen, men stundom kom han inn att og sette seg i sætet sit. Daa kom det inn ei kona, som hadde vore ute- Ho mælte: »De var for langt av til aa faa sjaa stor-knapen rida frammed garden.« -- »Kvaforein stor-knape var det,« seier Lyting, »som du talar um?« »Hoskuld reid frammed garden her,« seier ho. Lyting mælte: »Han fer ofte frammed garden her, og det kan ikkje anna en harma meg. Eg byd meg til aa vera med deg, Hoskuld maag, om du vil hemna far din, og drepa Hoskuld Njaalsson.« »Det vil eg ikkje,« seier Hoskuld; »daa lønte eg verre en vera skulde Njaal fosterfar min; og usæl vere du for slikt eit gjestebod!« Han spratt upp fraa bordet, fekk i hesten sin og reid heim. Lyting mælte daa til Grane Gunnarson: »Du var til stadar, daa Traain vart drepen, so du maa minnast det -- og du Gunnar Lambeson, og du Lambe Sigurdson. No vil eg me skal taka paa Hoskuld Njaalsson og drepa honom, nåar han rid heim i kveld.« -- »Nei,« seier Grane, «ikkje vil eg gaa paa Njaalssønerne og brjota den semja som gode menner gjorde.« Det same sa dei andre tvo og Sigfussønerne; og dei tok den raadi alle, at dei reid burt. Daa dei var reiste, mælte Lyting: »Det veit alle, at ikkje hev eg teke bøter etter Traain, maagen min, og eg vil ikkje finna meg i at det ikkje vert teke mannhemn etter honom.« Sidan baud han baae brørne sine vera med seg, og tri tenestkarar. Dei stelte seg i veg for Hoskuld og la seg fyre i ei grep nordanfor garden, og bidde der, til det var midaftan. Daa kom Hoskuld og skulde rida heim. Dei sprett upp med vaapn alle saman og søkjer paa honom. Hoskuld varde seg so vel, at det var lenge dei fekk ikkje gjort honom noko. Det vart til det, at han saara Lyting paa handi og drap tvo av huskarom hans; men daa fekk han sjølv bane. Dei saara honom med sekstan saar, men hogg ikkje hovudet av honom. Dei fór inn i skogen austanfor Rangaai og gøymde seg der.

Denna same kvelden hadde saugjætaren hennar Rodny funne Hoskuld daud, og fór heim og sa Rodny det, at son hennar var drepen. Ho mælte: «Han er nok ikkje daud -- elder var det av honom hovudet?« -- «Det var det ikkje, nei,« seier han. »Eg fær vita det, nåar eg ser aat,« seier ho, »og tak du hesten min og akedoning.« Han gjorde so og laga alt ferdugt. Sidan køyrde dei dit som Hoskuld laag. Ho saag paa saari og sa: «Det er som det varde meg, at han er ikkje heilt daud; og Njaal kan nok grøda større saar.« Dei tok og la honom upp paa sleden og køyrde aat Bergtorskvaal og bar honom inn i eit sauefjos og let honom sitja uppmed veggen. So gjekk dei baae inn paa garden og banka paa døri, og ein huskar kom ut i døri. Ho smatt framum honom og inn, og gjekk framaat sengi hans Njaal. Ho spurde um Njaal var vaken. Han sa han hadde sove til daa; «men no er eg vakna -- elder kvi er du komi her so tidleg?« -- «Statt upp or sengi fraa medfrøya mi og gakk med meg ut, og ho og sønerne dine.« Dei stod upp og gjekk ut. Skarphedin mælte: «Lat os taka vaapni vaare og hava med os.» Njaal sa ikkje noko til det, og dei sprang inn og kom ut att væpna. Rodny gjekk fyre, til des dei kom aat sauehuset. Ho gjeng inn, og bad dei koma etter. I det same reidde ho upp lykti og mælte: »Her, Njaal, er Hoskuld son din og hev fenge mange saar paa seg, og han treng no lækning.« -- «Daudamark ser eg paa honom, men ikkje merke til liv,« seier Njaal; «men kvi hev du ikkje veitt honom naahjelp? naseborerne stend opne.« -- «Det etla eg Skarphedin,« seier ho. Skarphedin gjekk fram og veitte honom naahjelp. Skarphedin mælte daa ved far sin: «Kven seier du hev drepe honom?« Njaal svarar: «Lyting fraa Saamstad og brørne hans er det som hev drepe honom.« Rodny mælte: «I dine hender legg eg det, Skarphedin, aa hemna bror din. Og eg ventar meg det beste av deg, endaa um han ikkje var din rette bror, at du vil syna deg mest aagangsam.« Bergtora mælte: «Undarlege karar er de; de tek paa dykk draap som kjem dykk lite ved, men gjeng og melter og kokar so lenge med det, til det ikkje vert noko av. Snart kjem vel Hoskuld Kvitanes-gode og bed um semja, og det gjev de honom. Betre daa aa raada paa snart, um de vil gjera noko.«

Skarphedin mælte: »No hev mor vaar god rett til aa eggja os. « Sidan ljop dei ut alle. Rodny gjekk inn med Njaal og vart der um natti.

Kapittel 99

No er det aa fortelja um Skarphedin og dei, at dei stemner upp aat Rangaai. Skarphedin mælte: »Lat os stana her og lya.« Dei so gjorde. Han sa: «Lat os fara stilt; for eg høyrer mannamaal uppmed aai. Kva vil de helst: eiga ved Lyting aaleine elder baae brørne hans?« Dei sa dei helst vilde eigast ved Lyting aaleine. »Han er likevel beste veidni,« seier Skarphedin, »og lite vilde eg lika, at han kom unda; og eg trur best meg sjølv til aa gjera fyre det.« -- «Kjem me til med det,« seier Helge, »so skal me nok stemna soleis innaat, at han ikkje slepp unda.« Sidan gjeng dei dit som Skarphedin hadde høyrt mannamaal, og ser Lyting og brørne hans ved ein løk der. Skarphedin sprang straks yver løken og burti melbakken paa andre sida. Uppaa der stod Hallgrim og dei andre. Skarphedin hogg straks til Hallgrim i laaret, so foten gjekk av, og greip Hallkjell med den andre handi. Lyting stakk etter Skarphedin. Daa var Helge komen og skaut skjoldet imillom, so stikket raakte det. Lyting tok upp ein stein og dreiv til Skarphedin, so han slepte Hallkjell. Hallkjell flyg daa til uppetter melbakken, men kjem ikkje upp paa annan maate en at han baukar paa kneom. Skarphedin sveiver til honom med øksi Rimmugygi og hogg sund ryggen paa honom. Lyting snur no unda, men Helge og Grim set etter og gjev honom eit saar kvar seg. Lyting kom seg unda dei yver aai burt aat hestom, og rid i eitt jag til Vorsabø.

Hoskuld var heime. Lyting finn honom straks og seier honom verki. «Slikt hadde du aa venta,« seier Hoskuld, «so vitlaust som du hev fare fram; og her sannast det som sagt er, at stutt stund vert hand av hogg fegi. Eg tykkjest skyna paa deg, at du no ser det er um aa gjera, um du kan berga deg for Njaalssønerne.« »Det er visst,« seier Lyting, »at det var med naudi eg slapp unda; men no ynskjer eg, at du fær meg forlikt med Njaal og sønom hans, og soleis at eg vert haldande garden min.« -- »So skal eg gjera,« seier Hoskuld. Sidan let Hoskuld sala hesten sin og reid aat Bergtorskvaaf med seks mann i fylgje. Daa var Njaalssønerne attkomne og hadde lagt seg til aa sova. Hoskuld fekk straks fat i Njaal, og dei gjekk til samtals. Hoskuld mælte til Njaal: «Eg er komen her for aa beda for Lyting, maagen min. Han hev gjort dykk mykje imot; brote semja og drepe son din.« Njaal mælte: «Lyting tykkjer vel han hev kvitta mykje med di at han hev mist brørne sine; men um eg gjer nokor semja, so er det for di skuld. Og det vil eg daa skila unda fyrst, at brørne hans Lyting skal vera uhelga; Lyting skal helder ingi bot hava for saari sine, men Hoskuld skal bøtast med fulle bøter.« -- «Eg vil,« seier Hoskuld, »»at du dømer aaleine.« Njaal svarar: »Eg skal gjera med det som du vil.« -- «Vil du,« seier Hoskuld, «at sønerne dine skal vera med?« Njaal svarar: «Ikkje er me nærare semja med det; men dei held den sætten eg gjer.« Daa mælte Hoskuld: «Lat os faa ende paa maalemnet, og lat du Lyting faa grid for sønerne dine.« -- «Det skal eg gjera,« seier Njaal. «Det er min vilje, at Lyting skal leggja ut tvo hundrad i sylv for draapet paa Hoskuld, og fær bu paa Saamstad. Men eg meiner det er raad-legast for honom, at han sel garden og hev seg lenger unda. Ikkje for di: eg skal ikkje brjotasætten med honom, og ikkje sønerne mine; men det kunde henda det kom upp ein elder annan i grendi som han laut agta seg for.

Men vert det uppteke som at eg gjer honom utlæg i heradet, so skal han hava løyve til aa vera her i grendi for meg. Men han fær sjølv hava vaagnaden. Etter di fór Hoskuld heim. Daa dei vakna, Njaalssønerne, spurde dei far sin, kven som hadde vore der. Han fortalde at det var Hoskuld, fosterson hans. «Han bad vel for Lyting?« sa Skarphedin. »So var det,« seier Njaal. »Det var ille,« seier Grim. »Ikkje hadde Hoskuld skote skjold for honom no, hadde du drepe honom, daa det var etla deg,« seier Njaal. »Lat os ikkje klandra han far,« seier Skarphedin. Det er aa segja um denne semja, at ho vart haldi sidan.

Kapittel 100

Det vart hovding-skifte i Norig. Haakon jarl hadde levt fraa seg, og Olav Trygveson var komen i staden. Det vart dauden hans Haakon jarl, at Kark træl skar av halsen paa honom paa Rimul i Guldalen. Det spurdest med sama tidendi, at det var vorte tru-skifte i Norig. Dei hadde kasta gamaltrui, og Olav konge hadde kristna vesterlandi -- Hjaltland, Orknøyarne og Fær-øyarne. Det var mange som mælte, so Njaal høyrde det, at slikt var eit udøme aa kasta gamal tru og fedra-sed. Daa sa Njaal: »So synest det meg, som denne nye trui maa vera mykje betre, og at den maa vera sæl, som fær den i staden. Og kjem dei hit ut, dei menner som byd den trui, so skal eg stydja til paa beste maaten.« Det sa han ofte. Han gjekk ofte fraa dei andre, og daa tala han med seg sjølv. -- Sama hausten kom det inn eit skip der aust i fjordarne. Det kom inn i Gautaviki i Berufjorden. Styresmannen heitte Tangbrand. Han var son hans Vilbald greive fraa Saksland. Tangbrand var send her ut av Olav Trygveson, til aa bjoda rette trui. I fylgje med honom var ein islandsk mann som heitte Gudleiv. Han var av folket hans Hjørleiv hin kvendsame, Hordalands-konge. Det var ein stor stridsmann, hugdjerv og hardsett i all si ferd. Det var tvo brørar som budde paa Beruneset. Den eine heitte Torleiv, den andre Kjetil. Dei var sønerne hans Holm-stein Ossurson Breidøl. Dei heldt møte og forbaud folk aa handla med desse mennom. Dette spurde Hall fraa Sida. Han reid til skips medtredive mann. Han fór straks til møtes med Tangbrand og mælte til honom: «Kva -- gjeng det smaatt med handelen?« Tangbrand sa, at so var det. «No vil eg segja deg mi erend,« seier Hall, »eg vil beda dykk alle heim til meg og vaaga paa um eg kan faa handel i gang for dykk.« Tangbrand takka honom og vart med til Tvaattaa. Ein gong um hausten var det at Tangbrand var tidleg ute ein morgo, let setja upp tjeld og song og hadde for seg mykje; for det var stor høgtid. Hall mælte til Tangbrand: «Kven er det til minning um, du held denne dagen?« -- »Det er Mikael engel som eig dagen,« seier han. «Kva er det med honom,« seier Hall. «Mykje,« seier Tangbrand, «han skal vega alt du gjer, baade godt og ilk -- og han er so miskunsam, at han mét mest det som vel er gjort.« -- »Honom vilde eg eiga til ven,« seier Hall. «Det stend deg fritt for,« seier Tangbrand; «gjev deg aat honom i dag med Gud.« -- «Det vil eg skila fraa,« seier Hall, «at du lovar meg det for honom, at han vert fylgje-engelen min.« -- «Det skal eg lova deg,« seier Tangbrand. Hall tok daa daup, og alle hjaa honom.

Kapittel 101

Um vaaren etter fór Tangbrand og vilde forkynna kristendomen, og Hall med honom. Dei kom vest um

Lonshei til Stavafell, og der budde Torkjell. Han tala mest imot trui, og baud Tangbrand paa holm. Daa bar Tangbrand rodekross framanfor skjoldet, og det enda so med dei, at Tangbrand vann og drap Torkjell. Fraa der fór dei til Hornafjord og tok inn i Borgarhamn vestanfor Heinabergsand. Der budde Hilde hin gamle. Son hans var Glum, som var med Flose til brensla. Hilde og alle hans tok ved trui. Fraa der fór dei til Fellskverve og var framum paa Kalvafell. Der budde Kol Torsteinson, frenden hans Hall, og han tok ved trui, og alt hans folk. Fraa der fór dei til Breiaa. Der budde Ossur Roaldson; han var og frenden hans Hall; han let seg primsigna. Fraa der fór dei til Svinafell. Flose tok primsigning og lova aa fylgja dei paa tinget. Fraa der fór dei vest til Skogakverve og tok inn paa Kyrkjebø. Der budde Surt Aasbjørnson. Der hadde dei vore kristne alt ifraa hans langgodfar Kjetil hin fjaamne. Sidan fór dei fraa Skogakverve og til Hovda-brekka. Daa spurdest ferdi deira alle stader. Det var ein mann som heitte Galdra-Hedin, som budde i Ker-lingardal. Der kjøpte dei heidne mennerne honom til aa drepa Tangbrand og fylgjet hans. Han fór upp i Arnarstaksheii og laga til eit stort blét der. Daa Tangbrand kom austantil ridande, brast jordi sund under hesten hans, men han sprang av hesten og kom seg upp paa bakken. Men jordi svelgde hesten og heile reidingi, og dei saag honom aldri sidan. Daa lova Tangbrand Gud.

Kapittel 102

Gudleiv leiter no upp Galdra-Hedin og finn honom uppaa heii. Han driv honom ned til Kerlingardals-aai og kom i skotføre med honom, og skaut igjenom honom eit spjot. Fraa der for dei til Dyrholm og heldt møte; Tangbrand baud dei trui og kristna Ingjald, son hans Haaøyra-Tyrdil. Fraa der for dei til Fljotslid og baud. fram trui. Der var det Vetrlide skald og Are, son hans, som mælte mest imot, og difor so drap dei Vetrlide. Fraa der for Tangbrand til Bergtorskvaal, og Njaal og alle i hans hus tok imot trui. Men Mord Valgardsorr gjorde mest motstand. Fraa der tok dei vegen ut yver aaerne. Dei fór til Haukadal, og der døypte dei Hall;: han var tri aar den gongen. Fraa der for dei til Grimsnes. Der fekk han upp ein flokk imot dei, Torvald Veile, og sende bod til Ulv Uggeson, at haa skulde fara imot Tangbrand og drepa honom, og gjorde ei visa um det. Men Ulv Uggeson gjorde ei visa att og sa: «Eg agtar meg ikkje til aa vera flugugapen hans.. Han fær agta seg, so ikkje tunga hans veiver seg um hovudet paa honom.« Og etter det for sendemannea heim og sa Torvald Veile ordi hans Ulv. Torvald hadde mykje folk um seg, og hadde set ut at han vilde leggja seg i veg for dei paa Blaaskogsheii. Tangbrand og Gudleiv rid fraa Haukadal. Dei møter ein mann som kom ridande imot dei. Han spurde etter Gudleiv, og daa han fekk sjaa honom, mælte han: «Det skal koma deg til gode, at du er bror hans Torgils fraa Røykjarhole; eg skal gjeva deg njosn, at dei hev mange fyresetor -- Torvald Veile ligg med ein flokk ved Hestaløk paa Grimsnes.« -- «Ikkje skal me drygja for di,« seier Gudleiv, «med aa rida til mots med honom.« Og so reid dei nedetter til Hestaløk. Torvald var daa komen yver løken. Gudleiv mælte til Tangbrand: «Her er Torvald; lat os no ganga paa honom. Tangbrand skaut eit spjot igjenom honom, og Gudleiv hogg honom yver oksli og av handi, og det vart hans bane. Sidan reid dei upp paa tinget -- og det var nære gjort, at frendarne hans Torvald hadde gjenge paa dei. Njaal og aust-fjordingarne hjelpte Tangbrand. Hjalte Skjeggjeson kvad dette visestev:

Fritt eg aat gudarne fryner --
ei flog-tik tykkjest meg Frøya.

Hjalte og Gissur Kvite fór vestanfraa den sumaren. Men skipet hans Tangbrand vart sundslege aust ved Bulandsnes; skipet heitte Visund. Tangbrand for vest gjenom alle bygder. Steinunn, mor hans Skaldrev, kom imot honom. Ho baud Tangbrand den heidne trui og talde for honom lenge. Tangbrand tagde, med ho tala, men etterpaa tala han lenge, og dreiv attende inn i villa alt det som ho hadde sagt. »Hev du høyrt det,« sa ho, »at Tor baud Krist paa holm, men Krist torde ikkje slaast med Tor?« -- »Det hev eg høyrt,« seier Tangbrand, »at Tor var ikkje anna en mold og oske, um Gud ikkje vilde lata honom leva.« -- «Veit du,« seier ho, «kven som hev brote sund skipet dit?« -- «Kva seier du um det?« seier han. «Det skal eg segja deg,« svarar ho. Og so kvad ho tvo vers, som gjeng um det, at det var Tor som hadde banka sund bordi i Visunden og slengt skipet imot bergi, so det gjekk i flisor og fillor. Etter det skildest Tangbrand og Steinunn, og Tangbrand og fylgjet hans for vest til Bardastrand.

Kapittel 103

Gjest Oddleivson budde i Haga paa Bardastrand. Han var den visaste av menner, so han saag lagnaden aat folk fyreaat. Han gjorde veitsla for Tangbrand og fylgjet hans. Dei fór til Haga, seksti mann sterke paa lag. Daa vart det sagt dei, at det var tvo hundrad Iheidne menner der, og det var von til det kom dit ein berserk som heitte Utrygg, og som alle var rædde. Um honom var det sagt so stort eit ord, at han ræddest korkje eld elder egg, og dei heidne menner var fælt rædde honom. Tangbrand spurde, um dei vilde taka ved trui. Men alle dei heidne mennerne mælte imot. »Eg skal bjoda til noko,« sa Tangbrand, »so me kan røyna kva som er den rette trui. Me skal gjera upp tri eldar. De heidningarne skal vigja ein, og eg ein, men den tridje skal vera uvigd. Men um berserken ræddest berre den eine av eldarne -- den eg vigjer -- men véd baae dei hine, daa skal de taka ved trui.« »Detta er vel mælt,« sa Gjest, »og eg samtykkjer i det for meg og heimemennom mine.« Og daa Gjest hadde detta mælt, daa samtykte mange fleire. Daa vart det sagt, at berserken kom farande til gards. Eldarne var uppgjorde og brann. Mennerne tok vaapni sine og ljop upp i benkjerne og bidde so paa honom. Berserken kjem laupand med vaapnom sine inn igjenom døri. Han kjem inn i stova, og straks vod han den elden som var vigd av heidningom, og so den uvigde. Han kjem aat den elden som Tangbrand hadde vigt; den torde han ikkje vada, men sa han brende upp seg. Han høgg med sverdet innpaa benken, men det beit upp i tverrtreet; for han svinga det høgt. Tangbrand slo honom yver handi med ein rodekross, og daa hende so stort eit under, at sverdet datt ut or handi paa berserken. Daa sette Tangbrand sverdet i brjostet paa honom, men Gudleiv hogg honom yver handi, so den gjekk av. Daa var det mange som kom burtaat, og dei drap berserken. Etter dette spurde Tangbrand, um dei vilde taka ved trui. Gjest sa, at han hadde ikkje mælt meire en han etla aa halda. Tangbrand døypte daa Gjest og hans folk og mange andre.

Tangbrand raadførde seg med Gjest, um han skulde fara noko umkring der vest i fjordom; men Gjest raadde honom til aa lata det vera, og sa at folket der var harde og vonde aa eigast med -- »men er det so etla fyre, at denne trui skal hava gjenge, so gjeng det fram paa Alltinget, og der kjem det hovdingar fraa alle heradi.« -- »Eg bar det fram paa tinget,« seier Tangbrand, »men der gjekk det mest traatt.« -- »Du hev no teke tyngste taket,« seier Gjest, »um det vert andre aude aa faa trui lovteki. Men det er som mælt er, at ikkje fell treet for fyrste hogget.« Gjest gav Tangbrand gode gaavor, og Tangbrand og fylgjet hans for so sudetter att. Tangbrand fór igjenom Sørlendingafjorungen, og so til Austfjordarne. Han var framum paa Bergtorskvaal, og Njaal gav honom gode gaavor. So reid han aust til Aalptafjorden og til Sidu-Hall. Han let bøta skipet sit; heidningarne kalla det Jarnmeisen. Paa dette skipet for Tangbrand utantil, og Gudleiv med honom.

Kapittel 104

Denne sama sumaren vart Hjalte Skjeggjeson dømd paa tinget for gudespott.

Tangbrand fortalde Olav konge um alle dei mein-gjerderne islendingarne hadde gjort honom, og sa, at dei var so mangkunnuge, at jordi sprakk sund under hesten hans og tok den. Daa vart Olav konge so vreid, at han tok fanga alle islendske menner som der var, og sette dei i myrkestova og etla seg til aa drepa dei. Daa gjekk Gissur Kvite og Hjalte fram og baud seg til aa ganga god for desse mennerne og fara til Island og bjoda trui. Kongen tok det vel, og dei slapp att alle. Gissur og Hjalte tok til aa bu skipet sit til Islands-ferd, og dei var snøgt ferduge. Dei kom i land paa Øyrom, tie vikor paa sumaren. Dei fekk seg hestar straks og folk til aa rydja av skipet. Dei reid til tings tredive i fylgje, og sende bod til alle kristne menner, at dei skulde halda seg paa-stelte. Hjalte var att i Røydarmulen; for dei hadde spurt, at han hadde vorte dømd utlæg for gudespott. Men daa dei var komne til Vellandkatla nedanfor Gjaabakken, kom Hjalte etter dei, og sa han vilde ikkje syna heiingarne at han var rædd dei. Mange kristne menner reid til mots med dei, og dei rid med fylkt lid paa tinget. Heiingarne og hadde fylkt. Og det var nære paa, at heile tingheimen hadde kome til aa slaast. Men det vart ikkje til det.

Kapittel 105

Ein mann heitte Torgeir Tjørveson, sonarson av Torkjell Lang. Kona hans heitte Gudrid og var av Ravnistafolket. Han budde paa ein gard heitte Ljosa-vatn, og var ein stor hovding og ein framifraa klok mann.

Dei kristne tjelda buderne sine. Gissur og Hjalte var i Mosfellingabudi. Dagen etter gjekk baae flokkarne paa Logberget, og baade kristne og heiingar nemnde seg vitne og sa seg utor lov med einannan, og daa vart det so stort eit uljod paa Logberget, at ein kunde ikkje høyra manna maal. Sidan gjekk dei fraa einannan, og det tyktest alle, at det horva til den verste vanskipnad Dei kristne tok seg Hall fraa Sida til lovsegjemann. Men Hall fór stad og fann Torgeir fra Ljosavatn, lov-segjemannen, og gav honom tri merker sylv, for at han skulde segja fram loven. Men det var daa ei vaagsam raad; for Torgeir var heiing. Torgeir laag heile dagen, og breidde ein feid yver hovudet, so ingen fekk tala ved honom. Men dagen etter gjekk folk til Logberget. Daa bad Torgeir um ljod og mælte: »So tykkjest det meg, at maalemni vaare er komne vandveges, um me ikkje skal hava ein lov alle. Vert loven sundby», so vert og freden sprengd, og daa vert det ikkje her buande. No vil eg spyrja baade heidne menner og kristne, um de vil hava den loven som eg seier fram.« Det samtykte alle. Han vilde at dei skulde festa det med eid. Det sa alle ja til, og han tok eid av dei. »Det skal vera loven vaar,« seier han, »at alle skal vera kristne her i landet og tru paa ein gud -- Far og Son og Heilaganden -- og lata av fraa all tregud-villa; ikkje bera ut born og ikkje eta hestekjøt. Det skal vera skog-gangssak, kjem det upp, men er det gjort løynlega, so skal det vera strafflaust.« -- Men all den heidendomen kom burt, daa faae aar var lidne, so det vart avteke likso vel aa gjera det løynlega som openljost. -- Og so sa han fraa um aa halda sundagen, fastedagar, jol, paaske og dei andre største høgtiderne. Heiingarne tykte at dei var stort svikne. Men likevel vart trui i lov leidd, og alle vart gjorde til kristne her i landet. Etter dette for folk heim fraa tinget.

Kapittel 106

Denne tilburden hende tri aar etter paa Tingskaale-ting. Aamund hin blinde, son hans Hoskuld Njaalsson, var der. Dei leidde honom buda-millom. Han kom aat budi der Lyting fraa Saamstad var. Han let seg leia inn i budi og framaat der som Lyting sat. Han mælte: »Er han her, Lyting fraa Saamstad?« -- »Ja,« seier Lyting, »kva er det du vil meg?« -- «Eg vil vita,« seier Aamund, «um du vil bøta meg far min; eg er løynd-gjeten, og eg hev ikkje teke imot nokor bot.« -- »»Eg hev bøtt far din med fulle bøter,« seier Lyting; «farfar din og farbrørne dine tok imot det, men brørne mine vart ubøtte. Var det ille gjort, so vart eg og nedaat-bøygd for det.« -- «Eg spør ikkje etter det,« seier Aamund, «um du hev bøtt aat dei; eg veit de er sætte. Men eg spør um du vil bøta aat meg.« -- »Nei,« seier Lyting. «Ikkje skynar eg,« seier Aamund, «at dette kan vera rett for Gud, so nære hjarta som du hev hogge meg. Og det kan eg segja deg, at var eg heil-øygd, so skulde eg hava eitt for far min, anten bøter elder hemn. Men lat no Gud skifta os imillom.« Og so gjekk han ut. Men som han kjem burti bud-døri, snur han inn i budi att. Daa let dei seg upp augo hans. Daa mælte han: «Lova vera du, Gud kongen min, no ser eg kva du vil!« og løyp so inn i budi og framaat Lyting og høgg ei øks i hovudet hans, kav uppunder hamaren, og nykte øksi aat seg. Lyting stupte fram og var daud straks. Aamund gjekk ut i bud-døri, og daa han kom i same feti, der augo opnast, let dei seg att, og han var blind all si tid sidan. Etter det let han fylgja seg til Njaal og sønerne hans. Han seier dei draapet paa Lyting. «Ingen skal lasta deg for detta,« seier Njaal, «for slikt er ofte fyrelaga, og nåar det hender, so minner det um, at ingen skal skjota unda dei som stend nær til aa krevja.« Sidan baud Njaal frendarne hans Lyting semja, og Hoskuld Kvitanes-gode var med og talde til, at dei skulde taka imot. Det vart gjort so, at det halve av bøterne fall burt for det kravet som Aamund tyktest eiga. Sidan gjekk dei saman til trygd, og frendarne hans Lyting lova Aamund den. Folk for heim fraa tinget, og no er det stilt lenge.

Kapittel 107

Denne sumaren kom Valgard hin gråa ut att; han-var heiing endaa. Han fór til Hov aat Mord, son sin, og var der um vintren. Han sa til Mord: «Eg hev ride vidt ikring i bygdi her, men det tykkjest meg, at ho er ikkje attkjennande. Eg kom til Kvitanes, og der saag eg mange budtufter og store umbrøyte. Eg kom til Tingskaaleting, og der saag eg budi vaar var sigi ned all saman. Elder kva skal dei sæta, slike avbrigder?« Mord svarar: »Det er uppteke nye god-ord no og femterets-Iov, og folk hev sagt seg or ting med meg og i ting med Hoskuld.« Valgard mælte: »Ille hev du lønt meg for god-ordet eg gav deg i hand, nåar du hev fare so umanslegt fram med det. Men no vil eg du skal løna dei soleis, at det dreg til bane aat dei alle. Og det gjer du paa den maaten, at du set vondt millom dei og eggjar dei saman, til des Njaalssønerne drep Hoskuld. Men det er mange til ettermaal etter honom, og dette vert daa upphav til at Njaalssønerne vert drepne.« -- «Detta gjeng yver mi magt aa faa gjort,« seier Mord. «Eg skal leggja raaderne til,« seier Valgard. »Du skal beda Njaalssønerne til deg og leia dei ut med gaavor; men fyrst daa skal du taka til aa leggja vondt i dei, nåar det er vorte so hævt med venskapen millom deg og dei, at dei trur deg likso godt som seg sjølve. Daa kan du faa hemn for pengarne som Skarphedin tok av deg, daa Gunnar var daud, og daa kan du naa fram til aa verta hovding, nåar alle desse er drepne.« Dei slo det fast seg imillom, at etter denne raadgjerdi skulde det ganga. Mord mælte: «Det vilde eg, far, at du skulde taka ved trui -- du er ein gamal mann.« -- «Ikkje vil eg det,« seier Valgard, «helder vilde eg at du skulde kasta trui, og sjaa korleis det daa gjeng.« Mord sa han vilde ikkje det. Valgard braut sund for Mord alle krossar og heilagluter. Lite etter fekk Valgard sott, og døydde og vart hauglagd.

Kapittel 108

Noko seinare reid Mord til Bergtorskvaal og kom saman med Skarphedin og brørom hans. Han var svært fagermælt, og rødde heile dagen um kor gjerne han vilde hava samlag med dei. Skarphedin tok det alt vel upp, og sa berre at han hadde ikkje set slikt av honom fyrr. Men det vart til det, at han kom seg i slik venskap med dei, at ingen, korkje han elder dei, tykte eit raad var full-godt, utan so dei var saman um det. Njaal likte alltid ille paa at Merd kom der, og synte daa ogso titt og ofte uviljen sin. So var det ein gong Mord var paa Bergtorskvaal, at han sa det til Njaalssønerne: »Eg hev laga til veitsla og etlar aa drikka arvøl etter far min. Til det laget vil eg beda dykk Njaalssøner og deg Kaare, og eg lovar at de skal ikkje ganga gaave-Iause derifraa. Dei lova aa koma. Mord fer heim og gjer alt ferdugt til veitsla. Han bad dit mange bønder, og det vart folksamt i det gjestebodet. Njaalssønerne og Kaare kom dit. Mord gav Skarphedin ei stor gullsylgja og Kaare eit sylvbelte; Helge og Grim fekk og gode gaavor. Dei kom heim, roste gaavorne og synte Njaal dei. Han seier, at dei var vissa dyrt nok kjøpte; -- «berre hav augo opne, at de ikkje løner honom med det som han mune vilja.«

Kapittel 109

Lite seinare hadde dei lag for einannan, Hoskuld og Njaalssønerne. Njaalssønerne bad fyrst Hoskuld til seg. Skarphedin hadde ein brun hingst, fire aar gamal og baade stor og sjaaleg, men han hadde ikkje endaa vore framleidd til heste-ota. Skarphedin gav Hoskuld denne hesten og tvo marar. Alle gav dei honom gaavor og mælte til vens med honom. Sidan bad Hoskuld dei heim aat Vorsabø. Han hadde bede mange, so det var mykje folk der. Han hadde havt nede skaalen, men det var tri bur der, og i dei var det tilstelt sengjer aat gjesterne. Dei kom alle som var bedde, og veitsla gjekk overlag vel. Daa folket skulde fara heim att, gav Hoskuld mennerne velvalde gaavor, og han fylgde Njaalssønerne langt paa vegen. Sigfussønerne fylgde med, og heile gjesteflokken. Kvar sa til annan, at det skulde ikkje koma dei noko imillom.

Noko seinare kom Mord til Vorsabø og vilde faa tala med Hoskuld. Dei gjekk til samtals. Mord mælte: »Det er stor skilnad paa deg og Njaalssønerne. Du gav dei gode gaavor, men dei gav deg gaavor til stor spott og spe.« -- »Kva hev du til aa sannføra det med?« seier Hoskuld. »Dei gav deg ein hest som dei kalla Vonfolen, og det var for aa spotta deg; for dei tykte at du og er urøynd. Og det kan eg og segja deg, at dei ovundar deg god-ordet. Skarphedin tok god-ordet dit paa tinget, daa du ikkje kom til femterets-stemma, og han etlar seg ikkje til aa sleppa det att.« -- «Det er ikkje sant, « seier Hoskuld; «eg tok imot det att no paa haust-tinget.« -- »Det er Njaal aa takka det daa,« seier Mord. «Dei braut semja med Lyting og,« seier Mord. «Ikkje tenkjer eg aa lasta dei for det,« seier Hoskuld. «Det kan du ikkje mæla imot,« seier Mord, «at daa du og Skarphedin gjekk aust tii Markarfljot, so datt det ei øks unda beltet hans, og han hadde etla seg til aa drepa deg.« -- «Det var vedarøksi hans, « seier Hoskuld, «og eg saag han stakk henne under beltet sit. Og um meg er her stutt aa segja,« seier Hoskuld, «at du seier aldri so illt um Njaalssønerne, at du fær meg til aa tru det. Men um det vert aa velja millom, og du hev rett i det, at eit av tvo maa henda, anten at eg drep dei, elder dei meg -- daa vil eg mykje helder tola daude av dei en aa gjera dei mein. Men du er berre so mykje verre mann, etter du hev sagt dette.« Etter det fór Mord heim.

Noko seinare fer Mord aat Njaalssønerne. Han tala mangt med dei og Kaare. »Det er sagt meg,« seier Mord, «at Hoskuld Kvitanes-gode skal hava mælt, at du Skarphedin hev brote sætten med Lyting. Men det hev eg fenge visend um, at han trur du stod honom etter livet, daa de tvo fór aust til Markarfljot. Men eg tykkjer no han gjorde meir i den lei, daa han baud deg til veitsla og viste deg til det utburet som laag lengst fraa dei andre husi; der vart og bore ved til heile natti, so han hadde nok etla seg til aa brenna dykk inne. Men det kom i vegen, at Hogne Gunnarson kom der um natti, og daa vart det ikkje noko av; for dei var rædde honom. Sidan fylgde han deg langt paa vegen med ein stor flokk menner. Det var andre gongen han etla seg til aa taka paa deg, og det var Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson han hadde sett til aa drepa deg; men dei vart modfallne og vaaga seg ikkje til aa raada paa deg.« Men daa han hadde sagt dette, so mælte dei fyrst imot; men sistpaa vart det til det at dei trudde. Dei vart styrvne mot Hoskuld og tala mest inkje til honom, nåar dei raaktest. Hoskuld var ikkje den som synte seg etterlaaten, han helder. Og soleis gjekk det ei rid frametter.

Um hausten fór Hoskuld austetter til eit lag paa Svinafell, og Flose tok vel imot honom. Hildegunn var der og. Flose seier til Hoskuld: «Hildegunn fortel meg, at det er vorte so graatt med deg og Njaalssønerne, og det tykkjer eg er ille. Eg vil bjoda deg, at du ikkje rid vestetter att; for eg skal faa deg bustad paa Skaftafell, «»g senda Torgeir, bror min, til aa bu paa Vorsabø.«

«Det kjem daa sume til aa mæla,« seier Hoskuld, «at eg flydde derifraa av ræddhug, og det vil eg ikkje.« »Daa er det aa ottast,« seier Flose, »at det ber burt i eit stort meinføre.« -- «Ille er det,« seier Hoskuld; for helder vilde eg liggja ubøtt, en at mange skulde koma illt inni for mi skuld.« Hoskuld gjorde seg buen til aa fara heim att nokre faae næter etter. Flose gav honom ei skarlakskaapa, som var tilbudd med pynte-band fraa øvst til nedst. Hoskuld reid heim til Vorsabø. No er det stilt ei stund. Hoskuld var ein mann so vensæl, at faae var hans uvener. Men same utokka var det med honom og Njaalssønom all den vintren. -- Njaal hadde teke til uppfostrings ein son hans Kaare, som heitte Tord. Han hadde og fostra Torhall, son hans Aasgrim Ellidagrimsson. Torhall var ein spræk og traust kar. Han hadde lært loven so til gagns av Njaal, at han var den tridje store lovmannen paa Island. Det vaarast tidleg det aaret, og folk tok tidleg aat aa saa konnet sit.

Kapittel 110

Det var ein dag at Mord kom til Bergtorskvaal. Dei gjekk til samtals straks, han og Njaalssønerne. Mord baktalar Hoskuld, som han var van, og hev endaa fleire nye sogor aa fortelja, og eggjar Skarphedin paa det hardaste til aa drepa Hoskuld, og sa, at han vart nok fortare ferdug, gjorde dei det ikkje straks. «Eg skal gjera deg til viljes i dette,« seier Skarphedin, »um du vil vera med aa gjera noko ved det.« -- «Det skal eg lova,« seier Mord. Og dette batt dei med fastmæle, og Mord skulde koma att um kvelden. Bergtora spurde Njaal: «Kva talar dei um ute?« -- «Ikkje er eg med i raad-gjerdom deira,« seier Njaal; «men eg hev sjeldan vore halden utan-med, nåar raaderne var gode.« Skarphedin la seg ikkje den kvelden, og ikkje brørne hans elder Kaare. Denne same natti, daa det leid paa, kom Mord attende. Tok dei so vaapni sine, Njaalssønerne og Kaare, og reid burt. Dei fór til dei kom til Vorsabø, og bidde ved eit gjerde der. Veret var godt og soli komi upp.

Kapittel 111

Ved dette leite vakna Hoskuld Kvitanes-gode. Han klædde seg og tok yver seg kappa Flose-naut. Han tok ei korg med konn i eine handi og eit sverd i hi; gjekk so burtaat gjerdet og tok til aa saa. Skarphedin og dei hadde tala av, at dei skulde bera vaapn paa honom alle. Skarphedin spratt upp attanfor gjerdet. Men daa Hoskuld saag honom, vilde han hava seg unda. Daa flaug Skarphedin paa honom og mælte: »Bry deg ikkje med aa hopa aa hæl, Kvitanes-gode!« og høgg til honom i hovudet, so han seig paa knéi. Han sa, med det same han fall: »Gud hjelpe meg, men tilgjeve dykk.« Dei ljop paa honom alle og saara honom. Daa sa Merd: »Det kjem fyre meg ei god raad.« -- »Kva er det?« seier Skarphedin. »Fyrst fer eg heimum, og sidan fer eg upp til Grjotaa og fortel det der og læt ille yver verket. Og daa veit eg visst at Torgjerd bed meg lysa draapet. Og det vil eg gjera; for det er ikkje noko som skjeplar so maalemnet for dei. Eg vil og senda ein mann til Vorsabø, so eg kjem under med kor snart dei tenkjer seg til aa gjera noko ved det. So fær han spyrja tidendi der, og eg skal laatast som eg fær vita det fraa dei.« -- »Gjer so, du,« seier Skarphedin. Brørne og Kaare for heim. Og daa dei kom heim, sa dei Njaal tidendi.

»Ei syrgjeleg tidend er dette,« seier Njaal, »og ill aa fretta; for nåar eg skal segja som det er til, so gjeng det meg so nær, at helder hadde eg vilja mist tvo av sønom mine, hadde Hoskuld vore i live.« -- »Det er ikkje so undarlegt,« seier Skarphedin; »du er ein gamal mann -- og ein kunde venta det gjeng deg nær.« -- «Det er ikkje so mykje alderdomen,« seier Njaal, «som det at eg veit betre en de, kva som etter kjem.« -- «Kva vil koma etter?« seier Skarphedin. »At eg fær min daude av det,« seier Njaal, »»og kona mi og alle sønerne mine.« »Kva spaar du for meg?« seier Kaare. «Det vil verta stridt for dei aa ganga imot di gjæva,« seier Njaal, »for du vert for drjug aat dei alle.« Dette gjekk Njaal so nær som ingen annan ting, so han kunde aldri tala um det utan aa myklast.

Kapittel 112

Hildegunn vakna og vart var med at Hoskuld var utor stova gjengen. Ho mælte: «Harde hev draumarne mine vore og ikkje gode; leit etter Hoskuld!« Dei leita etter kring garden, men fann honom ikkje. Daa hadde Hildegunn klædt seg. Ho og tvo menner gjeng burtaat gjerdet, og der finn dei Hoskuld drepen. Sauemannen hans Mord Valgardson kom med det sama, og seier henne at Njaalssønerne hadde kome nedantil fraa der: «Skarphedin ropte paa meg og lyste draapet paa seg.« -- «Karsverk hadde detta vore,« seier Hildegunn, «hadde det vore berre ein um det.« Ho tok kappa og turka upp alt blodet, og balla henne i hop, med blodlivrarne i, og la henne ned i kista si. So sende ho ein upp til Grjotaa til aa fortelja det der. Mord var der fyrr og hadde fortalt det. Kjetil fraa Mork var og komen.

Torgjerd mælte: »No er Hoskuld daud, som me veit, og no fær du minnast det du lova, daa du tok honom til fostrings.« -- »Det kan vera,« seier Kjetil, »at eg lova vel mykje; for daa tenkte eg ikkje at desse dagarne skulde koma som no er vortne. Men eg er ille komen; for nosi er nær augo -- eg er gift med dotter hans Njaal.« -- »Vil du at Mord lyser draapet,« seier Torgjerd. »Eg veit ikkje det,« seier Kjetil; »for eg tykkjer fleire fær Ult av honom en godt.« Men straks Mord kom til aa tala med honom, so gjekk det Kjetil som andre, han let seg inntelja, at Mord vilde vera honom tru. Og den raadi vart teki, at Mord skulde lysa draapet og bu maalemnet til aa koma fyre paa tinget. Mord for daa ned til Vorsabø, og dit kom nie av dei bøn-derne som budde nærast vigvangen. Mord hadde tie menner med seg. Han syner bønderne saari hans Hoskuld og nemner vitne aat dei -- ein mann aat kvart -- so nær som eitt; det lest han som han ikkje visste kven som hadde gjort. Men det hadde han sjølv gjort. Han lyste draapet til aa koma paa Skarphedin, men saari paa brørne hans og Kaare. Sidan stemnde han dei nie vigvangsvitni til aa møta paa Alltinget. Daa det var gjort, reid han heim. Han var so godt som aldri saman med Njaalssønerne. Og nåar dei raaktest, lest dei vera uvener; det var dei samraadde um.

Draapet paa Hoskuld spurdest yver alle bygder og vart ille umtala. Njaalssønerne for aat Aasgrim Ellida-grimsson og bad honom um mannahjelp. »Det kan de vita von til,« seier han, »at eg vil hjelpa dykk i alle stor-tak. Men det kjem meg fyre, at det vert eit tungt maalemne; for det er mange til ettermaals, og dette draapet er ille umtala i alle bygder.« Njaalssønerne fór daa heim.

Kapittel 113

Ein mann er nemnd Gudmund hin rike; han budde paa Modruvollum i Øyafjorden. Far hans heitte Øyolv, son aat Einar, son hans Audun Rotin, son hans Torolv Smør, son hans Torstein Skrove, son hans Grim rvamban. Mor hans Gudmund heitte Hallbera, dotter av Torodd Hjelm. Men mor aat Hallbera heitte Reginleiv, dotter hans Sæmund den sudrøyske. Etter honom hev Sæ-mundarlid i Skogafjorden sit namn. Mor til Øyolv, far hans Gudmund, var Valgjerd Runolvsdotter. Mor aat Valgjerd att heitte Vilborg, og hennar mor var Jorunn den uborne, dotter av kong Osvald den heilage. Mor hennar Jorunn var Bera, dotter aat kong Jetmund den heilage. Mor til Einar, far hans Øyolv, var Helga, dotter aat Helge den magre, som tok land i Øyafjorden. Far hans Helge var Øyvind Austmann, og mor hans var Ravarta, dotter av Kjarval irekonge. Mor til Helga Helgedotter var Torunn Hyrna, dotter aat Kjetil Flatnev, son hans Bjørn Buna, son hans Grim Herse fraa Sogn. Mor hans Grim var Hervor, og hennar mor var Torgjerd, dotter av kong Haaløyg paa Haalogaland. -- Gudmund hin rike var gift med Torlaug, dotter aat Ale hin ramme, son hans Eiliv Ørn, son hans Baard i Aai, son hans Kjetil Rev, son hans Skid hin gamle. Mor aat Torlaug heitte Herdis, dotter aat Tord paa Hovde, son hans Bjørn Byrdusmør, son hans Roald, son hans Rodlaug Rygg, son hans Bjørn Jamsida, son hans Ragnar Lod-brok, son hans Sigurd Ring, son hans Randve Raadbardson. Mor til Herdis Tordsdotter var Torgjerd Skides-dotter, og hennar mor var Fridgjerd, dotter av Kjarval irekonge.

Gudmund var ein stor hovding og overlag rik paa gods. Han hadde hundrad tenestfolk. Og so stort eit velde aatte han yver dei andre hovdingarne nordanfor Øksnadalshei, at sume miste gardarne sine, sume livet, og sume god-ordet sit for honom. Fraa honom er dei mest utvalde menner komne: Oddaverjar og Sturlungar, Kvamverjar og Fljotemenner, og Kjetil bisp og mange av dei beste menner. Gudmund var venen hans Aasgrim Ellidagrimsson, og Aasgrim etla seg til aa faa mannahjelp der.

Kapittel 114

Snorre heitte ein mann; han hadde tilnamnet Gode. Han budde paa Helgefell fyre den tid Gudrun Osvivs-dotter kjøpte av honom garden. Ho budde der til sin alderdom, men Snorre fór til Kvamsfjorden og budde paa Sælingsdalstunga. Far hans Snorre heitte Torgrim, som. var son aat Torstein Torskebit, son hans Torolv Mostrar-skjegg, son hans Ørnolv Fiskreke. Men Are Frode seier at Torolv var son hans Torgils Røydarsida. Denne Torolv Mostrarskjegg var gift med Oska, dotter aat Torstein hin raude. Mor hans Torgrim heitte Tora, dotter aat Oleiv Feilan, son hans Torstein hin raude, son hans Oleiv hin kvite, son hans Ingjald Helgeson. Mor hans Ingjald og heitte Tora, dotter aat Sigurd orm i auga, son hans Ragnar Lodbrok. Men mor hans Snorre var Tordis, syster aat Gisle Sursson. Snorre var godven aat Aasgrim Ellidagrimsson, og hjaa honom med tenkte Aasgrim aa faa hjelp. Snorre var den visaste av alle menner paa Island, av dei som ikkje var framsynte. Han var god mot sine vener, men hard mot sine uvener. I denne tidi var det stor tilstrøyming til tinget fraa alle lands-fjorungarne, og folk hadde mange maalemne i gjerdom.

Kapittel 115

Flose spør draapet paa Hoskuld, og han vart baade hugsottfull og vreid, men han bar det stilt. Det vart sagt honom maal-tilbunaden som var gjort etter draapet paa Hoskuld, men han sa ikkje vidare um det. Han sende bod til Hall paa Sida, maagen sin, og Ljot, son hans, at dei skulde gjera seg mannsterke til tings. Ljot var halden for aa vera beste hovding-emnet der aust. Det var spaatt honom, at reid han til tings tri gonger og kom heil heim, so skulde han verta største hovdingen i ætti si, og eldst. Han hadde daa ride ein sumar til tings, og no etla han seg til den andre. Flose sende bod aat Kol Torsteinson, aat Glum, son hans Hilde hin gamle, Geirleiv, son hans Anund Taskabak, og Modolv Kjetilson. Alle dessa reid til møtes med Flose. Hall lova og aa koma mannsterk.

Flose reid til han kom til Kyrkjebø til Surt Aas-bjørnson. Daa sende han bod etter Kolbein Egilson, brorson sin, og han kom der. Fraa der reid han til Hovdebrekka; der budde Torgrim Skraute, son hans Torkjell hin fagre. Flose bad honom rida til Alltings med seg. Han lova det, og mælte til Flose: »Du hev ofte vore gladare en no, bonde, og det er ikkje aa undrast paa, um so er.« Flose mælte: «Det er visst, at no er det hendt som eg vilde gjeva all mi eiga til skulde vore ukome. Med laakt konn var det saatt, og laakt maa det verta som gror av det.« Fraa der reid han yver Arnarstakshei og kom aat Solheim til kvelds. Der budde Lodmund Ulvsson. Han var godven til Flose og Flose vart der um natti. Um morgoen reid Lodmund med honom til Dal, og der vart dei den natti. Der budde Runolv, son hans Ulv Ørgode. Flose mælte til Runolv: lier kan me sannspurt faa vita um draapet paa Hoskuld Kvitanes-gode; for du er ein sann-ordig mann, og hev det nære spurt, og eg trur deg i alt du hev aa fortelja um kva det var som kom imillom.« Runolv mælte: »Det er ikkje betre segjande en det er, at Hoskuld er meir en saklaus drepen. Tungt var det for alle, at han skulde døy soleis, og for ingen so tungt som for Njaal, fosterfar hans.« -- «Daa vert det vondt um mannahjelp for dei,« seier Flose. «Det vert so,« seier Runolv, »um ikkje noko elles kjem til hjelp.« -- »Kva er no ved-gjort?« seier Flose. «Det er stemnt vitne,« seier Runolv, »og lyst draapet.« -- »Kven gjorde det?« seier Flose. »Mord Valgardson,« seier Runolv. «Kor mykje er det aa lita paa?« spør Flose. «Han er skyld meg,« seier Runolv, »men likevel vil eg segja som sant er, at av honom nyt fleire illt en godt. Det vil no eg beda deg um, Flose, at du roar vreiden og tek det valet som det kan koma minst vanraad av; for Njaal vil bjoda god bot, og med honom mange av dei beste menner.« Flose mælte: «Rid med til tings, Runolv; ordi dine skal vega mykje hjaa meg, um ikkje noko verre kjem paa, en som vera skulde.« Dei tala ikkje meir, men Runolv lova aa fylgja. Han sende ord aat Havr hin spake, frenden sin, og han reid dit straks. Flose reid fraa der og til Vorsabø.

Kapittel 116

Hildegunn var ute, og ho sa: «No skal alle heime-mennerne vera ute, nåar Flose rid inn paa garden. Men kvinnorne skal rydja i huset og tjelda og bu til høgsætet aat Flose.« So kom Flose ridande inn paa tunet. Hildegunn gjekk til møtes med honom og mælte: «Kom heil og sæl, frende; di koma hev gjort meg glad i hjarta.« -- «Her skal me,« seier Flose, »eta dugurd, og sidan rida lenger.« Daa vart hestarne deira bundne. Flose gjekk inn i stova og sette seg, men kasta høgsætet unda seg nedi benken og mælte: «Korkje er eg konge elder jarl, og vil ikkje lata gjera høgsæte under meg, og det trengst ikkje aa spotta meg.« Hildegunn var nære stadd, og ho sa: «Det er ille, um du mislikar det; for detta gjorde me av heilan hug.« Flose mælte: «Um du hev heilan hug ved meg, skal det rosa seg sjølv, -- og lasta seg sjølv, um illt er.« Hildegunn log ein kaldlaatt og sa: »Ikkje er det sætande enno,-- me fær talast betre ved, fyrr me skilst.« Ho sette seg frammed Flose og dei tala laagt lenge.

Sidan vart bordi fram-sette, og Flose og mennerne hans tok handlaug. Flose saag paa handklædet, og daa var det hol i hol og sundt-rive i eine enden. Han kasta det i benken og vilde ikkje turka seg paa det, men rispa av bordduken eit stykke og turka seg paa, og kasta det aat mennerne sine. Sidan sette Flose seg innaat bordet og bad mennerne sine eta. Daa kom Hildegunn inn i stova og gjekk burtaat Flose, greidde haaret fraa augo paa seg og gret. Flose mælte: «Det er deg hugtungt no, frendkona, med di du græt so; men det er daa vel, at du græt for ein god mann.« Ho tok daa til ords:

«Kva vil no du gjera i ettermaalet, og kva hjelp skal eg faa av deg?« Flose mælte: »Eg skal søkja maalet dit fram til full rett, elder og faa gjort slik semja som gode menner held for sømeleg i alle maatar.« Ho mælte: «Hemnt deg hadde Hoskuld vilja gjort, um han hadde havt aa taka ettermaal etter deg.« Flose svara:

Det vantar ikkje deg hardlynde, og det er lett aasjaa, kva du vil.« Hildegunn mælte: «Det var mindre han hadde til gjort, Amor Ørnolvson fraa Fossaaskogen, mot Tord Frøysgode, far din, daa brørne dine Kolbein og Egil drap honom paa Skaftafells-tinget.« Hildegunn gjekk daa fram i skaalen og let upp kista si. Ho tok upp kappa som Flose hadde gjeve Hoskuld. I den kappa var det Hoskuld var drepen, og i den hadde ho gøymt alt blodet. Ho gjekk daa innar i stova med kappa, og burtaat Flose, og sa ikkje eit ord. Daa var Flose mett, og det var bore av bordet. Hildegunn tok og la kappa yver Flose, so blodet raus utyver honom alle stader. Ho mælte daa: «Denne kappa fekk Hoskuld av deg, Flose, og no vil eg gjeva deg henne att. I den vart han drepen. Og eg tek Gud og alle gode menner til vitne, at eg gjer deg eidbunden ved din Krist og all hans kraft, og ved din manndom og mannskap, til aa hemna alle dei saar som Hoskuld hadde paa seg, daa eg fann honom daud, -- elder og so heit kvar mans nidding!« Flose kasta kappa av seg og heiv henne burti fanget hennar og mælte: »Du er eit vaaemenne av verste slag, og vil at me skal velja det som gagnar os alle verst; -- kalde er kvende-raad.« Flose vart so skjepla, at stundom var han raud i andlitet som blod, stundom bleik som oska, stundom blaa som Hel. Flose og mennerne hans gjekk aat hestom sine og reid burt. Han reid aat Holtsvad og bier der paa Sigfussønerne og dei andre venerne sine.

Ingjald, bror til Rodny, mor hans Hoskuld Njaals-son, budde paa Kjelda. Far deira heitte Hoskuld hin kvite. Ingjald var gift med Traslaug, dotter aat Egil, son hans Tord Frøysgode. Flose sende Ingjald bod, at han skulde koma til honom. Ingjald fór straks med fjortan mann. Dei var heimemennerne hans alle saman. Ingjald var ein stor og sterk mann. Heime var han jamnan stillferdleg av seg, men han var ein mansleg kar og raust med venerne sine. Flose fagna Ingjald vel og mælte til honom: »Ein stor vande er komen os paa hender, som det vert vondt aa greia seg utor. No vil eg beda deg um det, maag, et du ikkje skil deg ved dette maalemnet mit, fyrr me er komne yver denne vandsken. Ingjald mælte: »Eg er ille stadd, baade for skyldskapen med Njaal og sønerne hans, og andre vig-tuge ting som her kjem imillom.« Flose mælte: «Det meinte eg, daa eg gifte deg brordotter mi, at du lova aa hjelpa meg i alle maalemne.« -- »Det er vel og likast eg gjer so,« seier Ingjald. Men likevel vil eg no rida heimum fyrst, og derfraa til tings.

Kapittel 117

Sigfussønerne spurde at Flose var ved Holtsvad, og dei reid dit for aa raaka honom. Det var Kjetil fraa Mork og Lambe, Torkjell, Mord og Sigmund Sigfus-søner. Der var og Lambe Sigurdson, Gunnar Lambeson, Grane Gunnarson og Vebrand Haamundson. Flose gjekk til mots med dei og fagna dei alle med blidskap. Dei gjekk framaat aai. Flose fekk høyra av dei det som sant var, og det samsvara i eit og alt med det han hadde høyrt av Runolv i Dal. Flose mælte til Kjetil fraa Mork: »Deg spør eg um dette: Kor hardsøkne er de meint aa vera i dette maalemnet, du og dei andre Sigfussønerne?« Kjetil mælte: «Eg saag helst at det vart semja med os; men eg hev lova med min eid, ikkje aa skiljast ved denne saki, fyrr ho fær ein endskap paa ein elder annan maate, og vaaga livet paa det.« Flose mælte: »Ein manndomsam mann er du, og slike er det mun i.« Dei tok til orde baae i senn, Grane Gunnarson og Lambe Sigurdson: »Fred løysa vil me faa det til, og mannhemn.« Flose mælte: «Det er ikkje sagt, at me fær baade skifta og velja.« Grane mælte: «Det var eg tenkt paa, daa dei drap Traain paa Markarfljot, og sidan Hoskuld, son hans, at aldri vilde eg gjera heil semja med dei; for eg vilde gjerne vera med, nåar dei vart drepne alle saman.« Flose mælte: «Du hev sete so nære ved, at du kunde hava hemnt dette, hadde det vore evle og manndom i deg til det. Eg tykkjer baade du og mange andre no bed um det som de vilde gjeva mykje til, nåar lenger lid, at de ikkje hadde kome frami. Det ser eg vel, at um det skulde ganga os etter vilje, at me fær drepa Njaal elder sønerne hans, so er det so gjæve og storætta menner, at det vert eit ettermaal so drjugt, at me lyt ganga for mang ein mans kne og beda um studnad, fyrr me fær semja og kjem ut or denne vanden. Det kan de og lita paa, at mange vert utarma, som fyrr var ved magt, men sume fær lata baade godset og livet. «

Mord Valgardson reid til møtes med Flose og sa han vilde fylgja honom til tings med alle mennerne sine. Flose tok vel imot det, og tala paa at han skulde gifta Rannveig, dotter si, med Starkad paa Stavafell, brorson hans Flose. Flose gjorde detta for di han meinte, at han daa betre kunde halda Mord og folke-magti hans i truskap med seg. Mord gav gode voner, men skaut det under Gissur Kvite, og sa at dei kunde talast ved um det paa tinget. Mord var gift med Torkatla, dotter hans Gissur Kvite. Mord og Flose reid saman til tings og talast ved kvar dag.

Kapittel 118

Njaal mælte til Skarphedin: «Kva hev de tenkt dykk til no, de brørne og Kaare?« Skarphedin mælte: »Me er ikkje av dei som brukar aa sova paa det, nåar me skal gjera noko. Men for aa segja deg det, so etlar me aa rida aat Tunga fyrst og finna Aasgrim Ellidagrimsson, og fraa der til tings. Men korleis hev no du far tenkt det med di ferd?« Njaal svarar: »Eg vil rida til tings; for det sømer meg best aa ikkje skiljast ved dykkar maal, so lenge eg er i live. Eg ventar meg, at mange der legg inn eit godt ord for meg, so de kan hava gagn av meg, og ikkje skade.a Torhall Aasgrimson, systerson hans Njaal, var der. Njaalssønerne log aat honom for ei brunrenda kufta han gjekk med, og spurde kor lenge han etla seg til aa hava den. Torhall svara: «Den skal eg hava kasta, nåar eg reiser ettermaal etter fosterfar min.«« Njaal mælte: »Du kjem til aa gjera det best, nåar det gjeld mest um.«

Dei bur seg no alle heimanfraa, og var innpaa tretti mann, daa dei reid til Tjorsaa. Der kom dei etter, frenderne hans Njaal, Torleiv Kraak og Torgrim hin mikle; dei var sønerne hans Holta-Tore, og baud seg til aa fylgja Njaalssønerne med lidet sit. Og det tok dei imot. Dei reid so alle saman yver Tjorsaai, og til dei kom paa Laksaabakken, og hamnar hestarne der. Der kom Hjalte Skjeggjeson attaat. Han og Njaal talast lenge ved i still. Hjalte mælte til dei: »Det vil eg støtt syna, at eg ikkje gøymer noko unda; Njaal hev bede meg um lidveitsla; eg hev gjenge inn paa det og lova honom lidsinne. Han hev longe lønt meg det, og mange andre, med dei gode raaderne sine.« Hjalte fortel Njaal alt um ferdi hans Flose. Dei sende Torhall med fyrebod til Tunga, til aa segja Aasgrim at dei etla seg dit til kvelds. Aasgrim fekk gjort alt ferdugt, og stod ute, daa Njaal reid inn paa tunet. Njaal var i blaa kappa, tov-hatt paa hovudet og brei-øks i handi. Aasgrim tok Njaal av hesten og bar honom inn og sette honom i hogsætet. Sidan gjekk dei inn alle Njaalssønerne og Kaare. Aasgrim gjekk ut att. Hjalte vilde rida lenger -- han totte det vart for mange der -- men Aasgrim tok i taumarne og sa at han fekk ikkje rida derifraa att, og let taka av hestom deira og fylgde Hjalte inn og sette honom ved sida hans Njaal. Men Torleiv og Torgrim og mennerne deira sat paa den andre benken. Aasgrim sette seg paa ein stol framfor Njaal og spurde: «Korleis ber det deg i hug um maalemnet vaart?« Njaal svarar: »Helder tungt; for eg tenkjer det er ikkje gjæve-menn som eig lut i dette. Men eg vil beda deg, ven, at du sender bod etter alle tingmennerne dine og rid til tings med meg.« -- »Det hev eg alt etla meg til,« seier Aasgrim, »og det skal eg attaat lova deg, at eg skal ikkje skilja lag med dykk, so lenge eg fær nokon mann med meg.« Men alle som inne var, takka honom og sa at slikt var manneleg mælt. Der vart dei daa um natti. Men dagen etter kom .det der heile styrkjen hans Aasgrim. Sidan reid dei alle i fylgje, til dei kom upp paa tinget. Buderne deira var tjelda fyrr.

Kapittel 119

Flose og var komen paa tinget og hadde heile budi si fullskipa med folk. Runolv tok inn i Dalverja-budi, og Mord i Rangæinga-budi. Lengst austanfraa var Hall fraa Sida komen, men so godt som ingen fleire fraa den kanten. Han hadde likevel stort fylgje fraa si bygd, og gav seg straks med Flose. Han bad honom gjera fred og semja; for Hall var ein klok mann og godvis. Flose tok alt vel, men svara daa ikkje vidare paa det. Hall spurde, kven som hadde lova honom lidsinne. Flose nemnde Mord Valgardson, og sa han hadde bede um dotter hans for Starkad frenden sin. Hall sa, at ho var nok eit godt gifte, men at det stod berre Ult av aa hava med Mord aa eigast, «og det fær du nok røyna, fyrr dette tinget er slut.« Etter det vart det ikkje meir med samrøa deira.

Det var ein dag at Njaal og Aasgrim talast ved lenge i still. Daa stod Aasgrim upp og tala aat Njaalssønerne: «Me fær gaa og leita os vener, so ikkje me skal verta nedaat-lagde med ovrevle; for i dette maalemnet kjem det til aa verta hard paagang.« Aasgrim gjekk ut, og næst honom Helge Njaalsson, so Kaare Solmundson, so Grim Njaalsson, so Skarphedin, so Torgrim hin mikle, so Torleiv Kraak. Dei gjekk til budi hans Gissur Kvite, og gjekk inn i budi. Gissur stod upp i mote dei og bad dei sitja ned og drikka. Aasgrim svara: »Me hev anna erend, og det skal me ikkje fara løynt med. -- Kva lidveitsla kan eg venta meg av deg, frende?« Gissur svarar: «Det ventar visst ho Jorunn, syster mi, at eg ikkje dreg meg unda aa hjelpa deg. So skal det og vera, no og oftare, at eitt skal ganga yver os baae.« Aasgrim takka honom, og gjekk so ut att. Daa spurde Skarphedin: »Kvart skal me no ganga?« Aasgrim svarar: «Til Ølvusinga-budi. « Sidan gjekk dei dit. Aasgrim spurde, um Skafte Toroddson var i budi. Det vart sagt honom, at han var der. Dei gjekk daa inn i budi. Skafte sat paa pallen og fagna Aasgrim. Aasgrim takka. Skafte bad honom sitja nedpaa; men Aasgrim sa han hadde stutte stunder aa dveljast, «men det er deg eg hadde erend aat.« -- «Lat høyra det,« seier Skafte. «Eg vil beda deg um hjelp aat meg og maagom mine,« seier Aasgrim. «Det hev eg tenkt,« seier Skafte, «at ho skulde ikkje koma innan-stokks hjaa meg, denne ugreia dykkar.

Aasgrim svarar: »HIe er slikt mælt, aa vera folk sist til hjelp, nåar det røyner mest.« -- »Kven er han, denna mannen,« seier Skafte, «som det gjeng fire mann fyre; storvaksen, bleikdæmd, usælsleg, hardskjøven og trolsleg?« Han svarar: «Skarphedin heiter eg, og du hev jamnan set meg paa tinget. Men eg er visare en du, med di at eg treng ikkje aa spyrja deg, kva du heiter; du heiter Skafte Toroddson. Men det var ei tid du kalla deg Busta-Koll. Det var daa du hadde drepe Kjetil fraa Elda. Daa gjorde du deg snau i kollen og smurde deg i hovudet med tjøra. So leigde du trælar til aa rispa upp ei torv-remsa, som du kraup under um natti. Sidan fór du aat Torolv Loftsson paa Øyrom, og han tok imot deg og bar deg um bord i mjølsekkjerne sine.« Aasgrim og dei gjekk att. Skarphedin sa: «Kvart skal me no ganga ?« -- »Aat budi hans Snorre Gode,« seier Aasgrim. Og so gjekk dei dit. Det var ein mann utanfor budi, og dei spurde honom, um Snorre var inne. Mannen sa at han var der. Aasgrim og dei andre gjekk inn i budi. Snorre sat paa pallen. Aasgrim gjekk fram for honom og helsa honom sømleg. Snorre tok mot helsingi blidslegt og bad honom sitja. Aasgrim sa seg eiga stutt stund til aa dveljast; «men det er deg eg hev erend aat.« Snorre bad honom segja det. Aasgrim mælte: «Eg hadde vilja at du gjekk med meg i retten og veitte meg lidsinne; for du er klok og ein stor framkvæmdarmann.«; -- «Tungt gjeng det os med vaare søksmaal no,« seier Snorre; «det er mange som legg seg sterkt fram imot os, og difor er me traude til aa fåast med folks vandemaal i andre fjorungar.« -- «Det er ikkje aa undrast paa det,« seier Aasgrim; »du er os helder ikkje noko skuldig.« -- «Eg veit at du er ein manndoms-mann,« seier Snorre, »og difor vil eg lova deg, korkje aa vera imot deg elder hjelpa dine uvener.« Aasgrim takka honom. Snorre mælte: «Kven er denna som det gjeng fire fyre? denna bleike skarpleitte mannen, som kaldflin og ber øksi so høgt paa oksli ?« -- «Hedin heiter eg,« seier han, «men sume kallar meg Skarphedin med fullt namn; -- hell var det meire du vilde tala med meg um?« Snorre mælte: «Berre det, at du ser meg ut til aa vera ein hardstælt og stortøk mann, men eg gjet paa, at ho no er troti, di meste gjæva, og at du ikkje hev lenge ulevt.« -- «Vel er det,« seier Skarp hedin, «med di at den skuldi hev me alle aa svara. Men med alt det er det større naudsyn for deg aa hemna far din en aa spaa meg slike spaadomar.« -- «Mange hev sagt det same fyrr,« seier Snorre, «og ikkje skal eg vreidast for slikt.« Sidan gjekk dei ut, og fekk ingi lidveitsla der.

Fraa der fór dei aat Skagfirdinga-budi. Den budi aatte Havr hin rike. Aasgrim og fylgjet hans gjekk inn i budi. Havr sat midt inne i budi og tala med ein mann. Aasgrim gjekk burtaat og helsa paa honom. Havr tok vel imot honom og bad honom sitja. Aasgrim mælte: «Eg vil beda deg hjelpa meg og maagarne mine.« Havr svara stutt, at han ikkje vilde taka upp-under med vandemaali deira; «men eg vil likevel spyrja, kven det er, denna bleike, med fire mann fyre seg, og so illtokkjeleg som han var komen gangande utor sjø hamrom.« Skarphedin mælte: «Kjær deg aldri um det, du mjolken, kven eg er -- for eg torer nok ganga fram der du sit fyre, og maateleg rædd skulde eg vera, der eg hadde slike sveinar i vegen for meg. Du skulde helder leita upp att Svanlaug, syster di, som Øydis Jarnsakse og Stedja-Koll drog av med fraa garden din, med du sat og ikkje torde røyva deg.« Aasgrim mælte: »Lat os ganga ut att; her er det ikkje von um nokor lidveitsla.«

Sidan gjekk dei aat Modruvellinga-budi, og spurde um Gudmund hin rike var der i budi. Det vart sagt dei, at han var der. Dei gjekk daa inn i budi. Det var høgsæte midt i budi, og der sat Gudmund hin rike. Aasgrim gjekk framaat honom og helsa honom. Gudmund tok vel imot honom og bad honom sitja. Aasgrim mælte: »Eg vil ikkje sitja. Men eg vil beda deg um lidsinne; for du er hardsøkjen og ein stor hovding.« Gudmund mælte: «Ikkje skal eg vera imot deg; men um eg vert huga til aa gjeva deg hjelp, so kan me talast ved um det sidan.« -- Han svara vel paa alt, og Aasgrim takka honom for ordi hans. Gudmund mælte: «Det er ein mann i fylgjet dit, som eg hev havt augo paa eit bil, og som synest meg ulik flestalle dei menner eg hev set.« -- «Kven er detr« seier Aasgrim. «Fire mann gjeng fyre honom,« seier Gudmund, «han er brun i haaret, bleikleitt, stor paa vokster, og so ferm og ram til mansverk, synest meg, at helder vilde eg hans fylgje hava en tie andre. Men han ser ikkje ut til aa hava lukka med seg.« Skarphedin mælte: «Eg skynar at det er meg du meiner paa. Ho er ikkje sama vegen fari, uheppa vaar. Eg fær aamæle for draapet paa Hoskuld Kvitanes-gode -- som ventande kan vera. Men um deg gjorde dei illmæle Torkjell Haak og Tore Helgeson, og av det hev du havt stort hug-græe.« Dei gjekk ut. Skarphedin mælte daa: «Kvart skal me no ganga?« - «Aat Ljosvetninga-budi,« seier Aasgrim. Den budi hadde Torkjell Haak tjelda. Han var son hans Torgeir Gode. Mor hans var ætta fraa Kjetil Høing, son hans Hallbjørn Halvtroll. Torkjell Haak hadde vore ute og kome seg upp i andre land. Han hadde drepe ein illgjerdsmann aust paa Jamtelandsskogen. Sidan for han aust til Svitjod og gav seg i lag med Sorkve Karl, og dei herja i austerveg. So var det austanfor Balagardssida, at Torkjell skulde finna vatn aat dei ein kveld. Daa møtte han eit finngalkn og slost ved det vel og lenge. Men enden vart den, at han drap finn-galknet. Fraa der fór han aust i Adalsysla. Der var han i kast med ein flogdrake. Sidan fór han attende til Svitjod, fraa der til Norig, og sidan ut til Island, og han fekk utskore dessa storverki yver loksengi si og paa ein stol framanfor høgsætet sit. Han og brørne hans tokst ved Gudmund hin rike paa Ljosvetninga-tinget, og Ljosvetningarne vann. Sidan gjorde Torkjell Haak og Tore Helgeson slengjeord um Gudmund. Torkjell sa so, at det fanst ikkje den mann paa Island som han kviddest for aa ganga til einvig med elder veik for. Av di vart han kalla Torkjell Haak, at han vyrde aldri, korkje med ord elder verk, kven han so hadde med aa gjera.

Kapittel 120

Aasgrim og fylgjet hans gjekk til budi hans Torkjell Haak. Aasgrim mælte daa til felagarne sine: «Denne budi eig Torkjell Haak, ei stor kjempa, og det vøre mykje um aa gjera, um me fekk honom med os. Her fær me agta os vel i alt me seier og gjer, for han er einlynd og illtolug. Eg vil no beda deg, Skarphedin, at du ikkje gjev deg um samrøa vaar.« Skarphedin kald-flein. Han var soleis klædd, at han var i blaa kjole og blaa-renda brok og høge svarte sko paa føterne. Han hadde sylvbelte um seg, og i handi den øksi som han hadde drepe Traain Sigfusson med, og som han kalla Rimmugygi, eit kort skjold, og eit silkebånd um hovudet og haaret greitt attum øyra. Han var hermanlegast av alle menner, so dei kjende honom av di alle, um dei aldri hadde set honom fyrr. Han gjekk der han fyrr hadde gjenge; korkje lenger fram elder lenger att. Dei gjekk heilt inn i budi. Torkjell sat midt paa pallen, og mennerne hans paa baae leier aat honom. Aasgrim helsa, og Torkjell tok det vel. Aasgrim mælte til honom: »Til det er me hit-komne aa beda deg um lid veitsla, til me skal ganga i retten.« Torkjell mælte: «Korleis kan de trenga mi lidveitsla, nåar de gjekk til Gudmund fyrst? Han hev vel lova dykk hjelpi si?« -- «Me fekk ikkje hans lidsinne,« seier Aasgrim. Torkjell mælte: »Daa tykte nok Gudmund at maalemnet er uvensælt. Og so er det; for det er det verste verk som hev vore øvt. Og eg veit kva som hev drive deg til aa koma hit. Du meiner, at eg skulde vera uvandare av meg en Gudmund til aa faa med paa ei rang sak.« Aasgrim tagde daa, og totte det saag tungsamt ut. Torkjell mælte: «Kven er han, denna store fælslege mannen, som det gjeng fire fyre, naableik og skarpleitt, usælsleg og illmansleg?« Skarphedin mælte: «Eg heiter Skarphedin, og du hev ikkje noko velja ut hædingsord aat meg for, saklaus mann. Det hev aldri hendt meg, at eg hev kuva far min og slegjest med honom, soleis som du hev gjort med din far. Det er og lite du hev ride til tings og starva med deildemaal. Du er betre hendt til aa stella paa sætri di uppmed Øksaraai, der det ikkje er so mange som ser deg. Og so skulde du stanga ut or tonnom dine rass-tarmen av merri du aat, fyrr du reid til tings; -- saugjætaren din saag det, og han undra seg paa at du kunde gjera slik ufysa.« Daa spratt Torkjell upp i fullt sinne og treiv stutt-sverdet sit og mælte: »Dette sakset tok eg i Svitjod av ei stor kjempa eg drap der, og sidan hev eg og feilt mange menner med det. Kjem eg berre nær deg, skal eg renna det igjenom deg; det skai du faa for fulordi dine. Skarphedin stod med reidd øks, kakl flein og mælte: »Denne øksi hadde eg i handom, daa eg sprang tolv alner yver Markarfljot og fellde Traain Sigfusson. Dei stod aatte saman der, men ingen fekk tak paa meg. Aldri enno hev eg lyft vaapn mot mann, so at ikkje det aat hev kome.« Dermed skauv han or vegen brørne sine og Kaare maagen sin, og steig framaat Torkjell. Skarphedin mælte daa: »Gjer no eitt av tvo, Torkjell Haak: anten slirar du sakset og set deg ned, eldaug so køyrer eg øksi i hovudet paa deg og kløyver deg ned i herdarne.« Torkjell slira sakset og sette seg straks. Men slikt hende honom korkje fyrr elder sidan.

Aasgrim og dei gjekk daa ut. Skarphedin mælte: »Kvart skal me no ganga?« Aasgrim svara: »Heim aat budi vaar.« -- »Me fær bidjarleii attende daa,« seier Skarphedin. Aasgrim snudde seg aat honom og sa: »Du hev mange stader vore helder ordkvass; men det du gav Torkjell, tykte eg for vel.« Dei gjekk daa heim aat budi og fortalde Njaal alt, soleis som det var gjenge. Njaal mælte: »Det fær no gaa den veg som lagnaden vil.«

Gudmund hin rike fekk spurt, korleis det var gjenge med Skarphedin og Torkjell, og han sa daa: »De kjenner alle til, korleis det hev gjenge med meg og Ljosvetningarne; men aldri hev eg fenge slik skam og svivyrding av dei som no Torkjell av Skarphedin, og er detta overlag vel vorte.« So mælte Gudmund til Einar Tverr-æing, bror sin: »Du skal fara med alt lidet mit og ganga med Njaalssønerne, nåar fjorungsretten vert sett. Men treng dei hjelp ein annan sumar, so skal eg sjølv vera med og gjeva dei lidveitsla.« Einar sa ja til dette, og sende ord aat Aasgrim um det. Aasgrim mælte: »Ulik er Gudmund flestalle menner i hovdingskap.« Aasgrim fortalde Njaal det sidan.

Kapittel 121

Dagen etter var dei saman, Aasgrim og Gissur Kvite, Hjalte Skjeggjeson og Einar Tverr-æing. Der var daa og Mord Valgardson. Han hadde daa fenge saki fraa seg og i henderne paa Sigfussønerne. Daa mælte Aasgrim: «Dykk fortel eg det aat fyrst, Gissur Kvite, Hjalte og Einar, korleis saki stend. De kjenner daa til, at Mord hev vore med ved draapet paa Hoskuld og gjeve honom det saaret som ingen vart nemnd aat. Det synest meg daa, som det maalemnet maa vera spilt etter loven.« -- «Daa vil me bera det fram straks,« seier Hjalte. Torhall Aasgrimson mælte: »Det vilde vera uraadande anna en aa halda dette løynt, til des retten er sett.« -- «Kva skil det?« seier Hjalte. Torhall svarar: «Fær dei vita det no, at maalemnet er rangt til-butt, so kan dei berga saki med di, at dei sender ein mann heim fraa tinget no straks og læt honom stemna paa nytt lag og nemna vitne til aa møta paa tinget, og daa er søksmaalet rett.« -- »Ein vitsam mann er du, Torhall« seier dei, »og etter dit raad skal det gjerast.« Etter dessa gjekk kvar til si bud. Sigfussønerne lyste saki paa Logberget og spurde etter tingfeste og heimstad. Men fredagskvelden skulde fjorungsretten setjast og søksmaalet taka til, og det er stilt tinget til daa. Det var mange menner som talde til aa gjera semja; men Flose var tverr, og dei andre tala endaa meir imot, so det tyktest vera litor von. So kjem tidi daa domsnemnderne skulde fara ut til Logberget fredagskvelden. Heile tinglyden gjekk framaat. Flose og fylgjet hans stod sunnanfor Rangæinga-retten. Saman med honom var Hall fraa Sida og Runolv fraa Dal, son hans Ulv Ørgode, og dei andre som hadde lova Flose lidveitsla. Men nordantil Rangæinga-retten stod dei Aasgrim Ellidagrimsson og Gissur Kvite og Hjalte Skjeggje-son og Einar Tverr-æing. Men Njaalssønerne var heime ved budi, og Kaare og Torleiv Kraak og Torgrim hin mikle. Dei sat med vaapnom alle, og det var ein flokk som ikkje var paalaupande. Njaal hadde bede domarane ganga i retten. Sigfussønerne søkjer no maalet. Dei nemnde seg vitne og baud Njaalssønerne aa lya paa eiden. So gjorde dei eid. So sa dei fram saki. So let dei bera lysingsvitne. So baud dei nemndsmennerne til sætes. So baud dei til rudning i nemndi. Daa stod han upp, Torhall Aasgrimson, nemnde seg vitne og forbaud nemndsmennerne aa bera fram vitnemaali, for di at den hadde lyst saki som sjølv var saka og utlæg etter loven. »Kven meiner du med dette?« spør Flose. Torhall svarar: »Mord Valgardson var med Njaalssønerne, daa Hoskuld vart drepen, og gav honom det saaret som ingen vart nemnd aat den gongen det vart teke vitne paa saari. De kan ikkje mæla imot, at søksmaalet er spilt.«

Kapittel 122

Njaal stod daa upp og mælte: »Det bed eg dykk um, Hall fraa Sida og Flose og alle Sigfussønerne, og alle vaare menner, at de ikkje gjeng burt, men høyrer paa ordi mine.« Dei gjorde so. Han mælte daa: »So synest det meg, at dette søksmaalet no er uført; -- og det var aa venta; for av laak rot er det runne. Det vil eg de skal vita, at eg elska Hoskuld meir en mine eigne søner. Og daa eg spurde han var drepen, daa tyktest meg sløkt søtaste ljoset for augo mine, og helder hadde eg vilja mist alle sønerne mine, og han hadde levt. Og no bed eg deg Hall fraa Sida og Runolv or Dal, Gissur Kvite og Einar Tverr-æing og Havr hin spake, at eg fær gjort semja aat sønerne mine for dette draapet. Og eg vil at dei skal døma imillom som er falligast til det.« Baade Gissur og Einar og Havr tala lenge kvar seg og bad Flose semja seg, og baud honom venskapen sin imot. Flose svara vel til alt, men han lova ikkje noko. Hall fraa Sida mælte daa til Flose: »Vil du gjera etter ordom dine og høyra ei bøn eg bed deg? -- den du lova meg den gongen eg hjelpte ut or landet Torgrim, son hans Diger-Kjetil, frenden din, daa han hadde drepe Halle hin raude.« Flose mælte: »Eg vil lyda deg, maag, for-eg veit du bed meg ikkje um anna en som kan gjera sømdi mi større enfyrr.« Hall mælte: »Daa vil eg det, at du gjer semja straks og læt gode menner døma imillom; daa vinn du deg venskap med dei beste menner.« Flose mælte: »Det vil eg kunngjera dykk, at eg vil lyda ordom hans Hall, maagen min, og andre gode menner, og lata seks menner fraa kvar sida -- lovleg nemnde -- skilja i saki. Eg tykkjer det er ikkje meir en rett aa unna Njaal detta.« Njaal takka Flose og dei alle; det gjorde og dei andre som var der, og sa at Flose gjorde som ein fagnamann. Flose mælte: »No vil eg nemna mine skilsmenner. Fyrst nemner eg Hall fraa Sida, maagen min, so Øssur fraa Breiaa, Surt Aasbjørnson fraa Kyrkjebø, Modolv Kjetilson« -- han budde paa Aasom -- »Havr hin spake og Runolv or Dal. Og det vil vera einmælt, at desse er dei falligaste til det av alle mennom mine.« Han bad no Njaal aa nemna sine skilsmenner. Njaal stod daa upp og mælte: »Til det nemner eg fyrst Aasgrim Ellidagrimsson, so Hjalte Skjeggjeson, Gissur Kvite og Einar Tverr-æing, Snorre Gode og Gudmund hin rike. Sidan tok dei kvarandre i hand, Njaal og Flose og Sigfussønerne, og Njaal handfeste for alle sønerne sine og Kaare, at tolv menner skulde døma. Og det er aa segja, at heile tinglyden gjordest fegen ved dette. Det vart sendt menner etter Snorre og Gudmund; for dei var i budom sine. So vart det sagt fraa, at doms-mennerne skulde sitja i logretten, men alle dei andre ganga burt.

Kapittel 123

Snorre Gode mælte daa: «No er me her tolv domsmenner som desse maalemni er lagde i henderne aat. Og no vil eg beda dykk som her er, at ingen legg vandskar i vegen, so det ikkje kjem til semja millom dei.« Gudmund mælte: «Vil de lysa nokon or heradet elder or landet?« -- «Ikkje noko av det,« seier Snorre, «for di at det hev ofte ikkje vorte halde, og hev drege draap og usemja etter seg. Men eg vil det skal setjast so store bøter, at ingen mann hev dyrare vore her i landet en Hoskuld.« Ordi hans vart vel fagna. Sidan samraadde dei um det; men dei vart ikkje samde um, kven som fyrst skulde setja fram, kor stor boti skulde vera. Det vart til det, at dei skulde draga luter um det, og det fall paa Snorre aa segja fraa fyrst. Snorre mælte: «Ikkje skal eg eva meg lenge um med det. Eg skal segja dykk mi meining: Eg vil at Hoskuld bøtest med tri mannabøter; det er seks hundrad i sylv. No fær de gjera ved, um det er for mykje elder for litei.« Dei svara, at dei hadde ikkje noko aa gjera ved det. «Det skal og fylgja med,« sa han, «at alt godset skal leggjast ut her paa tinget.« Daa mælte Gissur Kvite: «Dette tykkjest meg snautt nok læt seg gjera; for dei hev daa for lite med seg her til aa kunna greia for seg.« Gudmund hin rike mælte: »Eg veit kva Snorre vil. Det vil han, at alle skilsmennerne legg attaat, etter som kvar er raust til, so kjem mange etter og gjer det sama.« Hall fraa Sida takka honom, og sa at han gjerne vilde leggja so mykje som den som gav mest. Og dette gjekk alle skilsmennerne med paa. Etter det gjekk dei ut or logretten, og gjorde av seg imillom, at Hall skulde maalbera avgjerdi paa Logberget.

So vart det saman ringt, og alt folket gjekk aat Logberget. Hall fraa Sida stod upp og mælte: »I dette maalemnet, som me hev gjort av, hev me vorte vel samde, og me hev sett boti til seks hundrad i sylv. Me skilsmennerne vil leggja til det halve, og alt skal greiast ut her paa tinget. Men det er mi bøn aat alle som her er, at de legg ein lut kvar, for Guds skuld.« Det svara alle vel paa. Hall lyste daa vitne paa semja, so ingen skulde brjota den. Njaal takka dei for avgjerdi. Skarphedin stod der; han tagde og kaldflein. Folk gjekk, fraa Logberget aat buderne sine. Men domsmen-nerne bar saman paa kyrkjegarden der alt det godset dei hadde lova aa leggja til. Njaalssønerne og Kaare la fram alt det godset dei hadde, og det var eit hundrad i sylv. Njaal tok det godset han hadde, og det var det andre hundrad. So vart alt det godset bore fram i logretten. Og folket skaut til so mykje, at ikkje ein pening vanta. Njaal tok daa ei silkjekaapa og eit par styvlar og la ovanpaa haugen. Sidan sa Hall til Njaal, at han skulde ganga etter sønerne sine-- »men eg skal ganga etter Flose, og gjeve so einannan fred og trygd.«

Njaal gjekk daa heim aat budi si og sa til sønerne sine: »No er maalemnet vaart kome i godt gjenge. Me er samde, og alt godset er til veges havt. No skal me fraa baae leier ganga saman og gjeva einannan fred og trygd. Og no v:l eg beda dykk, sønerne mine, at de ikkje gjer noko som skjeplar. Skarphedin strauk seg yver panna og kaidflein. Dei gjekk so alle til logretten. Hall gjekk til møtes med Flose og mælte: «Gakk no i logretten; for no er alt godset utgreitt og lagt saman paa eitt stelle.« Flose bad Sigfussønerne ganga med seg. Dei gjekk daa ut alle. Dei kom austanfraa til logretten; Njaal og sønerne hans kom vestanfraa. Skarphedin steig upp paa midpallen og stod der. Flose gjekk inn i logretten, for aa sjaa paa godset, og mælte: «Detta godset er baade mykje og godt og vel fraa handom greitt, som von var.« So tok han upp kaapa, og spurde kven som hadde gjeve den. Men det var ingen som svara honom. Endaa ein gong sveivde han kaapa i lufti, og spurde kven som hadde gjeve henne, og log aat. ingen svara honom. Flose mælte daa: «Korleis er det? Veit ingen av dykk, kven som hev aatt denne bunaden, elder torer de ikkje segja meg det?« Skarphedin mælte: «Kven meiner du hev gjeve henne?« Flose mælte: -»Um du vil vita det, so skal eg segja deg kva eg meiner; eg tenkjer det er far din, den skjegglause kallen, som hev gjeve henne. Nåar folk ser honom, so er det mange som ikkje veit, anten han er kvinnfolk elder karmann.« Skarphedin mælte: «Slikt er ille mælt, aa neisa ein so gamal mann; det hev enno ingen dugande mann gjort. Det kan og alle vita, at han er karmann; for han hev havt søner med kona si. Det hev faae av vaare frender vorte liggjande ubøtte ved garden vaar, som me ikkje hev hemnt.« Skarphedin nykte no kaapa aat seg og kasta burt aat Flose ei blaa brok, og sa at den kunde han helder trenga. Flose mælte: »Kvi skulde eg helder trenga den?« Skarphedin svara: «Jau for di -- um du er brur aat Svinafell-guden, som dei seier, og han gjer deg til kona niande kvar natt.« Flose spente til sylvhaugen, og sa at ikkje ein pening vilde han hava av det, og det skulde verta eitt av tvo: anten skulde Hoskuld vera ubøtt, eldaug skulde dei hemna honom. Flose vilde ingi grid gjeva og ingi taka, og sa til Sigfussønerne: »No gjeng me heim; eitt skal ganga yver os alle.« Dei gjekk heim aat budi. Hall mælte: Det maa vera altfor usælslege folk som eig lut i dette.«

Njaal og sønerne hans gjekk heim aat budi. Njaal mælte: »No kjem det fram, som hugen min lenge hev sagt meg, at tungt mune det falla os, dette maalet.« »Det er ikkje so visst,« seier Skarphedin; »for dei kan ikkje søkja os etter lands lov.« -- »Daa kjem det,« seier Njaal, «som gagnar alle verst.« -- Dei menner som hadde gjeve gods, tala um at dei fekk taka att det. Gudmund hin rike mælte: «Den skammi vil ikkje eg velja -- taka att det eg gjev -- korkje her elder annan stad.« -- »Vel er detta mælt,« sa dei. Og daa var det ingen: som vilde taka sit att. Snorre Gode mælte: »Det er mit raad, at Gissur Kvite og Hjalte Skjeggjeson tek vare paa dette godset til eit anna Allting; det berst meg fyre, at det gjeng ikkje lenge, fyrr det vert bruk for det.« Hjalte tok eine helmingen i varveitsla, Gissur den andre. Folk gjekk daa heim aat buderne sine.

Kapittel 124

Flose stemnde alle mennerne sine upp i Allmannagjaa og gjekk dit sjølv. Dei kom alle, og det var nitti mann. Flose mælte til Sigfussønerne: «Korleis skal eg taka det med dette maalemnet, so det er mest etter dykkar tykkje?« Gunnar Lambeson mælte: »Me er ikkje fullnøgde, fyrr dei er drepne alle Njaalssønerne.« Flose mælte: »Det vil eg lova Sigfussønerne, ikkje aa skiljast ved dette maalemnet, fyrr dei elder me nigjer for den andre. Det vil eg og vita, um det er nokon her som ikkje vil ganga med.« Men alle sa at dei vilde vera med. Flose mælte: «Gange daa hitaat meg alle og sver eid, at ingen vil draga seg unda.« Alle gjekk framaat Flose og svor honom eid. Flose mælte: «Det skal me og alle hava handtak paa, at kvar den skal lata liv og gods, som gjeng ut or dette maalet fyrr det er slut.« Desse hovdingarne var med Flose: Kol, son hans Torstein Breimage, brorson hans Hall fraa Sida, Roald Ossurson fraa Breiaa, Øssur, son hans Aanund Taskabak, Torstein hin fagre Geirleivson, Glum, son hans Hilde hin gamle, Modolv Kjetilson, Tore, son hans Tord Illuge fraa Mørtunga, frenderne hans Flose, Kolbein og Egil, Kjetil Sigfusson og brørne hans, Mord, Torkjell og Lambe, Grane Gunnarson, Gunnar Lambeson og Sigurd, bror hans, Ingjald fraa Kjelda, og Roar Haamundson.

Flose mælte til Sigfussønerne: «Tak no den til hovding som de tykkjer er best fallen til det; for det vil til, at ein stend for styret.« Kjetil fraa Mork svara: »Um valet skal koma under os brørar, so er det snøgt gjort. Daa vél me deg. Det er og mangt som peikar i den lei. Du er ein ættstor mann og ein megtug hovding, harddrøg og klok. Og det vilde me daa taka upp soleis, at det er for vaar skuld du tek paa deg saki.« Flose mælte: «Det er vel likast, at eg gjeng med paa det som de bed meg um. Og daa vil eg og segja fraa, korleis me skal gjera. Det er daa mit raad, at de rid heim att fraa tinget og steller kvar med sit i sumar, so lenge heime-onni stend paa. Eg vil og rida heim og vera heime i sumar. Men sundagen, aatte vikor fyre vinternæterne, vil eg lata syngja messa for meg heime og rida vest yver Lomagnupsand. Kvar av os skal hava tvo hestar. Eg vil ikkje auka lidet med fleire en dei som no hev gjenge i eid; for me er so visst mange nok, berre me fær rette gagnet av alle. Eg vil rida sundagen, og natti med. Men andre dagen i vika er eg komen paa Trihyrningshalsen fyre midaftan. Daa skal de vera komne der alle som eidsvorne er i dette maalemnet. Men er det daa nokon som ikkje er komen, av dei som hev gjenge med i dette, daa gjeld det ikkje mindre en liv, um me maa raada.« Kjetil mælte: «Korleis kan det svara saman, at du rid heimantil sundagen og kjem paa Trihyrningshalsen andre dagen i vika?« Flose mælte: «Eg rid upp fraa Skaftaa-tunga og nordanfor Øyafjelljøkulen og ned til Godaland; daa vinst eg det nok, nåar eg rid radt. No vil eg og segja dykk alt, som eg hev tenkt meg det. Nåar me er komne saman der, skal me rida til Bergtorskvaal med heile styrkjen og søkja Njaalssønerne med eld og jarn, og ikkje ganga fraa der, fyrr dei er drepne alle saman. Denne raad-gjerdi maa de halda løynd; for livet aat os alle ligg ved. Og no tek me hestarne vaare og rid heim.« Alle gjekk daa aat buderne sine. Sidan let Flose sala hesten sin, og bidde ikkje paa fylgje med nokon, men reid heim. Han vilde ikkje raaka Hall, maagen sin; for han tyktest vita, at han vilde telja fraa alt valds-verk.

Njaal og sønerne hans reid heim fraa tinget, og var heime um sumaren. Njaal spurde Kaare, maagen sin, um han kanskje vilde rida aust til Dyrholmarne, til garden sin. Kaare svara: «Eg vil ikkje det; det skal ganga eitt yver meg og sønerne dine.« Njaal takka honom, og sa det var von slikt av honom. Det var jamnan framaat tretti stridsføre karar der med hus-karom.

Det var ein gong at Rodny Hoskuldsdotter, mor hans Hoskuld Njaalsson, kom til Kjelda. Ingjald, bror hennar, fagna henne vel. Ho svara ikkje paa helsingi hans, men bad honom ganga med seg ut, og han so gjorde. Dei gjekk or garden baae saman. Ho treiv honom i handi, og dei sette seg baae. Rodny mælte: «Er det sant, at du hev svore eid, at du vil vera med imot Njaal og drepa honom og sønerne hans?« Han svara: «Sant er det.« -- «Ovmykje til nidding er du,« seier ho, «der Njaal tri gonger hev løyst deg fraa skog-gang.« -- «Det er likevel dit kome no,« seier han, »at livet mit ligg ved, um eg ikkje gjer dette.« -- «Det er ikkje sagt,« seier ho; «du kan leva alt med di, og heita ein god mann, um du ikkje svik den du hev mest aa takka.« Daa tok ho fram or pungen sin ei linhuva, som var flengjut og blodut all igjenom, og mælte: «Denne huva hadde Hoskuld Njaalsson, systerson din, paa hovudet, daa dei drap honom. Eg tykkjer det vilde vera ille gjort av deg aa hjelpa dei som stend paa den sida.« Ingjald svara: «Det fær verta so, at eg ikkje er med imot Njaal, kva det so etter kjem; endaa eg veit, at dei kjem til aa venda seg mot meg.« Rodny mælte: «No kunde du gjera Njaal og sønerne hans ei stor hjelp, um du seier honom all denne raadgjerdi.« -- »Det vil eg ikkje gjera,« seier Ingjald; «for daa er eg kvar mans nidding, um eg seier um det som dei hev trutt aat meg. Men det er mannleg bragd aa skilja seg ved dette maalet, der eg veit hemnen viss aa venta. Men seg Njaal og sønerne hans, at dei er vare um seg heile denne sumaren -- for det er gagnraad for dei -- og at dei maa vera godt manna.« Sidan fór ho aat Bergtorskvaal og sa Njaal all denne samrøa. Njaal takka henne og sa ho hadde gjort vel; «for det hadde vore meir misgjort av honom en av nokon annan, um han hadde vore med imot meg.« Ho fór daa heim. Men Njaal sa detta aat sønerne sine.

Det var ei kjering paa Bergtorskvaal som heitte Sæunn. Ho var klok paa mangt og framsynt. Men no var ho svært gomol, og Njaalssønerne kalla henne gamal-øra, av di ho mælte mangt og mykje. Men likevel vart det gjerne so, at det horvde etter. Det var ein dag ho tok seg ein lurk i handi og gjekk uppum husi aat ei arvegras-saata som der stod. Ho dengde og slo saata og ynskte illt yver henne -- slikt ulukke-ting ho var. Skarphedin log, og spurde kva ho skapte seg paa saata etter. Kjeringi mælte: «Denne saata vert teki og kveikt eld med, nåar Njaal bonde og Bergtora, fosterdotter mi, vert innebrende -- ber henne paa vatnet elder brenn henne upp, snøggast de kan.« -- «Det vil me ikkje gjera,« seier Skarphedin; «for er det so laga, so vert det alltid eitt til eldkveikje, um ho ikkje er.« Kjeringi masa med det heile sumaren, at dei skulde bera inn arvegras-saata; men alltid vart det avdrygt.

Kapittel 125

Paa Røykje i Skeide budde Runolv Torsteinson. Hildeglum heitte son hans. Han gjekk ut sundagsnatti tolv vikor fyre vinternæterne. Han høyrde eit stort brak, so han totte det skolv baade jordi og himmelen. Han saag vest i, og daa tyktest han sjaa ein logande ring, og inni ringen ein mann paa ein graa hest. Han for fort framyver, og fór hardt. Han hadde ein logande eldbrand i handi, og reid so nær honom, at han kunde sjaa honom vel. Mannen var svart som bek. Han song denne visa med sterkt maal:

Eg rid hesten
helu-maana,
vaatrogg-toppa,
itlt valdande.
Eld er i endom
eitr er i midja.
So er med Floses raad
som njugand kjevle;
so er med Floses raad
som Hjugand kjevle.

Daa tyktest det honom, at han skaut branden austetter mot fjelli framanfor seg, og han totte det flaug upp ein varme til motes, so stor at han ikkje kunde sjaa fjelli for det. Det synte seg for honom, som mannen reid aust under elden og kom burt der. Han gjekk inn att og la seg, og vart liggjande lenge i uvit, men raknast daa or att. Han mintest alt som fyre honom hadde borest, og fortalde far sin det. Men han bad honom segja det til Hjalte Skjeggjeson. Han fór til Hjalte og sa honom det. »Du hev sett gand-reid,« seier Hjalte, »og det er jamnan fyre storhendingar.»

Kapittel 126

Flose laga seg til aa fara austan, daa det var att tvo maanader til vinters, og stemnde aat seg alle dei som hadde lova ut aa vera i ferdi. Kvar av dei hadde tvo hestar og gode vaapn. Dei kom til Svinafell alle saman og var der um natti. Flose let messa for seg tidleg um sundagsmorgon, og gjekk daa til bords. Han sa alle heimekararne sine fyre, kva kvar skulde gjera, med han var burte. So gjekk han aat hestom sine.

Flose og fylgjet hans reid vestetter til Sand. Flose bad dei ikkje rida hardt i fyrstningi; dei vanst nok endaa fram, sa han. Han bad alle bia, um nokon trong aa heftast. Dei reid vest til Skogakverve, og kom til Kyrkjebø. Flose bad dei alle ganga med til kyrkja til bøn. Mennerne gjorde so. Sidan steig dei paa hestarne sine og reid upp paa fjellet, og so til Fiske-vatni og eit stykke vestanum dei, og stemnde daa vestetter yver Sanden, so dei hadde Øyafjelljøkulen paa vinstre handi; fór so nedetter til Godaland, og so til Markarfljot, og kom til Trihyrningshalsen ved nons-leite andre dagen i vika og bidde der til midaftans. Alle kom, so nær som Ingjald fraa Kjelda. Sigfussønerne lasta honom sterkt for det. Men Flose bad dei ikkje aamæla Ingjald, den tid han ikkje sjølv var der; «men me skal nok løna honom for det seinare.«

Kapittel 127

No er aa segja um paa Bergtorskvaal, at Grim og Helge fór aat Hole -- dei hadde born til fostrings der -- og sa daa til far sin. at dei kom ikkje heim att um kvelden. Dei var i Hole heile dagen. Det kom nokre fatigkonor der, som sa at dei kom langveges fraa. Brørne spurde dei etter tidend. Dei sa dei hadde ikkje nokor tidend aa segja, «men lite nytt kan me nok fortelja.« Dei spurde, kva for noko nytt det var, og bad dei ikkje løyna det. Nei det skulde dei ikkje, svara dei. «Me kom ned FIjotslidi, og der saag me alle Sigfussønerne kom ridande fullt væpna; dei stemnde upp paa Trihyrningshalsen og var femtan i flokken. Me saag og Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson; dei var fem i fylgje og stemnde sama leii. Og det er aa kalla for, at alt er paa for og flog ikring heradet.«

Helge Njaalsson mælte: «Daa er visst Flose komen austantil, med alle dei andre komne til mots med honom. Og daa skal eg og du vera med der som Skarphedin er.« Grim sa, at so skulde det vera, og dei for heim.

Denne sama eftan sa Bergtora til husfolket sit: »No skal de velja dykk mat i kveld, so kvar fær det han best likar; for di at i kveld er det siste gongen eg ber fram mat aat folket mit.« -- «So gale maa daa ikkje henda,« sa dei som inne var. «So vert det no, kor som er,« seier ho. «Eg kunde segja mykje meir, um eg vilde. Og det kan vera til merke, at Helge og Grim kjem heim att i kveld, fyrr folk er fraa bordet gjengne. Og gjeng det etter det, daa gjeng det etter med meir, so som eg seier.« Sidan bar ho mat paa bordet. Njaal mælte: «Undarlegt synest det meg no; eg tykkjest sjaa ikring heile stova, og at baae gavl-veggjerne er unda, og bordet og maten i blod alt saman.« Alle gav mykje um detta, so nær som Skarphedin. Han bad dei ikkje ihugast elder fara med andre avlætor, so folk fekk den skammi aa gjera ord um. «Det krevst meir av os en av andre, at me ber os vel, som det og er aa venta.« Grim og Helge kom heim, fyrr bordi var unda-sette, og folk rygdest sterkt ved det. Njaal spurde, kvi dei kom att so braatt. Men dei fortalde kva dei hadde frett. Njaal bad kvar og ein halda seg vaken og vera var um seg.

Kapittel 128

No er det aa taka aat att der Flose er. Han mælte: «No skal me rida til Bergtorskvaal, so me kjem der fyre natt-maal.« Dei gjerer so. Det var ein dal i kvaalen, og dei reid dit og batt hestarne sine og drygde der til det leid langt paa kvelden. Flose mælte: «No skal me ganga framaat garden; me skal ganga tett saman og fara seint, og sjaa kva dei tek til raads.« Njaal stod ute, og sønerne hans og Kaare og alle heimemennerne, og heldt paa stella seg upp utpaa helleladet, og var nær tretti mann. Flose stadna og mælte: »No skal me sjaa, kva dei tek seg til; for so synest det meg, at vert dei standande ute, so råar me aldri med dei. « -- »Daa vart det ei vesall ferd,« seier Grane Gunnarson, »skal me ikkje vaaga aa taka paa dei.« -- «Det er ikkje meiningi anna,« seier Flose; «me skal nok ganga paa dei, endaa um dei stend ute; men det avnotet fær me bøta med, at det vert mang ein som ikkje kjem til aa bera bod um kven som vann.«

Njaal mælte til mennerne sine: «Ser de noko til kor mannsterke dei er?« -- «Dei hev baade mykje folk og harddrøgt,« seier Skarphedin; «men no stadnar dei, av di dei etlar det kan verta hardt nok aa vinna med os.« «Det er det nok ikkje,« seier Njaal; «eg vil at me skal ganga inn. Dei var ille ute, dei som søkte aat Gunnar paa Lidarende, og han var aaleine mot. Husi her er sterke, som dei der var, og dei kan ikkje faa noko gjort.« -- «Det er ikkje liknande i hop det og dette,« seier Skarphedin. «Dei som tok paa Gunnar i hans hus var so gjæve hovdingar, at helder vilde dei venda att en brenna honom inne. Men desse sparer ikkje aa søkja os med eld, straks dei ikkje kjem nokon veg paa annan maate; av di dei vil gjera alt dei kan til aa faa bugt med os. Dei meiner vel -- som ikkje er uliklegt helder -- at det vert deira bane, um me kjem unda. Helder ikkje er eg huga paa aa lata meg røykja inne som ein melrakke i hiet.« Njaal mælte: «No er det att som so ofte, at de vil læra meg raad, sønerne mine, og ikkje vyrer meg. De gjorde ikkje so, den tid de var yngre, og daa gjekk alt betre for dykk.« Helge mælte: «Lat os gjera som far vaar vil; det batar os best.« -- «Ikkje veit eg det visst,« seier Skarphedin, »di at no er han feig. Men det kan eg alltid gjera far min til viljes, aa brenna inne med honom; for eg ræddest ikkje dauden min.« Han mælte daa til Kaare: «Lat os fylgjast vel, maag, so ikkje den eine skilst ved den andre.« -- «Det hev eg etla meg til,« seier Kaare; »men umanna er tillagt, fær det hava sin gang; det er ikkje noko med det aa gjera.« -- «Hemnos,du!« seier Skarphedin; »men me skal hemna deg, um me vert levande etter.« Kaare sa at so skulde det vera. So gjekk dei inn alle og stelte seg i døri. Flose mælte: «No er dei feige, med di dei gjekk inn. No skal me skunda os heim aat huset og skipa os som tjukkast framanfor døri, og gjæta vel etter at ingen kjem unda, korkje Njaalssønerne elder Kaare; for det er vaar bane.«

Dei kom daa framaat garden og skipa seg umkverves husi, um det skulde vera nokor løyndør der. Flose med sine menner gjekk aat framsida av huset. Roald Ossur-son ljop aat der Skarphedin stod og stakk til honom. Skarphedin hogg spjotet av skaftet for honom, flaug inn-paa og hogg til honom. Øksi tok ned i skjoldet og klemde det inn paa Roald; men framhyrna tok i andlitet paa honom, og han fell att aa bak og var daud straks. «Det glatt ikkje mykje den gongen helder for deg,« sa Kaare; »du er den frægaste av os.« -- «Ikkje veit eg det visst,« seier Skarphedin, og drog paa lippa under skjegget og kaldflein. Kaare, Grim og Helge sette i vegen mange spjot og saara mange. Men Flose og dei andre fekk ingenting gjort. Flose mælte: «Me hev fenge stor skade paa folket vaart. Mange er saara, og den er drepen som me sist vilde valt til det. No hev me set, at me ikkje nåar dei med vaapn. Mange er no ikkje so stride til aa gaa paa som dei lét, av dei som eggja mest. Detta mæler eg mest aat Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson, som lest vera mest braafuse. Me fær no-taka ei onnor raad. Det er no tvo koster aa velja imillom, og ikkje kvaargjen god. Den eine er aa ganga fraa att, og det er vaar bane. Den andre er aa setja eld paa og brenna dei inne, og det er aa taka paa seg eit stort andsvar for Gud, daa me er kristne menner sjølve. Men den utvegen fær me likevel taka til.

Kapittel 129

Dei tok no eld og gjorde upp eit stort baal framanfor døri. Daa mælte Skarphedin: «De kveikjer eld no, sveinar; -- skal de kanskje til aa koka?« Grane Gunnarson mælte: »Det skal me, ja, og du skal ikkje trenga det heitare til aa baka deg med.« Skarphedin mælte: »Du løner meg som du er mannen til, at eg hemnde far din, og gjer mest for det som du hev minst med aa gjera.« Daa bar kvinnorne mysa paa varmen og sløkte for dei; sume slo paa vatn elder skval. Kol Torsteinson sa til Flose: »Det kjem meg i hug ei raad. Eg hev set det er eit loft i skaalen uppaa tverrbjelkom. Der skal me bera inn elden og kveikja med arvegras-saata som stend ovanfor husi.: Etter det tok dei saata og sette eld paa. Dei som inne var, visste inngen ting-av, fyrr heile skaalen loga ovantil. Dei gjorde og upp store baal framanfor alle dører. Kvinnfolki tok daa til aa bera seg ille, dei som inne var. Daa sa Njaal til dei: «Skikka dykk vel, og gjer ikkje noko ræddelæte; det er eit el, som gjeng snart yver, og daa vert det langt til eit anna slikt. Tru og det, at Gud er miskunsam, og han vil ikkje lata os brenna baade i denne heimen og den andre.« Med slike fyretolor og andre raustlegare talde han fyre dei. No tok heile huset til aa loga. Daa gjekk Njaal burt aat døri og mælte: »Er Flose so nær ved, at han kan høyra det eg seier?« Flose sa han kunde høyra det. Njaal mælte: »Vil du taka nokor semja av sønerne mine, elder gjeva nokon av mennerne løyve til utgonga?« Flose svarar: «Ikkje vil eg taka nokor semja ved sønerne dine; no skal det verta ein ende paa det millom os, og ikkje herfraa gjenge, fyrr dei alle er daude. Men kvende og bom og huskarar gjev eg løyve til utgonga.« Njaal gjekk daa inn og sa til folket: »No fær de ganga ut alle som lov hev, og gakk no ut du Torhalla Aasgrimsdotter, og med deg alle som hev løyve til det.« Torhalla mælte: «Annan vert skilnaden med meg og Helge en eg tenkte ei rid. Men eg skal daa eggja far min eg brørne mine til aa hemna den mannskaden som her vert gjord.« Njaal mælte: «Du fær nok gjort likso vel som du hev lova, slik god kvinna som du er.« Sidan gjekk ho ut, og mange med henne. Astrid fraa Djupaabakke mælte til Helge Njaalsson: «Gakk med meg ut; eg skal kasta yver deg ei kvinnekaapa og setja paa deg hovudduk.« Han drog seg unda fyrst. Men so gjorde han det for bøni deira. Astrid veivde paa honom hovudduken, og Torhild, kona hans Skarphedin, la yver honom ei kaapa, og so gjekk han ut imillom dei. Daa gjekk dei og ut Torgjerd Njaalsdotter og Helga, syster hennar, og mange andre. Men daa Helge kom ut, sa Flose: «Det var ei høg kvinna og brei yver herdarne, denna som gjeng der; tak og haldt henne.« Men daa Helge høyrde det, kasta han kaapa. Han hadde eit drege sverd under handi paa seg, og hogg til ein mann; det raakte i skjoldet og tok sporden av det og foten av mannen. Daa kom Flose og hogg til Helge yver halsen, so hovudet gjekk av. Flose gjekk burtaat døri og sa, at Njaal og Bergtora skulde koma og tala ved honom. Dei gjorde so. Flose mælte: «Eg vil bjoda deg utgonga, Njaal bonde; for du brenn skuldlaust inne.« Njaal mælte: »Eg vil ikkje ganga ut; for eg er ein gamal mann og lite før til aa hemna sønerne mine -- men eg vil ikkje leva med skam.« Flose mælte daa til Bergtora: »Gakk du ut, husfrøya; for deg vil eg for ingen mun inne brenna.» Bergtora mælte: «Eg var ung gjevi Njaal; og det hev eg lova honom, at eitt skulde ganga yver os baae.« Sidan gjekk dei inn baae tvo. Bergtora mælte: «Kva skal me no til raads taka?« -- »Me skal ganga til sengs,« seier Njaal, »og leggja os i ro -- eg hev lenge vore kvilekjær.« Bergtora sa daa til smaasveinen Tord Kaareson: «Deg skal dei bera ut; du skal ikkje brenna inne.« -- »Det hev du lova meg, mormor,« seier sveinen, «at me aldri skulde skiljast, med eg vilde vera hjaa deg. Men eg tykkjer det er mykje betre aa døy med deg og Njaal en aa leva etter.« So bar ho guten aat sengi. Njaal sa til husbondskaren sin: «No skal du sjaa etter, kvar me legg os, og korleis eg steller um os; for eg etlar meg til ikkje aa røra paa meg korkje for røyk elder brune. Daa kan du nære gjeta paa, kvar dei kan finna beini vaare.« Det hadde vore slagta ein ukse der um dagen, og hudi laag der. Njaal sa til husbondskaren, at han skulde breia yver dei hudi. Og han lova det. Dei signa seg og guten, og gav anden sin i Guds hand, og det var det siste som folk høyrde av dei. Husbondskaren tok hudi og breidde yver dei og gjekk ut sidan. Kjetil fraa Mork tok imot honom og kipte honom ut. Han spurde vel etter korleis det var med Njaal, værfar sin, og mannen sa alt som det var. Kjetil mælte: «Stor harm er os fyrelaga, at me skulde hava so stor ugjæva saman.«

Skarphedin hadde set, at far hans la seg, og korleis han hadde stelt um seg. Han mælte daa: «Far vaar gjeng tidleg til sengs no, og det er som von kan vera -- han er ein gamal mann.« Skarphedin, Grim og Kaare tok brandarne, jamnskjott som dei datt ned, og skaut dei ut paa dei som der var, og soleis gjekk det ei rid. Dei ute skaut spjot inn aat dei, men dei tok dei i veret og sende dei ut att. Flose bad mennerne sine aa slutta skjota; «for alt vaapnskifte med dei mun falla os tungt, og no kan me bia til des at elden vinn med dei.« Dei gjer no so. Daa ruste storstokkarne ned or taket. Skarphedin mælte daa: «No maa visst han far min vera daud; men eg hev ikkje høyrt til honom, korkje styn elder hoste.« Dei gjekk daa burti enden paa skaalen. Der var tverr-aasen fallen ned og sterkt brend paa midten. Kaare mælte til Skarphedin: »Laup du ut her; eg skal beina til med deg og koma etter straks. Daa kan me koma unda baae tvo, nåar me steller det so; for hit legg all røyken seg.« Skarphedin mælte: »Du skal laupa fyre, og eg tett etter i hælarne paa deg.« -- »lkkje er det raad,« seier Kaare; »for eg kan vel koma ut eit anna stelle, gjeng det ikkje her.« -- «Eg vil ikkje det,« seier Skarphedin. »Laup du ut fyre; eg skal straks koma etter.« Kaare mælte: »Det er kvar mans skyldnad aa berga livet, med raad er; og skal eg og so gjera. Men no skilst me soleis, at me aldri fær sjaa einannan sidan; for løyp eg ut or elden, daa skal eg ikkje hava hug til aa laupa inn i elden att aat deg, og daa kjem me til aa fara kvar si lei.« -- «Det trøyer meg,« seier Skarphedin, «at um du kjem unda, maag, so hemner du os.« Kaare tok ein logande setu-stokk i handi og sprang utetter tverr-aasen. Den slengjer han ut fraa taket og ned paa dei som stod utanfyre. Dei ljop daa unda. Daa stod det i ein loge baade haaret og klædi paa Kaare. Han støyper seg ut fraa taket og spring med røyken. Daa sa ein av dei som stod nærast ved: »Kva -- ljop det ikkje ein mann ut fraa taket ?« -- «Langt ifraa,« var det ein annan som sa; «det var Skarphedin som kasta ein stokkbrand paa os.» Og so gruna dei ikkje ved det. Kaare ljop, til han kom aat ein løk, og der kasta han seg nedi og sløkte elden. Fraa der flaug han etter røyken, til des han kom til eit grovafar; der kvilde han. Og det er sidan kalla Kaare-grovi.

Kapittel 130

No er det aa fortelja um Skarphedin, at han sprang utetter tverrbjelken straks etter Kaare. Men daa han kom dit som den var mest brunnen, brast stokken under honom. Skarphedin kom ned att paa føterne, og sprang til att andre gongen og rende uppetter veggen. Men daa valt brunaasen yver honom, og han rapa innatt. Skarphedin mælte daa: «Set hev eg no, korleis det vera vil,« og gjekk frammed sideveggen. Gunnar Lambeson sprang uppaa veggen og ser Skarphedin. Han sa: «Græt du no, Skarphedin?» -- «Ikkje det helder,« seier Skarphedin, «men det er sant, at det surnar i augo. Men kva -- er det som meg synest -- lær du?« -- «Det er visst,« seier Gunnar, «og det hev eg ikkje gjort att fyrr no, etter daa du drap Traain paa Markarfljot.» Skarphedin mælte: «Her skal du daa faa ei minnegaava um det.« Tok han so ein jaksl or lumma si, som han hadde hogge av Traain, og kasta til Gunnar og raakte i auga, so det laag utpaa kjaken. Gunnar stupte daa ned av taket. Skarphedin gjekk aat Grim bror sin. Dei heldt einannan i henderne og trødde elden. Men daa dei kom midt fram i skaalen, seig Grim daud ned. Skarphedin gjekk aat enden paa huset. Daa vart det stor brest og brak. Heile taket rausa ned, og Skarphedin vart klemd fast millom det og gavlveggen, so han kunde ikkje røyva seg aat nokor lei.

Flose og dei var ved elden der til etter det var ljost. Daa kom det ein mann ridande aat dei. Flose spurde kva han heitte. Han nemnde seg Geirmund, og sa han var frende aat Sigfussønerne. «De hev gjort eit stort aaverk her,« seier han. Flose svara: «Folk vil nok kalla dette baade aaverk og ill verk. Men no er det ikkje noko ved det aa gjera.« -- «Kor mange mann hev vorte fyre her?« seier Geirmund. Flose svarar: «Her hev kome av dage Njaal og Bergtora og alle sønerne deira, Tord Kaareson, Kaare Solmundson og Tord Løysinge. Men me veit ikkje so vel, um det kan vera fleire, som me ikkje hev so god greia paa.« Geirmund mælte: «Der sa du daud ein som me hev tala med denne morgoen.« -- «Kven er det?« seier Flose. »Me raakte Kaare Solmundson, eg og Baard, grannen min,« seier Geirmund, «og Baard gav honom hesten sin; det var brunne av honom baade haaret og klædi.« -- «Hadde han noko vaapn?« seier Flose. «Han hadde sverdet Fjørsvavne,« seier Geirmund. «Eggi var blaana i den eine kanten, og eg og Baard sa, at det hadde nok deigna. Men han svara det, at han skulde herda det i blodet aat Sigfussønerne elder dei andre brennemenner.« Flose sa: «Kva fortalde han um Skarphedin?« Geirmund svara: «Dei var i live baade han og Grim, daa Kaare skildest ved dei; men han sa han meinte dei var daude no. Flose mælte: Du hev der sagt os ei soga som ikkje byd os setu-grid; for di at no er den mannen unda komen, som gjeng næst Gunnar paa Lidarende i alle luter. Og det skal de og no hugsa paa, Sigfussøner og alle de andre, at her vert reist eit ettermaal so stort etter denne brensla, at det kjem til aa kosta sume hovudet, og sume gard og grunn. Det grunar meg no og, at ingen av dykk Sigfussønom torer sitja heime paa gardom dykkar; og ikkje er det til aa undrast paa. No vil eg beda dykk aust med meg alle saman og lata eitt ganga yver os alle.« Dei takka honom for tilbodet, og sa dei vilde taka imot det. Daa kvad Modolv Kjetilson ei visa, um at Hoskuld var hemnd, og at det levde att berre ein av Njaals hus etter branden. «Me skulde havt noko anna aa kyta av,« seier Flose, «en det at Njaal er inne brunnen; for det er ingor fremd.« Flose og Glum Hildeson og nokre andre gjekk upp paa gavlveggen. Daa mælte Glum: »Maa tru Skarphedin er daud no?« Men andre sa han maattevera daud longe sidan. Stundom gaus logen upp, stundom slokna han ned att. Daa høyrde dei nedunder seg i elden at det vart sunge ei visa.

Grane Gunnarson mælte: »Maa tru Skarphedin kvad denna visa levande elder daud?« -- «Det vil eg ikkje gjera noko gissingar um,« seier Flose. «Leita vil me no,« seier Grane, «etter Skarphedin og dei andre som hev brunne inne.« -- «Det vil me ikkje,« seier Flose; «faavitug som du laut ein daa vera, no daa dei samlar mannskap yver heile heradet. Og den same som no hev gode stunder, skulde daa verta so rædd, at han ikkje veit kvar han skal laupa av. Mit raad er det, at me rid burt alle, svintast me kan.« Flose gjekk daa snyggeleg til hesten sin, og alle hans menner. Flose mælte til Geirmund: «Tru Ingjald fraa Kjelda er heime?« Geirmund sa, han trudde han var det. «Den mannen,« seier Flose, «hev brote eid ved os og all trunad.« Han spurde Sigfussønerne: «Kva vil de no velja aat Ingjald» vil de gjeva honom etter, elder skal me no fara aat honom og drepa honom?« Dei svara alle, at dei no vilde fara og drepa honom. Daa steig Flose paa hesten sin, og alle dei andre, og reid burt. Flose reid fyre og stemnde uppaat Rangaai og uppmed den. Daa saag han ein mann kom ridande nedetter paa andre sida aat aai. Han kjende honom; det var Ingjald fraa Kjelda. Flose ropar aat honom. Ingjald stogga paa og snudde innaat aai. Flose mælte til honom: «Du hev brote eiden ved os, og hev forbrote liv og gods. Og no er Sigfussønerne her og vil gjerne drepa deg. Men eg tykkjer du er ille stadd, og eg vil gjeva deg livet, um du vil lata meg faa sjølvdom.« Ingjald svarar: «Fyrr skal eg no rida til mots med Kaare en aa gjeva deg sjølvdom. Men Sigfussønerne vil eg segja det, at eg er ikkje ræddare dei en dei meg.« -- »Bi daa,« seier Flose, «nåar du ikkje er rædd; for eg vil senda deg ei sending.« -- »Visst skal eg bia,« seier Ingjald. Torstein Kolbein-son, brorson hans Flose, reid frammed honom og hadde eit spjot i handi. Det var den raskaste karen og mest ved av alle som var med Flose. Flose treiv spjotet fraa honom og skaut det til Ingjald. Det kom paa vinstre sida av honom og gjekk igjenom skjoldet nedanfor handtaket, so skjoldet klovna, men spjotet flaug inni foten ovanfor kne-skjeli og alt ned i salfjøli, og vart standande der. Flose mælte til Ingjald: «Vart det so eg raakte deg?« -- «Det raakte nok,« sa Ingjald, «men detta kallar eg skeina, og ikkje saar.« Ingjald kipte spjotet or saaret og sa til Flose: »Bi no du, um du ikkje er blaud.« Han skaut daa spjotet attende yver aai. Flose ser at spjotet stemner beint paa honom, og hopar attende med hesten. Spjotet flaug framanfor bringa paa Flose og gjekk i miss av honom, men raakte Torstein midt paa, so han stupte daud av hesten. Ingjald jagar no paa hesten og rid inn i skogen, og dei naadde honom ikkje. Flose mælte til mennerne sine: »No hev me fenge stor mann-skade. Me kan og no vita, soleis som detta hev borest til, kva for ei uhæma me hev. Og no er det mit raad, at me rid innpaa Trihyrningshalsen. Fraa der kan me sjaa manna-reierne yver heile heradet; for no kjem dei til aa stemna saman som mest. Daa tek dei den tanken, at me hev ride aust til Fljotslidi fraa Trihyrningshalsen, og at me so tek til fjells yver til austheradi, og so rid største flokken den vegen; men sume fer nedrefram til Seljalandsmulen, endaa dei meiner det er mindre von der. Men no skal eg maka raad for os. Det er mit raad, at me rid upp i Trihyrningsfjellet og bier der, til des tri soler er lidne av himmelen.» Dei gjer daa so, at dei rid upp i fjellet og inn i ein dal, som sidan er kalla Flosedalen. Fraa der ser dei no alle ferder av folk ikring i heradet.

Kapittel 131

No er det aa segja fraa Kaare, at han fór fraa den grovi der han hadde kvilt seg, til des ban møtte Baard. Ordi millom dei fall som Geirmund hadde sagt. Kaare reid fraa der til Mord Valgardson og fortalde honom um tilburden. Merd bar seg svært ille for det. Kaare meinte det no var anna for ein kar aa gjera en aa graata paa dei daude, og bad honom helder samla folk og møta fram med dei ved Holtsvadet. Sidan reid Kaare til Tjorsaadal aat Hjalte Skjeggjeson. Som han kjem uppmed Tjorsaai, ser han ein mann kjem ridande kvasst etter seg. Kaare bidde paa mannen, og ser at det er Ingjald fraa Kjelda. Han ser at han er blodut yver heile laaret. Kaare spurde kven som hadde saara honom. Ingjald fortalde det. »Kvar raaktest de?« seier Kaare. «Ved Rangaai,« seier Ingjald; »han skaut paa meg yver aai.« -- «Gjorde du noko att?« seier Kaare. «Eg skaut spjotet attende,» seier Ingjald. «og dei sa ein mann vart fyre, og at han var daud med same.» -- «Fekk du ikkje vita,«seier Kaare, «kven som vart fyre?« -- «Eg totte det var likt til aa vera Torstein, brorson hans Flose,« seier Ingjald. «Heil vere deg for det verket!« seier Kaare. Sidan reid dei baae saman til Hjalte Skjeggjeson og sa honom tidendi. Han brukte harde ord um det verk som var gjort, og sa det var paa tidi aa rida etter dei og drepa alle saman. Sidan samla han folk og baud ut allmenning. Med dette lidet reid Kaare og dei andre til møtes med Mord Valgardson, og dei møttest ved Holtsvadet. Mord var komen der fyrr med stor mannamagt. Dei skipa seg i flokkar til aa leita. Sume reid nedrefram aust til Seljalandsmulen, sume upp i Fljotslidi, og sume for øvrefram um Trihyrningshalsen og ned til Godaland, derifraa nordetter alt til Sand, og sume til Fiskevatni, og vende att der. Sume reid nedrefram aust til Holt og sa Torgeir tidendi, og spurde um ikkje Flose hadde ride framum der. Torgeir mælte: «Um ikkje eg er nokon stor hovding, so vilde vel Flose helder taka eit anna raad en aa rida midt for augo mine, nåar han hev drepe Njaal, farbror min, og sønerne hans, frendarne mine. For dykk er det ikkje anna fyre en aa venda att; for de hev nok leita ute etter det som var inne. Men seg til Kaare og bed honom rida hit og vera her hjaa meg, um han vil. Men vil han ikkje aust her. daa skal eg sjaa til med garden hans i Dyrholmarne, um han so vil. Seg honom og det, at eg skal gjeva honom den tilstudnad eg kan, og rida til Alltings med honom. Han veit vel og det, at me brørne er dei næraste ettermaalsmennerne, og me etlar aa driva det dit med ettermaalet, at det kjem til utlægd, um me maa raada, og sidan til mannhemn. Men for di fer eg ikkje nokon-stad med dykk no, at eg veit det ikkje nyttar; for no er dei som varast um seg.« Dei reid daa attende og møttest paa Hov alle, og dei tala der um seg imillom, at dei hadde skam av ferdi si, daa dei ikkje hadde funne dei. Men Mord meinte, at dei skulde ikkje segja det. Daa var det mange som eggja til at dei skulde fara til Fljotslidi og øyda gardarne for dei som hadde vore med i dette verket; men med dette vart det so, dei skulde lata Mord gjera det av. Han sa at dette var reint eit uraad. Dei spurde kvi han meinte det. «For di,« seier han, «at nåar gardarne deira fær staa, so kjem dei og ser til dei og kvendi sine, og daa kan ein naa dei der, nåar det lid frametter. Og de skal ikkje tvila um, at eg er Kaare tru i alle raad; for her hev eg for meg sjølv og aa svara.« Hjalte bad honom gjera som han lova. Hjalte bad Kaare til seg. Kaare sa han vilde rida dit fyrst. Dei fortalde honom og, kva Torgeir hadde bode honom. Han sa han skulde nøyta det tilbodet seinare, og la til, at han tykte det lova godt, um det var mange slike. Etter dette let dei hopen dreivast og ganga kvar til sit.

Flose og dei kararne saag alt som hende, fraa fjellet der dei var. Flose mælte: «No skal me taka hestarne vaare og rida burt; for no er det raad til det.« Sigfussønerne spurde, um det var raadelegt for dei aa fara heimum og segja til um gardsstellet. «Mord meiner nok som so, at de vil sjaa heim aat konorne dykkar,« seier Flose, «og eg gjet meg til, det er hans raad, at gardarne dykkar skulde staa urænte. Og daa er det mit raad, at ingen av os skil seg fraa den andre, og at de alle rid med meg der aust.« Dei reid daa burt, og tok vegen nordanum jøkulen, til dei kom til Svinafell. Flose sende menner i vegen straks, til aa draga til huset, so ingen ting skulde skorta. Flose gjorde seg aldri til av dette verket, men helder ingen kunde merka han var rædd. Og han var heime all den vinteren fram um jol.

Kapittel 132

Kaare bad Hjalte vera med og leita fram beini etter Njaal; »for alle trur det som du seier um kva du tykkjer.« Hjalte sa, at han gjerne vilde flytja beini hans Njaal til kyrkja. Etter det reid dei heimanfraa der femtan mann. Dei reid aust yver Tjorsaai, og fekk med seg folk, til dei hadde hundrad mann med grannom hans Njaal. Dei kom til Bergtorskvaal ved høgstdagsleite. Hjalte spurde Kaare, kvar Njaal skulde liggja under. Kaare synte dei det, og der var det mykje oska aa moka av. Der under fann dei hudi, og ho var vorti som ei skorpa berre av elden. Dei tok upp hudi, og der laag dei under ubrende baae. Alle lova Gud for dette, og totte det var ei stor jarteign i det. Sidan vart sveinen teken upp, som hadde lege imillom dei, og av honom var avbrend eine fingren, som han hadde rett fram unda hudi. Njaal og Bergtora vart utborne, og so gjekk alle burtaat for aa sjaa paa liki deira. Hjalte mælte: »Kva synest de um desse liki?« Dei svara: »Me vil høyra di meining fyrst. « Hjalte mælte: «Den skal eg segja beint ut: Bergtora tykkjer eg ser ut som det kunde vera likjende til, og helder betre. Men likamen hans Njaal og aasyni synest meg so bjart, so eg hev ikkje set nokon daud mans likam so bjart som hans.« Alle sa, at so var det. Dei leita daa etter Skarphedin. Heimemennerne synte dei, kvar det var Flose og fylgjet hans høyrde visa var kvedi. Der var taket falle innaat gavlen. Og der sa Hjalte at dei skulde grava. Dei gjorde det, og fann likamen hans Skarphedin. Han hadde stade uppmed gavlveggen. Føterne var brende av honom nedantil mest til knes. Men alt anna var ubrent paa honom. Han hadde bite seg i lippeskjegget. Augo hans stod opne, men dei var ikkje trutne. Han hadde drive øksi inn i gavlveggen so hardt, at ho hadde gjenge inni til midt upp paa bladet, og difor hadde ho ikkje deigna. Han og øksi vart borne ut. Hjalte tok upp øksi og mælte: «Dette er eit sjeldfengt vaapn, og faa er dei som magtar aa bera det.« Kaare mælte: «Eg veit ein mann til aa bera øksi.« -- «Kven er det?« seier Hjalte. «Torgeir Skorargeir,« seier Kaare, «han etlar eg er den fremste mannen i den ætti no.« Daa vart klædi havde av Skarphedin; for dei var ikkje brende. Han hadde lagt henderne sine i kross, og den høgre ovanpaa. Dei fann eit merke paa honom millom herdom, og eit anna paa bringa, og baae var brende i kross. Folk meinte at han hadde brent seg sjølv. Alle so mælte dei, at det fylgde betre med Skarphedin daud, totte dei, en dei hadde tenkt seg; for det var ingen som rygdest ved honom. Dei leita etter Grim, og beini hans fann dei midt i skaalen. Gjegnt imot der, under langveggen, fann dei Tord Løysinge, og i vevarstova fann dei kjeringi Sæunn og tri andre. I alt fann dei beini av elleve menneskje. Dei flutte no liki til kyrkja. Hjalte reid daa heim, og Kaare med honom. Det kom trote i foten hans Ingjald. Han for daa til Hjalte, og han grødde foten; men Ingjald var halt støtt sidan.

Kaare reid til Tunga aat Aasgrim Ellidagrimsson. Ho Torhalla var heimkomi fyrr, og hadde daa sagt tidendi der. Aasgrim tok imot Kaare med baae hendom og bad honom vera der heile det aaret. Kaare sa, at det vilde han. Aasgrim baud seg til aa taka til seg alle som hadde vore paa Bergtorskvaal. Kaare seier, at det var godt tilbode, »og eg skal taka imot det paa deira vegne.« Og so flutte dei dit alle. -- Torhall Aasgrim-son vart so ille ved, daa det vart fortalt honom, at Njaal, fosterfar hans, var daud og hadde vorte innebrend, at all kroppen hans trutna, og blodbogen stod utor baae øyro paa honom, og det vilde ikkje stødva; men so fall han i uvit, og daa stødva det. Etter det stod han upp, og sa at han hadde bore seg som eit smaamenne. »Men eg skulde ynskja, at eg fekk hemnt dette som hende meg paa nokon av dei som var med daa han brann inne.« Men andre sa, at dette var noko som han ikkje hadde skam av. Men han sa, at han kunde ikkje taka att noko, kv3 det so vart sagt. Aasgrim spurde Kaare, kva studnad han gjorde seg von um av dei austanfor aai. Kaare seier, at Mord Valgardson og Hjalte Skjeggjeson vilde veita honom all den styrk dei kunde, og like eins Torgeir Skorargeir og alle brørne hans. Aasgrim sa, at det var avl som det var mun i. »Kva styrk skal me hava av deg daa?« seier Kaare. »All den eg orkar,« seier Aasgrim, »og eg skal setja livet mit inn paa det. « »Gjer det, du,« seier Kaare. Aasgrim mælte: »Eg hev og fenge Gissur Kvite med i saki -- og eg spurde honom til raads, korleis me skulde fara aat.« -- »Det er vel, « seier Kaare, »og kva raadde han til?« Aasgrim svara: »Det raadde han til, at me skulde halda stilt med alt til vaars; men daa skulde me rida austyver og bu til søksmaal imot Flose for draapet paa Helge og stemna nærbuar heimantil, lysa brandsaki paa tinget, og der hava dei same buarne til aa vitna. Eg spurde og Gissur, kven som skulde søkja draapsmaalet. Men han sa, at det skulde Mord gjera, anten han let vel elder ille um det; »han skal taka tyngste taket; for han er den som hev gjort verst i dette maalet til dessar. Kaare skal vera kvass, kvar gong han er saman med Mord. Dette dreg paa honom fraa ei lei, og mine raad fraa den andre, sa Gissur.« Kaare mælte: «Dine raader vil me fylgja, so lenge det er gjerande og du vil standa fyre med os.«

So er aa segja um Kaare, at han fekk ikkje sova um næterne. Aasgrim vakna ei natt og høyrde at Kaare laag vaken. Aasgrim mælte: «Korleis -- er det ikkje svevnsamt um næterne?« Kaare kvad daa ei visa.

Jamnan i øyro imar ankande vivs bøner, valdar at
svevn paa augo seint mune bu festa. Alt sidan bause
brandmenn brende Njaal inne, meinslegt i mødde hugen
minnesam haustnatt svim.

Ingen var det Kaare so ofte gat som Njaal og Skarphedin. Aldri aamælte han uvenerne sine, og aldri lova han dei vondt.

Kapittel 133

Ei natt bar det so til paa Svinafell, at Flose lét ille i svevnen. Glum Hildeson vekte honom; men det var lenge, fyrr han fekk honom vaken. Flose mælte daa: «Kalla hit Kjetil fraa MorkU Kjetil kom. Flose mælte: «Eg vil segja deg draumen min.« --«Gjer det,« seier Kjetil. «Eg drøymde det,« seier Flose, «at eg tykte eg var paa garden Lomagnup og gjekk ut og saag upp til gnupen. Den opna seg, og daa gjekk det ein mann ut or gnupen i geiteskins-trøya, og hadde ein jarnstav i handi. Han fór ropande og kalla paa mennerne mine, sume fyrr og sume seinare, og nemnde dei ved namn. Han ropte fyrst paa Grim hin raude, frenden min, og Arne Kolsson. Eg totte det vart meg so undarlegt ved det. Daa tyktest meg han ropte paa Øyolv Bolverkson, og Ljot, son hans Hall fraa Sida, og seks andre menner. Daa tagde han nokor stundi. Sidan ropte han paa fem menner av flokken vaar, og med der var Sigfussønerne, brørne dine. So ropte han paa fem andre menner, og med der var Lambe og Modolv og Glum. Daa ropte han paa tri menner. Sist ropte han paa Gunnar Lambeson og Kol Torsteinson. Etter det kom han burtaat meg. Eg spurde honom etter tidender, og han let som han hadde tidender aa segja. So spurde eg etter namnet, og han nemnde seg Jarngrim. Eg spurde kvar han skulde av. Han sa han skulde fara til Alltings. »Kva skal du der gjera?« sa eg. Han svara: «Fyrst skal eg rydja nemnder, so retten, og so vigvoll aat stridsmennom.« Og so kvad han dette:

Hogg-ormar mun seg hevja hoggfuse ovan marki; sjaa
mune menn paa moldi mange heilne-borger. No veks
blaae broddars bøvste-soli i fjellom; kjerner det sume
seggjer sveite-dogg paa leggjer.

Han kasta ned staven, og det vart eit forfælande brak. Gjekk han so inn i fjellet. Men eg vart teken av otte. Og no vil eg at du seier, kva du meiner draumen min varslar.« -- »Det er hugbodet mit,« seier Kjetil, «at dei alle er feige som vart ropte paa namn. Eg tykkjer det er best, at me ikkje seier denne draumen til nokon, som det no stend.« Flose sa, at so skulde det vera.

No lid vintren til yver jol. Daa sa Flose til mennerne sine: «No hev eg tenkt me skulde fara heimanfraa; for eg tykkjest vita, at me ikkje kan venta nokon setu-fred. Me skal fara ut og lya etter hjelp. No kjem det til aa sannast som eg sa dykk, at det vert aa ganga for mange mens kne, fyrr dette maalet tek ende.«

Kapittel 134

Sidan laga dei seg til aa fara heiman alle saman. Flose hadde leista-brok; for han etla seg til aa ganga. Han visste, at daa tykte dei andre mindre aat aa ganga dei og. Fraa heime fór dei aat Knappavoll, men andre eftan til Breiaa, men fraa Breiaa til Kalvafell, fraa der til Bjarnarnes i Hornafjorden; derfraa til Stavafell i Lon, og so til Tvaattaa aat Sidu-Hall. Flose hadde Steinvor, dotter hans. Hall tok vel imot dei. Flose mælte til Hall: «Eg vil beda deg, maag, um aa rida til tings med meg med alle tingmennom dine.« Hall svara: «No er det vorte som sagt er, at stutt stund fegnast hand av hogg. Og dei i flokken din som eggja til det verste verk, ber ikkje hovudet so høgt no, daa det er gjort. Men lidveitsla mi er eg skuldug aa leggja til, all den eg kan.« Flose mælte: «Kva raader du meg til, soleis som det no stend?« Han svarar: «Du skal fara heilt nord til Vaapnafjorden og beda alle hovdingarne um studnad, og det kjem du nok til aa trenga av dei alle, fyrr tinget er slut.«

Flose vart verande der tri næter og kvilde seg, og fór derfraa aust til Geitahellor, og so til Berufjord. Der var dei um natti. Fraa der for dei aust til Breidal i Høydalen. Der budde Hallbjørn hin sterke. Han hadde Oddny, syster hans Sorle Broddhelgeson, og der vart Flose vel fagna. Hallbjørn spurde um mangt fraa branden, og Flose gav god greia um alt. Hallbjørn spurde, kor langt Flose etla seg nord i fjordarne. Han sa han etla seg nord til Vaapnafjorden. Flose tok daa ein pengepung fraa beltet sit, og sa han vilde gjeva Hallbjørn den. Han tok imot gullet, men sa at han hadde ingor gaava tent av Flose; »men det vilde eg daa vita, korleis du vil eg skal løna deg.« -- »Eg treng ikkje gods,« seier Flose; »men det ynskjer eg, at du vil rida til tings med meg og hjelpa med i maalet mit, endaa eg hev korkje skyldskap elder venskap aa rekna med deg.« Hallbjørn mælte: «Det skal eg lova aa rida til tings med deg og vera deg til hjelp i maalet, som um du var bror min.« Flose takka honom.

Fraa der for dei Breidalsheii, og so til Ravnkjells-stad. Der budde Ravnkjell, son aat Tore og sonarson hans Ravnkjell Ravnsson. Flose vart der vel fagna og høyrde etter med Ravnkjell um tingreid og lidveitsla. Ravnkjell drog seg unda lenge. Men det vart til di, at han lova, at Tore, son hans, skulde rida til tings med alle tingmennom deira og hjelpa med paa same sida som samtings-godame hans. Flose takka honom og fór burt og til Bersestad. Der budde Holmstein Spak-berseson, og han tok overlag vel imot Flose. Flose bad honom um lidveitsla. Holmstein sa, at den hadde Flose longe sidan gjort rett for. Fraa der for dei til Val-tjovsstad. Der budde Sorle Broddhelgeson, bror hans Bjarne Broddhelgeson. Han hadde Tordis, dotter hans Gudmund hin rike paa Modruvollom. Der fekk dei god fagnad. Men um morgoen kom Flose fram med at han vilde faa Sorle til aa rida til Alltings med seg, og baud honom gods for det. »Eg veit ikkje det,« seier Sorle, »so lenge eg ikkje veit, kvar Gudmund hin rike, maagen min, stend; for eg etlar meg til aa vera der som han er med.« Flose mælte: »Eg skynar paa svaret dit, at du hev kvendemagti yver deg.« Flose stod upp og bad dei taka klædi og vaapni sine. Dei gjekk att, og fekk ingor hjelp der.

Dei får so nedanum Lagarfljot og yver heii og til Njardvik. Der budde det tvo brørar, Torkjell Fullspak og Torvald. Dei var sønerne aat Kjetil Trym, son hans Tidrande hin spake. Mor deira heitte Yngvild, og hennar far med heitte Torkjell Fullspak. Flose vart vel fagna der. Han fartalde brørne erendi si og bad um lidveitsla deira. Dei slo seg unda, til des han gav dei tri merker sylv kvar for lidveitsla. Daa lova dei honom det- Yngvild, mor deira, var til stadar, daa dei lova aa rida til Alltings, og ho gret. Torkjell mælte: »Kva græt du for, mor?« Ho svara: »Eg drøymde at Torvald, bror din, var i raud kjortel, og eg tykte den var so trong som han skulde vore sauma paa honom. Eg tykte og at han hadde raude hosor, som var reiva med grove snøre. Eg tykte det var illt aa sjaa; for eg visste det var uhøgt for honom. Men det var ikkje raad for meg aa gjera noko ved det.« Dei log aat henne, og sa det var tull, og meinte at vaset hennar skulde ikkje standa i veg for ting-ferdi deira. Flose takka dei vel og for fraa der til Vaapnafjorden, og dei kom til Hov. Der budde Bjarne Broddhelgeson. Brodd-helge, far hans, var son aat Torgils, son hans Torstein hin kvite, son hans Ølve, son hans Øyvald Øksnatoreson.

Mor hans Bjarne var Halla Lytingsdotter. Mor hans Broddhelge var Aasvor, dotter aat Tore, son hans Graut-Atle, son hans Tore Tidrande. Bjarne var gift med Rannveig, sonardotter aat Eirik fraa Goddalarne. Bjarne tok imot Flose med baae hendom. Flose baud honom gods for at han skulde vera med. Bjarne mælte: »Aldri hev eg selt manndomen min elder lidveitsla mi for gull. Men no, daa du treng hjelp, so skal eg gjera det for venskaps skuld, og rida til tings med deg og hjelpa deg som du var bror min.« -- »Daa legg du all skyldnaden paa mi sida,- seier Flose; »men eg venta meg slikt av deg.«

Fraa der fór Flose og fylgjesmennerne hans til Krossavik. Der budde Torkjell Geiteson. Flose og han var svært gode vener fraa fyrr. Flose sa honom erindi si. Torkjell sa det var hans skyldnad aa veita honom den hjelp han var før til, og ikkje skiljast ved maalemnet hans. Torkjell gav Flose gode gaavor ved skilnaden. Daa for Flose nedantil fraa Vaapnafjorden og upp i Fljotsdalsheradet og gjesta Holmstein Spakberseson. Flose sa honom, at alle hadde teke vel uppunder vande-maalet og erendi hans, so nær som Sorle Broddhelgeson. Holmstein sa det hadde seg so, at Sorle var ingen vaa-verksmann. Holmstein gav Flose gode gaavor. Flose for upp Fljotsdalen, og fraa der sud yver fjellet um Øksarraun og ned Svidinhornadal og utmed vestanfor Aalptafjorden, og slutta ikkje ferdi si fyrr han kom til Tvaattaa aat Hall, maagen sin. Der var Flose og dei med honom ein halv maanads tid og kvilde seg. Flose spurde Hall, kva han vilde raada honom, korleis han no skulde taka det elder stella seg. Hall mælte: -Det raader eg deg til, at du og Sigfussønerne er heime paa garden din, men at dei sender folk til aa sjaa til paa gardom sine, medan de sjølve fer beint heim denne gongen. Men nåar de rid til tings, maa de fara alle i fylgje og ikkje dreiva flokken dykkar.« Paa den ferdi kan daa Sigfussønerne sjaa innum aat konorne sine. Eg og Ljot, son min, skal og rida til tings med alle ting-mennom vaare og gjeva deg den lidveitsla eg kan koma til med.« Flose takka honom. Hall gav Flose gode gaavor i skilnaden. Flose for daa fraa Tvaattaa, og det er ikkje noko um ferdi hans aa segja, til han kjem heim til Svinafell. Han er daa heime det som att er av vintren, og sumaren frametter til tings.

Kapittel 135

No er det um det aa fortelja, at Kaare Solmundson og Torhall Aasgrimson ein dag reid til Mosfell for aa finna Gissur Kvite. Han tok imot dei med baae hendom. Dei vart verande der ei lang rid. Det var ein gong, daa dei og Gissur tala um Njaals-brenna, at Gissur sa det var ei framifraa stor lukka, at Kaare hadde kome unda. Daa kom det Kaare ei visa i munnen, um kor tungt det var for honom aa ganga ut av Njaals hus, fraa dei som skulde brenna inne der. Gissur mælte: «Det er ikkje aa undrast paa, at dette er minnesamt for deg, og me skal ikkje tala meir um det denne gongen.« Kaare sa, at han etla seg til aa rida heim. Gissur mælte: «Eg skal no i all dælskap gjeva deg mit raad. Du skal ikkje rida heim, men likevel rida fraa her og aust under Øyjafjell og finna Torgeir Skorargeir og Torleiv Kraak. Dei skal rida austanfraa med deg, daa dei er næraste ettermaalsmennerne. Torgrim hin mikle, bror deira, skal og vera med. De skal rida til Mord Valgardson og segja honom det med mine ord, at han skal taka paa seg vigsmaalet mot Flose etter Helge Njaalsson. Men um han seier noko ord imot dette, daa skal du gjera deg som vreidast og laata som du vil setja øksi i hovudet paa honom. Du skal og attaat lova honom min vreide, um han læst vera ille aatkomen. Desutan skal du segja, at eg vil koma etter Torkatla, dotter mi, og taka henne med meg heim att. Det toler han ikkje; for han elskar henne som augo i hovudet sit.« Kaare takka honom for raadgjerdi hans, men han tala ikkje med honom um lidveitsla; for han tenkte at Gissur vilde syna seg som ven i dette som i alt anna.

Kaare og Torhall reid fraa der aust yver aaerne, og so til Fljotslid og aust yver Markarfljot og til Seljalands-mulen. Dei rid aust til Holt, og Torgeir tok imot dei med stor blidskap. Han fortalde dei um ferdi hans Flose, og kor mykje lid han hadde fenge seg i aust-fjordom. Kaare sa, det var ikkje aa undrast paa, at han bad seg hjelp, so mykje som han hadde aa svara for. Torgeir mælte: »Di verre det fer dei alle, di betre.« Kaare fortel Torgeir raadi hans Gissur. Sidan reid dei austanfraa aat Rangaavollom til Mord Valgard-son. Han tok vel imot dei. Kaare sa honom ord-sendingi fraa Gissur, maagen hans. Han var sein paa det, og sa det var verre aa søkja Flose aaleine en tie andre. Kaare mælte: »Du ber deg nett som Gissur tenkte seg, ille emna som du er i alle luter -- du er baade rædd og huglaus. Men so skal og det fylgja paa, som er maata aat deg, at ho Torkatla skal fara heim att til far sin.« Ho laga seg straks til aa fara, og sa at ho longe sidan hadde vore bui til aa skiljast fraa Mord. Daa skifte Mord baade sinn og ord straks, bad av seg vreiden deira og tok ved maalemnet straks. Kaare mælte daa: »No hev du teke ved maalemnet -- søk det no som ein urædd mann; for livet dit ligg ved.« Mord sa han skulde leggja all sin hug i det og søkja vel og manneleg.

Etter det stemnde Mord til seg nie mann, som alle var vigvangsbuar. Mord tok daa Torgeir i hand og nemnde seg tvo vitne -- »i det vitnemaalet, at Torgeir Toreson gjev meg i hender vigsak mot Flose Tordsson for draapet paa Helge Njaalsson, til aa søkja med alle dei søknargagni som saki eig. Du gjev meg denne saki baade til aa søkja og til aa semja, og til aa njota og nytta alle sakgagni, som um eg var den rette ettermaals-mannen. Du gjev meg det etter loven -- eg tek det etter loven.« Paa nytt lag nemnde Mord seg vitne -- »i det vitnemaalet,« seier han, »at eg lyser søksmaal imot Flose Tordsson for di han for med lovmælt yver-fall mot Helge Njaalsson og gav honom heilne-saar elder hol-saar elder merg-saar, som til ulivssaar vart og som Helge fekk bane av. Eg lyser for fem vitnemenner« -- han nemnde alle ved namn -- »eg lyser lovleg lysing. Eg lyser i saki hans Torgeir Toreson gjevi meg i hand.« Andre gongen nemnde han seg vitne -- »i det vitnemaalet, at eg lyser heilne-saar elder hol-saar elder merg-saar til aa koma paa Flose Tordsson, det saaret som til ulivssaar vart og som Helge fekk bane av paa den vigvangen der Flose Tordsson for mot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall. Lyser eg dette for fem vitne-menner« -- han nemnde dei alle -- »eg lyser lovleg lysing. Eg lyser i saki hans Torgeir Toreson gjevi meg i hand.« So nemnde Mord seg vitne tridje gongen - »i det vitnemaalet,« seier han, »at eg stemner vig-vangsbuarne alle nie« -- han nemnde dei alle ved namn -- »til Alltings-reid og til aa bera fram vitneburd, um Flose Tordsson for imot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall paa den vigvangen der Flose Tordsson gav Helge Njaalsson heilne-saar elder hol-saar elder merg-saar, det som til ulivssaar vart og som Helge Njaalsson fekk bane av. Stemner eg dykk alle til aa orda alt de skylder etter loven, det eg krev av dykk for retten, og som kjem dette maalemnet ved. Eg stemner dykk med lovleg stemning, so de sjølve høyrer paa. Eg stemner dykk i den handgjevne saki hans Torgeir Toreson.« Enn nemnde Mord seg vitne -- «i det vitnemaalet,» seier han, «at eg stemner desse nie vigvangs-buar til Alltings-reid og til aa bera fram vitneburd, um Flose Tordsson særde Helge Njaalsson med heilne-saar elder hol-saar elder merg-saar, det saaret som til ulivssaar vart og som Helge fekk bane av paa den vigvangen der Flose Tordsson for mot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall. Stemner eg dykk til aa orda alt de skylder etter loven, det eg krev av dykk for retten, og som kjem dette maalemnet ved. Stemner eg dykk med lovleg stemning. Eg stemner so de sjølve høyrer paa. Eg stemner dykk i den handgjevne saki hans Torgeir Toreson.» Etter det mælte Mord: «No er saki budd soleis som de bad meg. Og no vil eg beda deg, Torgeir Skorargeir, at du kjem aat meg, nåar du rid til tings, so rid me saman baae, kvar med sin flokk, og held os som best saman; for flokken min skal vera buen til straks tinget tek til. Eg skal i alle luter vera deg tru.« Det lét alle vel for. Og det vart bunde med eid, at ingen skulde skilja seg or, fyrr Kaare vilde, og kvar skulde leggja sit liv ved, der den andre Ia sit. Dei skildest med venskap og tala av møte med einannan paa tinget. Torgeir reid austetter att; men Kaare reid vest yver aaerne, til han kom til Aasgrim i Tunga. Aasgrim tok imot honom overlag vel. Kaare fortalde Aasgrim um raadgjerderne hans Gissur Kvite og heile maaltilbunaden. »Slikt var meg ventande av honom,« seier Aasgrim, «at han vilde stella seg vel, og det hev han no og synt» Aasgrim mælte: «Kva hev du spurt austanifraa um Flose ?« Kaare svarar: »Han for alt aust i Vaapnafjorden, og mest alle hovdingarne hev lova honom lidveitsla og Alltings-ferd. Dei ventar seg og lid fraa Røykdølom og Ljosvetningom og Øksfjordingom.« Dei tala mangt um dette. So ltd det fram til Alltings.

Torhall Aasgrimson fekk verk i foten, og so hard, at ovan okla var foten so truten og diger som eit kvendelaar, og han kunde ikkje ganga utan stav. Han var stor paa vokster og evlug, myrk i haar og ham-let; han styrde godt ordi sine, endaa han var hugbraa. Han var ein av dei tri lovkunnigaste menner paa Island.

No lid det so folk rid heimanfraa aat tinget. -- Aasgrim mælte til Kaare: »Du skal rida so du kjem fram til tings og tjeldar buderne vaare; Torhall, sonen min, skal fylgja deg; for du er falligast til aa fylgja honom, no han er ufør i foten. Me kjem nok hardt til aa trenga honom paa dette tinget. Det skal rida tjuge andre menner i fylgje med dykk.« Etter det laga dei seg til ferdi, og sidan reid dei til tings, tjelda buderne og gjorde alt i stand paa det beste.

Kapittel 136

Flose reid austantil, og alle dei fem tjuge menner som hadde vore med honom til brensla. Dei reid til des dei kom til Fljotslidi. Sigfussønerne var daa heime og skipa med gardarne sine, og vart verande der um dagen. Men um kvelden reid dei vest yver Tjorsaai og sov der um natti. Men tidleg um morgoen tok dei hestarne sine og reid lenger. Flose mælte til mennerne sine: »No skal me rida aat Tunga aat Aasgrim Ellidagrimsson til dugurds og øvast med honom.« Dei sa det var godt paafunne, og dei reid til des det ikkje var langt att til Tunga. Aasgrim stod ute, og nokre menner med honom. Dei vart vare denne flokken, straks dei kom so nær. Mennerne hans Aasgrim mælte: »Det er nok Torgeir Skorargeir.« Aasgrim mælte: «Langt ifraa; for desse fer med laatt og skraal, men frendarne hans Njaal. slike som Torgeir, lær ikkje fyrr det er teke noko hemn for branden. Men eg skal gjeta paa noko anna, men som det kan vera de tykkjer er utrulegt. Eg tenkjer det er Flose og brennemennerne, som etlar seg til aa egla os. No skal me ganga inn alle saman.« Dei gjerer so. Aasgrim let dei sopa huset og tjelda, setja bord fram og bera innpaa mat. Han let dei setja forsæte og benkjer ende-langs yver heile stova.

Flose reid inn paa tunet, og bad mennerne stiga av hestom og ganga inn. Dei so gjorde. Flose og fylgjet hans kom inn i stova. Aasgrim sat paa pallen. Flose saag burtyver benkjerne, og saag det stod til reids alt som trongdest. Aasgrim helsa ikkje, men mælte til Flose: «Bordi er sette; maten er for alle som til treng.« Flose sette seg til bords, og alle mennerne hans. Vaapni sine sette dei fraa seg attaat bordveggen. Dei som det ikkje var rom aat paa benkjerne sat paa forsæti. Men det stod fire væpna menner framanfor Flose, alt med dei aat. Aasgrim tagde, medan dei fekk seg mat, men han var raud som blod aa sjaa. Daa dei var mette, bar kvinnorne av bordet att, og sume kom inn med handlaug. Flose gav seg dag, som han skulde vera heime. Det laag ei bol-øks burtpaa pall-snyten. Aasgrim fata den tvihendes, flaug upp paa pall-stokken og hogg etter hovudet paa Flose. Glum Hildeson fekk sjaa aagrepet, flaug upp og fekk teke øksi framanfor hendene hans Aasgrim og snudde eggi imot Aasgrim; for Glum var handfast. Daa flaug det upp mange fleire og vilde raada paa Aasgrim. Men Flose sa, at ingen skulde gjera Aasgrim mein; »for me hev røynt honom for hardt. Han gjorde berre det som rett var, og han hev synt han er uforfærd.« Flose mælte til Aasgrim: »Her skilst me heile og haldne, men so møtest me att paa tinget, og tek so til att med saki paa nytt lag. « -- »»Det skal verta,« seier Aasgrim, »og eg skulde ynskja de slakna noko, fyrr tinget er slutt.« Flose svara ikkje. Dei gjekk ut, steig paa hestarne sine og reid burt.

Dei reid til des dei kom til Laugarvatnet, og var der um natti. Men um morgoen reid dei fram paa Beitevollarne og hamna hestarne sine der. Der kom det ridande mange flokkar. Hali fraa Sida kom der og alle Austfjordingarne. Flose fagna dei vel, og fortalde um ferdi si og um vedskiftet med Aasgrim. Det var mange som roste det og sa det var mannlegt gjort. Daa mælte Hall: «Detta synest meg annarleis en dykk. Slikt tykkjest meg vera uvitug bragd. Dei hugsar nok tregemaalet sit, um ikkje dei vert minte um det paa nyo. Og det kan verta stridt nok for dei som freistar andre so hardt.« Det var aa merka paa Hall, at han tykte detta var avveges gjort. Dei reid daa fraa der alle saman, til dei kom til den øvre vollen; der fylkte dei lidet sit og reid sidan ned aat tinget. Austfjordingarne reid aat buderne sine.

Kapittel 137

No er det fraa det aa segja, at Torgeir Skorargeir kom ridande austantil med stort lid. Brørne hans, Torleiv Kraak og Torgrim hin milde, var med honom. Dei reid til des dei kom til Hov aat Mord Valgardson, og bidde der til han var buen. Mord hadde samla kvar ein mann som vaapenfør var. Og det kunde ingen anna skyna, en at han var aa lita paa i alle maatar. Dei reid til des dei kom so langt vest som yver aaerne. Der bidde dei paa Hjalte Skjeggjeson, og dei hadde ikkje lenge venta, fyrr han kom. Dei fagna honom vel, og reid daa saman alle, til des dei kom til Røykje paa Biskopstunga, og bidde der paa Aasgrim Ellidagrimsson, og der kom han til mots med dei. Dei reid daa vest yver Bruaraai. Aasgrim seier dei alt som det var tilgjenge med honom og Flose. Torgeir mælte: »Eg skulde ynskja me fekk freista kva karar dei er, fyrr tinget er slutt. « So reid dei til des dei kom heilt aat Beitevollarne. Der kom Gissur Kvite imot dei med stor mannfjølde. Dei talast daa lenge ved. Sidan reid dei fram paa øvre-vollen og fylkte alt ltdet sit, og reid so ned aat tinget. Flose og mennerne hans ljop til vaapn alle. Og det var daa nære ved det skulde bore i hop aa slaast med dei. Men Aasgrim og dei paa den sida baud seg ikkje til med det, men reid aat buderne sine. Det vart stilt den dagen, so det ikkje bar i hop med dei. Det var kome hovdingar der fraa alle fjorungarne i landet. Og aldri hadde det vore so folksamt paa tinget fyrr, det nokon kunde minnast.

Kapittel 138

Ein mann heitte Øyolv. Han var son aåt Bolverk, son hans Øyolv hin graa fraa Otradal, son hans Tord Gjelle, son hans Olav Feilan. Mor hans Øyolv hin graa var Rodny, dotter hans Midfjordar-Skjeggje. Øyolv Bolverkson var ein høgvyrd mann, og so lovkunnig, at han var den tridje største lovmannen paa Island. Han var ein ovfager mann aa sjaa til, stor og sterk, og det beste hovding-emne. Han var kjær etter pengar, som dei andre av frendarne hans.

Flose gjekk ein dag til budi hans Bjarne Broddhelgeson. Bjarne tok imot honom med baae hendom, og Flose sette seg frammed honom. Dei talast ved um mangt. Flose mælte til Bjarne: «Kva raad skal me no taka?« Bjarne svara: «Eg tenkjer det vert vandt um raad som duger. Men det tykkjest meg vera raad-legast aa bidja seg lidveitsla; for dei dreg i hop magt imot dykk. Det vil eg og spyrja deg um, Flose, um det er nokon stor lovmann med i sveiti dykkar, for her vert det tvo koster til. Ein er det aa søkja sætt, og den vegen er god. Den andre er aa verja maalet med lov, um det er vern aa finna, endaa det kan sjaa vaag-samt ut. Den vegen tykkjer eg likevel de fær velja; med di at etter de hev slege so stort paa fyrr, so høver det ikkje aa smaaminka seg no.« Flose mælte: »Naar du spør etter lovmann, daa er det snøgt aa svara paa det; det finst ingen i vaar flokk, og ingen veit eg von um, andre en Torkjell Geiteson, frenden din.« Bjarne mælte: «Ikkje fær me rekna med honom; um han er lovsterk, so er han svært forsjaaleg. Det tarv ingen tenkja paa aa faa honom til skotskiva for seg. Men han fylgjer deg som kven som best fylgjer; for han er fram-djerv til det. Men det skal eg segja deg, at det vert kostande den mannen livet som ber fram vern i brand-saki. Og eg unner ikkje det Torkjell, frenden min. Me fær nok leita einkvar annan staden.« Flose sa han hadde ikkje greia paa, kven som var største lovmennerne. Bjarne mælte: «Det er ein mann heiter Øyolv Bolverkson. Han er største lovmannen i Vestfirdingafjorungen. Det vil mykje gods til, um me skal faa honom med i maalet; men det fær me ikkje sjaa paa. Me skal ganga væpna aat alle retsmøti, og vera som varast um os, men ikkje taka paa dei, minder me vert nøydde til aa verja os sjølve. No skal eg vera med deg og fara i lidbeidsla; for no tykkjer eg det er ikkje gjerande aa leggja seg fyre.«

Sidan gjekk dei ut or budi og aat Øksfirdingarne. Bjarne tala med Lyting og Blæing og Roe Arnsteinson, og av dei fekk han straks det han bad um. So fór dei og fann Kol, son hans Viga-Skuta, og Øyvind Torkjellson, sonarson hans Aaskjell Gode, og bad dei um lidveitsla. Dei drog seg lenge unda. Men det kom til di, at dei tok imot tri merker sylv og gjekk med i maalet med dei. Fraa der gjekk dei aat Ljosvetningabudi og dvaldest der nokor ridi. Flose bad Ljosvetningarne um lidveitsla. Men dei var tverre og traabedne. Flose vart daa harm og mælte: «Med dykk stend det laakt til. De er nærsøkne og ranglaatne heime i heradet, men paa tinget vil de ikkje vera nokon til hjelp, um folk krev det av dykk. Og de fær mykje aamæle for det, og det vert aat-tykt paa tinget, um de ikkje minnest den svivyringi Skarphedin gjorde paa dykk Ljosvetningar.« Men sidan tala han i løynd med dei og lokkast ved dei med gods og gode ord. Og det vart til di, at dei lova honom lidveitsla si. Og daa gjorde dei seg so beitte, at dei sa dei vilde slaast for Flose, um det trongdest. Bjarne mælte daa til Flose: »Du hev godt for det. Ein stor hovding er du, og ein ram kar og traust, som ikkje er rædd for aa gaa beint paa.«

Sidan gjekk dei fraa der og vest yver Øksaraai aat Ladbudi. Dei saag mykje folk utanfor budi. Det var ein mann der som hadde skarlaks-kaapa yver herdarne, gullband paa hovudet og ei sylvlagd oks i handom. Bjarne mælte: «Det ber vel til; her er no Øyolv Bolverkson, um du vil tinna honom, Flose.« Sidan gjekk dei framaat Øyolv og helsa paa honom. Bjarne tok Øyolv i handi og leidde honom med seg upp i All-mannagjaa. Mennerne hans Bjarne og hans Flose gjekk etter. Mennerne hans Øyolv gjekk og med honom. Dei -bad dei vera uppi gjaabakken og sjaa etter. Sjølve gjekk dei til dit der gata gjeng ned fraa den øvre gjaai. Flose sa, at der var det godt aa sitja, og at der saag ein vidt. Dei sette seg daa ned der. Dei var fire mann der, og ikkje fleire. Bjarne mælte daa til Øyolv: »Det er deg me er komne for aa finna, ven; for me treng hardt di hjelp i alle maatar.« Øyolv mælte: «Her er godt mann-val paa tinget, og det er ikkje vondt for ménner som er meir til styrk for dykk en eg kan vera.« Bjarne mælte: «Det er ikkje so. Du hev mange muner, der ingen er din yvermann her paa tinget. Det fyrst, at du er vel ætta, som alle dei som er komne fraa Ragnar Lod brok. Forfederene dine hev og jamnan vore med i stortøki baade paa tinget og heime i heradet, og jamnan havt yvertaket. Av di tykkjest det os liklegt, at du maa vera sigersæl i maalemni.« Øyolv mælte: »Vel mæler du, Bjarne; men eg meiner eg eig lite her aa gjera.« Flose mælte daa: «Ikkje trengst det aa meita lenge med det som me hev i hugen. Me vil beda deg um lidveitsla di, Øyolv, i dette maaiet vaart, at du gjeng med os i retten, tek dei vernemaali det kan verta, og fører dei fram paa vaar hand og hjelper os paa dette tinget i alt som til kan falla.« Øyolv spratt upp vreid, og sa at ingen mann turvte etla seg til aa hava honom til flugugap og fyreskinn for seg, nåar han ikkje hadde noko med di. »Og no ser eg,« sa han, «kva det laag under alt det fagermæle de kom med aat meg. « Hallbjørn hin sterke treiv honom og sette honom ned millom seg og Bjarne og. mælte: «Ikkje fell treet for fyrste hogget, ven; sit her fyrst hjaa os.«; Flose drog daa ein gullring av handi si og mælte: «Denna ringen vrt -eg gieva eleg, Øyolv, for venskap og hjelp, og soleis synardeg at eg ikkje vil narra deg. Du kan og gjerne taka ringen; for det er ingen her paa tinget som eg hev gjeve ei slik gaava.« Ringen var so stor og god og velgjord, at han gjekk jamnt med tolf hundrad alner morent vadmaal. Hallbjørn drog ringen inn paa handi hans Øyolv. Øyolv mælte: «Det vert fulla best eg tek ringen, nåar du er so raust. Og det kan du lita paa, at eg skal taka paa meg vernemaalet og gjera det som til trengst.« Bjarne mælte: «Detta var som det skulde av dykk baae, og no høver det godt, at eg og Hallbjørn kan vera vitne paa at du tek ved maalemnet.« Øyolv stod daa upp, og Flose, og dei handtokst. Øyolv tok imot alle vernegagni av Flose, og like eins um det skulde reisa seg noko søksmaal av verni -- for det hender ofte, at det som er vern i ei sak kan verta søksmaal i ei onnor - so tok han alle dei søknargagni som høyrde denne saki til, anten ho so var aa søkja i fjorungsretten elder femteretten. Flose gav etter loven; Øyolv tok etter loven. Han mælte daa til Flose og Bjarne: «No hev eg her teke ved maalet, som de bad meg um. Likevel vil eg no at de held dette dult i fyrstningi. Men um saki kjem for femteretten, maa de vara dykk aller mest for aa gjeta um at de hev gjeve gods til aa faa retshjelp. «

Flose stod daa upp, og like eins Bjarne og dei andre. Flose og Bjarne gjekk kvar til si bud; men Øyolv gjekk aat budi hans Snorre Gode og sette seg der hjaa honom. Dei talast ved um mangt. Snorre tok kring handi hans Øyolv og strauk upp ermi, og ser at han hev ein svær gullring paa armen. Snorre Gode mælte: «Korleis -- er denna ringen kjøpt elder gjeven?« Øyolv vart tagall og fekk ikkje ord for seg. Snorre mælte: «Eg skynar vel, at det er til gaava du hev fenge honom. Berre hrø ikkje maatte koma til aa kosta deg hovudet. « Øyolv spratt upp og gjekk, og vilde ikkje tala noko urådet. Snorre mælte, daa han saag Øyolv stod so kvast upp: »Du fær visst vita, fyrr tinget er slutt, kva for ei gaava du hev teke imot.« Øyolv gjekk aat budi si.

Kapittel 139

No er det aa segja fraa der Aasgrim Ellidagrimsson» og Kaare Solmundson er, at dei kom saman med Gissur Kvite og Hjalte Skjeggjeson og Torgeir Skorargeir og Mord Valgardson. Aasgrim tok daa til ords: »Her trengst det ikkje aa tala laagmælt; for her er ikkje andre en dei som liter paa einannan. No vil eg spyrja dykk, um de veit noko um raadgjerderne aat Flose og dei kararne. Eg tykkjer me og fær gjera noko paa vaar lei. Gissur Kvite svarar: «Snorre Gode sende ein mann aat meg og let segja meg, at Flose hadde tinga seg mykje lid av nordlendingom; men Øyolv Bolverkson, frenden hans, hadde fenge ein gullring av einkvarn, og heldt det i løynd. Og Snorre sa han heldt fyre, at Øyolv Bolverkson var etla til aa føra fram lov-vern i saki, og at det var for det han hadde fenge ringen.« Alle var samde um, at so maatte det vera. Gissur mælte daa: »No hev Mord Valgardson, maagen min, teke paa seg den av sakerne som alle maa tykkja er den vandaste, det aa søkja Flose. No vil eg at de skifter dei andre sakerne millom dykk; for no er det straks fyrr dei skal lysast paa Logberget. Me treng og aa bid ja os lid.« Aasgrim svarar: »Det skal me og gjera, men me vil beda deg aa vera med i lidbeidsla med os.« Gissur sa at han skulde gjera sit. Sidan-valde han med seg dei vitsamaste menner av svein deira. Der var Hjalte Skjeggjeson og Aasgrim, Kaare og Torgeir Skorargeir.

Daa mælte Gissur: »No skal me fyrst ganga aat budi hans Skafte Toroddson.« Og dei gjekk daa aat Ølvusingabudi. Gissur Kvite gjekk fyrst, so Hjalte, so Kaare, so Aasgrim, so Torgeir Skorargeir, og so brørne hans. Dei gjekk inn i budi. Skafte sat paa pallen, og daa han saag Gissur Kvite, stod han upp imot honom og fagna vel honom og alle dei andre, og bad Gissur sitja jamsides seg, og det gjorde Gissur. Gissur mælte daa til Aasgrim: «No skal du bera erendi upp ved Skafte, so skal eg leggja til slikt som det tykkjest meg trengst.» Aasgrim mælte: »Me er komne hit, Skafte, til aa søkja traustnad og hjelp hjaa deg.« Skafte mælte: »De totte eg var tverr fyrre gongen, daa eg ikkje vilde stydja under vandemaalet dykkara Gissur mælte: »No er det annarleis vore. No er det aa reisa ettermaal etter Njaal bonde og husfrøya Bergtora, som baae tvo vart saklaust innebrende, og etter tri av Njaalssønom og mange andre gode menner. Og du kan daa vel ikkje anna vilja en stydja og hjelpa frendarne og maagarne dine.« Skafte svarar: «Det sette eg meg fyre, daa Skarphedin sa ved meg, at eg hadde havt tjora upp i hovudet paa meg og smoge under jordtorva, og han sa eg var so rædd, at Torolv Loftsson fraa Øyrom bar meg ut paa skipet i injolsekkjom sine og fragta meg soleis yver til Island, at aldri skulde eg vera med til ettermaal etter honom.« Gissur mælte: «Slikt er ikkje noko aa minnast no, daa han er daud som sa det. Og du vil daa hjelpa meg, um du ikkje vil gjera det for andre si skuld.« Skafte mælte: «Detta maalet kjem ikkje deg ved, nåar du ikkje hadde vasa deg inni med dei.« Gissur vart daa harm og mælte: «Ulik er du far din. For endaa um han og tyktest vera noko ustø, so hjelpte han daa gjerne folk, nåar dei var som nøyddast um det.« Skafte mælte: «Me er ikkje av same huglaget. De tykkjest hava vore med i storraadom: du Gissur Kvite daa du sokte Gunnar paa Lidarende, og Aasgrim daa han drap Gauk, fostbror sin.« Aasgrim svarar: «Faae sneier folk for det som betre er, nåar dei veit det som verre er. Men det vil mange mæla, at ikkje drap eg Gauk fyrr det var naudhøve til det. Det kan endaa so vera, at du ikkje vil hjelpa os; men det er utidigt, at du neiser os med illord. Og eg vil ynskja du maatte faa den verste vanvyrnad av dette maalemnet, fyrr tinget er slutt, og daa ikkje faa skammi di bøtt.«

Gissur og dei andre stod upp og gjekk ut, og til budi hans Snorre Gode, og gjekk inn i budi. Snorre Gode sat paa pallen i budi. Han kjende dei straks, gjekk imot dei og bad dei velkomne alle saman, og gav dei rom til aa sitja. Sidan spurde dei kvarandre etter dagsnytt. Aasgrim mælte til Snorre: «Det er for di eg og Gissur, frenden min, er komne hit, at me vil beda deg um lidveitsla.« Snorre Gode svarar: «Det du der talar paa, er noko som ikkje er til aa undrast paa, at du vil reisa sak etter maagom dine, slike som du aatte. Mang ei raad som takande var tok me av Njaal, um det no er faae som minnest det. Men eg veit ikkje kva lidveitsla de tykkjest mest aa turva.« Aasgrim svarar: «Me treng mest av di som vil til, um det kjem til slagsmaal her paa tinget.«: Snorre mælte: «Det er og so, at daa ligg det mykje ved for dykk. Det er ventelegt, at de vert hardsette til aa søkja; men dei vil og verja seg paa sama vis, og ingen vil unna den andre rett. Detta toler ikkje de av dei, men gjeng paa, og de hev helder ikkje anna aa gjera; for dei vil løna dykk med.skam for mann-skade og svivyring for frendetap.« Det var aa skyna paa alt, at han vilde eggja dei fram. Gissur Kvite mælte, daa: «Vel mæler du, Snorre. Og du er beste mannen og mætaste hovdingen aa finna, nåar mest ligg ved.« Aasgrim mælte: «Eg vilde gjerne vita, kva du vil hjelpa os med, um det ber so til som du seier.« Snorre mælte:

«Daa skal eg gjera deg det veneverk som all dykkar sømd skal fylgja med. Men eg gjeng ikkje med i retten. Men gjeld det aa slaast paa tinget, so tak ikkje paa dei, utan so de veit alle er heilt aa lita paa; for det er drjuge karar imot. Vert de for lette, so drag dykk hitetter aat os; for daa skal eg hava mine folk standande fylkte her og vera buen til aa hjelpa dykk. Men um det ber den andre vegen, at dei vægjer unda, daa tenkjer eg dei etlar aa finna seg vigstad i Allmannagjaa. Og slepp dei dit, so fær de aldri søkt dei. Eg skal daa sjaa til og fylkja lidet mit der fyreaat og bægja dei fraa der. Men me vil ikkje setja etter dei, er det so dei tek anten nord elder sud med aai. Og nåar de hev drepe av flokken deira noko nær so mange som eg tykkjer de kan orka aa bøta og faa njota godordi dykkar og heradsvist, daa skal eg koma farande med alle mennerne mine og skilja dykk. Daa skal de og paa mit ord halda upp med bardagen, nåar eg gjer som eg no hev lova.« Gissur takka honom vel for det, og sa at detta var mælt til bate for dei alle. Dei gjekk daa ut alle saman. Gissur mælte: »Kvart skal me no ganga?« -- »Aat Modruvellinga-budi,« sa Aasgrim. Dit for dei daa.

Kapittel 140

Og som dei kom inn i budi, saag dei at Gudmund hin rike sat og tala med Einar Konalson, fosterson sin. Det var ein klok mann. Dei gjekk daa fram for Gudmund. Han tok vel imot dei og let rydja upp i budi, so dei kunde faa sitja alle. Dei spurde einannan um tidender. Aasgrim mælte: «Det trengst ikkje tala inni seg med erendi vaar. Til det er me komne hit, at me vil beda deg um traust lidveitsla.^ Gudmund mælte: »Hev de daa vore hjaa nokon hovding fyrr?« Dei svara at dei hadde vore hjaa Skafte Toroddson og Snorre, og sa honom i still korleis det gjekk hjaa baae. Daa mælte Gudmund: »Fyrre gongen de var her, bar eg meg smaamanslegt aat, med di eg var so traa; men no skal eg gjeva etter so mykje lettare som eg daa var tung. Eg skal ganga i retten med dykk med alle mine tingmenner og stydja dykk i alt paa dette tinget, og vera med dykk til strid, um det trengst, og leggja mit liv ved dykkar liv. Eg skal og løna Skafte med det, at Torstein Holmunn, son hans, skal vera med os i striden; for han trøyster seg ikkje til aa gjera anna en som eg vil, av di han hev Jodis, dotter mi, til kona. Skafte vil daa koma og skilja os aat.« Dei sa honom stor takk, og vart sitjande og tala lenge ved honom, so ingen annan høyrde paa. Gudmund bad dei ikkje aa kne-ganga fleire hovdingar. Det var smaamanslegt, sa han. »Me skal vaaga paa med det lid me no hev. De skal ganga væpna aat alle retsmøti, men ikkje taka til vaapni for det fyrste.« Dei gjekk daa ut alle og heim aat buderne sine i fyrstningi var det berre faae som visste um dette. Soleis leid det ut i tinget.

Kapittel 141

Det var ein dag at folket gjekk til Logberget. Hovdingarne var soleis skipa, at Aasgrim Ellidagrimsson og Gissur Kvite, Gudmund hin rike og Snorre Gode stod uppmed Logberget, men Austflrdingarne nedantil. Mord Valgardson stod frammed Gissur Kvite, maagen sin. Mord var ordfør framum alle andre menner. Gissur mælte daa, at han skulde lysa draapssaki, og bad honom mæla so høgt, at det kunde høyrast vel. Mord nemnde seg vitne. »Eg nemner vitne paa det, « seier han, »at eg lyser lovmælt yverfalssak paa Flose Tordsson, for di han ljop mot Helge Njaalsson paa den vigvangen der Flose Tordsson gjorde yverfall paa Helge Njaalsson og gav honom hol-saar elder heilne-saar elder merg-saar, som til ulivssaar vart, og som Helge fekk bane av. Nemner eg honom for den saki til aa verta dømd utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemner eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Eg lyser denne draapssaki til den fjorungsrett som saki hoyrer inn under etter loven. Eg lyser lovleg lysing. Lyser eg i høyrande logn paa Logberget. Eg lyser til søksmaal i sumar og til full fredløysa yver Flose Tordsson. Lyser eg i saki hans Torgeir Toreson gjevi meg i hand.-« Paa Logberget vart det stort staak og rop, at han hadde maalborest vel og manneleg. Mord tok til ords andre gongen: «Nemner eg dykk til vitne paa det,« seier han, »at eg lyser sak paa Flose Tordsson for di han særde Helge Njaalsson hol-saar elder heilne-saar elder merg-saar, det saaret som til ulivssaar vart og som Helge fekk bane av paa den vigvangen der Flose Tordsson ljop mot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall. Seier eg deg Flose for denne saki utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemner eg alt dit gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter deg etter loven. Eg lyser denne saki til den fjorungsrett som ho høyrer inn under etter loven. Eg lyser lovleg lysing. Lyser eg i høyrande logn paa Logberget. Eg lyser til søksmaal i sumar og til full fredløysa yver Flose Tordsson. Lyser eg i saki hans Torgeir Toreson gjevi meg i hand. «

So sette Mord seg ned. Flose høyrde vel etter og sa ikkje eit ord medan.

Torgeir Skorargeir stod daa upp og nemnde seg vitne. »Eg nemner vitne paa det,« seier han, »at eg lyser sak paa Glum Hiideson, for di han tok eld og kveikte og bar inn i huset paa Bergtorskvaal, daa dei brann inne Njaal Torgeirson og Bergtora Skarphedins-dotter og alle dei folk som der vart innebrende. Nemner eg honom for den saki utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemner eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Lyser eg denne saki til den fjorungsrett som ho høyrer inn under etter loven. Eg lyser lovleg lysing. Lyser eg i høyrande logn paa Logberget. Eg lyser til søksmaal no i sumar og til full fredløysa yver Glum Hildeson.« Kaare Solmundson søkte Kol Torsteinson og Gunnar Lambeson og Grane Gunnarson. Og det ordet gjekk manna-millom, at han maalbar seg furdulega vel. Torleiv Kraak søkte alle Sigfussønerne. Men Torgrim hin mikle, bror hans, søkte Modolv Kjetilson og Lambe Sigurdson og Roar Haamundson, bror hans Leidolv hin sterke. Aasgrim Ellidagrimsson søkte Leidolv og Torstein Geirleiv-son, Arne Kolsson og Grim hin raude. Alle maalbar dei seg vel. Sidan lyste andre menner sakerne sine. Og det gjekk med mykje av dagen med det. Folk gjekk daa heim aat buderne sine.

Øyolv Bolverkson gjekk aat budi med Flose. Dei gjekk aust um budi. Flose mælte til Øyolv: »Kor er det -- ser du nokor vern i dette maalemnet?» -- »Ingi,« seier Øyolv. »Kva raad skal me daa taka?« seier Flose. »No er det aa finna raad for uraad,« seier Øyolv; »men eg skal likevel finna paa ei raad til dykk. No skal du avhenda godordet dit aat Torgeir bror din( og segja deg i ting med Aaskjell Gode Torkjetilson nordanfraa Røy-kjardal. Og nåar dei ikkje veit um detta, kan det henda at det vert dei til mein; for dei vil søkja det i Austfirdinga-retten. men dei hadde aa søkja det i Nord-lendinga-retten. Dette kjem dei til aa forsjaa seg i. Daa hev dei femteretssak paa seg, um dei søkjer i ein annan rett en til høyrer. Det maalemnet fær me daa taka upp; men det fær vera siste utvegen.« Flose mælte: »Kan vera me no fær løn for ringen.« -- «Ikkje veit eg det,« seier Øyolv; «men eg skal gjeva dykk den rettarbeining, at folk skal segja det var ikkje von til likare. No skal du senda bod etter Aaskjell, og Torgeir skal koma aat deg no straks, og ein mann med honom.« Lite etter kom Torgeir og tok ved godordet. Aaskjell og kom der. Flose sa seg daa i ting med honom. Det var ikkje fleire en dei som visste um dette.

Kapittel 142

No lid det til det at retten skal setjast. Dei budde seg paa baae leier; væpna seg og sette hermerke paa hjelmarne sine. Torhall Aasgrimson mælte: «Far de no ikkje fram, far min, med noko slags gir, men gjer alt som rettast. Og um noko flokar seg for dykk, so lat meg faa vita det som skjotast. Og daa skal eg leggja til raad med dykk.« Aasgrim og dei andre vart sjaa-ande burtpaa honom, og daa var andlitet hans som blod aa sjaa, og det braut fram som store haglkonn fraa augo paa honom. Han bad dei fli seg spjotet sit. Det hadde Skarphedin gjeve honom, og det var det største eigna-ting. Aasgrim sa, daa dei gjekk burt: «Ikkje var det godt i hugen hans Torhall frende aa vera att i budino; og ikkje veit eg kva han tek seg til. No skal me taka i vegen med Mord Valgardson,« sa Aasgrim, »og laata fyrst som det ikkje anna var; for det er meire mun i aa faa tak i Flose aaleine en i mange andre.« Aasgrim sende daa ein mann til Gissur Kvite og Hjalte Skjeggjeson og Gudmund hin rike. Dei kom alle saman og gjekk straks til Austfirdingaretten. Dei gjekk aat retten sunnantil-fraa. Flose med sine og alle Austfirdin-garne med honom gjekk i retten nordantil-fraa. Der var og Røykdøler og Øksfirdingar og Ljosvetningar med Flose. Der var og Øyolv Bolverkson. Flose saag burtpaa Øyolv og mælte: »Det ber godt i vegen; -- kan vera det ikkje fer fjerre fraa di du gat um.« -- »Far stilt med det,« seier Øyolv; »det kan nok koma dit, at me fær bruk for det.«

Mord Valgardson nemnde seg vitne, baud til lut-felling alle dei mennerne som hadde skoggangssaker aa søkja i retten, kven som fyrst skulde segja saki si fram, kven di næst, og kven sist. Han baud det fremja etter loven, so dei dømande høyrde paa. Det vart luta um sakerne, og det vart Mord som fekk aa segja fram si sak fyrst. Han nemnde seg vitne andre gongen: »Eg nemner vitne paa det,« seier han, »at eg tek unda alt eg kan mistala meg i saki mi, anten eg seier for mykje elder eg seier det gale. Eg vil faa retta ordi mine, til des eg fær fram saki mi paa rett og lovleg vis. Til det nemner eg desse menner til vitne, for meg elder dei andre som kan turva nøyta elder njota dette vitnemaalet.« Mord Valgardson nemnde seg vitne paa nytt lag. «Nemner eg vitne paa det,« sa han, »at eg byd Flose Tordsson, elder kven annan det er handgjeve aa føra lov-vern for honom, aa lya paa eiden min og paa framsoga av saki mi, og paa alle dei søknargagni som eg tenkjer aa føra fram imot honom. Eg byd rettarbod etter loven, so domararne høyrer det tvert yver retten.« Mord Valgardson mælte: »Eg nemner vitne paa det, at eg gjer eid paa boki, lovleg eid, og seier eg innfor Gud, at eg skal soleis denne saki søkja som eg veit sannast og rettast og mest etter loven, og fremja alle dei skil som loven gjev -- so lenge eg hev med dette maalemnet aa gjera.« Sidan tok han so til ords: »Torodd nemnde eg til vitne, like eins Torbjørn, i det vitnemaalet, at eg lyste Flose Tordsson saka i lovmælt yverfall paa den vigvangen der Flose Tordsson ljop mot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall, den gongen Flose Tordsson særde Helge Njaalsson hol-saar elder merg-saar, som til ulivssaar vart, og som Helge Njaalsson fekk bane av. Nemnde eg honom for den saki til aa verta dømd utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemnde eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Eg lyste til den fjorungsrett som saki høyrer inn under etter loven. Eg lyste lovleg lysing. Lyste eg i høyrande logn paa Logberget. Eg lyste til søksmaal no i sumar og til full fredløysa yver Flose Tordsson. Lyste eg saki hans Torgeir Toreson gjevi mig i hand. Alle dei ordi hadde eg i lysingi mi som eg no hadde i framsoga av saki. Seier eg denne skoggangssaki soleis laga fram i Austfirdingaretten yver hans hovud som skal reiva maalet, soleis som eg sa det fram daa eg lyste.« Mord mælte: «Torodd nemnde eg til vitne, like eins Torbjørn, i det vitnemaalet, at eg lyste saar-sak paa Flose Tordsson for det at han særde Helge Njaalsson hdl-saar elder merg-saar, det saaret som til ulivssaar vart og som Helge Njaalsson fekk bane av paa den vigvangen der Flose Tordsson ljop mot Helge Njaalsson med lovmælt yverfall. Nemnde eg honom for den saki til aa verta dømd utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemnde eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Eg lyste til den fjorungsrett som denne saki høyrer inn under etter loven. Eg lyste lovleg lysing. Lyste eg i høyrande logn paa Logberget. Eg lyste til søksmaal no i sumar og til full fredløysa yver Flose Tordsson. Lyste eg handgjevne saki hans Torgeir Toreson. Alle dei ordi hadde eg i lysingi som eg no hadde i framsoga av saki mi. Seier eg denne skoggangssaki soleis laga fram i Austfirdingaretten yver hans hovud som skal reiva maalet, soleis som eg sa det fram daa eg lyste.« Lysingsvitni hans Mord gjekk daa fram i retten og bar vitne, soleis at den eine bar vitnemaalet fram og baae sanna det, at «Mord nemnde seg Torodd til vitne, og meg den andre, men eg heiter Torbjørn.« Sidan nemnde han far sin. »Mord nemnde os til vitne, at han lyste Flose Tordsson saka i lovmælt yverfall daa han ljop mot Helge Njaalsson paa den vigvangen der Flose Tordsson gav Helge Njaalsson hdl-saar elder merg-saar, det som til ulivssaar vart og som Helge fekk bane av. Nemnde han Flose for den saki til aa verta dømd utlæg mann, skogarmann, ualande, uferjande, uraadande med noko bergingsraad. Nemnde han alt hans gods forbrote, helvti aat seg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Han lyste til den fjorungsretten som denne saki høyrer inn under etter loven. Han lyste lovleg lysing. Lyste han i høyrande logn paa Logberget.

Han lyste til søksmaal no i sumar og til full fredløysa yver Flose Tordsson. Lyste han handgjevne saki hans Torgeir Toreson. Og han hadde alle dei ordi i lysingi si som han hadde i framsoga av saki, og som me hev dei i vitneburden vaar. Rett hev me no bore fram vitnet vaart, baae samde i eitt. Ber me dette lysings-vitnemaalet soleis laga fram i Austfirdingaretten yver hans hovud som skal reiva maalet, soleis som Mord sa fram daa han lyste.« Andre gongen sa dei fram lysings-vitnemaalet i retten, men nemnde daa saar fyre og yverfall etter, og hadde alle dei same ordi som fyrr, og bar lysingsvitnemaalet soleis laga fram i Austfirdingaretten, soleis som Mord sa fram daa han lyste. Saktakar-vitni hans Mord gjekk daa i retten; den eine bar vitnemaalet fram, men baae sanna det, og tok soleis til ords, at Mord Valgardson og Torgeir Toreson hadde nemnt dei til vitne paa at Torgeir Toreson gav Mord Valgardson i hende vigsak mot Flose Tordson for draapet paa Helge Njaalsson. »Han gav honom den saki i hen-derne med alle dei søknargagni som til saki høyrde. Han gav honom aa søkja og aa sættast og alle gagn i aa nytta og njota, som han vøre den rette ettermaals-mannen. Torgeir gav etter loven, Mord tok etter loven. Dette saktakar-vitnemaalet soleis laga bar dei fram i Austfirdingaretten yver hans hovud som skulde reiva maalet, slikt som det Torgeir og Mord nemnde dei til vitne paa. Alle vitni let dei sverja eid, fyrr dei bar vitnemaal, og like eins domararne.

Mord Valgardson nemnde seg no vitne att. »i det vitnemaalet nemner eg dykk,« seier han, »at eg byd dei nie vigvangsbuar som eg stemnde i denne saki, som eg reiste mot Flose Tordsson, til sætes paa vestre aabakken, til aa faa gjort rettingar med denne nemndi. Eg byd rettarbod etter loven, so domararne høyrer det.« Mord Valgardson nemnde seg vitne andre gongen: «Nemner eg dykk til vitne paa det,« sa han, »at eg byd Flose Tordsson, elder den mannen som hans handgjevne full-magt hev til aa føra vern for honom, til rudning i den nemndi som eg hev sett saman vest paa aabakken. Eg byd rettarbod etter loven, so at domararne høyrer det tvert yver retten.« Enn nemnde Mord seg vitne, »i det vitnemaalet,« sa han, »at no er frumgagni framkomne, alle dei som til saki høyrer: bode til eidfesting, eiden gjord, sagd fram sak, bore lysingsvitne, bore saktakar-vitne, bode vigvangsbuar til sætes, bode til rudning i nemndi. Eg nemner meg desse menner til vitne aat alle dei gagni som no er framkomne, og paa det med, at eg vil ikkje vera gjengen utor saki for det um eg gjeng fraa retten, anten til aa leita fleire gagn elder i andre erender.«

Flose og dei gjekk no dit som nemndmennerne sat. Flose sa til dei: »Det maa Sigfussønerne vita, kor rette vigvangsbuar desse er som her er stemnde.« Kjetil fraa Mork svarar: »Her er ein nemndmann som heldt Mord Valgardson under skirsl, men ein annan er trimenningen hans. Dei greidde daa fram skyldskapen, og sanna det med eid. Øyolv nemner seg vitne, at nemndi skulde standa so lenge til ho var rudd. Andre gongen nemnde Øyolv seg vitne, «i det vitnemaalet,« sa han, »at eg rydjer baae desse menner or nemndi« -- han nemnde namni paa dei og fars-namni -- »for den skuld, at den eine av dei er trimenningen hans Mord etter ætti og den andre etter gudsivjungskap, slik som gjev rudningsrett etter loven. Etter loven er de ubrukande i nemndi, di at no er det kome lovleg rudning aat dykk. Rydjer eg dykk ut etter Alltings rett og aalmenn lov. Rydjer eg i saki hans Flose Tordsson gjevi meg i hand.« No mælte all aalmugen og sa at maalet var tynt for Mord. Alle var samde um at no stod verni betre en søksmaalet

Aasgrim mælte daa til Mord: »Enno er ikkje alt deira, um dei tykkjest hava gjort eit godt tak. Me skal ganga og finna Torhall, sonen min, og faa vita kva han råar os til.« Det vart daa send ein grei mann til Torhall, og han sa honom greinleg korleis saki stod, og at Flose og dei tykte dei hadde gjort nemndi ufør. Torhall mælte: »Eg skal gjera so dette ikkje vert noko sakspille, og seg dei det, at dei fær ikkje tru paa dei lov-villor som vert lagde i vegen for dei; for klokskapen hans Øyolv hev glotte no. Gakk du aat dei, det kva-taste du kan, og seg at Mord Valgardson skal ganga i retten og nemna seg vitne, at rudningi deira er spilt« -- og han sa honom vel fyre med alt, korleis dei skulde gjera det. Sendemannen fór og sa dei raadi hans Torhall. Mord Valgardson gjekk daa i retten og nemnde seg vitne, »i det vitnemaalet,« sa han, »at eg gjer um inkje rudningi hans Øyolv Bolverkson. Og finn eg det til grunn, at han rudde ikkje etter skyldskap med rette saksøkjaren, men med sakføraren. Nemner eg desse menner til vitne for meg, elder for dei som turva njota dette vitnemaalet.« Sidan førde han vitne i retten. So gjekk han dit som nemndmen-nerne sat, og bad dei setja seg som hadde reist seg, og sa dei var i nemndi med retto. Daa mælte alle, at det var mykje som Torhall hadde gjort. Og alle tyktest daa søksmaalet standa betre en verni. Flose mælte daa til Øyolv: »Meiner du detta er lov?« -- »Det tenkjer eg visst,« seier Øyolv; »det er greitt at me hev misteke os. Men likevel skal me no takast um meir slikt med dei.« Øyolv nemnde seg daa vitne, »i det vitnemaalet,« sa han, »at eg rydjer desse tvo menner or nemndi« -- han nemnde baae ved namn -- »for den skuld, at de tvo er husmenner og ikkje bønder. Eg forbyd dykk aa sitja i nemndi; for no er det kome rett og lovleg rudning aat dykk. Rydjer eg dykk ut or nemndi etter Alltings rett og aalmenn lov.« Øyolv sa det skulde koma hardla uventa paa honom, um dette kunde rengjast. Daa mælte alle, at no stod verni betre en søksmaalet. Alle roste Øyolv sterkt, og sa at det turvte ingen røyna seg i lovkunna med honom.

Mord Valgardson og Aasgrim Ellidagrimsson sende no ein mann til Torhall, til aa segja honom korleis det no stod. Men daa Torhall høyrde detta, spurde han kva dei aatte til gods. Sendemannen sa, at den eine av dei levde av mjølke-fe, »og han hev baade kyr og sauer. Men den andre eig til tridjungs i det jordstykket dei bur paa, og før seg sjølv. Og dei hev eld-sto saman og sauegjætar, dei og han som dei leiger landet av.« Torhall mælte: »Det er det sama att no som fyrr, at dei hev misgaatt seg. Og det skal vera svint gjort aa rengja detta for dei, um so Øyolv hev brukt aldri so store ord um at detta er rett.« Torhall sa no sendemannen greinleg fyre um alt, korleis dei skulde bera seg aat. Sendemannen kom attende og sa Mord og Aasgrim dei raad som Torhall hadde gjeve. Mord gjekk daa i retten og nemnde seg vitne, »i det vitnemaalet,« sa han, »at eg gjer um inkje rudningi hans Øyolv Bolverkson, for di han rudde dei menner or nemndi som hev rett til aa sitja der. Kvar den hev rett til aa sitja i rettarnemnd, som eig tri hundrad i jord elder meir, um han ikkje eig mjølke-fe. Den andre eig og rett til aa sitja i nemndi, han som lever av mjølke-fe, um han ingi jord hev i leige.« Han førde daa vitne i retten. So gjekk han dit nemndmennerne var, og bad dei setja seg att, og sa dei var lovlege nemndmenner. Daa vart det svært tii rop og høgmæle. Og det sa alle daa, at no var ho nedaat-gjord til gagns saki for Flose og Øyolv, og det var berre ei meining um det, at no stod søksmaalet betre en verni. Flose mælte til Øyolv: «Skulde dette vera rett?« Øyolv lest ikkje hava vits-mun til aa vita det visst. Dei sende daa ein mann til Skafte lovsogumann, til aa spyrja honom, um det var rett. Han sende dei dei ordi attende, at visst var det lov, endaa det var faa som visste det. Detta vart sagt Flose og Øyolv.

Øyolv Bolverkson spurde no Sigfussønerne ut um dei andre vigvangsbuarne som var tilstemnde. Dei sa at fire av dei var ulovleg stemnde, «for di at det sit dei heime som nærare var.« Øyolv nemnde seg daa vitne, at han rudde alle desse fire ut or nemndi, og brukte dei rette rudnings-ordlagi. Sidan mælte han til dei andre i nemndi: «De er skyldige aa gjera rett til baae sidor. No skal de ganga til retten, nåar de vert tilsagde, nemna dykk vitne, at de hev det aa segja mot aa gjera ved her, at de er fem nemndmenner tilsagde, men de skulde vera nie. Kan Torhall berga dette, so fær han fram kva sak det er.« Det var lett aa skyna paa alt, at Flose og Øyolv gilda seg. Det gjordest no stort søg um at no var vigsmaalet tynt, og at no stod verni betre en søksmaalet.

Aasgrim mælte til Mord: «Dei veit ikkje kva dei hev aa skreppa av enno, fyrr Torhall, son min, er spurd. Njaal sa ved meg, at han hadde lært Torhall loven so godt, at han skulde vera største lovmannen paa Island, um det kom til eit spenntak.» Det vart ein mann send til Torhall, til aa segja korleis det stod til, um kva Flose og dei kararne kytte med, og um det vedmælet det gjekk millom tinglyden, at no var søksmaalet spilt for Mord. «Det er godt for dei, fær dei ikkje skam av det,« seier Torhall. »No skal du gaa og segja Mord, at han skal nemna seg vitne og gjera eid, at største luten av nemndi er rett stemnde. Det vitnemaalet skal han daa bera fram i retten, og daa bergar han frumsaki; men han er saka til aa bøta tri merker for kvar av dei han hev stemnt rangt. Men for det kan han ikkje søkjast paa dette tinget. Sendemannen fór no attende og gav Mord full greia um ordi hans Torhall. Mord gjekk i retten, nemnde seg vitne og gjorde eid, at den største luten av nemndi var rett stemnde. Og han sa, at med det hadde han berga frumsaki. »Det lyt verta anna uvenerne vaare fær mætnad av, en det store mistaket det skal vera gjort her.« Daa vart det stor yverlæta um at Mord gjekk vel fram i saki; men Flose og hans menner, sa dei, fór med berre lov-villor og krokar. Flose spurde Øyolv, um detta kunde vera rett. Men han lest ikkje vita det visst, og sa at lov-sogumannen fekk løysa det. Torkjell Geiteson gjekk daa paa deira vegne til lovsogumannen, og sa honom-korleis det stod, og spurde um det var rett, det som Mord hadde sagt. Skafte svarar: «Fleire store lov-menner er det no en eg hadde tenkt. Men nåar eg skal segja deg det, so er dette so rett i alle stader, at her bid det ikkje aa mæla imot. Men eg meinte eg var aaleine um aa vita dette no, daa Njaal er daud; for han veit eg kjende til det.« Torkjell gjekk daa attende aat Flose og Øyolv, og sa dei at dette var lov.

Mord Valgardson gjekk daa aat retten og nemnde seg vitne, »i det vitnemaalet,« sa han, »at eg bed dei nærbuarne som eg stemnde i denne saki eg reiste imot Flose Tordsson, aa bera fram skilmæle, anten med elder imot. Eg krev med lovlegt krav i retten, so domararne høyrer det tvert yver retten.« Nemndmennerne hans Mord gjekk daa fram i retten. Ein sa fram skilmæiet -- dei andre gav samkvæde -- og han tok soleis til ords: »Mord Valgardson tok ut os nie friborne menner til vitnenemnd; men me stend her berre fem; for fire er rudde utor. Men i staden for dei fire som skulde vitna med os, er det sett fram vitneord. Etter loven skal det daa no berast fram skilmæle. Me var tilsagde til aa skila um det, um Flose Tordsson ljop imot Helge Njaalsson med lovmælt. yverfall paa den vigvangen der Flose Tordsson særde Helge Njaalsson hol-saar elder merg-saar, det som til ulivssaar vart, og som Helge Njaalsson fekk bane av. Han sa os til aa bruka alle dei ord som me var skyldige til etter loven, som han vilde krevja av os ved retten til prov i dette maalemnet. Han stemnde os med lovleg stemning, so at me høyrde paa. Han stemnde i den handgjevne saki hans Torgeir Toreson. Alle hev me no gjort eid og fenge skilmæiet vaart rett, so at me er samde um eitt. Me ber det mot Flose Tordsson og seier honom saka aa vera i saki. Dette nie mans skilmæiet soleis laga ber me fram i Austfirdingaretten yver hans hovud som skal reiva maalet, soleis som Mord stemnde os til. Og dette vitnemaalet er me alle um,« sa dei. Andre gongen bar dei skilmæiet fram, men nemnde daa saar fyre og yver all etter, men alle dei andre ordi bar dei fram like eins som fyrr. Dei bar skilmæiet imot Flose og sa honom saka aa vera.

Mord Valgardson gjekk i retten og nemnde seg vitne, at dei buarne han hadde stemnt i saki som han hadde reist mot Flose Tordsson, dei hadde bore vitnemaal imot honom og sagt honom saka aa vera. Desse vitne-menner nemnde han for seg elder for dei som turvte njota dette vitnemaalet. Andre gongen nemnde Mord seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, «at eg byd Flose Tordsson, elder den mannen som handgjevi lov-vern hev i hans stad, aa koma med vern i den saki som eg reiste imot honom; for no er alle søknargagni framkomme som høyrer saki til -- framborne alle vitne-maali og skilmæiet, og vitne nemnde paa skilmæiet og paa alle dei gagni som fram er komne. Men um det kjem fram noko i verni som eg maa hava i søksmaalet, so tek eg unda rett for meg til aa bruka det. Eg byd rettarbod etter loven, so domararne høyrer paa.» -- «Det trøyer meg no, Øyolv,« sa Flose, »aa tenkja paa kor dei skal bregda bruni og klaa seg i hotten, nåar du ber fram verni.«

Kapittel 143

Øyolv Bolverkson gjekk daa fram i retten og nemnde seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, »at dette er vern i dette maalet, at de hev søkt den saki i Aust-lendingaretten som skulde vera søkt i Nordlendingaretten, av di at Flose hev sagt seg i ting med Aaskjell Gode. Her er no baae dei vitni som var med i det, og som kan vitna, at fyrst gav Flose godordet sit i henderne paa Torgeir, bror sin; sidan sa han seg i ting med Aaskjell Gode. Nemner eg desse menner til vitne for meg elder for andre som kan turva nøyta elder njota dette vitnemaalet.« Andre gongen nemnde Øyolv seg vitne. «Eg tek meg vitne,« sa han, «at eg byd Mord, som hev saki aa søkja, elder rette saksøkjaren, aa lya paa eiden min og paa framsoga av dei vernemaali og gagni eg vil bera fram. Eg byd rettarbod etter loven, so domararne høyrer paa.» Paa nytt lag nemnde Øyolv seg vitne, «i det vitnemaalet,» sa han, «at eg gjer eid paa boki, lovleg eid, og seier det innfor Gud, at eg skal so denne saki verja som eg veit rettast og sannast og mest etter loven, og fremja alle dei skil som loven gjev, og som under meg kjem, so lenge eg er paa dette ting.« Øyolv mælte: «Desse tvo menner nemner eg til vitne, at eg fører fram denne lovlege verni, at saki var søkt i ein annan fjorungsrett en ho skulde. Seier eg for det saki deira spilt. Seier eg dette vernemaalet soleis laga fram i Austfirdingaretten.« Sidan let han føra fram alle dei vitnemaali som høyrde verni til. So nemnde han vitne paa vernegagni, at no var alle framkomne. Enn nemnde Øyolv seg vitne. «Eg tek vitne paa det,« sa han, »at etter fullmagt fraa goden forbyd eg domararne aa døma i saki hans Mord og hans Aasgrim; for di at no er lovleg vern framkomi i retten. Eg forbyd det med forbod fraa goden, lovlegt forbod, ævlaust forbod, fullt og fast forbod, soleis som eg hev aa føra verne-maal etter Alltings rett og aalmenn lov.« Etter det let han vernemaalet ganga til doms. Aasgrim og dei andre saksøkjararne tok upp søksmaali mot dei andre brenne-mennerne, og dei fekk sino fram.

Kapittel 144

No sende Aasgrim og Mord ein mann aat Torhall, til aa segja honom kva uføre det no var kome i. «For langt unda var eg no,« sa Torhall; »saki skulde ikkje fare den vegen endaa, hadde eg vore der. Eg ser paa aatferdi deira, at dei etlar seg til aa stemna dykk til femterets for ulovleg rettargang. Dei etlar seg nok til aa vefengja brandsakerne, so dei ikkje vert dømde. For dei er no komne i det føret, at dei ikkje hevlar for nokon urett. No skal du ganga dit att, skjotast du kan, og segja dei det, at Mord skal stemna baade Flose og Øyolv for det at dei hev gjort handel med retten, og krevja fjørbaugsstraff. So skal han stemna dei ei stemning til, for det at dei bar fram vitnemaal som ikkje kom saki ved, og gjorde med det ulovleg sakføring. Seg dei det, at eg seier, at nåar ein mann fær tvo fjørbaugssaker paa seg, er han dømd til skogarmann. Av di skal de vera aat fyre dei til aa bu maalemnet; for daa fær de det fyrst fram til søksmaal og dom.«

Sendemannen gjekk stad og sa Mord og Aasgrim det. Sidan gjeng dei til Logberget. Mord Valgardson nemnde seg vitne. »Eg tek vitne paa det,« sa han, »at eg stemner Flose Tordsson for di at han gav Øyolv Bolverkson gods til lids for seg her paa tinget. Seier eg honom for den saki saka fjørbaugsmann, korkje fer-jing elder fristad njotande, med mindre det vert lagt liv-loysn elder aland-feste i eignalaus-domen, i anna fall vera fullsaka skogarmann. Seier eg alt hans gods forbrote, helvti aat meg, helvti aat fjorungsmennom, dei som eig aa taka forbrote gods etter honom etter loven. Stemner eg dette maalemnet til femteretten, der det eig aa koma fram etter loven. Eg stemner til søksmaal og til full fredløysa. Eg stemner lovleg stemning. Stemner eg i høyrande logn paa Logberget.« Med slik stemning stemnde han og Øyolv Bolverkson, for det at han hadde teke imot gods. Den saki og stemnde han for femteretten. Andre gongen stemnde han Flose og Øyolv i den saki, at dei bar fram vitnemaal i tinget som ikkje kom saki ved etter loven, og gjorde med det ulovleg rettargang. For det med kravde han dei dømde til fjørbaugsstraff. Dei gjekk daa fraa der og til logretten. Her var daa femteretten sett.

Daa Aasgrim og Mord var gjengne fraa, vart ikkje domararne sameinte um korleis dei skulde døma; for sume vilde døma med Flose, men andre med Mord og Aasgrim. Flose og Øyolv maatte daa til aa faa vefengt domen. Dei vart heftande med dette, medan stemningarne stod paa. Lite etter vart det sagt Flose og Øyolv, at dei var stemnde paa Logberget med tvo stemningar kvar. Øyolv mælte daa: »lllt gagn var det, at me dvaldest her, so dei vart fyre os til aa stemna. Det er sløgdi hans Torhall som her er framkomi. Det er ikkje nokon honom lik i klokskap. No stend det dei til aa søkja maalemnet sit ved retten fyrst. Og det var det alt stod paa for dei. Men likevel skal me no ganga til Logberget og bu til sak imot dei, endaa det lite gagnar os.« Dei gjekk daa aat Logberget, og Øyolv stemnde dei for ulovleg rettargang. Sidan gjekk dei til femteretten. Daa Mord og Aasgrim kom til femteretten, nemnde Mord seg vitne og baud dei aa lya paa eiden hans, paa fram-soga av saki, og paa alle dei søknargagni han tenkte aa bera fram imot Flose og Øyolv. Han baud rettarbod etter loven, so domararne høyrde det tvert yver retten. I femteretten skulde og sannings-menner fylgja eiden, og dei med skulde gjera eid. Mord nemnde seg vitne. »Eg tek vitne paa det,« sa han, »at eg gjer femterets-eid. Bed eg so Gud hjelpa meg i dette ljoset og i det andre, at eg skal soleis denne saki søkja som eg rettast og sannast veit og mest etter loven. Og held eg Flose for saka aa vera i denne saki, so visst som det er prov til det. Og eg hev ikkje lagt til gods her i retten til hjelp for meg i denne saki, og ikkje vil eg gjera det, og ikkje vil eg taka, korkje til lov elder ulov.« Dei tvo sannings-mennerne hans Mord gjekk daa fram i retten og nemnde seg vitne, »i det vitnemaalet,» sa dei, «at me gjer eid paa boki, lovleg eid -- bed me Gud so hjelpa os i dette ljoset og i det andre, og me legg vaar mans-æra ved -- at me trur at Mord vil søkja denne saki soleis som han veit rettast og sannast og mest etter loven, og at han ikkje hev lagt til gods her i retten for denne saki seg til lids, elder vil gjera det, og han hev ikkje teke gods elder vil taka, korkje til lov elder ulov.« Mord hadde sagt til nie Tingvalla-buar i saki. Sidan nemnde Mord seg vitne og sa fram dei fire saker som han hadde butt til mot Flose og Øyolv, og han. hadde alle dei ordi i framsoga av saki som han hadde daa han stemnde. Desse fjørbaugssakerne soleis laga bar han fram i femteretten, sameleis som han hadde sagt fram daa han stemnde. Mord nemnde seg vitne og baud dei nie buarne til sætes vest paa aabakken. Etter det nemnde han seg vitne og baud Flose og Øyolv aa rydja nemndi. Dei gjekk fram og skulde rydja nemndi, og røynde vel etter, men fann ingen til aa reka or. Med dette gjekk dei fraa att, og unde ille ved. Mord nemnde seg vitne og bad dei nie tilsagde buarne aa bera skilmæle, anten for eider imot. Buarne hans Mord gjekk daa aat retten; ein sa fram vitnemaalet, men dei andre gav samkvæde. Dei hadde alle gjort femterets-eid, og vitna at Flose var saka, og bar skilmæiet imot honom. Dette skilmæiet soleis laga bar dei fram i femteretten yver hovudet paa den mannen som Mord hadde sagt fram saki si yver. Sidan bar dei fram alle dei vitnemaali som dei hadde aa bera fram i alle dei andre saker, og gjorde alt etter loven. Øyolv Bolverkson og Flose sat og gjætte etter aa finna noko aa rengja, men fekk ikkje noko aat-gjort. Mord Valgardson nemnde seg vitne. »Eg tek vitne paa det,« sa han, »at desse nie buar eg stemnde til i denne saki, som eg reiste imot Flose Tordsson og Øyolv Bolverkson, dei hev bore skilmæle mot dei og sagt dei saka i saki.« Han nemnde dei for seg, desse vitnemenner. Andre gongen nemnde han seg vitne. »Eg tek vitne paa det,« sa han, »at eg byd Flose Tordsson, elder kven annan mann som det er handgjeve aa fora vern for honom, aa taka til vern. For no er alle søknargagni framkomne: bode til eid, eiden gjord, sagd fram saki, bore stemnevitne, nemndmennerne bodne til sætes, bode til rudning i nemndi, skilmæle frambore og teke vitne paa.« Desse vitnemennerne nemnde han seg paa dei gagni som var framkomne.

Daa stod den mannen upp som saki var framsagd yver hovudet paa, og reivde maalet. Han tok fyrst upp att det, at Mord baud dei lya paa eiden sin og paa framsoga -av saki og alle søknargagni. So tok han upp att det, at Mord gjorde eid, og like eins sanningsmen-nerne hans. So tok han upp att det, at Mord sa fram saki, og tok soleis til ords, at han hadde alle dei ordi i reivingi si som Mord hadde havt daa han sa fram saki, og som han hadde i stemningi si, «og denne saki soleis laga sa han fram i femteretten, som han hadde sagt fram daa han stemnde.» So tok han upp att det, at dei bar stemnevitne, og nemnde daa alle dei ordi som Mord fyrr hadde brukt i stemningi si, og som dei hadde i vitneburden sin, »og som eg no,« sa san, «hev i reivingi mi. Og dette vitnemaalet sit soleis laga bar dei fram i femteretten, slikt som han sa det fram, daa han stemnde.« Sidan tok han upp att det, at Mord baud nemndmennerne til sætes. Di næst tok han upp att det, at han baud Flose aa rydja nemndi, «elder den mannen som hev lov-vern handgjevi for honom.« So tok han upp att det, at buarne gjekk i retten og bar fram skilmæle imot Flose og sa honom saka i saki. «Dette nie mans skilmæiet soleis laga bar dei fram i femteretten.« So tok han upp att det, at Mord tok vitne paa at skilmæiet var gjenge Flose imot. So det, at Mord nemnde seg vitne paa sakgagni og baud til vern. -- Mord Valgardson nemnde seg no vitne. «Eg tek vitne paa det,« sa han, »at eg forbyd Flose Tordsson, elder kven annan som hev lov-vern handgjevi for honom, aa taka til vern. For di at no er alle søknargagni framkomne, dei som skal vera med i saki nåar ho er reivd og gagni borne fram.« Sidan tok sakreivaren upp att dette vitnemaalet. Mord nemnde seg daa vitne og baud domararne aa døma i saki. Daa mælte Gissur Kvite: «Meir hev du aa gjera endaa, Mord; for det er ikkje fire tylfter som skal døma.«

Flose mælte til Øyolv: »Kva raad er det no aa taka?« Øyolv svarar: «No spørst det um raad for uraad. Men likevel skal me bia -- for eg gjet paa, at no gjer dei rangt i rettargangen, etter di Mord kravde dom i saki straks; men dei hev aa taka seks menner ut or retten. Sidan skal dei vitnefast bjoda os aa taka ut or retten seks andre. Men det skal me ikkje gjera noko ved; for daa stend det til dei aa nemna or dei seks mennerne -- og det gløymer dei. Daa er heile saki deira spilt, um dei det gjer; for det er berre trenne tylfter som skal døma i saki.« Flose mælte: «Ein klok mann er du, Øyolv, so det er ikkje mange som gjeng framum deg.« Mord Valgardson nemnde seg vitne. «Eg tek vitne paa det,« sa han, «at eg skyt desse seks menner ut or retten« -- han nemnde dei alle ved namn. »De hev ikkje mit løyve til aa sitja i retten. Eg skyt dykk ut etter Alltings rett og aalmenn lov.« Etter det baud han Flose og Øyolv aa nemna vitnehøyrt dei andre seks menner ut or retten. Men Flose og Øyolv vilde ikkje skjota ut nokon. Mord let daa døma i saki. Og daa saki var dømd, nemnde Øyolv seg vitne og lyste domen deira magtlaus, og alt dei hadde ved gjort, for di at halvfjorde tylft hadde dømt, der som trenne skulde døma. »No skal me søkja femterets-sakerne vaare mot dei og faa dei dømde.« Gissur Kvite mælte daa til Mord: «Hardt hev du mis-gaatt deg, at du skulde gjera detta rangt. Og slikt er ei stor uhemd. Elder kva raad skal me no taka, Aasgrim frende?« seier Gissur. Aasgrim mælte: »No skal me enno ein gong senda ein mann aat Torhall, sonen min, og faa vita kva han vil raada os til.«

Kapittel 145

Snorre Gode fær no spurt, kvart det er kome med maalemnet. Tek han daa til aa fylkja lidet sit nedantil fraa Allmannagjaa -- millom den og Ladbudi, og sa mennerne sine fyre, kva dei skulde gjera. Sendemannen kjem no aat Torhall Aasgrimson, og seier honom kvart det no var kome, at Mord Valgardson og alle dei kom til aa verta saka, og at heile draapssaki var øydd. Men daa Torhall høyrde det, tok det honom so hardt, at han fekk ikkje ordet fram. Han spratt upp fraa lega og treiv spjotet Skarphedins-naut med baae hender og køyrde inn i foten paa seg. Holdet og kveis-naglen laag att paa spjotet; for han skar det ut or foten. Men vaagen og blodyellet valt som ein foss, so det stod som ein løk etter golvet. Han gjekk ut or budi uhalt, og fór so hardt, at sendemannen vann ikkje fylgja honom. Han fór til han kjem aat femteretten, og der møter han Grim hin raude, frenden hans Flose. Og med same dei møtest, støyter Torhall til honom med spjotet; det kom i skjoldet, og skjoldet klovna sund, men spjotet rann igjenom honom, so odden kom ut millom herdom. Torhall kastar honom av spjotet daud. Kaare Solmundson saag detta og mælte til Aasgrim: »Han er komen her Torhall, son din, og hev straks gjort draapsverk, og det er stor skam, skal han vera aaleine som vil hemna mordbranden.» -- »Det skal helder ikkje so vera,« seier Aasgrim; »lat os no venda os mot dei.« Daa vart det ein forfælande gnyr yver heile heren, og so vart det ropt her-rop. Flose og dei med honom snudde seg til mots med dei, og paa baae leier eggja dei kvarandre.

Kaare Solmundson gjekk paa der dei stod, Arne Kolsson og Hallbjørn hin sterke. Og straks Hallbjørn ser Kaare, høgg han til honom og stemnde paa foten. Men Kaare spratt til vers, so Hallbjørn hogg i mist. Kaare snur seg aat Arne Kolsson og høgg til honom; hogget kom i oksli og tok av akslebeinet og kragebeinet og skar kav ned i brjostet. Arne seig daud aat jordi straks. Sidan hogg Kaare til Hallbjørn; det raakte i skjoldet, igjenom det og ned og tok av honom tumars-taai. Holmstein skaut eit spjot imot Kaare. Men han tok spjotet i veret og sende det attende, og det vart mans bane i flokken hans Flose. Torgeir Skorargeir kom framaat der han var, Hallbjørn hin sterke. Torgeir støytte til honom so hardt med den eine handi, at Hallbjørn stupte ved, og det var med naudi han kom paa føterne att, og daa hadde han seg unda straks. Daa møtte Torgeir Torvald Trumkjetilson og hogg straks til honom med Rimmugygi, som Skarphedin hadde aatt. Torvald skaut skjoldet fyre seg. Torgeir hogg i skjoldet og klauv det all igjenom; men framhyrna rende inn i brjostet heilt inn. Torvald stupte straks og var daud.

No er det aa fortelja um, at Aasgrim Ellidagrimsson og Torhall, son hans, Hjalte Skjeggjeson og Gissur Kvite søkte aat der som Flose og Sigfussønerne og dei andre brennemennerne stod. Der vart det eit overlag hardt tak -- men det enda med det, at Aasgrim og dei med honom gjekk so fast fram, at Flose og den flokken tokka seg unda. Gudmund hin rike, Mord Valgardson, Kaare Solmundson og Torgeir Skorargeir sokte aat der som dei stod Øksfirdingarne, Austfirdingarne og Røyk-dølerne. Der vart det ein overlag hard strid. Kaare Solmundson kom aat der Bjarne Broddhelgeson var. Kaare treiv upp eit spjot og støytte til honom, og det raakte i skjoldet. Bjarne skaut skjoldet til leds; elles hadde spjotet stade igjenom honom. Han hogg til Kaare og stemnde paa foten. Kaare rykte foten aat seg og snara seg unda paa hælen, so Bjarne hogg i mist. Kaare hogg straks til honom. Daa flaug det ein fram og skaut skjold fyre Bjarne. Kaare kløyvde skjoldet fraa øvst til nedst, og odden gjekk inn i laaret og rispa ned igjenom heile foten. Mannen stupte straks, og vart aldri meinfri sidan, so lenge han levde. Kaare treiv daa spjotet tvihendes, snudde seg imot Bjarne og støytte til honom. Han saag seg ingor onnor raad en aa stupa seg tvert unda støyten. Men straks han kom paa føterne att, drog han seg unda. Torgeir Skorargeir søkte aat der dei var Holmstein Spakberseson og Torkjell Geiteson. Enden vart den, at Holmstein og Torkjell hadde seg unda. Daa vart det eit stort rop etter dei av mennerne hans Gudmund hin rike. Torvard Tjorveson fekk eit stort saar; han vart skoten i armen. Folk meinte det var Halldor, son hans Gudmund hin rike, som hadde skote. Det saaret bar han sidan ubøtt all si æva. No vart det stort skov. Og um det er fortalt her um sume tilburder, so er dei mange fleire som folk ikkje hev noko fraasegn um. Flose hadde sagt til mennerne sine, at dei skulde leita seg verjestad i Allmannagjaa, um dei vart drivne attende; for der var berre aatkomande fraa ei sida. Men den flokken som var med Sidu-Hall og Ljot, son hans, hadde vægt unda for aatgonga hans Aasgrim og hans Torhall. Dei tok vegen nedetter austanfor Øksaraai. Hall mælte daa: «Dette ber burt i det største uhevlet, at heile tinglyden slæst. Eg hadde vilja, Ljot frende, at me skulde bidja os hjelp til aa skilja dei aat, um me so skulde faa last-ord for det av sume. Du kan bia ved bruarsporden; men eg vil ganga aat buderne og bidja meg lid.» Ljot mælte: »Um eg ser at Flose og dei treng lid av vaare menner, so vil eg straks laupa aat der med dei.« -- «Det fær du gjera med som du tykkjer,« seier Hall, men eg vil beda deg, at du bier paa meg.«

No brest fylkingen i Flose-flokken, og alle flydde vest yver Øksaraai. Men Aasgrim og Gissur Kvite sette etter med heile heren. Flose og dei tok vegen nedetter millom Virkesbudi og Ladbudi. Der hadde Snorre Gode fylkt fyre lidet sit so tjukt at dei ikkje slapp fram. Snorre Gode ropte aat Flose: «Kva er det de fer so aakavt etter? Elder kven er etter dykk?« Flose svarar: «Ikkje spør du etter detta for di du ikkje veit det fyrr. Men kvi skal du halda os fraa aa leita os feste i Allmannagjaa?« -- «Ikkje er det eg som det gjer,« seier Snorre; «men det er sant, at eg veit kven som valdar det -- og det skal eg segja deg, um du vil; dei valdar det Torvald Kroppenskjeggje og Kol.« No var dei daude baae tvo, men det hadde vore dei verste illmenne i lidet hans Flose. Aat den andre leii mælte Snorre til sine menner: «Gakk no paa med baade hogg og stikk, og køyr dei burt her ifraa. Daa vert det stutt stundi dei held seg her, nåar dei andre søkjer aat nedantil. Berre ikkje set etter dei; men lat dei sjaa til sjølve med det dei hev seg imillom.« Det vart sagt Skafte Toroddson, at Holmunn, son hans, var i bardagen med Gudmund hin rike, maagen sin. Og straks han fekk vita det, so gjekk han aat budi hans Snorre Gode, og hadde etla seg til aa beda Snorre gaa med seg og skilja dei. Men han var ikkje komen heilt fram aat bud-døri hans Snorre, daa var striden som hardast. Aasgrim og dei med honom kom daa aat nedantil. Daa mælte Torhall til Aasgrim, far sin: »Der er Skafte Toroddson no, far.« Aasgrim mælte: »Eg ser det, frende,» og han skaut til Skafte med eit spjot; det raakte nedanfor tjukkaste leggen paa honom og gjekk igjenom baae føterne. Skafte datt overende ved skotet og kunde ikkje risa uppatt. Dei som var attved der, visste seg ikkje onnor raad, en at dei tok og drog honom etter marki inn i budi aat ein sverdslipar.

Aasgrim og flokken hans gjekk daa aat so fast, at Flose og dei fór unda sud-med aai aat Modruvellinga-budi. Ute ved ei bud der stod ein mann som heitte Solve. Han kokte i ein stor kjel, og hadde nettupp teke upp kjøtet; kjelen stod i fullt foss-kok. Solve fekk sjaa kor Austfirdingarne flydde; dei var daa komne beint for der han stod. Han mælte daa: »Er dei krukar alle desse Austfirdingarne som kjem flyande her? Torkjell Geiteson flyg, han med. Dei hev vore drjuge til aa ljuga paa honom, alle dei som hev sagt at han var reine hardbeitelen. No renner ingen hardare en han.« Hallbjørn hin sterke var nærstadd der og mælte: «Ikkje skal du hava det aa segja, at me alle er rædde,« og treiv Solve, reidde honom til vers og støypte honom paa hovudet ned i sodkjelen. Solve var daud straks. Daa kom dei og inn paa Hallbjørn, so han laut hava seg unda. Flose skaut eit spjot til Brune Havlideson; det raakte honom midtpaa, og det vart banen hans. Han var i flokken hans Gudmund hin rike. Torstein Lenneson tok spjotet utor saaret og skaut attende aat Flose, og det kom i foten, so han fekk eit stort saar og stupte overende ved det. Men han stod upp att straks. Dei tok daa vegen aat Vatnfirdingabudi. Ljot og Hall gjekk no vest yver aai med heile flokken sin. Men daa dei kom ul paa raunet, vart det skote eit spjot fraa flokken hans Gudmund hin rike, og det raakte Ljot midtpaa. Han seig ned og var daud straks. Det kom aldri upp, kven som hadde gjort det draapsverket. Flose-flokken drog seg upp-um Vatnfirdingabudi. Torgeir Skorargeir mælte daa til Kaare Solmundson: «Der er Øyolv Bolverkson, um du vil løna honom for ringen.« «Det tenkjer eg det kan vera tid til no,« seier Kaare, treiv eit spjot fraa ein annan mann og skaut til Øyolv og raakte honom midtpaa, og det flaug igjenom honom. Øyolv datt daud aat jordi straks. Daa vart det som ei logn i bardagen. Snorre Gode kom daa aat med flokken sin. Skafte var i lidet med honom, og dei ljop fram imillom dei, so dei ikkje naadde til aa slaast. Hall gjekk og i lid med dei og vilde leggja seg imillom. Det vart daa sett grid, og den skulde standa tinget ut. So vart liki budde og førde til kyrkja, og saari bundne paa dei som var særde.

Folk gjekk daa aat Logberget. Hall fraa Sida stod upp og kravde seg ljod -- det fekk han straks. Han tok so til ords: «Det er harde ting som her hev hendt med manna-tap og saksøkjing. Eg vil no med syna at eg er smaaferdsmann. Eg vil beda Aasgrim og dei andre som stend fyre desse maalemni, at dei unner os jambytt semja.« Han la til mange fagre ord. Kaare Solmundson mælte: »Um alle dei andre gjer semja i sine maalemne, so vil ikkje eg taka semja i mit maal. For de vil setja desse draapi jamnt med brensla, og det vil me ikkje tola.« Det sama sa Torgeir Skorargeir. Daa stod Skafte Toroddson upp og mælte: «Betre hadde det vore av deg, Kaare, at du ikkje hadde rent fraa maagom dine, en no aa skiljast or semja ved gode menner.« Kaare kvad daa denne visa:

Sist tarv du meg senda snei-ord, at snogt eg
renner, der du flat vart dregen i dul or
vaapnaskuri. Daa hjalte-tungor hevja høgmælt
ord paa tinge, krylast rædde raudskjegg raadvill
inst at budi.

Gildsleg gaman var det, dei Grim og Helge tynte;
veldugt verk aa rosa det var, daa Njaal brann
inne. Rlaasten, som um bergi byrge laat mun
bera, enn, nåar tinget endar, annan veg skal ljota.

Det vart stor laatt, og Snorre Gode mylte og kvad som for seg sjølv, men likevel so at mange høyrde det:

Vel kan Skafte skilja, Aasgrim skaut med
spjotet, hardvikt Holmstein vægjer,
Torkjetil huglaust strider.

Folk storlog. Hall fraa Sida mælte: «Alle veit, kor stor harm det hev møtt meg, som miste Ljot, sonen min. Mange vil meina, at han var aa setja dyrast av dei som her hev late livet. Men for at folk kan verta samde, vil eg leggja son min ubøtt, og endaa ganga fram og bjoda motmennerne mine trygd og grid. Eg bed deg, Snorre Gode, og andre dei beste menner, at de bægjer til, so det kjem til sætt med os.« Sidan sette Hall seg ned. Det gjordest stor om og godlæte yver desse ordi, og alle roste dei storleg godviljen hans. Snorre Gode stod daa upp og tala lenge og velstilt, og bad Aasgrim og Gissur og dei andre menner som stod fyre maalemnet paa den sida, aa gaa med paa semja. Aasgrim mælte: »Det tenkte eg, daa Flose reid heim-um aat meg, at med honom skulde eg aldri gjera semja. Men no vil eg gjera det, Snorre Gode, for dei ord du hev sagt, du og andre av vaare vener.« Det same sa Torleiv Kraak og Torgrim hin mikle, at dei vilde sættast, og dei trengde paa Torgeir Skorargeir, bror deira, at han skulde gjera det same. Men han drog seg unda, og sa at han vilde aldri skilja lag med Kaare. Daa mælte Gissur Kvite: »No fær Flose velja, um han vil sættast paa det vilkaar, at sume er utanfor.« Flose seier han vil sættast, »med di eg tykkjer det er betre,« seier han, »di færre gode menner eg hev imot meg.« Gudmund hin rike mælte: »Eg vil bjoda handtak for dei draapi det hev vore gjort her paa tinget og som fell paa min lut, men soleis at brandsaki ikkje gjeng upp i det.« Det same sa Gissur Kvite og Hjalte Skjeggjeson, Aasgrim Ellidagrimsson og Mord Valgardson. Soleis kom semja i stand. Det vart daa handgjeve aat tolv menner aa døma. Snorre Gode stod fyre skilgjerdi, og andre gode menner med honom. Draapi vart jamna imot einannan, og dei draapi bøtte som var umframt. Dei gjorde og skilgjerd i brandsaki: Njaal skulde bøtast med trifeld mannabot, og Bergtora med tvifeld. Draapet paa Skarphedin skulde ganga jamnt med draapet paa Hoskuld Kvitanesgode. Trifeld mannabot skulde det vera for kvar av Grim og Helge. For kvar av dei andre som brann inne skulde det vera ei mannabot. For draapet paa Tord Kaareson vart det ikkje nokor semja. Flose og alle brennemennerne vart dømde til aa fara or landet; men ikkje den sumaren, utan dei sjølv vilde. Men um dei ikkje var farne fraa landet nåar tri vetrar var lidne, daa skulde han og alle brennemennerne vera utlæge skoggangsmenner. Og det vart sagt ifraa, at domen yver dei skulde lysast paa hausttinget elder vaartinget, det ein helst vilde. Flose skulde vera utanfraa i tri aar. Gunnar Lambeson og Grane Gunnarson, Glum Hildeson og Kol Torsteinson -- dei skulde aldri faa koma heim att. Flose vart spurd, um han vilde lata døma for saaret sit. Men han sa, han vilde ikkje gjera seg i pengar. Øyolv Bolverkson vart lagd ubøtt for urettferd og rangskap. Alt dette handtokst dei um, og denne sætten vart halden i eit og alt sidan.

Aasgrim og dei gav Snorre Gode gode gaavor. Han hadde stor heidr av dette maalet. Skafte fekk ikkje bøtt skaden sin. Gissur Kvite og Hjalte Skjeggjeson og Aasgrim Ellidagrimsson bad heim aat seg Gudmund hin rike. Han tok imot det, og dei gav honom ein gullring kvar seg. Gudmund rid nordetter og heim, og hadde alle mans lovord for det han gjorde i denne saki. Torgeir Skorargeir baud Kaare med seg. Men fyrst reid dei med Gudmund hin rike heilt nord paa fjellet. Kaare gav Gudmund ei gullsylgja, og Torgeir gav honom eit sylvbelte; baae desse ting var dei beste eignaluter. Dei skildest med den beste venskap. Gudmund reid daa heim, og han er no ute or denne soga.

Torgeir og Kaare reid sudetter att fraa fjellet og ned i Reppen og til Tjorsaai. Flose og alle brennemennerne med honom reid aust til Fljotslid. Han let Sigfussønerne skipa til med gardarne sine. Flose fekk spurt, at Torgeir og Kaare hadde ride nordetter med Gudmund hin rike, og folk meinte daa, at dei vart verande nordanfor. Daa bad Sigfussønerne um aa faa fara aust under Øyjafjell og taka inn pengar, som dei hadde ute standande aust i Hovdabrekka. Flose gav dei lov til det, men bad dei vera vare um seg og snøgge. Flose reid daa upp igjenom Godaland upp i fjellet og nordanum Øyjafjelljøkulen, og stadna ikkje fyrr han kom heim aust til Svinafell.

No er det aa fortelja um, at Hall fraa Sida hadde lagt son sin ubøtt, og gjorde det for aa faa sætt i stand. Daa la heile tinglyden i hop til bøter. Og det vart ikkje mindre gods en aatte hundrad i sylv; det er fire mannabøter. Men alle dei andre som hadde vore med Flose fekk ingor bot for tapi sine, og tykte storleg ille ved det.

Sigfussønerne dvaldest heime tvo næter. Tridje dagen reid dei aust til Rauvarfell og var der um natti. Dei var femtan saman og hadde ingen otte paa seg. Dei reid fraa der seint og etla seg til Hovdabrekka um kvelden. Dei hamna hestarne i Kjerlingardal og tok seg der ei god ykt til aa sova.

Kapittel 146

Sama dagen reid Kaare Solmundson og Torgeir Skorargeir aust yver Markarfljot, og so aust til Selja-landsmulen. Der møtte dei nokre kvende som kjende dei, og dei sa: »De er mindre kaatfarande de en Sigfussønerne; men lell fær de uvarleg fram.« Torgeir mælte: »Kvi er de soleis haatta mot Sigfussønerne, elder kva veit de um dei?« -- »Dei var paa Rauvarfell i natt,« sa dei, »og etla seg til Mydal i kveld. Men det tykte me var godt, at dei hadde otte paa seg for dykk, og spurde etter nåar de skulde koma heim att.« So for konorne sin veg, og desse tvo onna paa hestarne. Torgeir mælte: «Kva hev du helst hug paa? vil du me skal rida etter dei?« Kaare svarar: «Ikkje vil eg telja fraa det.« Torgeir mælte: «Kva skal me etla os?« -- «Ikkje veit eg det,« seier Kaare; «det hender ofte dei lever langan aldr, dei som berre med ord er drepne. So mykje veit eg, kva du etlar deg; du etlar deg aatte mann. Og likevel er det mindre en daa du rende deg nedi med eit reip og drap dei sju i bergskori. Men det hev seg so med dykk frendar, at de støtt skal gjera noko som det kan gaa ord um. Og det minste eg kan gjera er aa vera med deg til aa bera fraasegn. No skal me rida etter dei tvo-eine; for eg ser det er det du hev etla deg til.« Sidan reid dei austetter øvrefram, og var ikkje framme paa Holt; for Torgeir vilde ikkje at brørne hans skulde faa skuld for det som kunde verta gjort. Dei reid aust til Mydal. Der møtte dei ein mann som førde eit torv-rip paa hesten. Han tok so til ords: «Altfor faa-ment er du no, Torgeir felage.» -- «Kva meiner du med di?« seier Torgeir. «For di at daa kunde det vorte noko til veidn,« seier han. «Dei reid fram um her Sigfussønerne, og dei vert nok sovande heile dagen i Kjerlingardal, for dei etla seg ikkje lenger en aat Hovdabrekka til kvelds.» Sidan reid kvar si lei.

Torgeir og Kaare reid aust paa Arnarstaksheii, og det er ikkje noko aa segja fraa ferdi deira, fyrr dei kom til Kjerlingardalsaai. Aai var stor. Dei reid uppmed henne; for dei saag hestar med salar paa der. Dei reid dit, og saag at det laag nokre menner og sov i ei dæld der, og spjoti deira stod nedanfor dei. Dei tok spjoti og bar dei ut i aai. Torgeir mælte: «Kva -- vil du me skal vekkja dei?« Kaare svarar: »Ikkje spør du etter dessa for di du ikkje hev tenkt det yver med deg sjølv fyreaat, at du ikkje vil taka paa liggjande menner og gjera nid-draap.« Sidan ropte dei paa dei. Dei vakna og spratt upp alle og treiv vaapni sine. Torgeir og Kaare gjekk ikkje paa dei, fyrr dei var væpna. Torgeir Skorargeir ljop aat der Torkjell Sigfusson var stadd. Med det sama sprang det ein mann bakanpaa honom. Men fyrr han vann gjera Torgeir noko, hadde Torgeir upp øksi Rimmugygi tvihendes og slo øksahamaren i hovudet paa honom som stod attantil, so at hausen brotna i smaae molar. Han fall straks og var daud. Men som han reidde øksi fram, hogg han Torkjell i oksli og klauv armen heilt av honom, og Torkjell fall daud ned. Imot Kaare reid Mord Sigfusson og Sigurd Lambeson og Lambe Sigurdson. Lambe flaug bakpaa Kaare og stakk til honom med eit spjot. Kaare fekk set honom, og flaug upp for stikket og kasta føterne ut fraa einannan. Stikket kom i vollen, men Kaare hoppa uppaa spjotskaftet og trødde det sundt. Han hadde spjot i ei hand og sverd i hi, men ikkje skjold. Han stakk til Sigurd Lambeson med høgre handi. Det raakte i brjostet, og spjotet gjekk ut millom herdarne. Han stupte og var daud straks. Med vinstre handi hogg han til Mord Sigfusson og raakte hofti, so ho vart spika, og ryggen med. Han stupte framstupes og var straks daud. Etter det snara Kaare seg rundt paa hælen som ein snørekall, og mot Lambe Sigurdson. Men han tok den einaste naudraadi han visste, at han la paa raas. No vende Torgeir seg mot Leidolv hin sterke. Dei hogg til einannan samstundes. Hogget hans Leidolv var so hardt, at det tok av skjoldet heile det stykket som det naadde. Torgeir hadde hogge tvihendes med Rimmugygi. Bakhyrna kom i skjoldet, og det klovna sund; men framhyrna tok kragebeinet av og skar seg heilt ned i brjostet. Kaare kom med det same og hogg unda Leidolv foten midt paa laaret. Daa fall Leidolv og var daud straks. Kjetil or Mork mælte: »Lat os laupa aat hestarne vaare; me kan ikkje standa os mot slike ovevlesmenner.« Dei flaug stad aat hestarne sine og sprang upp paa dei. Torgeir mælte: »Vil du me skal setja etter dei? me kan endaa naa atti og faa drepa einkvarn.« -- »Den rid sist,« seier Kaare, »som eg ikkje vil drepa -- Kjetil or Mork; for me hev kvar si av tvo systrar til kona, og han hev og bore seg best aat i maalemnet vaart fyrr.« Dei steig daa paa hestarne sine og reid til dei kom til Holt. Torgeir let brørne sine fara aust til Skogar; for der aatte dei ein annan gard, og Torgeir vilde ikkje at brørne hans skulde heita grid-niddingar. Torgeir hadde mange menner um seg; det var aldri færre en tretti vaapnføre karar. Der var no stor gleda. Folk tykte at Torgeir og Kaare hadde vakse og fremda seg med dette, og det var mykje i minnet havt millom menner, at dei tvo aaleine reid etter femtan, og drap dei fem, og jaga dei tie som kom unda.

No er det aa fortelja um Kjetil og dei andre, at dei reid det meste dei vann, til dei kom til Svinafell, og fortalde kva ferd dei fór. Flose sa, at det var aa venta, »og denna ferdi kan læra dykk,« seier han, »so de ikkje fer paa den maaten sidan. -- Flose var ein framifraa gladværug mann, og den beste aa koma heim aat. Og det hev vore sagt um honom, at honom var dei fleste luter gjevne som pryder ein hovding. Han var heime um sumaren og utyver vintren. Men um vintren etter jol kom Hall fraa Sida og Kol, son hans. Flose vart fegen av koma hans. Dei tala ofte um maalemnet. Flose sa, at dei alt hadde fenge bøta hardt. Hall svara, at med det maalemnet var det gjenge nære di som han gat paa. Flose spurde honom til raads, kva han tykte var likast. Hall svarar: «Den raadi gjev eg deg, at du gjer sætt ved Torgeir, um det er aa faa. Men det er visst vandt um aa faa honom til aa gjera nokor semja.« -- «Meiner du det daa tek ende med draapi?« seier Flose. «Det meiner eg ikkje,« seier Hall; «men du hev med færre ubytt, nåar Kaare er aaleine. Men fær du ikkje sætt med Torgeir, so vert det banen din.« -- «Kva sætt skulde me bjoda honom?« seier Flose. «Hard kjem de til aa tykkja ho er, den semja som han vil taka,« seier Hall; «for han vil ikkje paa annan maate en at han slepp bøta for det han hev ved-gjort, og endaa fær sin tridjung av bøterne for Njaal og sønerne hans.« -- «Hard sættarkost er det,« seier Flose. «Ikkje for deg er denne sætten hard,« seier Hall; «for det er ikkje du som eig ettermaal etter Sigfussønom -- det eig brørne deira og Haamund hin halte etter sonen sin. Men no kan du faa semja med Torgeir; for eg skal rida med deg, og eg vonar han tek nokorleis vel imot meg. Men ingen av dei som hev med denne saki aa gjera torer sitja paa gardom sine i Fljotslid, um dei er utan semja; for det vert dauden deira. Det er noko ein kan vonast, nåar ein kjenner huglyndet hans Torgeir.« Det vart daa sendt bod etter Sigfussønerne, og dei bar so dette maalet upp ved dei. Og ved det at Hall talde for dei, vart enden paa samtalen den, at dei vilde sættast, soleis som han talde dei til. Grane Gunnarson og Gunnar Lambeson mælte: »Naar Kaare vert att aaleine, so råar me det sjølve, um ikkje han skal verta likso rædd os som me honom.« -- «Seg ikkje det,« seier Hall; «det vert såart kjøpt for dykk aa hava utstand med honom, og de fær mykje aa svida for, fyrr det kjem til endskap millom dykk.« Med det slutta dei samtalen.

Kapittel 147

Hall fraa Sida og Kol, son hans, og fem andre med dei reid vestyver Lomagnupsand, og so vestyver Arnar-staksheid, og stadna ikkje fyrr dei kom til Mydal. Der spurde dei aat, um Torgeir var heime i Holt. Det vart sagt dei, at han var heime. Hall vart spurd, kvart han etla seg til aa fara. Men han sa han etla seg til Holt. Dei sa at daa hadde han visst ei god erend. Hall og fylgjet hans dvaldest der ei stund og kvilde paa. Sidan tok dei hestarne sine og reid til Solheim um kvelden, og var der um natti. Men dagen etter reid dei til Holt. Torgeir og Kaare og mennerne deira var ute; for dei kjende ferdi hans Hall. Han reid i ei blaa kaapa og hadde ei litor sylvlagd oks i handi. Men daa dei kom i tunet, gjekk Torgeir til møtes med dei og tok Hall av hesten, og dei kyste honom baade han og Kaare og leidde honom millom seg inn i stova, der dei sette honom paa pallen i hogsætet, og spurde honom um mange tidender. Han vart der um natti.

Um morgoen orda Hall paa ved Torgeir, um han vilde sættast, og sa honom kva sætt dei vilde bjoda, og han tala ved honom um det med mange fagre og godvise ord. Torgeir mælte: »Du veit visst, at eg ingor semja vilde taka med brennemennerne.« -- »Alt var daa annarleis,« seier Hall; »de var daa stridsheite. De hev og gjort mykje ved med manndraap sidan.« -- »De tykkjer vel det,« seier Torgeir; »men kva semja byd de Kaare?« -- «Det skal verta bode honom som-deleg sætt,« seier Hall, »um han vil taka mot.« Kaare mælte: »Det vil eg beda deg um, Torgeir ven, at du tek semja; for din lut kan ikkje verta betre en god.« -- »Det tykkjest meg illt aa sættast og skiljast med deg, minder du tek slik sætt som eg tek,« seier Torgeir

»Eg vil ikkje sættast,« seier Kaare. »Eg vil nok segja at me no hev hemnt branden; men son min kallar eg aa vera unemnd, og eg etlar meg til aa hemna honom aaleine, slikt eg kan.« Men dei fekk ikkje Torgeir til aa taka mot sætt, fyrr Kaare truga honom med uvenskapen sin, um han ikkje gjorde det. Torgeir handfeste daa Flose og mennerne hans grid til sættamotet, og Hall gav det sama imot for Flose og Sigfussønerne. Men fyrr dei skildest gav Torgeir Hall ein gullring og ei skarlaks-kaapa, men Kaare gav honom ei sylvspenna, som det var tri gullkrossar paa. Hall takka dei for gaavorne og reid burt med den største heidring, og stadna ikkje fyrr han kom til Svinafell. Flose tok vel imot honom. Hall fortalde Flose alt um erendi si og samtalen sin med Torgeir og Kaare, og at Torgeir ikkje vilde taka mot semja, fyrr Kaare tok frami og bad honom, og la uvenskapen sin ved, um han ikkje gjorde det -- men Kaare vilde likevel ikkje sættast. Flose mælte: »Det er faae som er Kaare lik, og eg skulde gjerne vilja havt same huglaget som han.«

Hall og fylgjet hans dvaldest der ei rid. Sidan reid dei vestetter til sættamotet, til fastsett tid, og møttest ved Hovdabrekka, soleis som det var avtala millom dei. Torgeir kom vestanfraa aat møtet. Dei tala daa um sætten, og det gjekk i alt etter det som Hall hadde sagt. Torgeir sa fraa i fyrevegen, at Kaare skulde faa vera hjaa honom so ofte han vilde, »og ingen skal gjera den andre noko ilk i min buheim. Helder ikkje vil eg heimta bøterne hjaa ein for ein av dykk; eg vil berre hava med deg, Flose, aa gjera, so fær du heimta inn hjaa dei andre. Og eg vil det skal staa ved lag alt som vart fastsett paa tinget i brandsaki, attaat det eg krev at du Flose skal reida ut min tridjung heilt ut.« Flose gjekk radt inn paa alt dette. Torgeir gav ikkje etter korkje lands- elder herads-utlægdi.

Etter det reid Flose og Hall paa heimvegen austetter. Hall mælte til Flose: »Hald vel denne semja, maag, baade utferdi og sudferdi og pengereidslorne. Du vert halden for ein hæv mann, for det um du rørde deg inni dette valds-verket, nåar du gjer rett for deg som ein mann i alle maatar.« Flose sa han skulde gjera det. Hall reid no heim austpaa, og Flose reid heim til Svinafell og var no heime ei rid.

Kapittel 148

Torgeir Skorargeir reid heim fraa sættamotet. Kaare spurde kor det gjekk, um dei vart samde. Torgeir sa at dei vart fullt sameinte. Kaare tok hesten sin og vilde rida burt. »Ikkje tarv du rida burt,« seier Torgeir; «for det vart fraaskila i semja vaar, at du skulde faa vera her kva tid du vilde.« Kaare mælte: «Ikkje skal det so vera, maag; for straks eg gjer noko draapsverk, so vert det heitande, at du er i raadom med meg, og det vil eg ikkje. Men det vil eg gjerne, um du vilde lata deg handfesta godset mit og eigna det under deg og Helga Njaalsdotter, kona mi, og døtrarne mine. Daa fær ikkje mine motmenner tak i det.« Torgeir lova aa gjera som Kaare bad honom um, og han tok ved godset med handslag. Etter det reid Kaare burt. Han hadde tvo hestar og vaapni og klædi sine og noko lausøyre i gull og sylv.

Kaare reid no vestum Seljalandsmulen og uppmed Markarfljot, og upp i Torsmork. Der er det tri gardar som alle heiter Mork. Paa midgarden budde ein mann som heitte Bjørn og var kalla Bjørn Kvite. Han var son hans Kodal Bjaalveson. Bjaalve hadde vore løysingen hennar Aasgjerd, mor hans Njaal og hans Holta-Tore. Bjørn hadde ei kona heitte Valgjerd. Ho var dotter hans Torbrand Aasbrandson. Mor hennar heitte Gudlaug. Ho var syster aat Haamund, far hans Gunnar paa Lidarende. Ho var gjevi Bjørn for pengom si skuld, og ho heldt ikkje mykje av honom; men dei hadde daa born saman. Dei sat i velberga bu. Bjørn var svær til aa høla og rosa seg sjølv; men husfrøya var lei for det. Han var giøggsynt og fotkvat. Dit kom Kaare som gjest, og dei tok imot honom med baae hendom. Han var der um natti, og um morgoen talast dei ved. Kaare mælte til Bjørn: »Eg skulde lika aa faa vera her. Det tykkjest meg som eg er vel til mans komen hjaa dykk. Eg vilde gjerne hava deg med meg paa ferdom; for du er god til aa sjaa og skjot paa foten, og eg tenkjer det er framferd i deg til vaagestykke med.« -- »Ikkje vantar det meg korkje paa gløggsyn elder framferd elder manndom i nokon veg,« seier Bjørn. »Og det er vel for di du er komen hit, at det er fokje attfor alle andre skjol. Men nåar du bed meg um det, Kaare,« seier Bjørn, »so skal ikkje eg gjera deg lik kvardagsmennom. Eg skal visst hjelpa deg til slikt som du bed meg um.« Husfrøya høyrde det og mælte: «Troll fare i di høling og skrøyting! du skulde ikkje røa dykk baae burt i draum og villa. Eg vil so gjerne hjelpa Kaare med mat og andre gode ting som eg veit kan gagna honom. Men paa djervskapen hans Bjørn skal du ikkje lita, Kaare; for eg ottast det kunde verta annarleis for deg en han seier.« Bjørn mælte: »Du hev ofte brukt deg paa meg. Men eg trøyster meg so vel, at eg hopar ikkje aa hæl for nokon mann. Det er og røynd paa det, at det er faae som legg seg ut med meg, av di at ingen torer.«

Der var Kaare nokor stund i løynd, og det var faae som visste um det. Folk tenkte at han var riden til nordlandet aat Gudmund hin rike; for Kaare let Bjørn segja det til grannarne sine, at han hadde møtt Kaare paa ferdi, og at han reid fraa der uppetter paa Godaland og nordyver til Gaasasand og til Gudmund hin rike paa Modruvollom. Detta spurdest yver alle bygder.

Kapittel 149

No er det aa fortelja um Flose, der han er. Han sa til brennemennerne, felagarne sine: »Ikkje duger det os aa slaa os til ro enno. Me fær hugsa paa utanferdi vaar og bøterne me skal leggja, og greia sætten vaar paa karavis, og sjaa til aa faa os føre der kvar tykkjer det er best for seg.« Dei bad honom sjaa til med det. Flose mælte: »Me skal rida aust til Hornafjord; forder stend det eit skip som ein Øyolv Nev, ein trønder, er eigarmann til. Han friar til ei gjenta, men fær ikkje lov paa henne, minder han set seg ned her. No skal me kjøpa skipet av honom; for me kjem til aa hava lite gods med, men vert mange mann. Det er eit stort skip, so det tek os alle.« Dei tala ikkje meir um det. Men lite seinare reid dei austetter, og stadna ikkje fyrr dei kom til Bjarnanes i Hornafjord, Der farin dei Øyolv; for han hadde havt kosten der um vinteren. Det vart teke vel imot Flose, og dei vart der um natti. Men um morgoen fala Flose paa skipet. Styremannen sa han skulde ikkje vera tverr paa aa selja skipet, nåar han fekk for det som han vilde. Flose spurde kva det var falt for. Austmannen sa han vilde hava jord for det, og som laag nære attaat der. Og Øyolv fortalde Flose, korleis det stod med honom og far aat gjenta han hadde fria til. Flose sa han skulde gjera sit til at giftarmaalet vart avgjort, og so skulde han sidan kjøpa skipet av honom. Austmannen vart glad for det. Fiose baud honom land i Borgarhamn. Austmannen ber no upp maalemnet ved bonden, ein gong Flose er med. Flose la sit ord med i laget, so det bar saman med giftar-maalet. Flose let austmannen faa jordi i Borgarhamn, og fekk hans handslag paa skipet. Tjuge hundrad i varor fekk Flose og av austmannen i same handelen.

Flose reid daa attende. Han var so vensæl millom mennom sine, at han fekk varor hjaa dei til Iaans elder til gjevandes, etter som han vilde. Han reid no heim til Svinafell og var heime ei rid. Han sende Kol Tor-steinson og Gunnar Lambeson aust til Hornafjorden. Dei skulde vera ved skipet og stella til der, tjelda buder, leggja varorne i sekkjer og raa til det som trengdest.

No er det aa fortelja um Sigfussønerne, at dei seier til Flose, at dei vil rida vest til Fljotslid og faa skipa med gardom sine og føra med seg varor og anna dei trengde fraa der. »Det er ikkje Kaare aa varast for no,« seier dei, »um han er nordanfor, som sagt er. Flose svarar: «Ikkje veit eg kor mykje sant det kan vera i det som er sagt um ferderne hans Kaare. Eg tykkjer det glett sumt av det som ikkje er so langt frett som dette. Det er mit raad, at de fer mange saman og agtar dykk for aa skiljast, og er so vare um dykk som raad er. Du Kjetil fraa Mork skal minnast den draumen eg sa deg, som du bad me skulde halda dult med; for det er no med deg mange som det var ropt paa.« Kjetil mælte: «Mannens liv maa hava sin gang som det fyre-etla er. Men det er snildt av deg, at du varar os.« Dei tala ikkje meir um detta.

Sidan budde Sigfussønerne seg til ferdi, og dei andre som skulde med. Dei var attan saman. Dei reid daa burt; men fyrr dei reiste, kystest dei med Flose. Han bad dei vel fara, og sa det var visst siste gongen han saag sume av dei som reid burt. Men dei let ikkje det hefta seg og for leii si. Flose bad dei taka varorne hans i Medallandet og føra med seg aust, og like eins det han hadde i Landbrotet og Skogakverve. Dei reid til Skaftaatunga og yver fjellet nordanum Øyafjelljøkulen og ned i Godaland, og so ned til skogarne i Torsmork. Bjørn paa Mork fekk sjaa mannareidi og fór straks til mots med dei. Dei helsast venleg. Sigfussønerne spurde etter Kaare Solmundson. «Eg raakte Kaare,« seier Bjørn; »men det er lenge sidan no. Han reid daa nordetter til Gaasasand og etla seg nord paa Modruvollarne til Gudmund hin rike. Og eg tyktest skyna paa honom, at han ottast for dykk. Han tottest vera svært einsleg vorten no.« Grane Gunnarson mælte: »Han skal verta ræddare os heretter; det skal han verta var, kjem han i kast med os. Me er ikkje dusti rædde honom, no han er einsamane Kjetil or Mork bad honom tegja seg og ikkje bruka store ord. Bjørn spurde, nåar dei skulde fara attende. »Me vert verande innpaa ei vika i Fljotslid,« sa dei, og dei fortalde honom, kva dag dei vilde rida til fjells att. Med di skildest dei. Reid so Sigfussønerne heim aat gardarne sine, og heimemennerne deira vart fegne ved dei. Dei var heime mest ei vika. No kjem Bjørn heim og gjeng til Kaare og fortel honom um ferdi aat Sigfussønerne og fyreskipnaden deira. Kaare sa at han hadde synt honom stor venskap og truskap med dette. Bjørn mælte: «Det meinte eg nok, at hev eg lova nokon hjelpi mi, so skulde dei sjaa seg mun i det.« Husfrøya hans mælte: «Det vilde vera for ille og, skulde du vera trulaus mot din hovding.« Kaare vart verande der i seks dagar etter dette.

Kapittel 150

Kaare talar no til Bjørn: «Me skal rida austyver fjellet og ned til Skaftaatunga, og fara løynleg gjenom tingbygdi hans Flose; for eg etlar meg til aa faa meg skipsføre aust i Aalptafjorden.« Bjørn mælte: »Detta er ei ferd som er vaagsam til gagns, og faae var det vel som hadde hugen til, andre en du og eg.« Hus-frøya mælte: «Fylgjer du ikkje Kaare vel, daa er det so vidt du veit, at aldri ein gong skal du koma i mi seng sidan. Daa skal frendarne mine gjera skifte millom os.« -- «Det ser ut til aa verta anna aa leggja raad um no, husfrøya, en aa skiljast,« seier Bjørn; «for no ber det til eg kan faa syna kva for ein hardhaus og yvergangs-kar eg er i vaapnskifte.« Dei rid no yver fjellet um dagen, og aldri allmannvegen, ned til Skaftaatunga og ovanum alle gardarne til Skaftaai; der leidde dei hestarne sine burt i ei dæld. Sjølve heldt dei njosn, og hadde stelt seg soleis at ingen kunde sjaa dei. Kaare mælte daa til Bjørn: »Kva skal me taka os til, um so hender, at dei kjem ridande ned mot os her fraa fjellet?« -- »Er det ikkje daa eitt av tvo aa gjera?« seier Bjørn, «anten aa rida unda nord-med brekka og lata dei rida framum, eldaug bia, paa voni um nokon vert att-heftande, og daa gaa paa dei.« Dei tala mangt um dette. Takom tala Bjørn um at han vilde fly som hardast, men takom at han vilde bia der og taka imot dei. Detta tykte Kaare var storleg gaman.

No er det aa segja um Sigfussønerne, at dei reid heiman den dagen dei hadde sagt til Bjørn. Dei kom til Mork, banka paa døri og vilde finna Bjørn. Men husfrøya gjekk aat døri og helsa dei. Dei spurde straks etter Bjørn. Ho sa at han var riden nedanum Øyafjell og austetter til Holt; «med di han hev pengar aa krevja der,« sa ho. Dei trudde detta -- for dei visste at han hadde pengar til gode der -- og reid aust yver fjellet, og stadna ikkje fyrr dei kom til Skaftaatunga, og reid ned-med Skaftaai, og beitte der som Kaare og Bjørn hadde tenkt. Der kløyvde dei flokken. Kjetil fraa Mork og aatte med honom reid aust til Medalland; men dei hine Ia seg til aa sova, og vart ikkje noko vare, fyrr Kaare og Bjørn kom aat dei. Det gjekk eit lite nes ut i aai. Kaare gjekk frampaa der, og bad Bjørn standa attanaat og ikkje halda seg for mykje frami; »men gjer meg gagn slikt som det fell seg for deg.« -- »Eg hadde ikkje tenkt aa hava nokon mann til skjold for meg,« seier Bjørn; «men det er vel so kome no, at du fær raada for det. Men med vitsmunen og kvat-leiken min, so skal eg vel endaa faa gjort slikt som er gagn i for deg og ikkje meinlaust for uvenom vaare.«

Dei stod no upp alle og rende paa dei. Modolv Kjetilson var fyrst framme og stakk til Kaare med eit spjot. Kaare hadde skjold for seg, og spjotet raakte i det og tok fast. Kaare snara skjoldet so hardt at spjotet brotna. Han hadde drege sverdet og hogg til Modolv. Modolv hogg imot, og sverdet hans Kaare raakte hjaltet og skeina av og innpaa uvleden paa Modolv og tok av den, so sverdet og handi datt ned, men sverdet hans Kaare flaug inn i sida paa Modolv, millom side-beini. Modolv fall daa og var daud straks. Grane Gunnarson fata eit spjot og skaut paa Kaare. Men Kaare sette skjoldet ned-med seg so hardt at det stod i vollen, tok spjotet i lufti med vinstre handi og skaut attende til Grane, og tok straks att skjoldet sit med vinstre handi. Grane hadde skjold for seg. Spjotet flaug i skjoldet og igjenom det og inni laaret paa Grane nedanfor smaa-tarmarne, og igjenom og ned i vollen. Og han kom ikkje av spjotet, fyrr felagarne hans drog honom av det. Dei stelte honom fraa seg i ei dokk og la skjoldtak yver honom. Ein mann skaut seg til og vilde hogga foten unda Kaare, og kom paa sida aat honom. Bjørn hogg handi av denne mannen og skaut seg attum Kaare straks att, so dei ikkje fekk noko gjort honom. Kaare sneidde til mannen med sverdet og hogg honom midt av. Daa ljop Lambe Sigurdson mot Kaare og hogg til honom med sverdet. Kaare slo flate skjoldet imot, so sverdet beit ikkje, og stakk so til Lambe med sverdet i brjostet, so det gjekk ut att millom herdom. Det vart hans bane. So flaug Torstein Geirleivson paa Kaare og etla seg paa honom fraa sida; men Kaare fekk sjaa Torstein og sneidde til honom med sverdet tvert yver herdarne og skar honom av der. Lite etter hogg han ein annan mann banehogg, ein god bonde heitte Gunnar or Skaal. Bjørn hadde saara tri menner, som hadde etla seg paa Kaare, men hadde endaa aldri vore so langt frami at han kom i berrhogg. Han fekk helder ikkje noko saar i dette møtet, korkje han elder Kaare. Men dei var saara alle som kom unda. Dei ljop aat hestarne og sette ut paa Skaftaai meste dei vann, og var so rædde at dei korkje kom framaat gardom elder torde segja um nokon stad kva som var hendt. Kaare og Bjørn ropte aat dei, daa dei sette ut paa aai. Bjørn ropte: «Renner de no, brennemenner!« seier han. Dei reid aust til Skogakverve, og stadna ikkje fyrr dei kom til Svinafell. Flose var ikkje heime, daa dei kom, og difor vart det ikkje leita etter Kaare og Bjørn fraa der. Men alle tykte at det var ei svivyrleg ferd av ein slik karaflokk. Kaare reid til Skaal, og der lyste han desse draapi paa seg. Han fortalde um dauden aat mannen der og dei fem andre, og um saaret hans Grane, og sa det var best aa faa honom til husa, um han skulde leva. Bjørn sa han nente ikkje aa drepa honom, for maagskapen si skuld, men han meinte det kunde vore til høves. Men dei som svara honom sa at det var nok faae som hadde rotna for honom. Bjørn meinte det no var raad til at det kunde faa rotna so mange av mennerne i Sida-grendi som han vilde. Dei sa det var ille, um so var. Kaare og Bjørn reid daa burt.

Kapittel 151

Kaare spurde Bjørn: »Kva raad skal me no taka? No skal eg freista vitsmunen din.« Bjørn svara: »Er det so det gjeld um aa vera sløg til gagns?« -- »Ja,« sa Kaare, »det er visst.» -- «Daa er det snøgt aa vita,« seier Bjørn; «me skal narra dei som tussar alle i hop. Me skal laatast som me vilde rida nordyver fjellet. Men straks me er komne yver leitet, skal me snu attende og fara nedmed Skaftaai og halda os gøymde ein staden det er falligt, medan dei leiter som hardast, dersom dei rid etter.« Kaare mælte: «So skal me gjera det; det var so eg tenkte det og.« -- »Der kan du sjaa,» seier Bjørn, »at eg er ikkje mindre hendt i sløgskap en i hardtakom.« Dei reid no, som dei hadde etla, nedmed Skaftaai. Aai gjeng med ei grein i aust og ei onnor i landsud. Dei fór ned med midkvisli, og stadna ikkje fyrr dei kom til Medalland og ned paa ei myr heiter Kringlemyri. Der var det raun rundt ikring. Kaare mælte daa til Bjørn, at han skulde sjaa etter hestarne deira og vera paa vardhald; «for det kjem paa meg eit svevntyngje.« Bjørn gjætte hestarne, og Kaare la seg. Men han hadde sove berre ei liti ykt, daa Bjørn kom og vakte honom. Han hadde leitt saman hestarne, so dei stod der fram-med dei. Bjørn mælte daa til Kaare:

»Du kom til aa trenga hardt til meg. Kven annan det hadde vore, so hadde han no ljope fraa deg, var det ikkje ein so hardhuga som eg; for no kjem dei ridande aat deg, uvenerne dine, so no fær du laga deg til« Kaare gjekk burt under ein bergskut. Bjørn mælte: »Kvar skal eg standa no?« Kaare svarar: «Det er tvo raader for handom; den eine er, at du stend her attaat meg og hev skjoldet aa liva deg med, um du kan hava gagn av det. Den andre er den, at du stig paa hesten din og rid unda, det hardaste du kan.« -- «Det vil eg ikkje,« seier Bjørn; «det er mangt i vegen for det. Fyrst det, at leie tungor kunde taka so til ords, at eg rende fraa deg for hugløysa si skuld, um eg reid burt. Det andre er det, at eg veit kva veidn dei tykkjer det er i meg -- og daa kan dei radt rida etter meg tvo elder tri. Og so vert eg ikkje deg til noko gagn elder hjelp. Eg vil helder standa saman med deg og verja meg so lenge lagnaden vil det.« Daa var det ikkje langt aa bia, til dei saag klyv-hestar vart drivne frametter myri, og med dei fur det tri mann. Kaare mælte: »Dessa ser os ikkje.« -- «Daa læt me dei rida,« seier Bjørn. Dei reid framum. Men dei hine seks reid fram og flaug ned av hestarne straks alle i senn og vende seg imot Kaare og Bjørn. Fyrst fer Glum Hildeson mot dei og stakk etter Kaare med spjotet. Kaare snara seg unda paa hælen, so Glum støytte i mist og inn i berget. Bjørn ser dette og høgg straks spjotet av skaftet for honom. Kaare hogg til Glum paa hallande fot som han stod, og sneidde sverdet i laaret paa honom, so foten gjekk av og Glum døydde straks. Daa fór Torbrands-sønerne imot Kaare, Vebrand og Aasbrand. Kaare flaug innpaa Vebrand og rende sverdet igjenom honom. Men sidan hogg han baae føterne unda Aasbrand. I dette svipet vart dei saara baade Kaare og Bjørn. Daa ljop Kjetil or Mork imot Kaare og stakk til honom med spjotet; men Kaare spratt upp med føterne, so spjotet gjekk i vollen. Kaare seiste seg paa spjotskaftet og braut det sundt. So treiv han Kjetil med henderne. Bjørn flaug fram straks og vilde drepa Kjetil, men Kaare mælte: »Ver roleg. Eg vil gjeva Kjetil grid. Og um det skulde verta soleis oftare, Kjetil, at eg eig valde yver livet dit, so skal eg aldri drepa deg.« Kjetil svara lite paa det, og reid etter dei andre felagarne sine og sa dei tidendi som ikkje fyrr visste det. Dei fortalde det aat bygdafolket, og dei gjorde stort herlaup straks, og for etter alle vatsdrag, og so langt nord paa fjellet at dei var burte tri dagar i leitingi. Men so vende dei att og for heim att kvar aat seg. Men Kjetil og hans fylgje reid aust til Svinafell og fortalde tidendi der. Flose sa ikkje mykje um ferdi deira, men sa det var ikkje visst, um det var slutt med dessa. «Det er ingen mann lik Kaare av dei som no er paa Island.«

Kapittel 152

No er det aa fortelja fraa Bjørn og Kaare, at dei reid til Sand og leidde hestarne sine under ein marhalm-bakke, og skar aat dei av marhalmen, so dei ikkje skulde døy av svult. Kaare var so nærgjeten, at han reid fraa der att straks dei slutta aa leita. Han reid um natti upp igjenom bygdi, og so fjellet sama leii attende som dei reid aust-til, og dei stadna ikkje fyrr dei kom til Midmork. Bjørn mælte daa til Kaare: »No lyt du vera meg ein god ven hjaa husfrøya mi; for ho trur ikkje eit ord av det eg seier, men meg ligg det no mykje ved. Løn meg no for det gode fylgje du hev havt av meg.« »So skal verta gjort,« seier Kaare. Sidan reid dei heim til garden. Husfrøya spurde dei etter tidend og fagna dei vel. Bjørn svara: »Det hev helder auka paa med vandemaali, kjering.« Ho svara lite og smilte. Husfrøya mælte daa: »Kva gagn gjorde Bjørn deg, Kaare?« Han svarar: »Berr er brorlaus bak; Bjørn gjorde meg godt gagn. Han saara tri menner og er saara sjølv. Og han var hjelpsam alle stader der han naadde til.« Der var dei i tri næter.

Sidan reid dei til Holt aat Torgeir og fortalde honom tidendi i einmæle; for det hadde ikkje spurst dit fyrr. Torgeir takka Kaare, og det kunde ein skyna, at han var fegen av det. Han spurde Kaare, kor mykje det no var gjort av det han etla seg til aa gjera. Kaare svarar: »Eg etlar meg til aa drepa Gunnar Lambeson og Kol Torsteinson, um eg fær tak til det. Daa hev me drepe femtan med dei fem me var baae um. Men det er noko eg vil beda deg um,« seier Kaare. Torgeir sa at han vilde gjera det han bad um. Kaare mælte: »Denne mannen, som heiter Bjørn og hev vore med meg i desse draapsverki, vil eg at du tek til deg og gjer gardskifte med honom, so han fær ein gard i fullt stand her attaat deg. Og hald so handi yver honom, so ingen hemn vert snudd imot honom. Og det stend i di magt, slik hovding som du er.« -- »Det skal eg gjera,« seier Torgeir. Og han gav Bjørn ein gard i fullt stand paa Aasolvsskaalen, og tok sjølv ved garden i Mork. Torgeir fekk husfolket hans Bjørn og all hans buskap flutt til Aasolvsskaalen. Han fekk og gjort semja for Bjørn i alle maalemni, so han vart heilt forlikt med dei. Og folk tykte at Bjørn no var meir til mann for seg en fyrr. Kaare reid burt, og stadna ikkje fyrr han kom vest til Tunga aat Aasgrim Ellidagrimsson. Han tok imot Kaare overlag vel. Kaare fortalde honom alt som til hadde bore med draapsverki. Aasgrim let vel for det, og spurde kva han no hadde etla seg til. Kaare svara: »Eg tenkjer meg til aa fara utantil etter dei og sitja etter dei og drepa dei, um eg nåar til med det.« Aasgrim sa, at han var ingen mann lik i manndomsverk. Han var der nokre næter. Sidan reid han til Gissur Kvite. Gissur tok imot honom med baae hendom. Kaare vart verande der nokor stundi. Han sa Gissur, at han vilde rida ned til Øyrar. Gissur gav Kaare eit godt sverd i skilnaden. Reid han so nedetter til Øyrar og fekk seg far med Kolbein Svarte. Han var orknøying, ein gamal ven av Kaare, og ein kappfus og spræk kar. Han tok imot Kaare med baae hendom og sa at eitt skulde ganga yver dei baae.

Kapittel 153

No er det aa fortelja um Flose og dei, at dei reid aust til Hornafjorden. Dei fylgde Flose dei fleste av tingmennerne hans. Dei flutte aust med seg vara si og anna tilfang, og alt det fargagnet dei skulde hava med. Sidan budde dei seg og skipet sit til ferdi. Flose var og der ved skipet, til des dei var ferduge. Men straks dei fekk bør, sette dei til havs. Dei fekk lang utevist og ill veraatta, og fór reint villt. Ein gong fekk dei tri store brotsjøar yver seg. Daa sa Flose, at dei maatte visst vera nære eit elder anna land, so dette var grunnbrot. Tjukk skodda var det, og det auka paa med stormen, so dei fekk eit heilt hardver. Og fyrr dei vardest, køyrde dei kav upp paa land ei natt. Mennerne vart berga alle saman, men skipet vart spika, og godset kunde dei ikkje faa berga. Dei laut sjaa til aa faa seg varme. Men um morgoen gjekk dei uppaa ei høgd der, Veret var daa vorte godt. Flose spurde um nokon av dei kjende dette landet. Det var tvo menner der som hadde fare ute fyrr, og dei sa seg vera visse paa dei kjende det, »og me er komne til Rossøy i Orknøyom,« sa dei. «Me kunde nok fenge betre landtøke,« seier Flose, »for Helge Njaalsson, som eg drap, var hirdmannen hans Sigurd jarl Lodveson.« Dei fann seg ei gøymsla og kava yver seg mose, og laag ei stund, men ikkje lenge, fyrr Flose mælte: «Ikkje skal me liggja her lenger, so at landsfolket vert vare det.« Dei stod upp att og gjorde raad. Flose mælte ved mennerne sine: »Me skal ganga aat jarlen og gjeva os i hans vald alle saman -- det er ikkje anna aa gjera; for etter all von hev jarlen livet vaart like vel, um han vil staa etter di.«

Dei gjekk daa fraa der alle. Flose sa at dei korkje skulde fortelja noko elder gjeta ferdi si til nokon mann, fyrr han fortalde jarlen det. Dei gjekk til des dei raakte folk som visa dei til jarlen. Dei gjekk daa fram for jarlen og helsa honom, Flose og dei andre. Jarlen spurde, kva for menner dei var. Fjose nemnde seg, og kva bygdalag han var fraa paa Island. Jarlen hadde spurt brensla, og av di kjendest han ved mennerne straks. Jarlen spurde daa Flose: »Kva kan du segja meg fraa Helge Njaalsson, hirdmannen min?« -- »Det,« seier Flose, »at eg hogg hovudet av honom.« Jarlen mælte: »Tak dei alle.« Det vart gjort. Daa kom Torstein, son hans Sidu-Hall, med det sama. Han var hirdmann hjaa jarlen. Flose var gift med Steinvor, syster hans Torstein. Men daa Torstein saag Flose handteken, gjekk han framfor jarlen og baud for Flose alt det godset han aatte og hadde. Jarlen var stygt vond og tverr lenge. Men ved det at Torstein bad for Flose, og mange gode menner talde til -- for han hadde mange vener som la seg i det -- so vart det til det umsider, at Jarlen tok sætt og gav grid Flose og alle dei andre. Jarlen fylgde storhovdingars skikk i det, at han let Flose gaa i den tenesta som Helge Njaalsson hadde havt. Flose gjordest daa til hirdmann hjaa Sigurd jarl, og han kom seg braatt i stor kjærleike ved jarlen.

Kapittel 154

Kaare og Kolbein Svarte siglde ut fraa Øyrom ein halv maanad etter at Flose får ut fraa Hornafjorden. Dei fekk god bør og var ikkje lenge ute. Dei tok land paa Fridarøy. Ho er imillom Hjaltland og Ørknøyom. Ein mann som heitte Dagvid Kvite tok imot Kaare. Han sa Kaare alt han visste um ferdi hans Flose. Han var godven med Kaare, og Kaare vart verande hjaa honom um vintren. Heile vintren hadde dei spurlag etter kva dei tok seg fyre der paa Rossøy.

I joli bad Sigurd til seg Gille jarl fraa Sudrøyom. Han hadde Svanlaug, syster hans Sigurd jarl. Daa kom det og ein konge til Sigurd jarl, som heitte Sigtrygg. Han var fraa Irland. Han var son hans Olav Kvaran, og mor hans heitte Kormlod. Ho var den fagraste millom kvinnor og den mest velvorne i alt som ikkje var sjølvraadt. Men det hev vore folks tale, at alt som ho sjølv kunde um var vondt hjaa henne. Brjaan heitte den kongen som fyrr hadde vore gift med henne; men dei var no skilde. Brjaan var ein konge av gjævaste slag. Han sat i Kunnjaattaborg. Bror hans heitte Ulv Ræda, ein svær kjempekar og hermann. Fosterson hans Brjaan heitte Kjertjalvad. Han var son aat kong Kylve, som hadde mange slag med kong Brjaan og sidan flydde utor landet og gjekk i kloster. Men daa kong Brjaan gjorde sudlandsferd, raakte han kong Kylve -- og daa forliktest dei. Brjaan konge tok daa til seg Kjertjalvad, son hans, og han elska honom meir en sine eigne søner. Han var vaksen, daa dette hende, og var ein framifraa mansleg kar. Dungad heitte ein av sønerne hans Brjaan, den andre Margad, og den tridje Takt -- elder Tann, som me seier det. Han var yngst av dei. Dei hine var vaksne og raske karar. Kormlåd var ikkje mor aat sønerne hans Brjaan. So arg var ho vorti paa kong Brjaan etter skilnaden, at ho vilde gjerne faa drepe honom. -- Brjaan gav etter tri gonger utlæge menner for sama brotet; men misgjorde dei seg oftare, so let han døma dei etter loven. Av slikt kan merkast, kva slag konge han hev vore. Kormlåd eggja hardt Sigtrygg, son sin, til aa drepa kong Brjaan. Det var til di ho sende honom aat Sigurd jarl, at han skulde beda um hans hjelp. Sigtrygg kom til Orknøyarne fyre jol. Der kom og Gille jarl, som fyrr er skrive. Mennerne var soleis til sætes skipa, at Sigtrygg konge sat midt i hogsætet, men jarlarne sat ein paa kvar sida aat honom. Mennerne hans Sigtrygg konge og hans Gille jarl sat innarfraa, men utarfraa Sigurd jarl sat Flose og Torstein, son hans Sidu-Hall. Heile hallen var sett. Sigtrygg konge og Gille jarl vilde høyra um branden og det som hadde hendt etterpaa. Daa fekk dei til Gunnar Lambeson, at han skulde fortelja, og det vart sett fram ein stol aat honom.

Kapittel 155

Ved denne tidi kom Kaare og Kolbein og Dagvid Kvite til Rossøy, utan at nokon visste um det, og gjekk i land straks, men nokre menner var att til aa gjæta skipet. Kaare og fylgjet hans gjekk upp til jarlsgarden, og kom til hallen som dei der sat ved drykken. Det raakte til aa vera i same stundi som Gunnar var aat og skulde segja soga. Medan stod Kaare og dei andre ute og lydde. Detta var sjølve joledagen. Sigtrygg konge spurde: «Korleis heldt Skarphedin seg i branden?»

»Han heldt seg vel lenge,« sa Gunnar; »men enden vart daa den, at han gret,« -- og alt han fortalde rengde han paa, og laug mykje. Kaare stod ikkje ut med detta. Han ljop inn med drege sverd igjenom hallen, og hogg Gunnar yver halsen, og so kvast var hogget, at hovudet fauk av uppaa bordet framanfor kongen og jarlarne. Bordi vart yver-vætte med blod, og like eins klædi aat jarlarne. Sigurd jarl kjende mannen som hadde gjort draapet, og mælte: »Tak Kaare og drep honom.« Kaare hadde vore hirdmannen hans Sigurd jarl og var vensæl som faa, og det baud ingen til aa staa upp ved det jarlen sa. Kaare mælte: «Det vil mange segja, herre, at dette verket hev eg gjort for deg, til aa hemna hirdmannen din.« Flose mælte: « Ikkje hev Kaare gjort dette saklaust; for han er ikkje i nokon sætt med os. Han gjorde berre det han hadde rett til«« Kaare gjekk burt, og det vart ikkje sett etter honom. Kaare og felagarne hans gjekk aat skipet. Det var daa godt ver, og dei siglde sud til Katanes og fór tippi Trasvik til ein gjæv mann som heitte Skjeggje, og hjaa honom var dei lenge.

Dei paa Orknoyom reinska bordet og bar ut den daude. Det vart sagt jarlen, at dei var siglde sudetter til Skotland. Sigtrygg konge mælte: »Detta var ein herdug og for seg mann, som gjekk paa so kvast, utan aa sjaa seg fyre.«- Sigurd jarl svara: «Ingen mann er Kaare lik i kvatleik og heilhug- « Flose tok no til aa fortelja fraa branden. Han gjorde kvar mann rett, og difor vart han trudd.

Sigtrygg konge maalbar erendi si til Sigurd jarl og bad honom fara med seg til slag imot Brjaan konge. Jarlen drog seg unda lenge. Men umsider vart det til di, at han sette sine vilkaar. Han tinga seg det, at han skulde faa mor lians og verta konge i Irland, um dei fellde Brjaan. Alle talde jarlen fraa di, men det tydde ikkje. Dei skildest med det, at jarlen lova aa gjera ferdi, men Sigtrygg konge lova honom mor si og kongedømet. Det vart avtala, at Sigurd jarl skulde møta med all heren sin i Dublin palmesundagen.

Med di fór Sigtrygg konge sud til Irland og sa Karmlod, mor si, at jarlen hadde gjenge inn paa aa vera med, og kva han hadde lova honom for det. Ho let vel for det, men sa at dei likevel skulde draga til seg meir herfolk. Sigtrygg spurde, kvar det helst kunde vera nokor von. Ho sa at det laag tvo vikingar ute vestanfor Man med tretti skip, »og det er slike hard-skavlar, at ingen stend mot dei. Den eine heiter Uspak, og den andre Broder. Du skal fara og finna dei, og for aa faa dei med skal du ikkje spara paa nokon ting som dei krev for det.« Sigtrygg fer no ut og leitar upp vikingarne og finn dei utanfor Man. Sigtrygg konge bar straks upp erendi si; men Broder drog seg unda, alt til des Sigtrygg lova honom mor si og kongedømet. Men dette skulde haldast so dult, at ikkje Sigurd jarl fekk vita det. Broder skulde og koma med heren sin til Dublin palmesundagen. Sigtrygg konge for heim til mor si og sa henne korleis det no stod til. Sidan talast dei ved, Uspak og Broder. Broder fortalde Uspak alt som han og Sigtrygg hadde tala av, og bad honom fara i striden med seg mot Brjaan konge, og sa det laag mykje ved for honom. Uspak sa han vilde ikkje slaast mot so god ein konge. Dei vart sinna baae tvo, og skifte heren sin. Uspak hadde tie skip, men Broder tjuge. Uspak var heidning og ein fra mi fra a vitsam mann. Han la skipi sine inn i sundet, men Broder laag utanfor. Broder hadde vore kristna og vigd til messedekn; men han hadde kasta trui si og. gjort seg til gud-nidding, og no blota han aat heidne vette og var ein stor trollmann. Han hadde slik her-bunad som ikkje jarn beit paa. Han var baade stor og sterk, og hadde haar so stort at han slo det under beltet sit. Det var svart.

Kapittel 156

Det bar so til ei natt, at det kom ein forfælande gnyr yver der Broder var med sine menner, so dei vakna alle og spratt upp og for i klædi sine. Attaat regnde det kokande blod paa dei. Dei livde seg med skjoldom, og lell vart mange brende. Detta underet heldt ved heilt til dags, og daa hadde det sett til ein mann paa kvart skip. Dei sov daa um dagen. Andre natti vart det same gnyren att, og alle spratt upp. Daa rende sverdi ut or slirerne, men øksarne og spjoti flaug upp i lufti og slost. Vaapni sette so hardt inn paa dei, at dei laut til aa liva seg; men lell vart mange saara, og no og døydde det ein mann paa kvart skip. Detta underet heldt ved alt til dags. Dei sov att dagen etter. Tridje natti vart det og gnyr paa same maaten. Daa flaug det paa dei korpar, og det syntest dei som baade nebbarne og klorne var av jarn. Og korparne sette so hardt inn paa dei, at dei laut verja seg med sverdom og liva seg med skjoldom. Detta stod paa alt til dags. Daa hadde det gjenge til att ein mann paa kvart skip.

Dei la seg no fyrst til aa sova att. Men daa Broder vakna, drog han tungt etter anden og bad dei skjota ut baaten; »for eg vil finna Uspak.« Han steig daa i baaten, og nokre menner med honom. Men daa han fann Uspak, fortalde han honom alle underi som hadde borest fyre dei, og bad honom segja kva det kunde vera framanfyre. Uspak vilde ikkje segja um det, fyrr Broder gav honom grid. Broder lova honom grid. Men Uspak drog det likevel ut alt til natti; for Broder gjorde aldri draap um næterne. Uspak mælte daa: »Naar det regnde blod paa dykk, daa varslar det, at det skal renna ut mykje mannablod, baade dykkar og aat andre. Men den gnyren de høyrde, det var heimsbresten som vart synt dykk, og at de alle braatt skal døy. Og det at vaapni sette paa: dykk, det er framanfyre strid. Men nåar korparne sette paa dykk, daa er det dei djevlarne som de trur paa, og som vil draga dykk til helvits pinslor.» Broder vart so-vreid, at han ikkje var god til aa svara, men han fór aat mennerne sine. Han let heile sundet stengja med skip« og leggja festrar i land, og etla seg til aa drepa dei alle saman um morgoen. Uspak saag alt det dei tok seg til. Daa lova han aa taka den rette trui og fara til Brjaan konge og fylgja honom til sin døyand-dag. Han tok daa den raadi, at han let tekkja alle skipi og staka dei fram langs med landet, og hogg av togi hans Broder. Skipi, hans tok daa til aa reka saman, og dei som var. paa skipi laag og sov. Uspak med sine menner for no ut or (jorden og vest til Irland, og stadna ikkje fyrr dei kom til Kunnjaatta. Og Uspak sa Brjaan konge alt det han var vorten vis med, og tok skirsl og gav seg kongen i hender. Sidan let Brjaan konge samla mannskap fraa alt sit rike, og heren skulde koma til Dublin, all saman i vika fyre palmesundagen.

Kapittel 157

Sigurd Lodveson jarl budde seg fraa Orknøyom. Flose baud seg til aa vera med; men jarlen vilde ikkje det, med di han hadde sin lovnad um sudlandsferd aa no løysa inn. Daa baud Flose femtan av mennerne sine til hjelp, og det tok jarlen imot. Men Flose fylgde Gille jarl aat Sudrøyarne. Torstein Siduhallsson for med Sigurd jarl, og like eins Ravn hin raude og Erling fraa Straumsøy. Jarlen vilde ikkje at Haarek skulde vera med, men sa at honom skulde han fyrst fortelja korleis det gjekk. Sigurd jarl kom med heile heren sin til Dublin palmesundagen. Der var og Broder komen med heren sin. Broder freista etter paa gamal-gjerdi, korleis det skulde ganga med striden. Og svaret gjekk i den leii, at slost dei langfredag, so skulde Brjaan falla, men hava siger; men slost dei fyrr, skulde dei falla alle som var imot honom. Daa sa Broder at dei skulde slaast fredagen. Femtedagen (torsdag) kom det ridande ein mann paa ein apallgraa hest til Kormlod med ein paal-stav i handi. Han tala lenge ved Broder og Kormlod. Brjaan var komen til borgi med heile sin her. Fredagen for heile heren ut or borgi, og baae herarne vart fylkte. Broder var i den eine fylkingarmen, Sigtrygg konge i den andre, og Sigurd jarl i midten. No er aa segja um Brjaan konge, at han vilde ikkje slaast paa ein fastedag, og difor vart det slege skjoldborg ikring honom, og heren fylkt framanfor. Ulv Ræda var i den fylkingarmen som var midt imot Broder; men i den andre fylkingarmen, der som Sigtrygg konge var imot, var Uspak og sønerne hans Brjaan. Midt i fylkingen var Kjertjalvad, og framanfor honom vart bore fram merket.

Fylkingarne berst no i hop, og det vart ein overhendig hard strid. Broder gjekk igjenom heren og hogg ned alle som fremst stod; for det beit ikkje jarn paa honom. Daa vende Ulv Ræda seg imot honom og støytte til honom tri gonger, so hardt at han stupte kvar gong, og nære ved han ikkje kom paa foterne att. Men straks han kom seg upp att, daa flydde han unda inn i skogen. Sigurd jarl hadde ein hard strid med Kjertjalvad. Kjertjalvad gjekk fram so fast, at han fellde alle dei som fremst var, og sprengde fylkingen hans Sigurd jarl heilt innaat merket og drap merkesmannen. Jarlen fekk daa ein annan til aa taka merket. Det vart endaa ei hard slaasting. Kjertjalvad hogg ned denne merkesmannen og, og den eine etter den andre av dei som kom nær. Sigurd jarl baud Torstein Siduhallsson aa taka merket. Torstein etla seg til aa taka merket upp. Daa mælte Aasmund Kvite: »Ber ikkje merket, du Torstein; dei vert drepne alle som berdet.« --»Ravn hin raude,« sa jarlen, «ber merket du!« Ravn svara: «Ber develskapen din sjølv!« Jarlen mælte: «Det er likast, at fant og sekk fylgjest aat.« Tok han so merket av stongi og stakk det under klædi sine. Lite etter vart Aamund Kvite drepen. Daa vart Sigurd jarl skoten igjenom med eit spjot. Uspak hadde gjenge gjenom heile den fylkingarmen. Han var vorten hardt saara og hadde mist baae sønerne hans Brjaan. Sigtrygg konge flydde for honom. Daa losna heile heren paa flugt. Torstein Siduhallsson stadna, daa dei flydde alle dei andre, og batt skoreimi si. Daa spurde Kjertjalvad, kvi han ikkje flydde. «For di,« sa Torstein, »at eg vinst ikkje heim til kvelds kor som er; for eg eig heime paa Island.« Kjertjalvad gav honom grid. Ravn hin raude vart jaga ut i ei aa. Han tottest sjaa helvite med sine pinslor nedi der, og djevlar som vilde draga honom nedi. Ravn mælte daa: »Reist hev hunden din, Peter apostel, tvo gonger til Rom, og skal gjera det den tridje, gjev du meg lov.« Daa slapp djevlarne honom laus, og han kom yver aai.

Broder saag no at kong Brjaans folk rak flogheren, og at det var faae menner ved skjoldborgi. Sprang han so fram fraa skogen og braut seg igjenom skjoldborgi og hogg til kongen. Takt -- den unge sonen hans -- slo upp handi imot, og hogget tok handi av honom og hovudet av kongen. Men blodet av kongen kom paa handastuven aat sveinen, og den grodde straks. Broder ropte daa høgt: »Det skal spyrjast fraa mann til mann, at Broder fellde Brjaan!« Daa vart det sendt bod aat dei som rak flogheren, at Brjaan konge var fallen. Dei snudde daa straks um, Ulv Ræda og Kjertjalvad. Dei slo ring um Broder og fylgjet hans og reiste dei ned med timber. Daa vart Broder handteken. Ulv Ræda rispa upp magen paa honom og leidde honom umkring ei eik, og rakte soleis ut or honom tarmarne. Og han doydde ikkje fyrr dei var or honom rakte alle. Alle mennerne hans og vart drepne. Sidan tok dei kong Brjaans lik og stelte det. Hovudet hans var grott attaat bulen. Femtan av brennemennerne fall i Brjaan-striden. Der fall og Halldor, son av Gudmund hin rike, og Erling av Straumsøy.

Langfredags morgoen hende det paa Katanes, at det gjekk ut ein mann som heitte Darrad. Han saag at det reid tolv kvende aat ei bud og vart burte der. Han gjekk burtaat budi og saag inn gjenom ein glugge det var paa den, og daa saag han det var kvende inne der. som hadde sett upp ein vev. Det var mannahovud til kljaasteinar, mannatarmar til veft og renning, sverd til skei og pil til ræl. Dei song denna visa:

Varpa er veven som valfatl bodar; or breie
rev-skyi regner blodet. Høgt heng den graae
herfolk-veven, varpet ventande raudan veften,
den i me fyller, Odins møyar.

Den veven er varpa med varp av tarmar, med
hovud av menner harddregt spana; skafti er
spjot med sveite maala; jarna er reven,
rælarne piler;
med sverdom me slaa skal sigerveven.

Hild gjeng i veven og Hjørtrimul, Sangridj
Svipul, med sverdom dregne. Skaft mun
gnesta, skjold mun bresta; mune hjelmhundar
hardsøkt bita.

Vinda, vinda Darrads-veven, som unge kongen
fyrr alt aatte. Fram skal me gonga og
fylkingar vada, der vener vaare med vaapnom skifter.

Vinda, vinda Darrads-veven! og fræge drotten
me sidan fylgjer. Bloddrøypt skjold dei der
skal bera, Gunn og Gondul, som gauven livde.

Vinda, vinda Darrads-veven, der dei fløymer
fylkingmerki. Lat honom ikkje ved livet
skiljast; val aa velja eig valkyrjor.

Lyden den skal landi rauda som fordom aude
utskag bygde. Rikan drott er raaden dauden,
og jarlmann er for oddom nigjen.

Og irar harmen hard skal freista som aldri
mennom or minne gjenger. -- No veven er
voven og vollen roden; langt um land skal lik-
frett fara.

No er det rædsla rundt aa skoda, og raaslag-
dimma dreg mot himlen; med ljoske av blod
er lufti leta -- So spaa-diser syngja kunna.

Vel me kved um kongen unge, til heil me
syngja sigerljodet.

Den som hoyrer, han det næme, og skjoldmoy-
kvadet sidan kvede.

No ut aa rida paa avlause hestom! med sverdi
bragande burt nie fara.

Dermed reiv dei veven ned og sund, og kvar vart havande det ho heldt i. Darrad gjekk no fraa gluggen og heim. Men dei steig paa hestarne sine, og seks reid i sud og seks i nord.

Ein dilik tilburd synte seg for Brand Gneisteson paa Færøyom.

Paa Island -- paa Svinafell, kom det blod nedpaa messehakelen aat presten langfredagen, so han laut hava den av seg.

Paa Tvaattaa, langfredagen, tykte presten han saag sjødjup ved altaren, og nede i det mange fælslege ting; og det var eit langt bil han ikkje var god til aa syngja messorne.

Paa Orknøyom hende det, at Haarek tyktest sjaa Sigurd jarl og nokre menner med honom. Haarek tok hesten sin og reid til møtes med honom. Folk saag at dei raaktest og reid attum eit leite. Men ingen saag dei meir, og ikkje aarmolen fanst det etter Haarek.

Gille jarl paa Sudrøyom drøymde, at det kom ein mann til honom, som kalla seg Herfinn, og sa han kom fraa Irland. Jarlen tykte han spurde um tidend fraa der. Han kvad ei visa, og fortalde der, at Sigurd jarl og Brjaan var fallne.

Avlaus: laus og ledig, utan sal elder beisl og slikt.

Flose og jarlen tala mykje um denne draumen. Ei vika seinare kom Ravn hin raude og fortalde dei alt fraa Brjaans-orrosta, og um dei som var fallne: kongen og Sigurd jarl og Broder og alle vikingarne. Flose mælte: »Kva hev du aa fortelja meg um mennerne mine?« -- «Dei fall der alle,« seier Ravn, «so nær som Torstein, maagen din; han fekk grid av Kjertjalvad og er no med honom. Halldor Gudmundson sette livet til der.« Flose seier til jarlen, at han maa fara burt; »me hev sudgonga aa gjera,« seier han. Jarlen bad honom aa gjera som han tykte, og gav honom skip og det han turvte, og mykje sylv. So siglde dei til Bretland og dvaldest der ei stund.

Kapittel 158

Kaare Solmundson sa til Skjeggje bonde, at han gjerne vilde havt eit skip av honom. Skjeggje gav Kaare eit skip med mannskap og full bunad. Dei gjekk um bord med Kaare baade Dagvid Kvite og Kolbein Svarte. Dei siglde no sudetter utfor Skotlandsfjordarne, og der raakte dei folk fraa Sudrøyom. Dei fortalde Kaare tidendi fraa Irland, og so det at Flose og mennerne hans var farne til Bretland. Men daa Kaare spurde det, sa han til felagarne sine, at han vilde halda sud til Bretland og finna Flose. Han bad dei no aa skilja fylgje med honom, alle dei som tykte det var betre, og sa han vilde ikkje dylja det, at han tykte ikkje han hadde hemnt harmen sin endaa. Alle vilde fylgja honom. Han siglde daa sud til Bretland og la aat i ei løyndevik.

Denna morgoen gjekk Kol Torsteinson aat borgi og skulde kjøpa sylv. Han var det som hadde brukt mest hædeord av brennemennerne. Han hadde tala mykje med ei rik frua, og det var nære fastslege, at han skulde faa henne og setja seg ned der. Denne sama morgoen gjekk Kaare aat borgi. Han kom burtaat der Kol stod og talde sylvet. Kaare kjende honom og ljop aat med drege sverd og hogg til honom yver halsen -- han talde sylvet, han, og hovudet talde »tie« daa det fauk av bulen. Kaare mælte: »Seg Flose det, at Kaare Solmundson er det som hev drepe KolTorsteinson. Eg lyser dette draapet paa mi hand.« Kaare gjekk daa til skipet sit. Han fortalde skipverjarne sine um draapet. So siglde dei nord til Beruvik, sette upp skipet sit og for upp til Kvitsborg i Skotland og var hjaa Melkolv jarl den vintren.

No er det aa segja um Flose, at han gjeng upp i borgi og tek liket hans Kol og steller det og gjev mykje gods for gravstaden. Flose slepte aldri vondord utor seg mot Kaare. Flose fór sør um sjøen, og tok paa gonga si og gjekk sudtil, til des han kom til Romaborg. Der fekk han den store sømdi, at han fekk løysing av paven sjølv, og gav mange pengar for det. Han fór attende øystre leii, og dvaldest i mange borger og var framum hjaa stor-menne der, som heidra honom høgt. Han var i Norig vintren etter, og fekk eit skip av Eirik jarl til utferdi. Eirik gav honom og mykje mjøl. Mange andre var det og som heidra honom. Han siglde daa ut til Island, og kom inn i Hornafjorden og for derfraa heim til Svinafell. Daa hadde han greitt all sætten, baade utanferdi og pengebøterne.

Kapittel 159

No er det aa fortelja um Kaare, at han tok skipet sit og siglde sør um sjøen, tok so paa med gonga si i Normandi og gjekk sudpaa og tok løysing, Etter det for han attende vestre leii og tok skipet sit i Normandi og siglde nord um sjøen til Dover i England. Fraa der siglde han vest um og nordmed Bretland og nord um Skotlandsfjordarne, og stadna ikkje fyrr han kom nord i Trasvik paa Katanes til Skjeggje bonde. Han gav daa Dagvid og Kolbein hyrdingen. Kolbein siglde med det skipet til Norig. Men Dagvid var etter i Fridarøy. Kaare var denne vintren paa Katanes. Same vintren døydde husfrøya hans paa Island. Sumaren etter gjorde Kaare seg buen til aa fara til Island. Skjeggje gav honom ein byrding. Paa den var dei attan mann. Dei var seint ferduge, men sette likevel til havs og fekk lang utevist. Umsider kom dei inn ved Ingolvshovde og fekk skipet brote reint til spon; men mennerne vart berga. Det stod inn med ei kaverid. Dei spurde Kaare, kva dei no skulde taka seg til. Men han sa den raadi, at dei skulde fara til Svinafell og freista Flose, kor manndomsam han var. Dei gjekk til Svinafell i uversridi. Flose satt inne i stova. Han kjende Kaare med same han kom inn i stova. Han spratt upp og gjekk fram imot honom, kyste honom og sette honom i hogsætet hjaa-seg. Flose baud Kaare aa vera der um vintren. Kaare tok imot det. Det vart daa heil og full semja med dei. Flose gav Kaare Hildegunn, brordotter si, som Hoskuld Kvitanesgode hadde havt. Dei budde fyrst paa Breiaa.

Det seier folk, at enden hans Flose vart den, at han for utantil, etter han var gamal vorten, for aa faa seg stovetimber. Han var i Norig den vintren. Men um sumaren var han seint ferdug. Folk tala um at det var skralt skipet hans. Flose sa det var æveleg godt nok til den som var gamal og feig. Og han steig paa skipet og sette til havs; men til det skipet hev det ikkje spurst noko sidan.

Desse var borni hans Kaare og hennar Helge Njaals-dotter: Torgjerd, Ragnei og Valgjerd, og Tord, han som brann inne. Men borni hennar Hildegunn og hans Kaare var: Starkad og Tord og Flose. Son hans Flose var Kolbein, ein med dei gjævaste menner det ihev vore i den ætti.

Og her sluttar me Brennu-Njaals soga.